mandag 20. juli 2009

Til månen og attende, og andre viktige reiser


I dag er det 40 år sidan Neil Armstrong og Buzz Aldrin som dei første menneska i historia, sette føtene sine på månen si overflate. Det er blitt feira over heile verda, for dette var ei historisk hending ut over det vanlege som opna nye perspektiv for oss jordbuarar.

Det var president John F Kennedy som starta prosessen i 1961 då han annonserte at USA burde klara å senda ein mann til månen og trygt attende innan utgangen av tiåret. Det utløyste ei enorm satsting på både utdanning og forskning for å gjera det mogeleg å nå dette klårt definerte målet. Men Kennedy sjølv fekk aldri oppleva dette. Han vart sendt ut på ei reise som han aldri koma attende frå då han vart myrda i november 1963.

Menneska har gjennom soga gjort mange vågsame reiser som har opna nye vegar og gjeve ny erkjenning. Eg tenkjer særleg på dei store oppdagingsreisande som Colombus, Vasco da Gama, Magellan, Leiv Erikson, våre eigne polfararar og mange, mange andre. Dei skulle finna nytt land og venda trygt attende til heimlandet.

Men det er ei spesiell reise inn i det ukjende som berre ein person har kome attende frå: eg tenkjer på Jesu oppstode frå dei døde. Der Kennedy måtte kapitulera, sigra Jesus Kristus. Ingen retur har hatt større meining for oss enn denne. Det opna ikkje berre nye perspektiv, men det opna himmelens port for oss. For Bibelen seier: "Den som har Sonen, har livet. Men den som ikkje har Sonen, har ikkje livet."

Då Apollo 8 gjekk i bane rundt månen juletider 1968 fekk me for første gong sjå jorda som ei lita kule i universet, ein kunnskap som burde gjera oss alle audmjuke. Frank Borman, som var kaptein på romfartyet, fann ikkje noko meir høveleg å gjera enn å lesa nokre vers frå skapingsforteljinga i 1.Mosebok 1. Månen, aud og tom. Jorda blå og levande, eit vitnemål om den levande Gud som talte og bles liv i planeten vår.

Då Apollo 11 landa på månen, og alle kunne pusta letta ut (landinga var meir dramatisk enn det me som såg på fjernsyn kunne ana), tok Armstrong og Aldrin fram vin og brød og feira Herrens nattverd. Det var det første måltidet som vart innteke på månen.

Duke, ein annan astronaut som var på månen på 70-talet hadde dette å fortelja i programmet: "Ei stund etter at eg var komen attende frå måneferda, vart eg invitert til å vera med på eit bibelkurs. På dette kurset møtte eg Jesus Kristus, og eg tok imot han i hjarta mitt. Og det som hende med meg då var mykje større enn det å ha vore på månen. Eg vart fylt med ein fred som eg aldri før hadde erfart, og han gjorde livet mitt nytt."

Vår framtid er ikkje knytt opp til romfart og vitskap, men til Jesus Kristus. Berre han har sørga for ein heim for oss bakom alt. Difor skal du overgje livet ditt til han slik at du får del i hans framtid, han som er den sanne Gud og som elskar deg og gav livet sitt for deg.

40 dagar etter oppstoda reiste Jesus heim til himmelen som han kom frå. Det må ha vore stort for han. Men han lova før han drog at han ville koma attende til vår verd for å oppretta eit evig rike bygd på sann rettferd. Det vil skje når bodskapen om hans frelse er forkynt for alle menneske. Då skal han dømma levande og døde, og det er vårt høve til han som er avgjerande for utfallet av domen. Har du eit rett høve til Jesus Kristus? Er han din frelsar og Herre? Det vil vera avgjerande for kor du skal tilbringa æva. Difor seier Herren: "Vend om til meg, og du skal leva."

