tirsdag 28. november 2023
Advent 2023. 1. dag. Det handlar om at Jesus skal koma att om ikkje så lenge.
I våre dagar
er det mange adventskalendrar med svært ulikt innhald. Det meste fangar ikkje mi
interesse, og har vel strengt tatt lite og ingenting med advent å gjera. Difor
lagar eg no min eigen, og den skal handla om Jesus og Guds rike. Advent er eit
latinsk ord som tyder «kome», og handlar m.a. om alt det gode som skal skje når
Jesus kjem tilbake. For det er han alle truande ventar på, at han skal koma frå
himmelen for å dømma levande og døde, og for å skapa ein ny himmel og ei ny
jord der det ikkje er meir vondskap liding og død, eit univers der rettferda
rår.
Jorda er
full av urett, og uretten har sine røter i kvart einaste menneskehjarta, i
karakteren vår. Jo, det finst mykje urett i politikk og økonomi, men denne
uretten er der fordi menneska som formar politikken og lagar dei økonomiske
systema er urettferdige. Me har det i oss alle saman: Me lyg, baktalar, stel,
irriterer oss, hevdar oss, skryt, nedvurderer Gud og vår neste, bryt ekteskapet,
er egoistiske, utøver vald, tenker nedsetjande om folk, tek livet av våre
ufødde barn, er gnitne og grådige, driv med trolldom og det som verre er. Jo,
eg veit at me ikkje er berre slik. Men slik er me også.
Og fordi me
er slik, fortener me ikkje å koma til himmelen. Me fortener å bli dømt i den
evige eld, som skrive står, den domen som er tiltenkt Guds fiende, djevelen, og
alle hans demonar. Men oss ville Gud frelsa frå denne domen. Difor kom Jesus
som eit lite barn til jorda i Betlehem, fødd av ei jomfru. Han var menneskeleg
som oss, men han var likevel annleis: Han gjorde aldri noko urett, og fordi han
var Guds mektige Son, og fordi han var rein, kunne han ta på seg våre synder og
døy for oss på ein kross. Av den grunn, og fordi han er så uendeleg god, tilbyr
han oss tilgjeving heilt gratis ved at me innrømmer syndene våre og stolar på han
og hans frelsesverk.
Då tek han
bustad i oss, og han forvandlar oss frå innsida slik at me ikkje lenger
forsvarar vår eigen urett, men innrømmer og vender oss bort frå alt slikt, og
slik at me alltid strekker oss etter det gode.
Kvar einaste
som trur på Jesus og som let seg døypa, erfarer dette. Livet blir nytt. Men når
Jesus kjem att, skal heile skapinga fornyast. Og det skjer når den kristne
bodskapen har nådd ut til alle folkeslag, og difor har adventstida også med
kristen misjon å gjera. Dette som ei
innleiing. Meir advent i morgon.
torsdag 23. november 2023
torsdag 26. oktober 2023
Manglande medynk
Det er nokre år sidan no. Eg ante fred og ingen fare, og var oppteken med eitt eller anna kvardagsleg då eg brått høyrde ei røyst som sa: «Dei har ikkje medynk med barnet i mors liv!» Det var som om det var ein person som stod i rommet attmed meg og snakka. Men det var ingen der, og eg visste det: Det var Gud. Eg hadde høyrt stemma hans ein gong før på same måten, så eg visste det var han, og eg visste det handla om abort. Kvifor held me på med dette i Noreg? Det har vore mange svar. Men Guds analyse skilde seg frå alle andre eg hadde høyrt: Manglande medynk. Han kunne ha sagt medkjensle, men eg trur han ville ha fram at han ynkast over dei små som heile tida må bøta med livet, og at dersom me som lever i friluft hadde hatt den same medynken, den same djupe empatien, så ville me ha omslutta kvar einaste ufødd barn med den største omsorg, og gjeve han/ho det høgaste rettsvern som tenkjast kan.
Men me har
ikkje det. Og jo fleire som vert borte på denne måten, jo mindre tenkjer me på
dei som medmenneske. Og dessutan ser me det ikkje. Alt føregår «trygt» bak fire
vegger der ingen har tilgang utan dei som har ansvar for inngrepa, og Gud. For
HAN ser, og han ynkar seg.
