onsdag 27. august 2008

Kraftig forfølging av kristne i Orissa, India

I forlenginga av drapet på Swami Laxmanandana, leiaren for World Hindu Council, den 23 august, braut det 24. august ut kraftige forfølgingar mot kristne i den indiske delstaten Orissa. Militante hinduar skuldar kristne for å stå bak dette attentatet, sjølv om det føreligg sterke prov for at det var ei maoistisk gruppe som sto bak, og har starta mange åtak på kristne over heile staten og slått og drepe kristne i minimum 12 distrikt. I ei kyrkje vart 6 kristne arbeidara brutalt myrda. Vidare har dei sett fyr på kyrkjebygningar, misjonsstasjonar, skular, eit sosialsenter og to barneheimar. Den eine av barneheimane låg i Bargah, og der brann ei ung kvinne inne etter at ho hadde forsøkt å verna nokre av borna mot skade.


150 kristne heimar er vorten brent ned, ein lam mann kom seg ikkje tidsnok ut og brann inne. Sjølv om politiet seier dei vil beskytta dei kristne, har åtaka berre halde fram dei siste dagane.
Presidenten og grunnleggjaren av Gospel for Asia, K.P. Yohannan fortel at Orissa er ein av dei mest unådde regionane på heile det indiske subkontinent, men at mange har kome til tru på Kristus den siste tida, og at det er bakgrunnen for aggresjon mot dei kristne no.
Det var elles i Orissa at den australske misjonæren Graham Staines og dei to sønene hans vart brent til døde i ein bil i 1999.

Det var også her at mange kristne vart drepne rundt juletider.

Lat oss be for dei kristne i Orissa at dei står faste i trua i denne tida med lidingar, og spesielt for dei som har mista sine kjære.

Vidare vil det her krevjast store summar for å hjelpa dei kristne å byggja opp at alt som er blitt øydelagt.

"Erkjente ikke straffeskyld"

Der var det igjen. Det er blitt ein vane å høyra at menn som har utøvd drap og andre stygge overgrep ikkje erkjenner straffeskuld. Ja, sjølv om dei erkjenner å ha utøvd udåden, vil dei ha retten og alle oss andre til å tru at dei ikkje strafferettsleg ansvarlege. Det ser ut til at ingen lenger vil ta ansvar for handlingane sine i dette samfunnet, men for einkvar pris skjula dei, bagatellisera dei eller frikjenna seg sjølve som utilreknelege på gjerningstidspunktet. Kva er det som skjer med oss?

Ingen kan springa i frå ansvaret sitt. Ein dag vert ein teken att, om ikkje før så på Herrens dag.

Dessutan er det farleg for sjela å ikkje erkjenna og stilla seg ansvarleg for sitt eige liv. Dersom ein kjem unna med urett, lever ein på lygn, og den som lever på lygn, taper sjela si. Ingen tvil om det. Ein taper i dette livet, og tapet vert fullstendig i det neste.

Denne gongen er det ein 41 år gamal mann som står tiltalt i Oslo tingrett for krigsforbrytelsar i Bosnia i 1992. Han er tiltalt for dei mest forferdelege ting som han skal ha gjort mot serbiske fangar i ein fangeleir. Men han erkjenner ikkje straffeskuld, les me. Og så vart heile første dag i retten brukt til å diskutera om han kan stillast for norsk rett, sidan den lova han er tiltalt for ikkje er meir enn 2 år gamal, og sidan grunnlova ikkje opnar for at nye lover kan ha tilbakeverkande kraft.

Men eg spør meg: Erkjenner denne mannen moralsk skuld. Og dersom han gjer det, må det vel vera i hans eiga interesse å få stå til ansvar for det han har gjort. Ville ikkje moralsk normalt fungerande menneske tenkja slik? Har me ikkje alle behov for eit oppgjer når me har påført andre skade og frårøva dei livet eller andre høge verdiar?

Etter krigen vart ei rekkje ansvarlege nasistar dømde i Nürnberg etter naturretten. Denne vart ståande over alle grunnlover i validitet og hadde kraft i seg til å døma folk som hadde gjort alvorlege brotsverk mot menneskeætta.

