Viser innlegg med etiketten Charles Darwin. Evolusjonslæra. Anaksimander. "The Origin og the Species". Fossiler. Gregor Mendel. Gener. Kromosomer. Guds ord. Logos.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Charles Darwin. Evolusjonslæra. Anaksimander. "The Origin og the Species". Fossiler. Gregor Mendel. Gener. Kromosomer. Guds ord. Logos.. Vis alle innlegg

onsdag 4. februar 2009

Hyllinga av Charles Darwin og boka hans

I dag er det 250 år sidan Charles Darwin publiserte boka si "The Origin of the Species", eller "Opphavet til artane" som det vel blir på norsk. I dag har han vorte hylla i NRK-radio for dette. "The Origin" kom til å danna eit paradigmebyte i soga. Fram til 1859 hadde dei fleste trudd at Gud skapte planter og dyr "kvar etter sitt slag", men darwin meinte å finna grunnlag for å seia at dei ulike artane som me ser i dag har felles opphav i den biologiske historia. Inkludert mennesket. Vel, han var vel ikkje den første til å tenkja slik eigentleg. Den første eg veit om som hevda dette var den greske filosofen Anaksimander som levde mange hundre år før Kristus. Vidare har eg funne den same tanken hos ein kristen kjettar i oldkyrkja. Immanuel Kant meinte det same, og Darwin sin bestefar likeeins. Kva var det så med denne mannen som skreiv den boka som kom til å endra livssynet til så mange? For det første samla han inn ei mengd med fossilt materiale som han meinte stadfesta at artane har sams opphav. Dinest peika han på ein mekanisme som han meinte dreiv utviklinga framover: naturleg utval. Han sa at dei individa som er best tilpassa miljøet, vil overleva i konkurransen om knappe ressursar. Og han meinte at individa har i ulik grad evne til å tilpassa seg nye miljøvilkår.

Men Darwin kjente ikkje til genetikken, og han visste ingenting om at eigenskapane er arvelege og vert overført frå generasjon til generasjon. Det var Gregor Mendel som synte oss dette i 1865 etter omfattande forsøk med erteplanter i klosterhagen sin. Han synte at det vil alltid vera heilt klåre grenser for i kor stor grad eit individ kan tilpassa seg nye miljøvilkår. Skal ein art endra seg, må endringa skje i genane, eller i DNA`et som me vil seia i dag. Men dei endringane som skjer der, mutasjonane, er alltid skadelege for individet. Ein mutasjon fører ikkje livet framover.

Men uansett vil ikkje mutasjonar som fører til endringar i DNA, vera tilstrekkeleg for å danna nye artar. I dei fleste tilfelle krevst det kvalitativt nytt arvestoff, og det kan ingen mutasjon framkalla. Me veit at talet på kromosom er svært ulikt hos dei forskjellige artane. Eit eincella dyr har kanskje 4 kromosom. Ein hest har 96. Mennesket 46. Og alle kromosoma er ubegripeleg og ugjennomtrengande kompliserte. Dersom me alle stammar frå ei urcelle, må det etter kvart ha oppstått nytt arvemateriale. Men ingen har så langt kunne fortelja meg korleis.

Difor hyllar eg i dag Gud som min og verdas skapar, som eg gjer kvar dag. Jo meir ein les biologi og biokjemi, jo meir imponert blir ein over Deo Sapiens, "den intelligente Gud." Eg trur at dersom Darwin hadde hatt innsikt i genetikken, ville han sikkert ha revurdert heile teorien sin. Men han fekk aldri det, og i dag sit biologien pinn fast i evolusjonslæra og i førestellinga om at det trengst ingen gud for å forklara noko som helst her i verda. Men det er ei stor lygn. Heile naturen ber preg av intelligens, og slik vitnar han høgt og tydeleg om Gud som skapte alt med sitt logiske ord, sitt Logos. Det vil nok enno ta ei tid, men før eller seinare fell nok Darwin frå taburetten sin. Då vil vitskapen seia: "Det var ein interessant teori, men han kunne ikkje stå sin prøve i lengda."