Ein dag skal også du og eg ut på den store reisa. Døden ventar på oss ein plass der framme. Har du budd deg godt til denne reisa? Er du budd til å møta Gud? Vil du kome velberga frå eit møte med han som veit alt om deg og som skal døma deg etter dine gjerningar? Kjære ven! Du treng den gåva som heiter forlating for syndene, og den får du hos Jesus når du tek imot han som din Gud. Vil du det?

mandag 13. juli 2009

Me har eitt oppdrag

Me er Jesu læresveinar og har eitt oppdrag: å gjera alle folkeslag til hans læresveinar. Me skal forkynna evangeliet for alle menneske, for alle folk og nasjonar og føra dei inn i ei aktiv etterfylging av Jesus. Dette, og berre dette er det det handlar om. Misjon er ikkje ei sak mellom mange andre som kristne skal spandera tid på, nei, det er sjølve saka. Alle mine krefter, all mi tid, all mi kløkt og all min kreativitet skal vigslast til å vinna menneske for Kristus, læra dei å leva med Han og gjera dei til menneskefiskarar.

Eg les for tida for andre gong boka "Evangeliet og det moderne mennesket" (Prokla Media 2002) av australiaren Vince Easterman. Det er heilt sikkert den beste boka om evangelisering som eg nokon gong har lese. Easterman har jobba som misjonær i Paris i ei årrekkje, og har sett mange, mange koma til tru og veksa seg til funksjondyktige kristne. Han er veldig fokusert på direkte evangelisering, og opererer mykje med skiusseblokka si på gatenivå. Det gjev forbløffande resultat, og i boka si deler han av den rike erfaringa si. Boka er delt i to. Del 1 handlar om kva omvending er og korleis me kan føra folk til omvending, og del 2 skildrar tek for seg det å vera ein sjelevinnar ut frå ulike synsvinklar: me er haustarbeidarar, menneskefiskarar, sauesankarar osv. Er nett komen i sving med denne delen, og vil koma attende til innhaldet seinare.

torsdag 9. juli 2009

Svenskekongen ut mot "reality-TV".

Svensk Dagen siterer frå pressekontoret GP at Kong Carl Gustav XVI går ut og kritiserer realitysåpene som pregar tilbodet i mange TV-kanalar. "Eg blir så irritert," seier han. "Alt går ut på å knekka andre. Men slik skal det ikkje vera i samfunnet. Samfunnet skal jo byggja på at ein hjelper kvarandre, og at den svake skal hjelpast og takast hand om. Ein skal løfta opp og støtta i staden, desse TV-programma er fullstending vanvittig ubegripelege, seier kongen til pressekontoret GP. Og så henviser han til verdiane som speidarrørsla byggjer på. Det er eit godt alternativ til dei korrupte verdiane som kjem fram på TV-skjermen.

Dette er bra sagt av "kungen". Han må ha lest formaningane i Paulus sine brev. "Vi gillar honom!"

mandag 29. juni 2009

Normisjon på rett veg

Normisjon har på generalforsamlinga i helga vedteke å ikkje lenger definera seg som "ein organisasjon innan Den Norska Kyrkja." Det er eit steg i rett retning. Eg har lenge meint at det er farleg å tilhøyra ei kyrkja som aksepterer vranglære og velsignar synd. Vranglære og synd opnar nemleg vegen for djevelsk herredøme. Men kyrkja har jo eit kall frå Meisteren å driva djevelen ut der han regjerer, ikkje sleppa han inn i eige hus. Ved å gjera det, kan eg ikkje sjå det på anna vis enn at kyrkja rett og slett melder seg ut or det riket der Jesus rår. Og når Normisjon no ikkje lenger vil identifisera seg med DNK, må det vera ut frå eit genuint ynskje om ikkje ikkje støtta opp om eit system som godtek vranglære og synd, samstundes som ein gjerne vil syna truskap mot Jesus og Ordet. Eg vil gjerne ynskja dei lukke til med det.

Eg ser at Oddbjørn Evenshaug ottast at Normisjon på dette viset marginaliserer seg sjølv. Eg veit ikkje heilt kva han meiner med det, heller ikkje kva som er farleg med det. Men Jesus seier ein plass at det kan i enkelte situasjonar vera naudsynt både å hogga av seg ei hand og riva ut eit auga dersom det freistar ein til fall. Jesus er altså ikkje framand for at hans vener stundom må ta radikale grep som gjer vondt. Amputasjonar må til om ein skal berga livet. Og sjølv om dette vel er sagt om enkeltpersonar, er det vel same regel for ein organisasjon.