Seinare er naturretten vorten parkert i Noreg til fordel for såkalla positiv rett. Den seier at det ikkje finst overordna moralnormer, men at det er rett som er gjeldande rett, eller gjeldande rettsoppfatning. Det kan syna seg å vera ei stor ulempe no då me skal stilla krigsforbrytarar til ansvar for gjerningane sine.

tirsdag 26. august 2008

Guds nærvær fordrar ærlegdom

"Herren er nær hjå alle som kallar, hjå alle som ærleg kallar på han." Salme 145, 18

Utan at Gud manifisterer sitt nærvær mellom oss, har me ingenting å fara med åndeleg sett. Det skjer rett og slett ingenting mellom oss av varig verdi. Alt blir menneskeverk, og alt me gjer ut frå eigen kløkt og dugleik vert ein dag borte. Berre det Gud gjer, blir ståande. Derfor må me innstendig be om at han kjem og er oss nær over tid. Kven av oss har vel ikkje opplevd at Guds gode nærvær kom og vart borte att? Og då må me spørja: Korleis skal me te oss for å få Gud til å "slå seg ned" hos oss, for å snakka reint menneskeleg? I går las me om kor viktig det personlege vitnemålet er. I dag vil eg fokusera på dette å omgåast Gud i ærlegdom. Gud trivest mellom ærlege menneske. Når det er uærlegdom i liva våre eller kyrkjelydane våre, trekkjer den gode Gud seg attende. Han trivest ikkje med lygn, det gjer han sorg. Så lat oss be om å få sjå sanninga om oss sjølve, og ivrig sanna syndene våre når Anden påpeikar og påtalar dei for oss. Det er heilt naudsynt for å oppnå den velsigninga at Gud kontinuerleg openberrar nærværet sitt mellom oss.

mandag 25. august 2008

Bibelrefleksjon

"Gud, vi prisar og takkar deg. Ditt namn er nær hjå dei som fortel om dine under." Salme 75,2

Har dei siste 2 dagane tenkt mykje på verdien av Guds nærvær. Me veit jo at Gud de facto er nær over alt til alle tider, men han gjer ikkje alltid sitt nærvær gjeldande for oss. Men alle som elskar Jesus lengtar etter at han skal gjera akkurat det. Nokre gonger har me så definitivt opplevd dette nærværet, og det resulterer både i sorg over synd, naud over eige elende og glede over Guds frelse i Kristus. Når Gud manifisterer sitt nærvær, kjem me inn i det som me i dag kallar for ei "flytsone": Gud gjer sine ting på sin måte, og det han gjer har avgjerande varig verdi.

Så kan me spørja: Kva utløyser dette nærværet? Eitt av svara finn me her: Gud kjem til oss når me fortel om hans under! Dette er oppmuntrande.Det personlege vitnemålet frå folk som har opplevd Gud er ein faktor som openberrar hans nærvær mellom oss. Så her er det berre å stå på og dela alt godt med kvarandre.

På søndag skal eg forresten tala om Guds nærvær, men håpar alt i morgon å kunne skriva meir om same emnet her.

lørdag 23. august 2008

Besøk av iransk familie

I kyrkjelyden har me ein iransk familie som me kjenner oss veldig tett knytta til. Det er Mehdi Saber (nr. 2 på bilete frå venstre) og kona Nazani (ytterst til høgre) og barna deira Amir (nr. 4 frå venstre) og David (på armen til kona mi Tove). Herlege folk. Denne veka har dei hatt besøk av søster og bror til Mehdi, og i går tok dei besøket sitt med til oss, og me hadde ein utruleg kjekk ettermiddag saman. Heilt til venstre på bilete ser du søstera Shirin. Ho er gift og bur i Hamburg. Og på kne i front ser du Nader som bur i Helsingborg. Shirin hadde med seg sonen Amira (gul t-skjorte) og dottera Nika som sit på kne til høgre. I forkant spring Louise, barnebarnet vårt.

Shirin og mannen hennar er aktive kristne og tilhøyrer ein pinsekyrkjelyd i Hamburg. Ho kom til tru etter at ho kom til Tyskland. Etter å ha søkt etter meining med livet i mange år, vart ho med mannen på eit teaterstykke om himmel og helvete. Det gjorde så sterkt inntrykk på henne at ho overgav livet sitt til Gud. Det resulterte i dramatiske endringar. Ho har ei sterk tru, og har vorte til stor velsigning for familien.

Alt dette hende på slutten av 90-talet. På den tida var Mehdi framleis i Iran og hadde det vanskeleg. Shirin sendte då noko kristen litteratur til han som etter kvart førte også han fram til personleg tru på Jesus. Det kan du lesa meir om på http://www.kristkyrja.no/ under "vitnemål". Seinare reiste Mehdi på besøk til Shirin, og vart døypt i Tyskland. Nazani på si side vart døypt i Jesuschurch i Oslo etter at dei kom til Noreg.

