tirsdag 6. desember 2022
lørdag 3. desember 2022
tirsdag 22. november 2022
Menneskerettsfråsegna artikkel 11 del 2
"Ingen skal kjennast skuldig i ei straffbar handling når det han har gjort eller forsømt ikkje streid mot nasjonal lov eller folkeretten på den tida det hende. Han må heller ikkje dømast hardare enn det lova gav høve til då den straffbare handlinga vart utførd."
Kva les me ut av dette? Jo, at det er ulovleg å vedta og innføra lover med tilbakeverkande kraft. Det er også ulovleg å ilegga større straff enn det som var strafferamme då eit brotsverk vart utført.
Desse to universelle bestemmingane set ein effektiv stoppar for ei kvar styresmakt sine tankar om å retta opp gamal "urett" med å innføra lover som kan føra til dom over handlingar som burde vore forbodne, men som ikkje var det på den tida dei vart gjorde.
Under rettsoppgjeret etter den andre verdskrigen, vart dei nazistiske leiarane dømde sjølv om dei ikkje hadde brote på den tid gjeldande tysk lov. Dei vart dømde etter "naturretten", det som tribunalet såg på som ei allmenn moralsk lov som er å finna i eitkvart menneske. Denne står over nasjonale lover om det kjem til ein konflikt. Ein kvar tysk tenestemann burde forstått at det var ulovleg ut frå allmenne moralske prinsipp kollektivt å dømma 6 millionar jødar til døden fordi dei var jødar. Når dei likevel var med på denne galskapen, hadde dei gjort seg skuldige i brot på ei lov som på den tid ikkje var nedskriven, men som tribunalet definerte som gyldig, nemleg den nemnde naturretten.
Menneskerettsfråsegna, som me arbeider med her, vart vedteken i FN etter dette tragiske folkemordet, og må reknast som eit skriftleg uttrykk for naturretten. Fråsegna er no saman med fire andre liknande dokument, definert som norsk lov (Grunnlova §92). Dei fire andre er: Den europeiske menneskerettskonvensjon, Barnekonvensjonen, Kvinnekonvensjonen og FN-konvensjonen for økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. I tillegg er FN sin konvensjon mot rasediskriminering teken inn som gjeldande norsk lov.
torsdag 17. november 2022
Kyrkjelyd og kyrkjesamfunn
Kyrkja er ikkje ein organisasjon, men ein organisme, Kristi kropp i verda. Denne kroppen blir synleg gjennom Kristustruande menneske som elskar kvarandre, ber saman, tener saman, deler Guds ord med kvarandre, dreg omsorg for kvarandre og feirar nattverd saman.
tirsdag 15. november 2022
Menneskerettsfråsegna artikkel 11 del 1
"Ein kvar som er anklaga for ei straffbar handling har rett til å bli sett på som uskuldig til det er bevist ved offentleg domstolshandsaming, kor han har hatt alle dei garantiar som er naudsynt for hans forsvar, at han er skuldig etter loven".
Blir du tiltalt for noko, har du rett på ein kompetent forsvarar, og du er skuldlaus inntil det er lagt fram prov mot deg som ikkje kan tilbakevisast.
Dette er ein høgaktuell artikkel i Noreg i vår tid då det dei siste åra er blitt avdekka grove justismord i alvorlege straffesaker. Mange er redd me berre ser toppen av eit isfjell.
Det skal bli meir enn spennande nok å følgja utviklinga i Birgitte Tengs saka. Birgitte vart valdteken og drepen på ein bestialsk måte 6.mai 1995. No står ein 52 år gamal mann tiltalt for drapet, og kronbeviset er DNA frå mannen som er funne på Birgitte si strømpebukse. Spørsmålet blir om DNA-funnet er godt nok, og om han blir dømt, om me då om nokre år står med ei ny justismordsak.
I alle fall bør norske domstolar etter mange alvorlege fadesar stille høge krav til prov i drapssaker.
fredag 11. november 2022
Går det an å snakka om moralsk og umoralsk homoseksualitet?
Pastor i Filadelfiakyrkan i Stockholm, Niklas Piensoho, har halde bibelstudium om homofili. Han konkluderer med at den homoseksuelle praksisen som Bibelen talar imot er den umoralske versjonen. Det er avisa Dagen som omtalar denne saka i dag. Piensoho meiner at det eksisterer ein annan homoseksualitet som Bibelen ikkje omtalar, ein moralsk rein versjon. Og denne må kyrkja opna for. Homofile som lever i trufaste parforhold må få vera både medlemmer og leiarar i kyrkja, meiner Piensoho.
Problemet med dette er at me ikkje kan laga teologi ut av noko som Bibelen ikkje seier noko om, berre om det som han faktisk seier noko om. Og alle plassar der Bibelen omtalar homoseksualitet, er det med tommelen ned. Desse handlingane er ikkje akseptable i Herrens augo, og dei som lever slik, skal ikkje arva Guds rike. Så enkelt. Så utfordrande.
tirsdag 26. juli 2022
Olsok, Noreg og kristendomen
Den 29.juli
feirar me Olsok, eller Olavsvaka som er det fulle namnet på denne dagen.
Dette er heilag
Olav sin dødsdag. Hans fall på Stiklestad markerer at nordmennene for alvor
gjekk over frå å vera heidningar til å bli kristne, og Olav vart krona til Noregs
evige konge.
