Berre 12 prosent av alle nordmenn trur på eit liv etter døden, syner ei ny undersøking. Korleis skal me tyda eit slikt tal?
For det første: om ingen som helst trur på eit liv etter døden, seier det ingenting om livet etter døden. Ei heller om alle trudde på det. For folk flest har ikkje peiling på slike ting. Korleis skulle dei ha det?
For å ta eit døme: Lat oss seia at du for totusen år sidan spurde romarane om dei trudde Mars var ein planet som det sveiv to månar rundt, ville ingen svara positivt på det spørsmålet. For romarane var Mars med blodfargen sin ein gud som inspirerte dei til krig, og det var jo ingen månar å sjå i nærleiken av Mars, og me trur jo berre det me ser, ikkje sant? Svaret hadde vore like upåliteleg om du spurde dei om Månen var kulerund eller pannekakeflat. Altså, folk hadde jo ikkje peiling. Korleis skulle dei ha det?
Sanning er alltid positiv. "Me kan berre tru på det me veit, eller det me trur me veit", sa ofte tidlegare redaktør i Dagen, Arthur Berg. Han var ein stor apologet.
Difor kan ingen seia: "Eg trur ikkje Gud, det evige livet, den evige døden eller julenissen eksisterer," utan å kollidera med logikken sine lover. Det er liksom så lettvint å fortelja kva ein ikkje trur på. Men det er uinteressant. Det interessante er å få vita kva folk faktisk trur på, og kvifor dei trur akkurat som dei trur.
Når ein seier: "Eg trur ikkje på Gud osv" forpliktar det lite og ingenting. Ingen stiller det til ansvar for kva du ikkje trur på. Verre er det når du skal fortelja kva du faktisk trur på og kvifor. Då må ein nemleg til å med å tenkja ein smule.
Lat oss seia at ein god nordmann sa det slik: "Eg trur på materien, molekylane, det som kan vegast, målast, takast på, smakast på, luktast på, utnyttast og nytast. Det er det eg trur på." Ein slik person er rein materialist. Det er OK. Men når denne trua skal grunngjevast dukkar deg opp store vanskar. Då vil ein samtalepartnar kunna spørja: "Trur du ikkje på kjærleiken og rettferda?" Kjærleiken og rettferda er jo ikkje ein del av materien, det er immaterielle verdiar, krefter som berører materien, og på mange måter står over materien.
Så syner det seg at dei fleste materialistar faktisk også trur på kjærleiken og rettferda, og då er dei ikkje materialistar likevel, dei er nesten teistar, for avstanden mellom kjærleiken og rettferda og Gud er veldig, veldig liten.
Min påstand er den at når alt kjem til alt trur alle menneske på Gud. Det skal berre eit lite mirakel inn i liva deira til for at dei let seg begeistra av han og stasar livet på han. Det har eg sett. Då sprett bøna fram frå sjelslivet til den mest hardbarka ateist, og han vert fascinert av Gud, og trykkjer han til hjarta som den Far han er for oss alle.
At berre 12 prosent av nordmennene trur på eit liv etter døden, fortel oss berre at kyrkja i Noreg ikkje når jobben sin. For trua kjem av forkynninga, og forkynninga ved Kristi ord.
Som kristne må me ut med Ordet, Guds kjærleik og Guds kraft, så begynnar trua og håpet igjen å leva i folk i by og bygd.
mandag 2. april 2012
søndag 25. mars 2012
lørdag 24. mars 2012
søndag 11. mars 2012
lørdag 10. mars 2012
Farleg tilpasning
De har sanneleg ikkje mykje å skryta av. Veit de ikkje at litt surdeig
gjennomsyrar heile deigen? 7 Reins ut den gamle surdeigen så de kan vera ein
ny deig: usyra, slik de verkeleg er. For vårt påskelam er slakta, Kristus.