Familien Saber har vore i Noreg i 3 år og 9 månader, men har enno ikkje fått opphald. Men me har godt håp for dei. Det handlar både om common sence, og om det me meiner er signal frå Gud. Situasjonen for kristne konvertittar i Iran er vorten betydeleg verre dei siste månadane. Det ser ut til at forfylginga vert meir og meir planmessig utført frå styresmaktene si side. I tillegg tilhøyer Mehdi ein familie som har kjempa aktivt politisk mot imamregimet i Iran, og han har vore fengsla fordi han ikkje vil samarbeida med styresmaktene for å få has på dei politisk aktive brørne hans.

Dersom du vil vera med og be for denne herlege familien, vil me vera svært takksame for det.

onsdag 20. august 2008

Saudiarabisk kvinne drept av sin eigen far.

Gulf News melder at ei ung saudiarabisk kvinne nyleg vart drepen av sin eigen far etter at ho hadde konvertert til kristendomen. Faren, som er med i religionspolitiet i landet, kutta tunga av dotter si og brant henne til døde etter ein heftig religiøs debatt mellom dei to.

Be for familien til denne unge kvinna, om at Gud skal arbeida i liva deira. Be også for dei kristne i Saudi Arabia at dei er ivrige for Kristus og at dei er det ljoset som dreg andre til Jesus.

tirsdag 19. august 2008

Indonesia: Slamet møtte nyleg Jesus i ein draum og vart frelst



Indonesisk mann. Illustrasjonsfoto.


Gud brukar mange måtar å dra menneske til seg på. Slamet vart først introdusert for Jesus av Basuki, ein kristen kyrkjelydsplantar, før han møtte Jesus personleg i ein draum.




Basuki bur og verkar sør på Sumatra, den største øya i Indonesia. Som du sikkert veit er Indonesia den mest folkerike islamske nasjonen i verda med ein folkesetnad på 260 millionar menneske der 80% er muslimar. Vel 11 % er kristne, og sidan 1970 åra har veksten i talet på kristne vore formidabelt.


Men attende til Slamet. Basuki gjekk ein dag for å besøka ein ny truande i heimen hans. Der møtte han Slamet, som var svoger til den nyfrelste. Dei kom i prat, og Slamet kunne fortelja at han var islamsk predikant og talte i moskeen kvar fredag. Han sa også at han vart tilkalt til sjuke for å be for dei. Det er ikkje uvanleg at lislamske andsbypredikantar ber for sjuke. Då fortalde Basuki Slamet om Jesus og den lækjedomskrafta som er i han. Slamet vart interessert, og dei to begynte å studera evangelia saman.


Veke etterpå var dei saman 3 dagar der Basuki svarte på Slamet sine spørsmål om den kristne trua. Dette pågjekk i fleire veker, og Basuki fekk etter kvart også hjelp av Indra, ein tidletare muslim som hadde stor innsikt i både islam og kristendom.


Ein ettermiddag låg Slamet og halvsov. Brått synte Jesus seg for han i ein draum og sa: "Gled deg!" Og han heldt fram: "Når skal du begynna å tru? Skal det bli no, eller vil du venta til etter at du er død?" Slamet var heilt rysta etter dette synet.


Etter nokre veker med meir bibellesning, tok Slamet imot Jesus. Etter å ha bedd saman, gret han sårt i armane til Basuki. Etter dette er Slamet vorten ekstremt svolten på Ordet. I helgane er han hos Basuki og lærer om den nye trua si. Men han talar enno i moskeen, og tilhøyrarane er etter kvart ganske forvirra over forandringa dei merkar med han.


Han har no bestemt seg for å trekkja seg som predikant, for han kjenner at dette vert feil. Han har lest om kva Jesus seier om kva kristne kan forventa seg av verda, så han er budd på problemer. No er det viktig for han at kona og dottera også blir kjent med Jesus. Be om dette, og be om at Slamet skal stå fast i trua kva som enn skjer. Og be ei bøn om framgang for Guds rike i Indonesia, og om vern for dei kristne der. Kjelde: Partners International News


Sumatra vart stygt råka av Sunamien 1. juledag 2005.
På denne tropiske øya er det eit eventyrleg dyre og planteliv.