onsdag 18. september 2024

KrF i klisteret

 Etter at den unge partileiinga i KrF klarte å pressa Olaug Bollestad ut frå sjefsstolen, er partiet kome inn i ei stor krise. Etter debatten-sendinga i går kveld er me ikkje så mykje klokare med tanke på kva som har skjedd mellom desse folka, men noko veit me: 

1) Olaug Bollestad vart vald som partileiar på Landsmøtet for to år sidan. Dette valet har ikkje dei ungdommelege nestleiarane hatt nemneverdig respekt for. 

2) Olaug Bollestad har ikkje gjort noko gale som det går an å setja ord på for oss andre. Det er snakk om "leiarstil" og "personlegdom" og slike ting som dama ikkje kan forsvara seg mot. Det er ganske klamt å vera vitne til. Her må desse unge passa seg slik at dei ikkje grev ei grav som dei sjølve lett kan koma til å ramla oppi. 

3) Varsla mot henne er framsette av folk som er anonyme. Det er ein forferdeleg uting. Ingen kan forsvara seg mot anonyme varslarar. Me veljarar sit att med ei ekkel kjensle av at dei som skal handsama desse varsla, kan vera dei same som dei som har sendt dei. Og for å ta livet av ei slik førestelling hos oss, bør varslarane stå fram med fullt namn. 

Ingen kommentarer: