torsdag 31. januar 2013
mandag 28. januar 2013
Guds fantastiske lover fører oss til Han
Salme 119,129
"Underfulle er dine lovbod. Difor tek eg vare på dei!"
Guds lover er underfulle. Dei er ikkje naturlege, dei kjem frå Gud, og me finn dei i Bibelen.
Guds lover spring ut frå Guds kjærleik, og han vil at me skal elska kvarandre slik som han elskar oss.
Difor skal me ta vare på kvarandre, vera gavmilde, gjestfrie, gode, varme, tilgjevande og ærlege menneske. Me skal ikkje utnytta kvarandre, og slett ikkje undertrykka kvarandre. Gud hatar alt slikt. Men me skal tena kvarandre i kjærleik. Dette er Guds lover.
Jesus snakkar mykje om dette, særleg i Bergpreika, den mest berømte av alle talar. Der lærer Jesus oss kjæleikens veg, korleis me skal elska Gud og nesten. Ja, han går så langt at han ber oss om å elska fiendane våre. Det er ikkje rom for hat i Guds rike, ei heller hjartekulde. Her er det vilkårslaus kjærleik som er regelen, det brennande engasjementet for Gud og våre medmenneske.
Dette betyr at me ikkje føretek oss noko som er til skade for andre, men berre slike ting som reparerer og bygger opp. Det gjeld i ord og gjerning. Difor snakkar me positivt til og om kvarandre, og me unngår baktale og sladder. Me deler Guds gode ord med kvarandre, og med alle, for det både frelser, lækjer og byggjer opp. Me er til å stola på, og me tek aldri noko som tilhøyrer andre, anten det er pengar, ting eller ektefelle.
Korleis tek me vare på Guds lovbod? Ved å halda dei og i ord og gjerning læra andre å gjera det same.
I våre dagar er det mykje snakk om "det gode liv", og då handlar det om å finna den livsforma som gjev maksimal nyting. Slik filosofi er heilt fjern for Gud og Bibelen. Der er fokus derimot på "det rette livet", og Gud seier at den lever rett som fornektar seg sjølv til fordel for andre, og at den som vil vinna livet i denne verda, kjem til å missa det, medan den som misser livet i denne verda for hans skuld, kjem til å vinna det.
Det er eit sterkt lys i Guds lovbod. Dei avslører dei vonde og egoistiske kreftene som ofte veltar fram i oss, det syndige og skammelege som me har i oss og som rett som det er blir overmektig i oss. Me irritrer oss, blir sinte som berre fy, kan tenkja nedsetjande om andre, vera veldig ufølsame i måten me snakkar til folk på, dekkar over eigne feil med svarte og kviteløgner og me kan vera både misunnelege og sjalu. Alt dette avslører Guds lov hos oss, og så seier Anden stille i vårt indre: Gå til Jesus med alt dette. Han har bore det. Hos han har du ei evig forløysing for alle dine synder. Slik blir det til at Guds lovbod jagar oss til Jesus og held oss fast hos han. Ære vere Gud for hans visdom.
Gode Far! Takk for dine underfulle lover. Dei opplyser oss om din vilje, og fører oss til Jesus Kristus. Takk at du i Kristus tilgjev oss alle våre synder og ved Den heilage ande inspirerer oss til å leva oppofrande liv i kjærleik. Me ber i dag spesielt for Saeed Abedini som i dag er dømt til 8 år i Evinfengslet i Teheran for å ha tent deg og di kyrkje. Fyll hjarta hans med din fred. Ver med han som du i si tid var med Josef, og opphøg han den dagen tida er inne for det. Amen.

Etiketter:
Bergpreika,
det gode liv,
Guds lovbod,
vilkårslaus kjærleik
fredag 25. januar 2013
Gud syner veg
"God og rettvis er Herren, difor viser han syndarar vegen!" Salme 25,8
Bibelen lærer oss at me i utgangspunktet alle er bortkomne syndarar. Me har rota oss bort frå Gud og hans plan med liva våre, og det er akkurat kva ein syndar er, ein person som er komen ut av kurs og er på veg mot feil mål. I Jesaja 53,6 les me om oss menneske at me fòr vilt som sauer, me vende oss kvar til sin veg. Slik går det gjerne med sauer når ulven spreier flokken. Og det er lett å sjå at det er slik i menneskelivet. Det er eit mylder av religionar og livsmønster i verda. Folk trur på mange ulike gudar og religiøse system, og andre trur ikkje på noko i det heile tatt, i alle fall ikkje på noko anna enn det dei kan sansa. Det er stor dårskap, men slik er det. Frå vår synstad som kristne ser det ut til at folk gjer alt dei kan for å koma seg bort frå den einaste sanne, levande Gud, han som er kjelda til alt godt.
Kvifor er det slik? Fordi synda har ete seg inn i liva våre, snudd tankane våre frå Gud, ja, mot Gud, og gjort oss sjølvopptekne, skrytande, smalspora, introspektive, innbilske og sjølvrealiserande, medan me er skapte for å æra og elska Gud over alle ting, realisera hans planar med verda og elska våre medmenneske som oss sjølve, og overlata alt ansvar for våre eigne liv til han som er vår Far.
Men me tapte han av syne, gløymde han, vart våre eigne gudar og for å sikra våre eigne liv begynte me å lyga, stela og drepa.
Men Gud slutta aldri å elska oss. Han er god og rettvis, og han viser oss vegen attende til seg og den evige lukka som me berre kan få hos han. Ja, han ikkje berre viser oss vegen. Han sendte oss ein frelsar, Jesus Kristus, sin eigen Son, og Jesus sa om seg sjølv: "Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg!" Og det må bety: Ved å tru på Jesus og følgja han, kjem me alle til Gud, både fordi Jesus ER Gud, og fordi han fører oss til Gud. Det går frå godt til betre og frå betre til best.
Har Gud fått nått deg med sitt ord? Har han fått opplyst deg med sin Ande? Har du sett din fortapte stilling? Har du sett djupna i det som er di synd? Har du nokon gong skamma deg over alt i livet ditt som ikkje er motivert ut frå tillit til Gud og kjærleik til dine medmenneske? Har du sett kor omfattande løgnene dine er? Har du fortvila over deg sjølv? Har du ropt til Gud om frelse?
Skal du bli frelst må du læra deg å avsky dei uoppgjorte syndene dine og kvitta deg med dei same kva det
måtte kosta deg. Gud tilgjev oss syndene våre når me vender oss bort frå dei. Dersom du vil leva med syndene dine, må du nok finna deg i å leva utan Gud, for Gud vil nemleg ikkje leva med syndene dine. Trass alt måtte Jesus døy på krossen for at du skulle kunna bli reinsa frå all denne uretten, og dersom du ikkje let deg reinsa, trekkjer Gud seg unna deg. Det er dette det står om.
Gud er god og rettvis, og han viser syndarar vegen, vegen til omvending, tru og nytt liv med Jesus på innsida.
Kjære Herre Jesus! Du er Guds einborne Son som gav livet ditt til soning for alle våre synder. Du tilgjev oss og reinsar oss når me kallar på deg og vender om til deg av heile vårt hjarta. Hjelp oss dagleg å seia nei til oss sjølve, ta avstand frå løgn og egoisme og tru på deg i alle ting, både når det gjeld vår frelse og vår velferd. Du betalte for vår evige lukke med ditt eige blod. Me lovar og ærar deg for det. Hjelp oss å gjera deg kjent for syndarar me møter på vår veg, slik at du kan opplysa dei og visa dei vegen til evig liv og lukke. Gje oss Anden slik at me alltid har din autoritet, din varme og di kraft med oss ut i kvardagen. Amen!

torsdag 10. januar 2013
Jesus, Herrens tenar
Sjå, min tenar, som eg støttar,
min utvalde, i han har eg mi glede!
Eg har lagt min Ande på han,
han skal føra retten ut til folkeslaga.
Jesaja 42,1
Dette er starten på èin av dei såkalla "Herrens tenar"- songane i Jesajaboka. Dei handlar alle om den komande frelsaren. Det er m.a.o Jesus det er snakk om.
Me vert først oppfordra til å SJÅ på han. Det er det vikigaste me som menneske gjer, og det er avgjerande viktig for oss at me dagleg rettar sinn og tanke mot Han som er den einaste som kan frelsa sjelene våre og føra oss trygt fram til Gud.
Johannes døyparen sa til sine eigne læresveinar då Jesus gjekk bortover breidda av Jordanelva: "Sjå, der er Guds lam som ber bort verdas synd."
"Det du festar blikket på, gjev du kraft i livet ditt", skreiv NLA-lektor Nils Magnar Grendstad ein gong på 70-talet.
