torsdag 8. juli 2010

Å sjå Gud, eit spørsmål med moralske implikasjonar

Jurij Gagarin var det første menneske som vart skote opp i verdsrommet. Det var i 1961. Då han kom attende, kunne han triumferande fortelja at han ikkje kunne sjå nokon gud der oppe, og dei ateistiske styresemaktene i Sovjetunionen fekk eit kjærkome argument i sin antireligiøse propaganda.

Jurij Gagarin vart ein nasjonal helt, og alle ungdomane i landet vart fortalt at Gagarin ein gong for alle hadde gravlagt førestellinga om Gud.

Men ei kristen jente i ein skuleklasse kunne sin bibel. Då læraren fortalde om kva Gagarin ikkje hadde sett, rekte jenta opp handa si og sa: "Men det må berre bety at Gagarin har eit ureint hjarta. For det står skrive at "lukkelege er dei reine av hjarta, dei skal sjå Gud!""

Jenta traff spikaren på hovudet. Problemet er moralsk, ikkje intellektuelt. Menneska kan ikkje sjå Gud fordi syndene deira skuggar for han. Menneska elskar umoralen sin, løgnene, horeriet, sviket, latskapen, sjølvdyrkinga, sjølvhevdinga, nytingssjuka, griskheten, rasismen og kynismen, og dersom dei ikkje begynner å sørgja over sin tilstand og innrømmer sine brudd på Guds gode vilje, kan dei aldri sjå Gud. Men dei som sannar syndene sine, vil få dei tilgjevne, og dei merkar straks at dei har ein Gud som er nær hos dei og som elskar dei. Jesus Kristus kom til verda for å gje oss tilgjeving for synd og for å reinsa hjarto våre slik at me kjem på bølgelengde med Gud i himmelen. Om du ikkje har gjort det: Sann syndene dine og opplev Jesu forvandlande kraft i livet ditt.

onsdag 7. juli 2010

Finale for livet

Nederland slo Uruguay, 3-2 og er i VM-finalen. Der vil det enda med siger eller tap. Mange ting avgjer: Kviliteten på laget, og kvaliteten på motstandarane.

Me er alle finalistar i våre eigne liv. Det vil enda med siger eller tap, himmel eller helvete, evig glede eller evig sorg. Det avgjerande er om du har Jesus Kristus med på laget ditt eller ikkje. Berre han held mål når du står for Guds domstol, og har du han med deg, treng du ikkje vera redd for noko som helst. Himmelen er din. Men har du avvist å ha Han som Herre, frelsar, konge, Gud og ven, fell du totalt gjennom i domen. Du har, når sant skal seiast, brote kvar einaste av Herrens bodord, og domen vert deretter: Du vil bli vist bort til den evige eld, ein metafor for den smerte som der møter deg der på "utsida".

Lat ikkje din sorti bli ein tragedie, men ein triumf. Berre Jesus kan sikra deg denne triumfen. Lukk han inn i hjarta ditt i dag, om han ikkje alt har fått sin plass der.

tirsdag 6. juli 2010

Korleis me kan få auga på den usynlege Gud

Då Galileo Galilei tidleg på 1600-talet retta teleskopet sitt mot Jupiter, kunne han sjå noko som ingen andre hadde sett før han, nemleg at planeten hadde månar. Men ikkje berre det, han såg også at månane bevega seg i banar rundt planeten. Då han retta kikkerten sin mot Venus, såg han at denne planeten hadde fasar på same måten som Månen har det, og på den måten kunne han føre prov for at Jorda bevegar seg rundt Sola og ikkje omvendt. Ved å bruka teleskopet, vart det usynlege synleg. På same måten er det med mikroskopet. Det syner oss ei verd av celler og mikroorganismar me ikkje kan sansa av oss sjølve.

