tirsdag 2. mars 2010

Vegen til Gud

Sauer er flokkdyr. Dei går der dei andre går, sjølv om det kan føra dei inn i farlege situasjonar når flokken går i feil retning.

Me menneske liknar ikkje lite på sauer. Me formar liva våre i stor grad etter det samfunnet me har rundt oss, og trur og meiner som "dei andre" og har ein sterk tendens til å følgja opinionen. Men det kan vera farleg. Historia har mange døme på at heile folkeslag valde sin eigen og andres undergang.

Henrik Ibsen sette det på spissen og sa: "Fleirtalet har aldri rett!" Jesus åtvara også mot å tru på fleirtalet. Han sa: "Porten er trong og vegen er smal som fører til livet, og få er dei som finn den. Men porten er vid og vegen er brei som fører til fortaping, og mange er dei som finn den."

Det er vanskeleg og trongt for oss menneske å innrømma at me er på feil veg og på veg bort frå Gud. Den tronge porten er å gjera ei slik innrømming. Det er vanskeleg for oss menneske å fornekta oss sjølve for å æra Gud og tena vår neste. Det er den smale vegen som fører eit menneske til Gud, og det er ingen annan måte å nå han på.

søndag 28. februar 2010

Tjuven og erstattaren

Djevelen er ein tjuv. Han er komen for å stela, drepa og øydeleggja, seier Jesus i Johannesevangeliet 10, 10. Kva har han teke frå deg? Ektefellen? Barna? Jobb? Vener? Hus? Trua? Håpet? Kjærleiken? Helsa? Pengene? Djevelen er Guds og det godes fiende. Han eggar til krig, inspirerer folk til vonde handlingar og kan endå til vera årsak til sjukdom.

Men med Jesus er det annleis. Han seier om seg sjølv: "Eg er komen for at de skal ha liv og overflod." Alt det djevelen frårøvar oss, vil Jesus Kristus erstatta når me overgjev oss med alt me er og har til han. Gjer du det, får du evig liv og det begynner å skje under i livet ditt som er større enn du kunne drøyma om. Lukke til!

torsdag 25. februar 2010

Døra


Me er slik laga som menneske at me må ha noko meir i livet enn mat, klede, sosialt samvær og sex. Me er både kropp, sjel og ånd, og dei åndelege behova våre kan me berre få fylt hos Gud. Og då er det viktig at me veit kor Gud er, slik at me kan finna han. Jesus seier om seg sjølv i Johannes 9: "Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst". Å gå inn gjennom Jesus, er det same som å ta imot han eller tru på han. Tru at han døydde for våre feil, og at han sto opp att frå dei døde og er ein levande Gud midt i mellom oss den dag i dag. Det er mange religionar og mange meiningar om korleis Gud er og korleis me kan finna han. Men ingenting av dette fører fram. Berre ein inngang til Guds rike er legitim, og det er Jesus Kristus, Guds Son. Korleis kan du så finna Jesus? Ved å kalla på namnet hans. Sei berre: "Jesus, kom inn i mitt liv, gje meg frelse og bli min Herre!" Når du inkluderer han i ditt liv, inkluderer han deg i sitt liv. Opnar du for han, opnar han for deg.

onsdag 24. februar 2010

Om å sjå Jesus


Fokuser på dei 4 små prikkane i midten av bilete i 30 sekund. Len deg bakover og lukk augo dine, så vil du sjå Han...

Jesus lækte ein mann som hadde vore blind frå fødselen av. Det kan me lesa om i Johannesevangeliet kapittel 9. Mannen vart naturlegvis glad, medan farisearane vart sure. Dei hadde ingen sans for Jesus, og meinte han var ein bedragar og sjarlatan, og dei ville problematisera underet. Men mannen visste kva han hadde erfart, det var ikkje noko å diskutera, og han forsto at Jesus var komen frå Gud.
Seinare forsto han meir: at Jesus er Messias, frelsarkongen, og han sa: "Eg trur, Herre" og fall ned for Jesus og tilba han som den Gud han er. I første omgang vart han lækt. Så vart han frelst. Å vera frelst, kristen om du vil, er å tru på, elska og tilbe Jesus.