Å sjå på Jesus er å studera denne mannen sitt liv, det han sa og gjorde, både gjennom profetane i Det gamle testamentet, og apostlane og evangelistane i Det nye.
Ingen kan sjå på Jesus utan å lesa Bibelen. Det er der han blir tydeleg for oss, og ingen andre plassar.
Difor les og granskar me denne boka, lærer sitat utanåt, praktiserer det me les, ber det me les og deler det med våre medmenneske.
Det neste me lærer i dette verset er at Herren støtta tenaren sin. Jesus talte Guds ord, rett og slett, og det han sa var sant, godt, rett og vakkert. Det hadde den himmelske Fars fulle støtte og godkjenning.
Så lærer me at Jesus var utvald av Gud for å fullføra hans gode vilje. Dette har betydning for deg og meg. Dersom me trur på Jesus, linkar oss opp til han, blir me utvalde me også, rett og slett fordi me er blitt sameinte med Den utvalde. I Kristus er me utvalde til å arva evig liv og til å gjera Guds gjerningar, utanfor Kristus er det inga slik utvelging.
Far i himmelen hadde si lyst og glede i Jesus. Han var så inderleg stolt over å ha ein slik Son, slik som alle foreldre er over barn som skikkar seg vel, og Jesus var verkeleg heilt perfekt.
Og det skal du vita. Er du i Kristus, er Far like stolt over deg som han var og er over den einborne Sonen sin. Er ikkje det fint å tenkja på? Gud skammar seg ikkje over deg. Derimot gleder han seg over deg, både fordi du vil tru på Sonen hans, og fordi han ikkje lenger ser noko gale med deg. Du er kledd i Kristi fullkomne rettferd.
Jesus er Fars store glede. Korleis er det med deg? Er du på linje med Far i dette? Er det Jesus som er ditt livs glede? Og me kan jo spørja: Korleis kan me som er små menneske gleda oss over noko anna enn det som gleder Gud vår Skapar og Far? Dei menneska som ikkje gleder seg over Jesus, er i alle fall ikkje i kontakt med Gud. Dei er rett og slett heilt på jorde. Og Jesus seier til oss som tener han: "Gled dykk ikkje over at åndene er dykk lydige, men gled dykk over at namnet dykkar er skrive i himmelen." Det er hans forteneste åleine, og det einaste som betyr noko når alt kjem til alt.
Den heilage ande var med og over Jesus. Utan Andens kraft kan ingen vekka og smelta menneskehjarto, lækja øydelagde liv eller fri folk frå djevelens tvang og makt. Jesus hadde denne krafta i livet sitt. Han fekk henne i dåpen. Men han fekk henne ikkje berre for sin eigen del, men for å dela henne med alle sine truande vener. Johannes skriv: "Han er den som døyper med Den heilage ande og eld."
Guds kraft er for deg, og har du lite kjennskap til denne delen av kristenlivet, så må du be til Jesus om å bli fylt av Anden, så vil han møta deg i din trong og gjera livet ditt langt meir spennande og rikt enn du kunne ana var mogeleg, og du blir eit menneske som Gud vil bringa RETTEN, dvs. EVANGELIET, ut til folkeslaga gjennom.
Herre Jesus! Hjelp oss å forstå kven du er og kva du har gjort for oss, og lat oss få sjå deg så klårt at me blir fylt av den gleda som strøymer frå Fars hjarta. Fyll oss med Anden slik at orda våre smeltar frosne sinn og skaper liv der døden rår. Send og bruk oss til å bringa di rettferd til folkeslaga. Amen!

Bibelen,
eld,
evangeliet,
Guds lam,
Herrens tenar,
Kristi rettferd,
Kristus,
Nils Magnar Grendstad,
utvelging
onsdag 26. desember 2012
Vismennene
Juleevangeliet har eit tydeleg misjonsperspektiv. Englane syng om at Jesu kome skulle resultera i "fred på jorda", og gamle Simeon profeterer om Jesus at han skulle vera eit lys for folkeslaga. Men sterkast strålar dette mot oss i Matteus 2,1-10 der me får høyra om vismennene frå Austerland som kom til Betlehem for å tilbe Jesus. Den nye stjerna som vart observert må jo ha forkynt bodskapen sin over det meste av jorderiket, og astrologane tolka fenomenet som eit teikn frå Gud om at jødane sin Messias var fødd.