8 Så lat oss halda høgtid, ikkje med gammal surdeig, ikkje med ein
surdeig av vondskap og synd, men med usyra brød av sanning og reinleik. 1.Korintarbrev
5,6-8
Det var kome alvorleg synd inn i kyrkjelyden i Korint. Ein av
medlemmene levde saman med stemor si utan at nokon reagerte på det. Det er
merkeleg kor lett me kristne tilpassar oss. Det som er akseptert i samfunnet
elles, ser ut til fort å bli akseptert hos oss også. Men mangt av det dei driv på med på samlivssektoren
i samfunnet er syndig, og synda har ein tendens til å spreia seg som ein
surdeig og prega heile miljøet negativt. Difor må me vera radikale og ikkje
akseptera slikt korkje hos oss sjølve eller hos andre, men ta dei oppgjera som
er nødvendige.
Me tenkjer ofte slik: Mi synd er mi. Den influerer ikkje på andre. Men
det er ei løgn. Synda di berører alle i kyrkjelyden rett og slett fordi me er éin
lekam, og dersom ein lem lid, lid heile lekamen.
Jesus gav livet sitt for våre synder for å fri oss frå dei. Då kan og må me ikkje lenger leva i dei. Det
er å vanæra Jesus og trakka på hans frelsesverk. Så legg bort all ureinskap, misunning,
fiendskap, hovmot, baktale, løgn, bedrageri, hat og hemn, og lev i harmoni med den nåden du fekk
i Jesus Kristus. Hald det unna det negative, det som har sine røter i ditt
gamle menneske , og søk det som har sine røter i Gud, tru, håp, sjølvoppofrande
kjærleik, glede, fred, tilgjeving og rettferd. Då bergar du både deg sjølv og
andre.
tirsdag 6. mars 2012
Leirarar med integritet
![]() |
| Audun Lysbakken. Foto: Dagbladet |
Audun Lysbakken går av for å ta vare på integrieten sin, seier han. Dette er vanskeleg å forstå sidan det er mangel på integritet som har ført han opp i den situasjonen han har hamna i. Han har gjort feil, og han har forsøkt å dekka dei til. Det er ikkje integritet. Og no ser det ut til at han vert leiar av SV!
Svigerfar til Moses, Jetro, såg at arbeidsbøra til svigersonen vart for stor. Då gav han Moses dette rådet
i 2. Mosebok 18,17-23: «Det er ikkje bra det du gjer. 18 Du kjem til å slita ut både deg sjølv og folket som er hos deg. Dette er altfor tungt for deg, du kan ikkje gjera det åleine. 19 Høyr no på meg! Eg vil gje deg eit råd, og Gud skal vera med deg. Du skal stiga fram for Gud på vegner av folket og leggja sakene deira fram for han. 20 Du skal forklara dei forskriftene og lovene og gjera dei kjende med den vegen dei skal gå, og dei gjerningane dei skal gjera! 21 Men du skal sjå deg ut dugande menn av heile folket, menn som fryktar Gud, er pålitelege og som hatar urett vinning. Du skal setja dei til å vera førarar for tusen, hundre, femti og ti. 22 Dei skal skifta rett blant folket til kvar tid. Kvar stor sak skal dei koma til deg med, men i kvar lita sak skal dei dømma sjølve. Slik skal du letta børa for deg sjølv og la dei bera henne saman med deg. 23 Gjer du det slik og dette er Guds vilje, kan du halda ut, og då kan alt folket her dra heim i fred.»
Kva er ein god leiar? Det er ein som har nødvendig fagleg dugleik, fryktar Gud, er pålitelege og heilt gjennom ukorrupt.
Ein god leiar må altså i følgje Bibelen ha både faglege, åndelege og moralske kvalifikasjonar på plass i livet sitt. Det skal vel noko til å forlanga av ein statsråd i våre dagar at han skal frykta Gud, men det hadde vore til god hjelp. Dei som fryktar Gud, gjer ikkje så lett uærlege ting i det skjulte. Det veit at ingenting er skjult for Gud likevel. Slike leiarar trengst over alt, men dei er sjeldne. Me ser i dag at når leiarane i eit land ikkje lenger har tillit, begynnar nasjonen å løysast opp og kan berre haldast saman med våpenmakt og tysting.
Måtte den gode Gud reisa opp leiarar i mellom oss med dei rette kvalifikasjonar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)