Ei stund
etter at Gud hadde tala til meg på denne måten, las eg i Bibelen, og var komen
til profeten Jesaja kapittel 13. Då eg
kom til vers 18, kvapp eg til. For av alle ting står det der: «Dei har ikkje
medynk med barnet i mors liv!» Kva i all verda var dette? Hadde han sagt det
før? Om kven? Jo, om persiske krigarar som i 539 f.Kr. kom for å erobra
Babylonia. Desse krigarane var ekstremt valdelege, ja, så brutale at dei ikkje
ein gong sparte barnet i mors liv. Noko verre enn det hadde Gud aldri før uttalt
over eit folk.
Og så er det
oss då. Me vil ikkje kalla abort for vald. Det blir for vanskeleg for oss. Men
kva er det om det ikkje er vald? Språk er makt. Me kallar det for
«svangerskapsavbrot». Og det er rett. Svangerskapet blir avbrote. Men for å få
det til, må også barnets liv avbrytast.
Ingen vil
barna til livs, berre svangerskapa. Ja, det skjønar eg. Og det skjønar Gud. Men
han vil ha sagt at det er langt viktigare at barna får leva enn at svangerskapa
vert avbrotne. Det vil han at me skal skjøna, og når me tenkjer oss nøye om, så
må me gje han rett. Ikkje noko gode er større enn sjølve livet, og ingen rett
skulle stå så høgt i kurs som livsretten.
Kan ufødde
barn gjenvinna livsretten i Noreg? Ja, lat oss håpa og be om det, både for
barna si skuld, og vår eiga. For når Gud talar til oss, gjer me lurt i å lytta
og lyda.
lørdag 14. oktober 2023
Eit pågåvande menneskerettsbrot
Kristendomen har ein klårt definert etikk. Denne finn me godt og presist uttrykt i Dei ti boda og Bergpreika i Bibelen.
Politikarane må frå tid til tid handsama etiske spørsmål. Dersom dei då
ikkje har ein definert etisk overbygning,
blir det gjerne ein konflikt mellom politikk og etikk.
Den mest typiske saka er spørsmålet om sjølvbestemt (morsbestemt)
abort. I kristen etikk (og i all annan etikk for den saks skuld) er det galt å
ta livet av skuldlause menneske. Det femte bodet er krystallklårt: «Du skal
ikkje slå i hel.» Fosteret er eit slikt skuldlaust menneske, og burde av den
grunn hatt rettsvern, meiner dei fleste kristne (og mange andre). Dei ser på
ufødde barn som medborgarar med fullt menneskeverd, og kjenner seg forplikta
til å tala saka deira når ingen andre vil. Dei fleste politiske partia meiner
at fosteret ikkje kan reknast som eit medmenneske (utan at dei har teke seg
bryet med å definera fosteret sin status), og har dermed ikkje krav på
rettsvern. Juridisk stiller eit foster i Noreg dårlegare enn eit rovdyr, i alle
fram til veke 12 i svangerskapet, og slik som det ser ut no: snart fram til
veke 18. Alt i 12. veke er alle organ ferdig utvikla. Dei siste seks månadane
handlar det om vekst.
At biskopane i Den norske kyrkja no støttar sjølvbestemt abort fram til
veke 12, er forbløffande, og gjer situasjonen for dei små enno vanskelegare enn
før.
«Abortsaka er ei tapt sak,» høyrer eg folk seia. Ho står ikkje lenger
på dagsorden.
Då må eg spørja: Når er ei sak tapt? Når alle har slutta å kjempa.
Ikkje før.
«Det er ei god lov,» blir det også sagt.
Og då må eg spørja: Kva er ei god lov? Jo, det er ei lov som er god for
alle. Er abortlova det? Nei. Ikkje for dei små som vert nekta livet. Abortlova
er m.a.o. inga god lov. Ho er tvert om livsfarleg.
I Menneskerettsfråsegna artikkel 3 står det slik: «Ein kvar har rett
til liv, fridom og personleg tryggleik,» og eg kan ikkje sjå eitt einaste godt
argument som nektar oss å inkorporera eit menneskefoster i «ein kvar».
Denne artikkelen skulle fjerna all tvil om kva me har med å gjera i
dette spørsmålet: Eit stort og vedvarande menneskerettsbrot, betydeleg større
enn vindmøllene på Fosen.
tirsdag 10. oktober 2023
Refleksjonar etter 7.oktober 2023
Laurdag 7.oktober vart over 900 israelarar brutalt drepne i ein massiv terroraksjon utført av Hamas, og over 130 menneske tekne inn i Gaza som gislar.
