fredag 17. februar 2023

Afrikanske anglikanarar bryt fellesskapet med Den anglikanske kyrkja i England

 Generalsynoden i den anglikanske kyrkja i England vedtok torsdag 10.februar å godkjenna velsigning av likekjønna par, og bad i same rennet om tilgjeving for all den skade kyrkja opp gjennom åra har påført skeive menneske. 

Dette vedtaket er ikkje overraskande. Det har lege i lufta i mange år. 

Men det fører til djup splitting i den verdsvide anglikanske kyrkja, og  erkebiskop Dr. Laurent Mbanda i Rwanda skriv i ein uttale at dette var "spikaren i kista" med tanke på fellesskap mellom Den anglikanske kyrkja i England og Den anglikanske kyrkja i Rwanda. Den sistnemnde har klårt og tydeleg uttalt at "den monogame ekteskapet mellom ei kvinne og ein mann er det einaste rette ekteskapet".  Etter det eg har forstått meiner alle andre anglikanske kyrkjer i Afrika det same.  

Dei har mi fulle støtte, og eg er glad for det oppgjeret dei no tek med "morkyrkja" si. Navlestrengen er så avgjort kutta. No står Afrika fram som eit profetisk korrektiv til Vesten. Det er her bibelsk kristendom blomstrar og utviklar seg. Og det er her vekkinga brenn. Bibeltruskap og åndeleg vekking heng nøye saman. 

Å godkjenna og velsigna det Gud kallar synd, vil bli den anglikanske kyrkja i England sin undergang. Kyrkja som skulle føra folk til Gud, fører dei bort frå han. Det står nemleg ikkje i noko kyrkje sitt mandat at ho skal definera rett og galt. Ho skal forkynna rett og galt, og tilgjeving for alle syndarar som vender om frå det dei gjer galt. 

No er det kyrkjeleiarane som treng omvending og tilgjeving. Og afrikanarane tek på seg den oppgåva, og må dei bli lytta til, også av norske geistlege. 

søndag 12. februar 2023

Menneskerettsfråsegna artikkel 12

 "Ingen skal lide under vilkårleg innblanding frå andre, anten det gjeld hans eigen person, familie, heim, brevskifte, eller åtak på ære og omdøme. Alle har krav på at lova vernar dei mot slik innblanding eller slike åtak."

Alle forsøk på å sverta eller snakka ned eit medmenneske offentleg eller privat, er faktisk forbode. Hugs at Menneskerettsfråsegna er norsk lov.  Personåtak er blitt ei stor plage dei siste åra. Når ei sak skal diskuterast, held ikkje folk seg til saka, men for å få overtaket, dreg dei fram ufordelaktige opplysningar om motdebattanten og offentleggjer dei. Det er uetisk, og på mange måtar også hjelpelaust. Men folk som driv med dette, utøver stort skadeverk. 

Denne artikkelen slår eit slag for privatlivets fred, og etter mi vurdering bevegar deler av media seg på feil side av lova når dei luktar seg fram til pikante opplysningar om såkalla offentlege personar som dei synest det er viktig å skriva om. Også den kristne dagspressa synest vera med på dette løpet no. Det har økonomiske motiv. Personsaker sel betre enn berre saker. 

Elektroniske media har overteke for tradisjonell brevkommunikasjon. Dette aukar faren for at uærlege menneske får tilgang til sensitiv personinformasjon som dei kan bruka til skade for folk. Difor må alle alltid vera varsame med kva informasjon ein gjev frå seg på denne måten. Artikkel 12 er under stort press. Men artikkelen står der og lyser for oss. Men igjen: Få kjenner han. 

lørdag 11. februar 2023

Bibelen, ikkje kyrkja, definerer sann kristendom

 Det er ikkje kyrkja som definerer innhaldet i kristendomen, sjølv om ho alltid har prøvd på det. Hadde det vore slik, hadde me ikkje hatt nokon kristendom. Menneskelaga læresetningar og meiningar har det vore mange av i kyrkja opp gjennom åra. Men det er Bibelen som gjeld, og kan ikkje ein læresetning eller ei meining grunngjevast godt ut frå Bibelen, må dei forkastast. Den nytilsette biskopen i Bjørgvin seier ja til sjølvbestemt abort, ja til homofilt samliv og nei til evig fortaping. Alt i strid med Bibelen. I desse spørsmåla representerer ho ikkje Kristus, og bør ikkje lyttast til.

lørdag 28. januar 2023

Familieplanlegging, demografi og arbeidskraftskrise

Sidan såkalla «familieplanlegging» vart vanleg på 1970-talet, har me malt oss opp i eit hjørne. Familieplanlegging betyr i stor grad å planleggja bort graviditetar og barnefødslar. I 2021 var reproduksjonstalet per kvinne heilt nede i 1,48. Det er sjølvsagt ikkje berekraftig. Skal det vera nordmenn i det heile tatt i framtida, må indeksen opp i 2,1. Det er langt opp dit. Fruktene av «famileplanlegginga» smaker me no på snart alle samfunnsområde: Me manglar folk til å fylla viktige stillingar innan alle bransjar. Sterkast slår det tydelegvis ut i eldreomsorga, rett og slett fordi me er blitt ein aldrande befolkning, og det er for få unge menneske som tek utdanning innan pleie og omsorg til å stetta behovet.