Samlinga av
Noreg fall saman med kristninga av landet. Den kristne trua var samnemnaren i
samlingsverket, og den første norske landslova som vart vedteken på Moster i
1024 fekk tilnamet «Kristenretten» . All lovgjeving i hunderåra etterpå var
prega av dette grunnarbeidet til kong Olav og biskop Grimkjell. I 2024 er det
tusen år sidan denne storhendinga, og det skal som ventast feirast frå høgaste
hald.
No kan ein
seia at kristninga av Noreg hadde klåre manglar ut frå det som me kan lesa om
misjon i Det nye testamentet. Både Olav Tryggvason og heilag Olav nytta tvang i
«misjonsarbeidet» sitt, og historikarane har dei siste tiåra nærast kappa om å
fortelja oss kor vanheilage dei var, og i særleg grad Olav Haraldsson. Men me må hugsa på at kristninga av Noreg
skjedde mot alle odds. I denne tida var kyrkja i Europa var på eit absolutt
lågmal i moralsk kvalitet, og alt som fanst (og framleis finst) av laster i
menneskelivet var rikeleg representert i det kyrkjelege maktapparatet, og sann
kristen tru var ei sjeldan vare. Og då er det ikkje mindre enn eit mirakel at
to sterke heidenske menn midt oppi dette opplever ei kristen omvending som er
så sterk at dei meiner at det vil vera tenleg for nordmennene å tru på det som
dei trudde på, og for å få det til, måtte dei bli kongar for det var no ein gong
slik i den tida at folket måtte tru som kongen.
Då eg gjekk
på folkeskulen ein gong i farne tider, var kristninga av Noreg pensum. Eg
hugsar me hadde den milde Reinert Agdestein i det som då heitte «soga». Han var
skulestyrar i ein mannsalder på Leirvik skule, og ein forteljar av Guds nåde.
Det var ikkje mykje vesen med han der han sat på ein stol bak kateteret og
fortalde. Men han trong ingen effektar for å trollbinda elevane sine. Time
etter time var me alle i gamle Noreg og såg Olav Tryggvason gå på årane og
kasta spyd like godt med venstrearmen som med den høgre. Me var med under
slaget ved Svolder, og kjende fortvilinga og sorga i sjela då Olav fall og
drukna. Me høyrde han ropa ut då bogen til Einar Tambarskjelvar brotna: «Kva
var det som brast?» Og Einar sitt svar sit fast som spikar i minnet: «Noreg ut
av hendene dine, konge!»
Men sterkast
var forteljinga om kristninga av Gudbrandsdalen, dalen som er oppkalla etter
den store hovdingen Gudbrand, han som lenge stod Olav i mot. Tvekampen mellom Tor og Kvitekrist på tunet
utanfor Torshovet på garden til Gudbrand er fornøyeleg å høyra om. Gudbrands
menn drog det store Torsbilete ut på tunet for å demonstrera gudemakta hans. Men
det enda med nederlag. Då sola steig opp over åskammen i aust, slo Kolbein sterke
til gudebiletet med klubba si, og Tor fall i bakken med eit brak, gjekk i knas
og ut kom all slags kryp som hadde næra seg av maten gardsfolket kvar dag hadde
stappa i guden sin. Slik vann Kvitekrist
over Tor i Gudbrandsdalen, og folket vart døypte.
Snorre sine
kongesoger (òg kalla Heimskringla) er ein unik litterær arv og forteljarkunst
av beste merke. Men det er lite att av
denne arven i norsk skule, og det er etter mi meining eit stort tap, kanskje særleg
for gutane.
Heimskringla
dekker den viktige brytningstida i Noregssoga då heidenskapet vart brote, og
den kristne trua gradvis overtok folk sin måte å tenkja og leva på. Trass i ei
uheldig samanblanding av kristendom og kongsmakt, var det over og ut med Odin,
Tor, Frøy og Frigg, og fram til reformasjonen i 1536 gjekk heilag Olav og den
oppstadne og allmektige Kristus meir og meir opp i ein slags syntese i folks
sinn og tanke, og bønene deira gjekk like lett til den eine som den andre.
Etter reformasjonen vart tyngdepunktet gradvis ført over på Kristus, utan at
heilag Olav vart gløymd. Han var framleis sentral i måten nordmenn forstod seg
sjølv.
Men så har
me dei siste hundre åra sett at det kristne fundamentet for samfunnet smuldrar
bort under oss, og det er lite i dag som fortel oss at nasjonen ein gong sprang
ut frå kristen tru og lære. Me er blitt eitt av verdas mest sekulariserte land,
og den kristne trua har stadig mindre å seia for stadig fleire menneske.
Lite visste
me som lytta til Agdestein sin forteljarkunst på 1960-talet at det samstundes føregjekk
ein skånselslaus kamp i det politiske og kulturelle miljøet i hovudstaden med
tanke på å redusera kristendomen si kraft i samfunnet. Gradvis har kristendomsfaget fått færre veketimar, og er i dag meir eit religionsfag. Det fører etter mi røynsle til betydeleg religionsblanding hos norske ungdommar. Kvart skuleår skal dei læra om alle dei frem verdsreligionane, og det er ikkje til undrast på om det blir vanskeleg for dei å skilje dei ulike frå kvarandre.
Olsokfeiringa vart til for å stadfesta Noreg som eit kristent land. Men det er ikkje det lenger. Noreg må rekristnast, og det er eit spennande prosjekt som det er verd å engasjera seg i for alle som enno trur på Kvitekrist og hans ord.