Det er ikkje umogeleg at desse vismennene kjende til Toraen og den jødiske Messiasforventninga. Trass alt var det mange jødar og synagoger både i Persia og Babylonia, ja, Bagdad hadde alt lenge, saman med Jerusalem og Alexandria, vore eit sentrum for jødedomen. Personleg trur eg at desse mennene kjente til profetordet i 4. Mosebok 24,17 der les me:
17 Eg ser han, men ikkje no,
eg skodar han, men ikkje nær.
Ei stjerne stig opp or Jakob,
ein kongsstav lyfter seg frå Israel.
Det er veldig spesielt dette. Gud kommuniserte sin bodskap til desse astrologane på det språket dei forsto best, stjernespråket, og dei var ikkje i tvil: ein konge var fødd, og denne kongen var komen frå Gud for å etablera eit globalt rike, og dette riket ville dei gjerne vera ein del av. Difor tok dei ut på den lange vegen til Israels land for å hylla Jesus, gje han gåver og på det viset syna at dei ville vera hans undersåttar.
Det måtte føla dette veldig påkrevd. Reisa var lang og kostbar, og dei hadde med seg verdfulle gåver til det nye kongebarnet. Dei sparte seg ikkje. Det minner meg om Paulus sine ord i Filipparbrevet 1: Eg gjev avkall på alt for å vinna det som er så mykje meir verd.
Ingen kjem seg inn i Guds rike, seier Jesus, utan at han/ho riv det til seg med makt. Det gjorde desse vismennene. Dei trossa alle fårar, tok ut utan anna kompass enn stjernene, gjekk over vasslause vidder, gjennom områder der landevegsrøvarar var eit vanleg fenomen. Kom seg velberga fram og fann han som kom for å frelsa dei frå synd, skam og villfaring. For ein historie. Eg er sikker på at det vart eit livsforvandlande møte.
Me likar ikkje snakk om forsaking i våre dagar. Me skal ha komfort og surfa inn i himmelen utan noko strev og møye. Det er ein illusjon. Jesus snakkar om ein trong port og ein smal og strevsam veg som fører til himmelen, og at det er få som går på den, og vidare snakkar han om ein vid port og ein brei og komfortabel veg som fører til fortapinga, og at det er mange som går på den. Om ikkje me merkar så mykje til den smale vegen, så gjer i alle fall våre trussøsken i mange land det. Rundt 200 millionar kristne lever i dag under forfølging, diskriminering og trakassering. T.d vart 9 truande drepne under ei gudsteneste i Nigeria julafta. Hadde me gått til gudsteneste om det var med livet som innsats? Mange kristne går jo ikkje til gudsteneste uansett. Slik er det blitt hos oss.
Men tenk om alle hadde vore som desse vismennene som utan å vita så mykje om Jesus og Gud likevel tok personleg initiativ for å oppsøka Jesus der han var og finna! Då hadde dei funne han, for dei som leitar, skal finna, og det hadde skapt så mykje lukke mellom oss.
Men tenk på dette: Stjerna lyste i Israel også. Men det var ingen der som kom til å tenkja på at dette kunne bety at Messias var fødd, sjølv om mange i Jerusalem kjende Skriftene langt betre enn desse persiske eller babylonske heidningane. Og ikkje ein gong då vismennene kom til byen for å snakka med Herodes og dei skriftlærde, var det nokon som vart positivt interessert i å finna ut av dette, ingen som vart med mennene til Betlehem. Dei måtte gå og fann barnet åleine. Det er sårt og tenkja på. Dei hadde hatt så bruk for han alle saman. Men det var som me les i Johannes 1: "Han kom til sine eigne, men hans eigne tok ikkje imot han". Men dei som tok imot han, Josef og Maria, dei fattige gjetarane, Anna og Simon og vismennene, dei fekk retten til å kalla seg Guds barn fordi dei trudde på namnet hans, Johannes 1,12.