Framleis vil befolkninga i Noreg auka nokre år framover, men problemet er at det aukar med gamle, ikkje med unge. Når gjennomsnittsalderen aukar og talet på barnefødslar minkar, blir det slik.

Demografi handlar om korleis menneska i eit samfunn fordeler seg med tanke på kjønn og alder. Er det mange gamle og få unge, blir samfunnet spinndyrt å driva. På 1950-talet var det sju yrkesaktive per pensjonist. Statistisk sentralbyrå reknar med at rundt 2050 vil forholdstalet vera 2:1. Kvar arbeidstakar må altså produsera langt meir enn før for å halda oppe tenestetilbodet til pensjonistane. Men det kan syna seg å vera det minste problemet. Oljefondet dempar effekten av denne skeivfordelinga. Verre er det å få tak i folk som faktisk kan utøva tenestene dei gamle treng.

Det vil framover vera ein enorm konkurranse om ledig arbeidskraft, og dette er eit problem som me ikkje kan bevilga oss ut av. Minister for høgare utdanning, Ola Borten Moe. sa det så treffande nyleg i ein debatt: «Før det blir mangel på pengar i dette landet, blir det mangel på nordmenn.» Me vil rett og slett ikkje ha nok folk til å fylla stillingane i industrien, landbruket, skogbruket eller innan skule, helse og annan tenesteyting. Me har malt oss opp i eit hjørne, og det er ingen snarveg ut av problemet. Det må løysast på langt sikt. Korleis?

Eg meiner me må ta nokre steg attende og igjen framheva ekteskapet og kjernefamilien med mor-far-barn som den suverent beste samlivsforma, og så må me gje familiane så gode økonomiske vilkår at fleire kvinner vel å få fleire enn to barn. Ja, det å få barn må premierast med kraftig skattereduksjon, eller direkte løn til foreldre som vel å vera heime med barn over tid. Det trur eg vil syna seg å vera ein klok måte å bruka oljefondet på (sjølv om eg er medviten om at dette fondet er definert som eit pensjonsfond).

Og så må me våga å sjå på abortlova ein gong til, ikkje for å utvida rettane til sjølvbestemt abort, men for å utvida ufødde barns rett til liv. Det er til å frykta av mange av dei arbeidstakarane som me manglar i dag, er å finna mellom dei 600 000 som er blitt abortert vekk dei siste 40 åra.

Me kjem ikkje utanom å ta radikale val framover for at samfunnet vårt skal overleva slik me kjenner det. Men det vil ta tid, og dersom me hoppar over slike sjølvsagde tiltak som det eg her har skissert, vil problema hopa seg opp år for år. Og ikkje berre det. Men talet på etnisk nordmenn vil gå kraftig ned, og det er fare for at me smått om senn fasar oss ut av historien.


mandag 19. desember 2022

Kristi kors, eit trugsmål mot sørgande?



Human Etisk Forbund (HEF) i Hamar vil at kyrkja skal fjerna alle kristne kors frå gravkapella i området. Korset verkar trugande og påtrengande på dei ikkje-kristne sørgande, seier lokallagsleiar Magne Kvalbein. 


For millionvis av menneske er korset et symbol på framtid, håp og fridom. Men for HEF i Hamar, Stange og Løten er det trugande. Korleis kan det ha seg? 

Eg trur det må vera fordi korset også er eit symbol for døden. Og døden er jo eit trugsmål for oss alle. Men problemet for HEF på Hedmarken er at om me fjernar alle kors i heile verda, fjernar me ikkje det som reelt sett trugar oss, nemleg sjølve døden. 

Så har eg ei kjensle av at det ligg noko meir i dette enn psyken til humanetiske sørgande. Jula er det liksom høgsesong for HEF når det gjeld å kritisera kristendomen sin posisjon i samfunnet. Og eg kjenner meg ganske sikker på at det er dette det handlar om i denne saka også. 

Å fjerna kors er forresten eit behov andre plassar i verda også. I kommunistdiktaturet Kina fjernar dei kors over heile landet om dagen, og i muslimske diktatur er korset eit forbode symbol. Det er truleg fordi korset forkynner ein to tre ting som ein ikkje ønskjer å bli minna om: at Jesus lever, at menneske har trong for frelse, og at denne frelsa utelukkande er å finna i trua på Jesus. Dette er dårskap for verda, skriv Paulus, men ei Guds kraft for alle som trur.