Me les dagens tekst frå 1 Tess 5,1-11
1 Men om timane og tidene treng vi ikkje skriva til dykk, sysken. 2 For
de veit godt at Herrens dag kjem som ein tjuv om natta. 3 Når folk
seier: «Fred og ingen fare», då kjem undergangen over dei, brått som
riene over ei kvinne som skal føda, og dei kan ikkje sleppa unna. 4 Men
de, sysken, er ikkje i mørkret, så dagen skulle koma uventa på dykk som
ein tjuv. 5 For de er alle born av lyset og born av dagen; vi høyrer
ikkje natta eller mørkret til. 6 Så lat oss ikkje sova som dei andre,
men vaka og vera edrue! 7 For dei som søv, dei søv om natta, og dei som
drikk seg fulle, dei drikk om natta. 8 Men vi som høyrer dagen til, vi
skal vera edrue, kledde med tru og kjærleik som brynje og med vona om
frelse som hjelm. 9 For Gud har ikkje valt oss ut til vreide, men til å
vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus. 10 Han døydde for oss så vi
skal leva saman med han anten vi vaker eller søv. 11 Difor må de setja
mot i kvarandre og oppbyggja kvarandre, som de òg gjer.
Herrens dag er eit uttrykk som er henta frå profetane i Det gamle testamentet. Både Jesaja i kap 13 og Amos i kap 5 skildrar Herrens dag som ein domsdag. Den er ikkje lys, men mørk, ein dag då Gud skal ta eit oppgjer med fiendane sine, anten dei er innafor eller utanfor Israels grenser, om dei er innafor eller utanfor kyrkja sine vegger.
Jesus snakkar mykje om dommen. Krystallklårt fortel han oss at han ein dag, då folk minst ventar det, skal koma att til vår verd, vekka opp dei døde for å døma oss alle. Dei som har gjort godt skal gå inn til evig liv og glede, og dei som har gjort vondt til evig død og smerte. Ikkje mange snakkar om dette i våre dagar. Domen er vorten tabu også i Guds kyrkje. Men Jesus snakkar om det, og Paulus.
Herrens dag kjem altså uventa og upassande som ein tjuv om natta, i ei tid då dei fleste har avskrive Jesus og seier "Fred og ingen fare." Då kjem undergangen over dei. Det blir ein skrekkeleg dag for alle som har stått Jesus imot eller gjeve blaffen i han og ordet hans.
Men for oss som har teke imot Jesus, vil denne dagen vera ein lukkedag, ein dag då me helsar Jesus med gledesrop. Me har teke imot frelse, blitt tilgjevne, rettferdiggjort og reinsa og me er blitt døypt i hans kjærleik og late oss rettleida av hans ord. Det heftar ingenting ved oss lenger. Me har ingenting å vera redd for i møte med Jesus.
Men nokre kristne sovnar og blir likesæle med liva sine. Andre begynner å nyta rusmiddel. Det er farleg. Korleis merkar me om me søv? Vel, det er vel ikkje så lett, men når du begynnar å søkja avkopling og gledesstunder andre plassar enn hos Gud, når det ikkje er så kjekt lenger å lesa i Bibelen og be, når det ikkje er så viktig for deg lenger å sanna syndene dine, når det ikkje lenger er viktig for deg å prisa Gud saman med kristne søsken, når det ikkje er så viktig lenger for deg å fortelja andre om Jesus, ja, då har du sovna, og du er blitt eit lett byte for djevelen. Neste steg er at du bevegar deg inn på den breie vegen som fører til undergang.
Men det er ikkje Guds plan for deg, naturlegvis. Hans plan er utelukkande at du skal vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus, han tenkjer her på det å koma heilskinna gjennom domen og inn i Guds himmel. Skal det lukkast for deg, må du væpna deg for den åndelege konflikten som du lever i. Du må vera edru, ikkje rusa deg, handsama alle menneske i henhold til Kristi kjærleik til deg og dei, og festa blikket på Jesus og det endelege målet som han leider deg mot. I ein nøtteskal: Lev med beina på jorda og hjarta i himmelen, der Kristus sit ved Fars høgre hand og ventar på deg.
onsdag 7. november 2012
mandag 13. august 2012
Tale i Kristkyrkja på Stord 12. august
Denne talen er i praksis innleiing til Salme 30, og handlar i hovudsak om jødane si særstilling i Guds frelsesplan med verda. God fornøying
http://www.mediafire.com/?595f9rd7kzt9v2d
http://www.mediafire.com/?595f9rd7kzt9v2d
søndag 1. juli 2012
torsdag 28. juni 2012
Marginalitet og helvete
Eg har hatt ein mistanke lenge, men fekk det stadfesta i dag då eg
høyrde på radio: Eg er marginal. Dei som trur på helvete er nemleg det,
vart det sagt, og eg trur på helvete, altså er eg marginal, og som
marginal er eg vel også uinteressant, berre ein bagatell.