Gud har gjeve oss eit instrument som me kan studera Han gjennom: Bibelen. Denne boka opnar for oss ei verd som me ikkje kan sjå inn i via andre kanalar. Her møter me den eine sanne Gud som skapte alt og alle, som elskar oss lidenskapleg og som vil vera ein Far for oss. Her møter me Jesus Kristus, Guds Son, han som forsonte verda med Gud ved å døy på ein kross, og som etter 3 dagar i grava triumferte over døden ved å stå opp att, og Den Heilage Ande som formidlar Guds kraft og liv til alle som vil tru på Jesus og hans verk.

Studer Bibelen med eit ærleg sinn, be Gud om hjelp til å sjå, og du vil finna både Han, og deg sjølv i Han. Lukke til.

mandag 5. juli 2010

Det usynlege

Me er blitt lært opp til å tenkja at det som eksisterer er det me kan registrera med dei 5 sansane våre. Det usanselege og umålelege blir fort rekna som ikkje-eksisterande.

Slik tenkte folk også då den austerikske legen Ignaz Semmelweiss i 1847 for første gong antyda at infeksjonar hadde sin grunn i "usynleg smittestoff", og at ein kunne førebyggja smitte ved å vaska hendene. Kollegane berre lo av han. Dei ville ikkje høyra snakk om noko "usynleg smittestoff". Det var, som me veit, ein fatal feil. I dag er kunnskapen om bakteriar og virus allemannseige, takka vere innsatsen til kjemikaren og mikrobiologen Louis Pasteur som var ein av dei som trudde på Semmelweiss.

Sanninga er at dei aller fleste levande vesen her i verda er usynlege for oss. Dei alle fleste lukter kan me ikkje lukta. Dei aller fleste lydar kan me ikkje høyra. Og rundt oss på alle kantar er det eit vell av elektromagnetiske bølgjer som me ikkje merkar noko til, radiobølgjer, TV-signal, mobiltelefonsignal og mykje meir.

Vårt sanseapparat er ikkje konstruert for alt som finst, og når me skal vurdera eksistensen av noko, kan me ikkje bruka det som utgangspunkt. Då blir konklusjonen fort feil.

Når folk då seier at dei ikkje kan tru på noko anna enn det dei kan sjå og ta på, er det ein stor dårskap. For verkelegheiten er som me forstår mykje mykje større enn sansane våre.

Å tru på ein usynleg Gud er difor korkje komisk eller ulogisk. I alle fall kan ingen avvisa han ut frå at han ikkje er synleg. I staden for å tvila på Gud, må me altså tvila på vår eigen kapasitet til å sansa og kjenna han.

Men den usynlege Gud gjer seg sjølv kjend for den som søkjer han med eit ærleg sinn. Det har historia vist så mange gongar. Også den som skriv desse linjene har opplevd det. For Gud er ein Gud som openberrar seg for dei som kallar på han og ber om å få sjå. Lukke til med det.

mandag 14. juni 2010

Korset

Du ser det over alt. Me har det rundt halsen, folk tatoverer det på armane sine, det pryder T-skjorter, det lyser frå bedehusveggar og kyrkjespir og utgjer hovudmotivet i den norske, svenske, engelske, finske og det greske flagget: Jesu Kristi kors. Dette kjære symbolet fortel oss at Jesus med sitt offer tok bort syndene våre ein gong for alle, og at me ved å tru på Han og hans verk, vert Guds barn av nåde.

Korset vart eit kristent symbol så seint som på 300-talet etter Kristus, då keisar Konstantin framfor slaget mot rivalen Maxentius, etter eige utsegn i fult dagslys fekk sjå eit lysande kors på himmelen med inskripsjonen: "Ved dette skal du sigra!" Det får vera som det vera vil med den historien, men inskripsjonen som Konstantin meinte seg å sjå samsvarar heilt med det Paulus skriv i 1. Korinterbrev 1,18: "For ordet om korset er ein dårskap (tullesnakk) for den som går fortapt, men for oss som vert frelst, er det ei Guds kraft."