Kva lærer me av det? Gud talar til kven han vil når han vil og korleis han vil, og han talar til dei som er mottakelege og som hungrar og tørstar etter rettferd, dvs frelse for sjelene sine, anten dei er jødar, grekarar, eller nordmenn eller noko anna. Dei som er sjølvkloke og sjølvgode talar han ikkje til. Han skjuler rett og slett evangeliet for dei forstandige, les me i Matteus 11. Kven er det som responderer på evangeliet i våre dagar? Det er i liten grad oss i rike Noreg, me er meir som jødane i Jerusalem som ikkje giddar å undersøka dette med Jesus ein gong. Nei i dag er det folk i Afrika, Asia og Sør-Amerika som kjem strøymande til Jesus. Mange, mange tusen kvar dag, og ingen som kjem til han vert støytte bort. Nei, tvert om, Jesus tek dei inn i sitt fellesskap, inn i sitt rike, kler dei opp i rettferdsdrakten, døyper der med Anden og set dei inn i teneste for seg, og dei vitnar: Jesus gjorde alt nytt for meg. Gud vart ny. Mine medmenneska vart nye. Framtida vart ny. Livsstilen vart ny. Interessene vart nye osv. og me høyrer 2. Korintarbrev 5,17 i bakgrunnen: "Dersom nokon er i Kristus, er han ein ny skapning, det gamle er blitt borte,sjå, alt er blitt nytt."
Gode Far! Du som føder oss på nytt ved Den heilage ande og gjer alt nytt for oss. Hald oss oppe i ei sann og levande tru, slik at me ikkje blir vanekristne eller kulturkristne, men menneske som lever i stadig forvandling og fornying, menneske som pustar inn din kjærleik og ditt evangelium og som alltid er full av begeistring over å få vera tilgjevne og elska av deg som skapte himmel og jord, og fyll oss med Anden slik at me kan vitna om Jesus for verda på ein kompetent måte. Amen!
Etiketter:
astrologi,
Bagdad,
Dei vise mennene,
jødedomen,
stjerne
tirsdag 25. desember 2012
Ordet vart menneske,.......og me såg hans herlegdom. Johannes 1,14
Jesus er Guds ord. Det er viktig for oss å finna ut kva som ligg i dette. For det første: Jesus oppfylte profetiane i Det gamle testamentet. Alt som der var sagt om den komande frelsaren, vart oppfylt i Jesus. For det andre: Jesus talte ord frå Gud så levande og fengande at det var umogeleg å ikkje lytta når han talte, og det var umogeleg å ikkje bli engasjert av forteljingane og undervisninga hans. Det var levande ord som kom frå hans munn. Han var ein meister. Johannes døyparen vart kalla Herrens røyst. Det er den mest ærefulle tittel eit syndig menneske kan få her på jord. Tenk å få vera Herrens røyst i samtida. Men Jesus vart kalla Guds ord. Han var rett og slett det ordet som Johannes talte. For det tredje: Jesus levde ut det han sa. Me les om han at han oppfylte lova til punkt og prikke. Han elska Gud av heile sitt hjarta og nesten sin som seg sjølv. Han var ærleg inntil margen, rettvis i ord og gjerning og uredd inntil døden. Når folk las hans liv, såg dei korleis Gud ville at dei skulle leva.
Og vidare. Jesus er den øvste autoritet i universet, og hans ord er umåteleg kraftfulle og myndige. Han sa til ein lam mann: "Reis deg og gå!" og den lamme reiste seg og gjekk. Han sa til den døde Lasarus "Kom ut!" og Lasarus kom levande ut av grava der han hadde lege i fire dagar. Han kviskra til den døde dotter til Jairus: "Eg seier deg, vesle jente: Stå opp!" så sto ho opp. Jesus talte aldri tomme ord, det var ord med kraft og liv, ja, han sa: "Mine ord er ånd og liv."
Jesus lever, og han vil ha det avgjerande og siste ordet i alles liv. Dersom han seier "Velkomen inn!" når me står innfor himmelens port, ja, då er alt vel. Men dersom han seier: "Eg kjenner deg ikkje, gå bort frå meg du som gjorde urett!", ja, då er alt tapt, og all von er ute. Ja, så sanneleg. JESUS ER GUDS ORD.
Det var dette Ordet som vart menneske med kropp, sjel og ånd. Han vart menneske utan å slutta å vera Gud, for å bringa oss alle til Gud. Han var Gud, og han vart den brua som me alle kan gå over for å koma til Gud og bli Guds gode barn.
Og me såg hans herlegdom, skriv Johannes. Kven er ME? Det var Johannes og dei andre læresveinane, det var gjetarane, Maria, Josef, vismennene. Dei såg alt det gode han gjorde og sa. Men dei såg noko meir, dei såg Gud i han. Ikkje berre at Gud budde i Jesus, men at Jesus VAR den Gud som ville bu i dei,og alle truande.