22.juli 2011
vart 77 nordmenn meiningslaust drepne av vår eigen terrorist på Utøya og i Regjeringskvartalet.
No har Israel tapt minst 13 gongar så mange av sine kjære, alle vanlege
menneske utan annan agenda enn å leva liva sine. I dag sit to små tvillinggutar
att utan foreldre, og ei heil slekt sit att med sorga etter ein familie på fem,
og så er det alle dei andre
I over 2300 år
har Israel og det jødiske folket vore utsette for dei mest meiningslause
lidingar. Forfølging og pogromar har vore ein del av dette folket sin kvardag gjennom
hundreåra, noko som toppa seg i Hitlers ville plan om å ta livet av heile
gjengen. Berre Gud veit kor langt han var frå å lukkast.
På denne bakgrunn
er det rørande i dag (måndag 9.oktober) å sjå Israels flagg pryda Brandenburger
Tor, midt i Berlin, midt i den byen der Holocaust-planen ein gong vart unnfanga, utvikla og fødd. Slik
syner tyskarane i dag solidaritet med Israel og det jødiske folket. Det same skjer
forresten i mange hovudstadar i Europa, berre ikkje i Oslo. Kvifor det? Vel,
Noreg har alltid hatt ein vanskeleg høve til det jødiske folket. Det inngrodde jødehatet
som kom til uttrykk i Grunnlova i 1814 har aldri heilt sloppe taket i oss. Men
det er verre no enn på lenge. Arbeiderpartiet som, i Håkon Lie si gylne tid, var
varme tilhengarar av, og støttespelarar for, staten Israel, har i dag lett for
å kritisera og fordømma landet. Og
statskanalen NRK har sjeldan noko fulltonande godt å seia om Israel og israelarar.
Her er det lite forståing å henta. Det handlar for det meste å setja landet og
folket i eit dårleg lys. Kvifor det? Er det journalistane sine personlege
antipatiar som skin gjennom?
Som kristen
kyrkje sørger me djupt over det store tapet som Israel no har lide. Me har lett
for å identifisera oss med dette landet og dette folket som vår kjære Herre og
frelsar ein gong kom frå, og som han framleis ser på som sitt eige. Mange tusen
i Israel har dei siste åra kome til tru på Yeshua Mashiach (som dei kallar Jesus), og dette er blitt
ei rørsle som ikkje kan stoppast. Heile nasjonen skal med.
Men me ber
også for det palestinske folket i Gaza og på Vestbreidda. Dei er elska av den
same Gud og frelsar som oss, og inneslutta i den same frelse som alle andre. Me
går imot alt hat og nedlatande omtale av dette folket, og ber om at lidingane
deira skal ta slutt, at dei skal få seg rettsindige leiarar som sluttar fred
med Israel, og som går saman med det jødiske folket og ikkje i mot dei. Det vil
bli til velsigning for dei, og for alle. I Bibelen (Jesaja 19) ser me faktisk
spor om at ei slik tid ein gong vil koma. Det ser me saman med alle som trur på
Bibelen fram til med stor entusiasme.
fredag 29. september 2023
Nådegåveutrustning del 1
"Ten kvarandre, kvar og ein med den nådegåva han har fått, som gode forvaltarar av Guds mangfaldige nåde. Den som talar, må tala som Guds ord. Og den som tener, må tena med den styrke Gud gjev. Slik skal Gud i eitt og alt få ære, ved Jesus Kristus. Han tilhøyrer herlegdomen og makta i all æve! Amen." 1.Pet.4,10-11. Når Gud gjev ei nådegåve er det ikkje for å styrka den enkelte sitt ego, men for at me skal kunna vera kvarandre til hjelp, og for at Gud skal få ære. Difor er nådegåvene ulike. Likevel er det to gåver som skil seg ut, og det er tungetalen som i hovudsak, i følgje Paulus, er gjeven til eiga oppbygging, og det er jo viktig.. Og så er det den profetiske gåva som han (og Moses) ønskjer for alle truande, rett og slett fordi inga nådegåve byggjer kyrkjelyden som denne. Difor ber han oss i 1.Kor 14,1 å streba etter dei største nådegåvene, men mest etter å tala profetisk. Så lat oss be Gud inderleg om denne gåva både for oss sjølve og for kvarandre.