Det er ei undersøking som syner at dei som trur på helvete er mindre kriminelle enn dei som berre trur på himmelen. Ein kommentator i NRK-radio kalla det for agurkforskning. Helvete var noko middelaldergreier som me for lengst har fjerna oss frå her i landet. Me er betre informert enn at me går rundt å trur på slike barbariske ting. Er me? Ikkje eg. Eg trur på helvete, og tilhøyrer altså ei marginal gruppe.
Trøysta mi er at Jesus også er med i denne gruppa. Det gjev litt frimot.
Det er nesten ingen i Noreg lenger som trur på helvete, sa teologen i radioen. Berre nokre sekter og svært få konservative kristne. Men dei er ikkje mange. Det er nesten ingen igjen av dei, vart det sagt i dag.
Men stopp litt: Kan det at nesten ingen trur på helvete seia noko om at helvete finst eller ikkje? Sjølvsagt ikkje. Anten finst ting, eller det finst dei ikkje. Om få eller mange trur at dei finst, spelar inga rolle. Dersom alle trur at noko finst som ikkje finst, så finst det likevel ikkje. Om alle trur at noko ikkje finst, noko som faktisk finst, så finst det likevel. Me kan ikkje røysta over om noko finst eller ikkje.
Den ungarske legen Ignaz Philip Semmelweiss hevda på1840-talet at infeskjonar skuldast usynlege smittestoff, og at betre hygiene ville hjelpa. Kollegane hans lo av han. Nesten ingen trudde på usynlege ting. Men fleirtalet tok feil. Bakteriane fanst jo likevel, og desse brydde seg ikkje om at nesten alle sa at dei ikkje eksisterte.
Eigentleg trur eg ikkje på helvete. Men eg trur på Guds ord, på Bibelen, på Jesus, og Jesus snakkar om helvete, ja, om helvetes eld til og med. Guds ord fangar meg. Jesus fangar meg.
Eg må tru på Jesus, og då må eg tru på det han seier. Elles trur eg ikkje på han. Til Nikodemus sa Jesus: "For så elska Gud verda, at han gav Sonen sin, den einborne, for at kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv." Dette trur eg på. At Jesus har frelst meg frå fortaping, dvs. helvete, og at denne frelsa er mi om eg trur på han.
Kristendom er ein frelsesreligion, og Jesus er ein frelsar. Men dersom det ikkje finst ein dom, kva skal me då frelsast frå?
Men domen er uunngåeleg og vil råka alle som ikkje har elska Guds openberring.

mandag 25. juni 2012
"Free Asia Bibi"
Den 40 år gamle fembarnsmora Asia Bibi sit i fengsel i Pakistan. Ho er dømt til døden for blasfemi. Grunnen er at ho proklamerte for nokre kvinner at Jesus lever medan Muhammed er død. Ho treng vår forbøn. Denne songen går no verda over.
tirsdag 12. juni 2012
søndag 3. juni 2012
"Jesu død på korset er den viktigste begivenhet i verdenshistorien!" !"
Men Solheim har naturlegvis heilt rett. Ingen har forma vårt land og vår vestlege kultur som Jesus Kristus. Det kristne evangelium har meir enn noko bestemt kva me i vår del av verda ser på som rett og rimeleg, og korleis me bør leva liva våre.
Men dei som no veks opp får ikkje høve til å bli godt kjent med kjerneforteljingane i Bibelen. No skal dei læra om alle religionar i skulen, og det som skjer er naturlegvis at dei blandar alt i ein graut og ikkje lærer om nokon religion i det heile tatt. Det veit eg svært mykje om sidan eg underviser i religion, livssyn og etikk i den norske skulen. Etter at elevane har hatt RLE i mange år, er det urovekkande mange av dei som ikkje kan noko av dei ulike religionane, ei heller om kristendomen og Jesus.
Det er ikkje mindre enn ein tragedie at barn og unge i Noreg ikkje lærer seg å be til Jesus og at dei ikkje lærer seg å skjøna kva som hende då Jesus døydde på krossen, det som i følgje Erik Solheim er den viktigaste hendinga i verdshistoria.
Kvifor er dette det viktigaste som har hendt? Jo fordi Jesus på krossen tok bort alle syndene våre slik at me ved å tru på han kan bli rettferdige for Gud.
I alle andre religionar utanom kristendomen må menneska etablera og bygga opp sin eigen lagnad og si eiga rettferd. Du får som fortent. Men me som er kristne har lært oss å forstå at me ved tru på Jesus får det motsette av det me har fortent. "For alle har synda og står ærelaus innfor Gud, men me blir rettferdiggjort ufortent ved hans nåde ved forløysinga i Jesus Kristi blod." Romerbervet 3,21. Hadde verda forstått og trudd dette, ville alt ha vore heilt annleis. Det er sikkert.
Abonner på:
Innlegg (Atom)