torsdag 12. august 2010

Glede, kva er det?

Så har me fått visst det: GLEDE ER BMW! Ein litt rar setning, kanskje, men bodskapen er klår likevel: Eig du ein BMW, eig du også mykje glede. Det verkar nesten religiøst. Gåt BMW Gud aldeles i næringa?

Det er likevel mange og store ulikskapar mellom BMW og Gud. Den gleda ein BMW gjev oss er avgrensa i tid. Og når du har køyrt BMW ei stund, vert vel det også kvardagsleg. Gleda Gud gjev er evig, og minkar ikkje med åra.

Jesus sa ein gong: "Samla dykk ikkje skattar på jorda der møll og rust tærer og tjuvar bryt seg inn og stel. Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje møll eller rust tærer, og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel, for der skatten din er, vil hjarta ditt også vera. "

Ein BMW er ein jordisk skatt som til slutt vert borte. Men den gleda Jesus gjev eit menneske er varig, og blir sterkare og sterkare med tida. Det er gleda av å vera tilgjeven, av å kjenna Gud og vera elska av han. Og sidan Gud ikkje er forgjengeleg, så er gleda han gjev også uforgjengeleg. Utan å lura eit sekund vil eg ut frå mi eiga røynsle sei: GLEDA ER JESUS!

onsdag 21. juli 2010

søndag 18. juli 2010

Bibelen som kjelde til all kristendom

Bibelen er kjelda til all kristen tru. Der møter me Gud som skapar, Jesus som frelsar og Den Heilage Ande som inspirator og kraftkjelde.

Bibelen er boka over alle bøker. Inga bok i verda kan måla seg med den i utbreiing (meir eller mindre omsett til 2800 språk), og inga bok har som Bibelen forma både enkeltmenneske, nasjonar og heile kulturar. Kvifor er det slik? Fordi den som les Bibelen med eit ope sinn merkar den veldige autoriteten i det som står der. Orda lever. Dei smakar godt, ofte sterkt, nokre gongar ramsalt, andre tider beiskt, det er ord frå Gud talt inn i menneskers daglege liv i fred som i krig, i medgang som i motgang, i velstand som i fattigdom, i fridom som i trældom, ord som opnar opp ei ny verd for lesaren, opnar opp ein veg inn i Guds tanke og vilje, ja, inn til Gud.

Bibelen er eit rop frå Gud til fortapte og vrange menneske, eit kall til nytt fellesskap. Han ber oss om å snu oss bort frå synd og vondskap og begynna å dyrka det gode og det sanne, og fellesskapet med Han som kjelde til alt godt og sant.

Bibelen er vanskeleg å forstå, seier mange. Men det er sjølvsagt ikkje sant. Noko er vanskeleg å forstå, men veldig mykje er lett å forstå. Mark Twain sa det slik: "Folk flest har problemer med det i Bibelen dei ikkje forstår. Eg har problemer med det eg forstår". Han fann orda svært utfordrande. Og igjen er me attende til dette: Problemet er ikkje intellektuelt, men moralsk.

Ein annan sa det slik: "Personar er ikkje motstandarar av Bibelen fordi han motseier seg sjølv, men fordi han motseier DEI. "

Bibelens bodskap er så radikal at det har vore viktig for det moderne menneske å finna gode grunnar for å sleppa å ta han alvorleg. Skulle Bibelen vera sann, kan ingen lenger leva etter sitt eige hovud (noko som me likar godt), men etter Guds. Alt anna ville vore det reine sjølvmordet.

Fellesskap føreset kommunkasjon. I Bibelen kommuniserer Gud sine tankar og sitt hjarta til oss, og det han seier fordrar endring. Skal det gå oss vel, kan me ikkje leva på sjølvstyr etter våre lyster, men bøya oss for Guds vilje og leva ærlege liv i kjærleik til han og vår neste.

torsdag 15. juli 2010

Kven må betala? Om å ta kostnadane for skadeverk

Det har hendt her heime at ein av barna har lånt bilen og kome attende med ein skade på ein skjerm eller ei dør. Utan inntekt og penger, har det ikkje vore mogeleg for dei å gjera opp for seg. Kven er det då som må ta kostnaden? Foreldrene naturlegvis. Foreldrene er til for barna sine, og løyser dei ut ved å betala det som er umogeleg for dei sjølve.

Gud er vår alles far, og som far stiller han opp for oss for å dekka inn kostnaden ved den skaden me har påført han og oss sjølve, ofte berre for å henta ut ein kortsiktig gevinst.

Då Jesus døydde på krossen, vart all di og mi skuld betalt. I Bibelen les me at "Gud var i Kristus og forsonte verda med seg sjølv." Han forsonte oss med seg sjølv ved å betala med sitt eige liv og blod den skaden me hadde påført hans namns ære og kvarandres vel.

