mandag 23. november 2026

Militarisering av verdsrommet

 Russland vil plassera atombomber på ssatelittar i bane rundt jorda. Det finst rett og slett ingen grenser for kor langt Donald Trumps gode venn Vladimir Putin er viljug til å gå for å tvinga gjennom ein siger i Ukraina. Og kva mål han ser for seg etter det, er ikkje så vanskeleg å tenkja seg: Først tek han for seg Moldova og Baltikum, før han går laus på Polen. Belarus har han allereide kontroll over. 

Når han no vil gjera rommet til ei kjernefysisk slagmark, får Jesu profetiar i Matteus 24 ny aktualitet. Før han kjem att for å dømma levande og døde skal det skje store teikn på himmelen, "sola skal formørkast, månen missa sin glans, stjernene skal falla ned og  kreftene i himmelrommet skal rokkast." vers 29. 

Når me no får avslørt Putins kjernefysiske planar, kan det bety at me er på veg inn i historias siste fase, og alle bør førebu seg på å møta Jesus. Og korleis gjer du det?  Ved å venda om frå syndene dine og overgje deg med hud og hår, med kropp, sjel og ånd til han. Det er ingen tid å mista. 

Ingen kommentarer: