Pride er krig mot Gud.
Alle rørsler som glorifiserer synd, krigar mot Gud.
Slike krigar vil dei tapa, og dei taper seg sjølv.
Pride er krig mot Gud.
Alle rørsler som glorifiserer synd, krigar mot Gud.
Slike krigar vil dei tapa, og dei taper seg sjølv.
Talsmenn for priderørsla seier at ho handlar om mangfald, inkludering, kjærleik og fridom, og reknar det som ein sjølvsagt ting at alle stiller opp, går i pridetog og feirar desse flotte verdiane
Men honnørord er alltid upresise og seier lite. Kva betyr fridom i denne settingen? Jo, grenselaust sex mellom kven som helst nær sagt kor som helst. Lenkene ein skal fri seg frå er dei gamle kristne normene, eller det som vert kalla "heteronormen" som er heilt vanleg i samfunnet langt utanfor kristne samanhengar. Pride fører ein kompromisslaus kamp mot tanken om at sex eksklusivt høyrer heime i ekteskapet mellom kvinne og mann. Alt som luktar av kristendom får fiendestatus og blir karakterisert som skadeleg for menneska, og dei er mest interesserte i å kvela røyster som hevdar at Bibelens verdiar som sanne og sunne, og det sjølv om alle veit at Bibelens lære om dette gjennom tusenvis av år har vore ein sann suksess.
Kva betyr mangfald? Jo, at det ikkje eksisterer berre to kjønn, men fleire titals. Kjønn er ikkje berre biologi, blir det sagt, men psykologi, det handlar om kva eit menneske føler seg som, om det då har føresetnad for å vita kva dei føler seg som. Men psykologisk kjønn er svada. Kjønn er og blir biologisk, og tener forplantninga.
Det blir frå det hald også påstått at kjønn er flytande, og ein person ikkje treng vera same kjønn heile livet. Alt slikt snakk er jo berre fri fantasi.
Men dette er det Erna Solberg, Jonas Gahr Støre, Raymond Johansen, Anette Trettebergstuen og dei fleste prominente personane med makt inkludert heile landets politikorps vil ha folk til å tru. Og kven torer opponera?
Kva meiner priderørsla at kjærleik er? Vel, det er vel ingen tvil om at dei samanblandar kjærleik med ein hedonistisk livsstil der det handlar om å nyta utan omsyn til sunne moralske grenser. Det er ein egoisme i dette som er enorm. Sann kjærleik handlar nemleg ikkje som seksuell nyting, men om nestekjærleik og om det å tena sine medmenneske. Kjønnskjærleik er berre ein liten del av kva kjærleik er. Den edlaste kjærleiken er den som syner seg hos ein person som set andre si lukke framfor si eiga lukke.
Men pride vil at barna skal ta til seg deira sett med verdiar, og "skeive" organisasjonar snakkar om at ganske små barn kan vera lesbiske, homofile eller trans, og dei må møtast på dette heilt frå dei begynnar i barnehagen. Kva er dette? Kven er det som stilla ein slik "diagnose" på eit lite barn? Med kva rett skjer dette? Kva kompetanse har desse folka til å vurdera eit barns seksualitet i ein alder då alt dette ikkje betyr noko som helst for barnet? Kjære folk, barnehagebarn er jo ikkje ein gong i nærleiken av å koma i puberteten. Er det ingen vaksne heime her? Me er for tida vitne til at det blir gjort mentale overgrep på små barn i statens regi.
Og enno verre er det at små barn blir oppmuntra til å finna ut kva kjønn dei er, for det er ikkje sikkert at dei er det kjønnet dei trur dei er og som "legen gav dei då dei vart fødde." Og det kan jo henda at dei er fødd i feil kropp, og at dei kanskje bør skifta kjønn. Korleis i all verda kan det skje? Slikt sludder er det pride står for. Og alle klappar og feirar. Men det er ingenting å feira. Absolutt ingenting. Men det er all grunn til å åtvara mot desse folka og heiagjengen deira.
Pride har lege beslag på juni månad då dei på dagleg basis er veldig påtrengande. Det er litt av ein bragd. Men så jobbar dei flittig for å nå målet sitt, kva no det enn måtte vera.
Priderørsla hevdar ofte at LHBTQ+-personar får dei grunnleggjande menneskerettane sine krenka i dagens samfunn. Men det stemmer ikkje. Det er ingen artiklar i FN si Menneskerettsfråsegn som sikrar spesielle rettar til LHBTQ+-personar. Seksuelle rettar er ikkje nemnde i det heile tatt faktisk. Det einaste som kan minna om dette er artikkel 16 som sikrar ei vaksen kvinne og ein vaksen mann å gifta seg med kvarandre og stifta familie om dei ønskjer det.
LHBTQ+-personar har rettar i det norske samfunnet, men dette er særrettar nedfelt i norsk lov, men ikkje i Menneskerettsfråsegna. Det er viktig å få presisert dette.
Regjeringa vil redusera på den tida småbarnsforledre skal kunna motta kontantstøtte for barna sine. Her er mitt høyringssvar på regjeringa sitt forslag:
Tre ting
For
det første: Dei to første leveåra er overlag viktig for barnas utvikling. I
denne tida skal den grunnleggjande tryggleiken på plass, og all forskning (og
alt sunt vit), tilseier at det er godt for dei små barna å vera mest mogeleg
saman med foreldra, og helst mor, i denne tida. Ingenting tilseier noko anna.
For
det andre: Arbeidarpartiet har frå kontantstøtteordninga vart innført arbeidd
hektisk for å fjerna ho. Ikkje fordi kontantstøtte er dårleg for barna, men
meir av ideologiske grunnar. At barna er statens barn, er ein sjuk idè som gåt
heilt attende til den greske bystaten Sparta, og seinare adoptert av allskens
totalitære regimer. Følgjen av å redusera kontantstøttetida blir redusert
fridom for mange familiar, men også at det berre blir rike og velståande
familiar kan unna seg den gleda som det er for barna å ha det stabilt og trygt
dei første leveråra. Berre barna til dei rike skal altså få sjansen til å
sleppa den forferdelege seperasjonsangsten som mange småbarn opplever ved å bli
plassert alt for tidleg i barnehage.
For
det tredje: Det ligg eit overformynderi i dette. AP har i mange tiår meint at
kvinna er den einaste rette som kan bestemma om eit unnfanga barn skal få leva
eller om det må døy. Men når det gjeld kor lenge ho skal få ha gleda av å vera
saman med barnet sitt under trygge økonomiske tilhøve, då er det staten som
veit best. Dette opplever eg noko hyklerisk. Tillit i eine enden. Mistillit i
den andre. Difor beklagar eg at regjeringa har bestemt seg for å forkorta
kontantstøttetida. I staden bør ho auka både støtta og lengden på ho. Det ville
ha tent barnet, familien og samfunnet godt.
mvh
Jens
Thoresen
1. Alle har rett til eit statsborgarskap.
2. Ingen skal misse statsborgarskapet sitt vilkårleg, eller bli nekta retten til å endre det.
Statsborgarskap i eit anstendig land er eit grunnleggjande gode for eitkvart menneske. Eg skriv anstendig fordi det er ganske mange land som blir styrt av despotar og dynastier som sug alt dei kan ut av folket sitt i staden for å tena det.
At alle har rett til statsborgarskap, synest vera sjølvsagt. Men det er det ikkje. FN skriv at det er over 10 millionar statslause menneske i verda. Mange nr.2-barn i Kina er til dømes ikkje registrerte i offentlege register rett og slett fordi det lenge var forbode å få meir enn eitt barn i Kina. Desse uregistrerte menneska er på mange måter ikkje-eksisterande for storsamfunnet, det er berre kjende av familien og Gud, og dei manglar rett til helsehjelp, utdanning, arbeid og kva det skal vera. Slik blir artikkel 15 Menneskerettsfråsegna broten systematisk i Kina, saman med retten til liv og privatliv, til det å ytra seg, organisera seg og til å tena Gud. Den kinesiske presidenten og kommuniskpartiet han leier bryr seg i det heile lite og ingenting om Menneskerettsfråsegna som landet har ratifisert.
I Noreg lever over 2400 statslause. Det er i hovudsak flyktningar som mangla pass eller andre gode identitetspapirer då dei kom til landet. Dei kan bli verande ufatteleg lenge i Noreg på ufatteleg små ytingar. FN sin Høgkommisær for flyktningar kritiserer Noreg for dårleg handsaming av statslause flyktningar. Dei har t.d. ikkje rett til å arbeid eller utdanning, ei heller til medisinsk hjelp utover det akutte. Blir dei gamle, er det ingen pensjon å få for dei. Norske styresmakter vil helst senda dei attende til eitt eller anna heimland, men utan pass, vil ikkje noko anna land i verda vedkjenna seg dei som sine og ta imot dei ved retur.
Norske utlendingsstyresmakter gjer livet inderleg surt for dei som ikkje kan identifisera seg skikkeleg når dei kjem til landet. Det ligg mange, mange magre år framfor dei som kjem utan gyldige ID-papirer til landet.
Men det slo meg ein tanke: Mange seksualbrotsmenn får ny identitet av styresmaktene når dei kjem ut av fengsel. Kanskje kunne dette også vera løysinga for papirlause flyktningar? Det skulle vel vera mogeleg for den eine når det er det for den andre?
At ingen skal nektast å få endra statsborgarskapet sitt, er vel helst teori, men ein nydeleg tanke. Dersom landa som har ratifisert Menneskerettsfråsegna etterleva denne, ville livet blitt langt enklare for mange.
1. Alle som blir forfølgde har rett til å søkje og ta imot asyl i eit anna land.
2. Denne retten gjeld ikkje i rettssakar som har røynleg grunnlag i upolitiske brotsverk eller handlingar som strir mot formålet og prinsippet til Dei Sameinte Nasjonane.
Forfølging av etniske minoritetar eller av religiøse eller politiske dissidentar er eit megastort problem i mange land.
Forfølging kan koma frå styresmaktene i landet, eller frå meir lokale krefter. Dei siste åra har væpna ekstremistar som IS og Boko Haram utsett meiningsmotstandarar for stygge overgrep. Nokre gongar er det familiar som utset familiemedlemmer for den ytterste fare.
Asylretten gjeld i hovudsak for folk som vert forfølgde av styresmaktene, sjølv om forfølginga på ingen måte er avgrensa til desse.
I følge snl.no er forfølging definert som gjentekne grove krenkingar mot enkeltpersonar eller grupper utført av styresmakter eller andre maktpersonar.
I dag opplever 350 millionar kristne i over 100 land ei eller anna form for forfølging. I Nord-Korea, Afghanistan, Eritrea, Iran, Nigeria, India, Kina og Saudi Arabia er forfølginga tung.
Rohingyane i Myanmar er døme på ein etnisk minoritet som i dag blir forfølgde av majoritetsbefolkninga.
Norske styresmakter sår ofte tvil om asylsøkjarar er forfølgde når dei søkjer asyl. Stundom er beviskrava skyhøge for dei stakkars asylantane. Særleg opplever iranarar, afghanarar og eritrearar dette.
Del 2 avgrensar asylretten til folk som rømer utan å ha gjort noko kriminelt. Det er rett og rimeleg.