Gud er ein god far som villig gav oss Sonen sin for å gjera opp vårt rekneskap. Me får fritt koma til han i tillit til at alt er i orden. Men kvar og ein av oss må koma og gjera oss nytte av Kristi store verk. Ta mot til deg og snakk ut med Gud og overgje deg til Han i Jesu namn.

tirsdag 13. juli 2010

Vend om!

Ingenting er så vanskeleg for oss menneske som å innrømma at me tek feil. Sjølv i små saker kan det vera vanskeleg å endra oppfatning. Me står ofte på vårt til alle argument er oppbrukt, og når det har skjedd, hevar me stemmene våre for å prøva å halda stand på den måten.

Jesus sa til folket at dei måtte venda om og endra livskursen totalt, og han gav dei ein gylden sjanse til det. Han sa: "Himmelriket er nær!"

Tenk deg eit menneske som er teken av ei elv i flaum. Det driv hjelpelaust av garde ned mot foss og stryk, mot døden. Det har ikkje krefter til å snu eller koma seg til land. Det er fortapt og treng berging, treng å gripa tak i ei livlinje, ein redningsmann eller ein livbøye.

Slik er det med oss menneske. Me er fanga inn av ein flaum av krefter i oss og rundt oss som driv oss bort frå Gud og i den evige død. Men "himmelriket er nær". Jesus er nær, og han er vår redningsmann. For å bli frelst må me overgje oss til han. Me kan ikkje frelsa oss sjølve, men me kan snu oss til Jesus og gje oss han i vald. Å venda om, er å overgje seg til Jesus og stola på han.
Det må du gjera medan det er tid for det.

lørdag 10. juli 2010

Når livet er skjørt!

Onsdag miste ein ung mann på 19 år livet i ei drukningsulukke på Bømlo i Hordaland. I dag var eg heime hos familien for å syna medkjensle og solidaritet. Sorga var tung og svart. Om føremiddagen ulukkesdagen var alt så lyst og lett hos ein familie som for ikkje så lenge sidan hadde fått innvilga asyl i Noreg, om ettermiddagen var alt prega av den mørkaste fortviling . Avstanden mellom liv og død er ofte så ufatteleg kort.

Moses bad slik: "Herre, lær oss å telja dagane våre, slik at me kan få visdom i hjarta!" Salme 90,12. Korleis kan eit menneske telja dagane sine? Det er ikkje så vanskeleg. Kan du telja til 1, så kan du telja dagane dine. For du har berre denne eine dagen til rådvelde. Visdomen ligg i å leva kvar dag som om han var den siste, og alltid sørgja for å ha eit rett og godt høve både til Gud og til sine medmenneske, alltid vera klar til å stå framfor Kristi domstol som eit tilgitt og rettferdiggjort menneske, kort sagt: ha orden på tinga. Har du det? Kan du møta Gud i dag med eit reint samvit og vita at du vil bli godkjent? Regelen er: Den som har invitert Jesus inn i livet sitt, vil bli invitert inn i hans gode himmel. Den som stiller Jesus utanfor livet sitt, vil bil stilt utanfor Guds himmel. Så du får sjå å koma deg i posisjon, alt i dag om du høyrer hans røyst.

fredag 9. juli 2010

Alle trur på blekkspruten Paul


Den tyske blekkspruten Paul er synsk, hevdar ABC-nyheter. Han spår kven som vinn og taper fotballkampar i VM. To boksar med påklistra nasjonsflagg på vert seinka ned i akvariet til Paul. Oppi boksane er det muslingar. Kryp han først oppi ein boks med tysk flagg for eta det han finn der, er det Tyskland som vinn kampen osv. Altså eit enkelt konsept.

Så langt i VM har Paul ikkje teke feil, blir det sagt. Han "spådde" at Tyskland skulle tapa både for Serbia og Spania, og vinna mot England og Argentina.

I 1998 spelte Noreg mot Brasil. Den gongen gav Gud denne skribenten merkeleg nok eit ganske tydeleg signal om at Noreg, mot alle odds, skulle vinna. Den gongen var det nok mest for å overtyda ein kollega av meg om at Gud finst og bryr seg. MIRAKELKAMPEN, sto det på forsida i Dagbladet dagen etterpå. Og det var det. Dumt at eg ikkje spela på oddsen den gongen. Det ville ha gjeve fin gevinst.

At Gud bryr seg om fotball, er jo artig. Men mest av alt bryr han seg om deg. Du kan be til han om kva det skal vera her i livet. Ingenting er utanfor hans interesseområdet, ei heller utanfor hans makt. Snakk med han som ein ven, eller som eit barn med mor eller far, om det gjev god meining for deg, og gjer din eigen personlege erfaring av Gud som DIN Gud.