"Eg er den gode hyrde," seier Jesus i Johannes 10, og for jødane var det ingen tvil om kva han meinte då han sa desse orda. Dei høyrde i sitt indre både Salme 23,1 der David seier: "Herren er min hyrde", og Esekiel 34,11 det Gud seier: "Eg vil sjølv leita etter sauene mine og ta meg av dei." Jødane var ikkje i tvil: Jesus identifiserte seg sjølv som den Herre og Gud som talar, og som det vert tala om, i Det gamle testamentet. Og heile Det nye testamentet byggjer på vedkjenninga av Jesus som Herre. Han er JHVH, skaparen av himmel og jord, og det er det han er. Og alle som anerkjenner han som sann Gud, blir tilgjevne alle sine synder og anerkjente som Guds barn i himmelen. Storarta.
fredag 29. september 2023
Kristent leiarskap del 2
Alle kristne kjenner Jesus som "den gode hyrdingen". Han oppsøkte oss, frelste oss ut av synd, skuld og skam og tok oss med til Farshuset der me no kan leva som lukkelege barn av Gud.
Kristent leiarskap del 1
Bibelen legg umåteleg stor vekt på verdien av godt leiarskap. Leiarane i kyrkja står som ein vegg mot dei vonde åndsmaktene for å verna dei truande mot dødbringande demoniske åtak. Ingen treng forbøn som dei. Dersom denne muren sprikk opp, opplever medlemmene i kyrkja tunge åtak av tvil, freistingar og mismot. Det ser me dessverre meir enn nok av i vår tid. For å bøta på feil, må me alltid attende til Bibelen og bli kalibrert på det som Gud har openberra gjennom apostlar og profetar. Og skal me finna ein god modell for åndeleg leiarskap i kyrkja, må me studera pastoralebreva: Paulus sitt 1. og 2. brev Timoteus og Titus brev. Kva ser me der?
Eit nytt bod gjev eg dykk
"Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.» Johannes 13,34-35. Her skildrar Jesus "samfunnet av dei heilage" slik som han ville det skulle vera: så lyst, nært og varmt at det tiltrekker seg folk frå alle kantar. Ingenting er så evangeliserande som ein kristen kyrkjelyd der Kristi oppofrande kjærleik pregar relasjonane mellom folk. Og er ikkje dette på plass, vil eg tru at all annan evangelisering vil ha avgrensa effekt.
Eit samfunn av dei heilage
Når den apostoliske truvedkjenninga spanderer to setningar på kyrkja, må dei første kristne ha sett på henne som det viktigaste i tilværet utanom Gud sjølv. Og det har dei god dekning i Bibelen for å gjera. Kva lærte dei oss om kyrkja? At ho er heilag og allmenn (katolsk), og då er det snakk om den verdsvide kyrkja, altså alle kristne i alle land. Heilag, fordi medlemmene er tilgjevne og reinsa frå all synd ved trua på Jesus, allmenn fordi ho er open for alle. Den neste setninga: "samfunnet av dei heilage" meiner eg handlar om den lokale kyrkjelyden. Ingen kan ha samfunn med alle kristne i heile verda, men me kan ha samfunn med kvarandre lokalt. "Samfunn" er eit langt sterkare ord enn "fellesskap". Fellesskap kan vera prega av ganske svake bindingar. Men "samfunnet av dei heilage" handlar om sterke bindingar mellom personar som trur på Jesus, som har forplikta seg på å ta vare på kvarandre, og som, under leiing av lokale hyrdar, saman vil gjera Jesus kjent for verda. Den lokale kyrkjelyden er Jesu organisasjonsmodell for sitt rike på jord. Korleis kan de då ha seg at kristne i dag lagar seg sine eigne modellar som dei trur fungerer betre?
Ei heilag, allmenn kyrkje
God søndag. I dag tenkjer eg på den apostoliske truvedkjenninga artikkel 3. der det står at "eg trur på Den heilage ande, ei heilag allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage...." Er ikkje dette smått utruleg at dei første kristne fann grunn til å proklamera for kvarandre og verda at dei trudde på KYRKJA i ei vedkjenning der dei ville oppsummera trua på GUD? Men desse truande hadde forstått noko vesentleg. Då Paulus reiste til Damaskus for å arrestera kristne og møtte Jesus som ein vegg utanfor byporten, fekk han spørsmålet: "Saul, Saul, kvifor forfølgjer du MEG?" Jesus er så eitt med kyrkja si at dei som forfølgjer henne, forfølgjer han. Ho er hans kropp, og kvar enkelt kristen eit lem på denne kroppen. Saman utgjer me eit meir eller mindre klårt bilete av Kristus, alt etter tilstanden i kyrkjelyden med tilhøyrer. Det skulle oppmuntra oss til å leva nær til Jesus og til kvarandre. Kristne som vil leva nær til Jesus, men som vil kjenna seg frie i høve til kyrkjelyden, koma og gå som det høver seg, er på feil kurs. Dei er armar og bein på sjølvstyr.
På dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje
Matteus 16,18: "og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje!" Kva gjer Jesus? Han byggjer si kyrkje. Korleis gjer han det? Ved å byggja lokale kyrkjelydar. Og så eit viktig poeng: Paulus definerer seg sjølv og venene sine som "Kristi medarbeidarar". Difor planta dei kyrkjelydar overalt der dei forkynte evangeliet. Nokon annan måte å organisera Guds rike i verda på kjende ikkje den store apostelen og teama hans. Er du ein Kristi medarbeidar? Då veit du kva du har å gjera, du også: Vera aktivt med i ein disippelgjerande kyrkjelyd som har planting av nye kyrkjelydar på programmet sitt. Organisasjonar og kristne foreiningar har sin verdi, men erstattar dei den lokale kyrkjelyden, då har det skjedd ein feil.