ME er altså alle dei menneske som gjennom alle tider ser Gud i Jesus, og som tilber han som den Gud han er. Korleis openberra Jesus herlegdomen sin? Ved å gjera vatn til vin, ved å gje dei blinde synet attende, dei lame førlegdomen, dei døve høyrsla og syndarane Guds rettferd. Han frelste og reiste opp og reparerte og restiturte. Full av nåde og sanning, var han. Alt han gjorde betalte han for sjølv, det var av nåde, og med dei undera han gjorde, lanserte han himmelen på jorda. Ordet sanning (gresk: aletheia) kan like gjerne omsetjast verkelegheit (tysk: warheit). Då Jesus kom, hadde han med seg den verkelegheiten som rår i himmelen hos Gud, der alt er reint, varmt, godt, vakkert og livfullt. Døden er ikkje der. Der rår livet. Her hos oss rår døden. Men himmelen har flytta inn i alle oss som trur på Jesus. Me skal aldri i æva dø. Me har gått over frå døden til livet, og han som er full av liv og kraft bur i oss. Kor stort rom gjev me han? Så stort at dei menneska me har rundt oss kan sjå hans herlegdom gjennom liva våre? Det var ikkje rom for Jesus i Betlehem julenatt. Men la det, ven, vera stort rom for han hos oss. Lat oss kasta ut alt skrot frå liva våre som tek opp den plassen som han skulle hatt som elska oss og som fridde oss frå våre synder med sitt eige blod.
Herre, du er min styrke og min lovsong, og du er blitt meg til frelse, du som bar mine synder med deg opp på krossen og gav meg ei evig rettferd som ingen kan ta ifrå meg. Dette har du synt meg, og eg vil tilbe og æra deg for det8. Du kom inn i mitt liv med di sanning, sette meg i fridom, gav meg barnekår og evig liv. Må ditt nådelys skina for meg, i meg og gjennom meg slik at dei menneska eg møter på min veg må sjå deg i mitt liv og erfara at du er verkeleg og mektig til å frelsa og hjelpa også dei. Amen!
søndag 23. desember 2012
Guds sol har stått opp. Jesaja 9,2
ser eit stort lys.
Over dei som bur i dødsskuggens land,
strålar lyset fram.
Folket i mørkret er eit uttrykk som kan brukast om alle menneske, om menneskeætta rett og slett. Gud er lys, og det er ikkje noko mørker, dvs vondskap, i han. Menneske som ikkje kjenner Gud som Far, og som ikkje er komen inn i hans godleik lys, lever i sitt eige mørke. Er menneske vondt av natur? Det kjem an på korleis ein definerer vondt, men dersom det å handla egoistisk er av det vonde, ja, då er me alle vonde. Synd er alt galt me gjer som spring ut frå egoistiske motiv, anten det er løgn, stygg omtale, stygg tiltale, misunning, sjalusi, baktale, abort eller kva det no enn skal vera som er befengt med skam.
Men i Jesus er Gud og hans lys kome til oss. Me er elska av Gud, og difor gav han oss Sonen sin, den einborne, forat kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Dødsskuggens land er den verda me lever i. Døden dominerer og regjerer mellom oss. Ikkje berre den fysiske, men også den åndelege. Me er framande for Gud i hjarto våre, og me syndar både titt og ofte utan å kjenna stikk i samvitet. Men no strålar lyset fram over oss, og det er ingen grunn for nokon som helst å gå og gøyma seg for Gud. Det er berre å koma fram og helsa han med glede og sola seg i hans uendelege godleik. Ingen av oss har fortent det eller er verdige til det. Hos Gud er alt av nåde.
Då Jesus kom, sto sola opp. No ligg jorda bada i Guds lys. Difor kjære ven! Gå ut i dagen. Det blir aldri eit spørsmål om kven du er eller kva du har gjort. Slik som sola er for alle, slik er Guds godleik for alle. Våg å la deg elska, og kall andre til å gå saman med deg til Gud. Det er plass til alle i hans familie. Ingen treng å stå utanfor Guds godleik. Det er berre å stilla seg opp og la velsigninga strøyma over seg, og alt dette får me lov til pga Jesus. Lat oss takka og prisa han for dette.
Etiketter:
dødsskuggens land,
egoisme,
Guds lys,
mørkre,
nåde,
velsigning,
vondskap
Abonner på:
Innlegg (Atom)