Det er ikkje dei fysisk blinde som er blinde, det er dei som ikkje forstår kven Jesus er, og som ikkje vil tilbe og elska han. Eg vart ført til Jesus av ein fysisk blind (Jesus hadde lækt han for dette ein gong, men andre gongen sjukdomen kom hadde Herren andre planar), likevel "såg" han Jesus klårare enn dei fleste og kunne visa meg "Guds lam som bar bort verdas synd". I dag er Jesus mi frelse, mitt håp, min kjærleik og mi glede. Han viste meg seg sjølv, og kvar dag ser eg han for meg og tilber han som MIN GUD.

tirsdag 23. februar 2010

Verdas ljos

Vondskapen i verda er påtrengande. Det gjeld brutaliteten som me ser utfaldar seg i krig, terror, ran og drap, men også gjennom alle former for bedrageri, baktale, hovmot, seksuell ureinhet og sjølvgodhet er vonde krefter som fører mykje skade med seg. Kor kjem det frå? Frå menneska sitt indre, seier Jesus. Og det er sant. Hadde me menneske vore gode, ville me ikkje gjort det vonde. Det veks ikkje dårleg frukt på eit godt tre.

Jesus er verdas ljos. Han var og er berre god. Tusenvis av menneske erfarer det kvar einaste deg, og han er rik nok for alle som kallar på han, også for deg.
Jesus er eksklusiv. Han åleine kan frelsa oss menneske. Inviter han inn i livet ditt og du skal få erfara at han tilgjev deg og forvandlar deg slik at du begynner å sky det vonde og strekkja deg mot det gode.

lørdag 20. februar 2010

FOR ALLTID

Jesu frelsesverk treng ikkje vedlikehald. Det har evig haldbarheit. Alt anna me har rundt oss er tidsavgrensa og forgjengeleg, men i Hebrearbrevet 10,12-14 les me at Jesus har bore fram eitt offer for synder, og har deretter FOR ALLTID sett seg ved Guds høgre hand ......., og med sitt offer har han FOR ALLTID gjort dei fullkomne som vert helga.
Jesus går aldri ut på dato, ei heller verdien av hans død og oppstode. Å bli helga er å bli tilgjeven av Gud. Det blir alle som trur på Jesus. Trur du på Han, er du heilag (fullkomen og moralsk perfekt) i Guds augo FOR ALLTID, så sant du ikkje skulle koma til å fornekta trua. Det er det kristne evangelium.

onsdag 6. januar 2010

Når grunnvollane brytest ned


I salme 11,3 skriv David at når grunnvollane vert brotne ned, kva maktar då den rettferdige?

Den grunnvollen som har bore vårt folk gjennom hundreår med fattigdom og mykje naud, er respekten og aktelsen for Gud og hans gode ord. I dag er denne grunnvollen i ferd med å bryta saman i Noreg. Dei mektige og kloke har gjennom tiår etter tiår retta skarp kritikk mot Bibelen og Gud, med det resulatat at folk flest ofrar ikkje Gud og Bibelen ein einaste tanke når dei skal velja livsstil, og politikarane har vedteke lover som på radikalt vis bryt med det som er rett etter Bibelen, eg tenkjer på friabortlova og den samkjønna ekteskapslova. Gud seier at det er forbode å ta liv, men det bryr me oss ikkje om i Noreg, og tek livet av tredjeparten av barna våre før dei vert fødde. Gud seier at menn ikkje skal liggja med menn, det er ein styggedom, men det bryr me oss ikkje om. Idag er dette griseriet sett på som "vakker kjærleik".

I dette gudlause klimaet er det begrensa kva den rettferdige kan gjera. Det fekk profetane i si tid erfara. Dei mangla ikkje kraft over seg, men nesten ingen ville lytta til dei, og så gjekk det hakkande gale med folket. Dei hamna i eksil. På ein måte er dette eit mønster. Alle som ikkje vil lytta til Gud og følgja hans ord, hamnar til slutt i eitt eller anna eksil. Til slutt vil ein bli dømt til evig eksil, det som Bibelen kallar fortaping.

Dei store, kloke og mektige kan riva ned aktinga for Gud og Bibelen, men dei kan ikkje riva ned Gud. Han er den same gjennom alle skiftande stemningar. Men dersom me ikkje lyttar til det han seier, får me ikkje kontakt med han, og han kan ikkje vera den grunnvollen i liva våre som han gjerne ynskjer. Alt dette stormlaupet mot Gud, går altså ikkje ut over han, men over oss.

Jesus er ein mektig grunnvoll som du kan byggja ditt liv på. Han elskar deg og fridde deg frå syndene dine med sitt eige blod då han døydde på krossen for deg og alle menneske. Kall på hans namn, og du blir frelst.