Kristi kors skiller menneska i to, dei som finn det som eit uttrykk for Guds personlege kjærleik til seg, og dei som ser på dette som rolp og vås.

For meg betyr korset fridom, og ein grunn til å gå gjennom livet utan skuld og skam. Det er enormt stort, og når eg kjem til livets slutt, vil Herren sjølv ta imot meg og ønska meg velkomen inn i sitt fullkomne rike, fordi Jesus ein gong gav livet sitt for meg på dette korset. Eg elskar det.

torsdag 27. mai 2010

JESUS LEVER!

1.Korinterbrev 15 handlar om at Jesus har stått opp, at han lever i dag og at me også ein dag skal stå opp får dei døde på same måte som han når han kjem att for å døma levande og døde. Det er det kristne håpet. Det sprenger alle grenser og forestellingar.

Jesu oppstode er godt dokumentert. I dei 4 evangelia kan me lesa om mange møter mellom Jesus og venene hans etter at han hadde stått opp. Dette er ikkje oppdikta myter, skriv Peter ein plass, men augnevitneskildringar.

I 1.Korintarbrev 15 skriv Paulus at Jesus ein gong viste seg for ein forsamling på meir enn 500 menneske. Når så mange menneske kan bevitna det same, er truverdigheten stor. Meir kan ingen forlanga for å tru.

Alle menneske som vil bli kristne er i den situasjonen at dei må tru på det Jesus sine vener har fortalt oss om Jesus. Jesus sa: "Dei som høyrer dykk, høyrer meg, og dei som høyrer meg, høyrer Far som har sendt meg." Kjære ven! Bibelen er boka for deg. I den møter du Gud, og ho fører deg til Gud. Så ta boka, opna henne og les, og be om at noko skal opna seg for deg. Lukke til!

torsdag 1. april 2010

Ut med langfredag i Davenport



I Davenport, Ohio USA har "The Civil Right Comission" bestemt at langfredag ikkje lenger skal heita "Good Friday", men "Spring Holyday". eg kan ikkje sjå dette annleis enn at det må vera sterke krefter i denne kommisjonen som under dekke av Menneskerettane vil fjerna koplinga mellom kristendom og samfunn, ein link som er av gamal dato og heilt reell.

Under revolusjonen i Frankrike ville dei også lausriva samfunnet får religionen, og definerte m.a. årstalet 1792 som år null. Arbeidsveka fekk for sin del 10 dagar i staden for Bibelens sju. Ingen av desse endringane vart imidlertid ståande lenge.

I Noreg har forresten humanetikarane føreslått å endra 2010 "etter Kristus" til 2010 etter "vanleg tidsrekning", eller noko slikt. Nemninga er å finna i nokre lærebøker alt. Kva er haken ved dette? Det fremjar løgn, og det er som teke ut av Orwells "1984" der han skriv om Storebror som endrar historiebøkene, og som lagar "nyord" som skal få folk til å tenkja nytt om viktige ting.

No er det då ein gong slik at Jesus døydde på ein fredag, og at denne fredagen i uminnlege tider er vorten markert som "langfredag". Det er sjølvsagt heilt normalt og det krenkjer naturlegvis ingen at det finst offentlege kristne merkedagar i land som tradisjonelt tilhøyrer den kristne kulturkrinsen. Det ville vore underleg å fjerna søndagen som heilagdag for ikkje å krenkja muslimar og ateistar.

Det er ein objektiv sanning at me kan alle takka Jesus for påskeferien, ikkje våren. I alle fall. Det me ser konturane av no utfordrar oss kraftig, og me som trur på Jesus, og som har erfart den frigjerande krafta i bodskapen om Kristi kross, må framover gjera alt me kan for å minna folk om at det finst ein Gud, og at det berre er ein mellomamm mellom Gud og menneske, mennesket Jesus Kristus, han som elskar oss og fridde oss frå våre synder med sitt eige blod.