torsdag 31. mars 2016
fredag 5. februar 2016
Korleis kan ein god Gud døma mennesker til evig fortaping og framleis vera god?
Stadig oftare kan me høyra at dersom det eksisterer eit evig
helvete, er Gud ein terrorist, ja, ein djevel. «Og ein slik gud,» var det ein
som sa, «vil i alle fall ikkje eg ha noko med å gjera.» Helvete var å
føretrekka for denne mannen framfor ein himmel saman med ein slik gud.
Denne måten å tenkja på avslører ein total mangel på
sjølvinnsikt og på forståing av kristen teologi.
Det er på tide å børsta støv av gamle bibelske og
reformatoriske prinsipp.
I Bibelen openberrar Gud seg på to ulike nivå: anten gjennom
den heilage lova (t.d. dei ti boda), eller gjennom evangeliet, bodskapen om
frelse frå synd ved trua på Jesus Kristus.
I lova openberrar Gud sin vreide over synda, og over alle som
lever i sine synder. I evangeliet openberrar han sin nåde og evige kjærleik for
og til angrande syndarar.
Vi mennesker lever anten under lova eller under nåden. Den
som held seg unna Guds kjærleik i Jesus Kristus, lever under lova og skal
dømast etter lova.
Lova er nådelaus. Den person som lever under lova, må
oppfylla alle Guds bod 100% for å kunna
stå seg i domen. Her er det ikkje plass for nokon form for vantru, tvil, hat,
ulydnad, sverging, løgn, ukjærlege haldningar, eller egoisme. Alt slikt
kvalifiserer for evig straff, og me er alle skuldige.
Så til evangeliet. Skulle me få samfunn med Gud, måtte lova
sine krav først bli oppfylt til punkt og prikke på våre vegne. Og det gjorde
Jesus Kristus. Han har i sin eigen
person oppfylt alt som lova krev av oss, og difor vil alle menneske som tek
imot han, bli rekna av Gud som fullkomne lovoppfyllarar.
Den som er i Kristus, vil bli difor dømt som om han eller ho ER
Kristus. Den som står utanfor samfunnet med Jesus Kristus, vil bli dømt etter
kvaliteten på sitt eige liv. Det kan ikkje gå bra for nokon av oss. Og sidan
Guds lov er universell og evigvarande, vil straffa han feller over syndarar
også vera og vara evig.
«Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot
Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide er og blir over han.»
Johannesevangeliet 3,36.
søndag 18. oktober 2015
Share 2015 18.10. Møtepunkt.wav - 333 MB
Når me menneske møter Gud, blir me forvandla og fornya. Han tek bort syndene våre og fyller oss med kjærleik og kraft. Lytt til dagens tale i Kristkyrkja på Stord.
Share 2015 18.10. Møtepunkt.wav - 333 MB
Share 2015 18.10. Møtepunkt.wav - 333 MB
onsdag 7. oktober 2015
Share Du skal ikkje stela.wav - 79 MB
Jesus kallar djevelen ein tjuv, og alle som stel er i hans makt. Det sjande bodet har Gud gjeve oss for å verna oss mot stor fare. Det handlar meir om våre eigne sjeler enn annan manns eigedom.
Share Du skal ikkje stela.wav - 79 MB
Share Du skal ikkje stela.wav - 79 MB
lørdag 3. oktober 2015
Share Du skal ikkje bryta ekteskapet.wav - 56 MB
Gud forbyr oss å bryta ekteskapet. Det gjer han fordi han vil beskytta oss mot djevelen og hans englar. Likevel, dette bodet bryt me meir enn nokon av dei andre. Det straffar seg stygt.
Share Du skal ikkje bryta ekteskapet.wav - 56 MB
Share Du skal ikkje bryta ekteskapet.wav - 56 MB
onsdag 23. september 2015
fredag 18. september 2015
Share Du skal æra far og mor.WMA - 1 MB
Det fjerde bodet handlar om å æra far og mor. Det er viktig for Gud at me gjer det. Forutan Gud sjølv, er det ingen utanom dei me kan takka for at me finst. God lytting.
Share Du skal æra far og mor.WMA - 1 MB
Share Du skal æra far og mor.WMA - 1 MB
Abonner på:
Innlegg (Atom)