Eg er heilt sikker på at Normisjon gjennom dette vedtaket vil bli til stor velsigning for mange, og dersom det bli slik at dei mister nokre vener, kan det godt vera at dei vinn seg nye og viktige vener som brenn både for Jesus og misjon.

Det kan godt vera at det å definera seg ut or organisasjonen Den Norske Kyrkja er ein dårleg taktikk (sjølv om eg slett ikkje trur det). Men er det noko Jesus , profetane og apostlane var lite oppteken av, så var det om kva som var lurt å gjera. Det einaste som hadde meining for dei var å syna omsorg for menneska ved å forkynna sanninga. Og i denne prosessen måtte Jesus seia til dei jødiske leiarane at riket skulle takast frå dei og gjevast til eit folk som ber frukt som høyrer riket til.

onsdag 24. juni 2009

Seier for Guds rike i Ghana


4 nye språkgrupper i Ghana har i laupet av våren fått heile Det nye testamentet i papirutgåve. Det er Selee, Sekpele, Siwu og Tuwuli, stammer i det sentrale Voltaområdet. Desse namna seier oss ikkje så mykje, men me kan gleda oss over at dei no kan lesa om Guds frelse og godleik på sine eigne morsmål. Og etterspurnaden er stor. Det eine testamentet vart fort utselt, og no skal det trykkast fleire. Nytestamenta vart feira med vakre prosesjonar og stor glede, slik som berre ghanesarane kan uttrykkja det.

Iran, igjen

I samband med det parodiske presidentvalet har iranarane protestert i gatene. Det er med livet som innsats. Me har aldri før høyrt om Baseej før, desse paramilitære bøllene som rasar rundt på motorsyklar for å drepa forsvarslause demonstrantar på kommando frå Ayatollah Khamenei. Men no kjenner me til dei, og det er ikkje noko hyggjeleg kjennskap. Ingen kjenner vel til kor mange dei har myrda. Det offisielle talet er 19, men me ottast at det er mange fleire.

I vår kyrkjelyd har me mange iranarar. Dei har lenge fortalt oss at iranarar flest i Iran er desillusjonerte og utan von etter 30 år med eit brutalt, undertrykkande og inkompetent prestestyre. Dei har mista trua på islam, og søkjer å finna svar på livsspørsmåla sine i andre religionar. Mange blir kristne, medan andre finn attende til den gamle persiske Zaratustratrua, som på mange vis er røtene til gnostisismen som i si tid truga med å velta heile kristendomen.

Slik sett, seier dei, har den islamske revolusjonen til ayatollah Khomeini i 1979 vorte til ei sann velsigning for Iran. Før dette hende, var det kun nokre få kristne i landet. Men i dag er det meir enn 2 millionar evangeliske som samlast til hemmelege gudstenester i Irans mange byar. Frå tid til tid vert dei oppdaga og arresterte. Men vekkjinga kan ingen ytre krefter stoppa. Gud går fram i Iran, og mellom iranarar over heile verda. Det er ei vitjingstid for det som i Bibelen vert kalla Elims folk. Gud møter dei på mange ulike vis og vekkjer kjærleiken til Jesus i dei.

Likevel håpar me for betre tider for dette flotte folket som me har lært oss å elska. Dei er undertrykte av djevelen, og me unner dei både demokrati, menneskerettar og velstand. Men må dei kristne få nåde også i betre tider til å ta vare på det store og verdfulle verket som Gud har starta, slik at hans vidunderlege plan med dette folket ikkje vert spolert.

Iranarar treng å få møta Jesus til frelse, og Iran treng å bli gjenfødt som ein nasjon under Gud. Det fordrar vår bøn. Eg oppmodar deg til å vera med på det. Sjå elles www.bonframforalt.blogspot.com

torsdag 4. juni 2009

Heia Bill og Melinda!


Verdas rikaste ektepar Bill og Melinda Gates har bestemt seg for å gje bort mesteparten av formuen sin til gode føremål. No skal fattige og sjuke i den tredje verda få nyta godt av alt det desse menneska gjennom mange år har tent på Microsoftbedrifta si. Eg let meg begeistra av slikt. Det luktar rettferd av det. Norske rikfolk bør følgja på. Dei har ikkje utmerka seg med gjevarglede les me i E24. Men det kan det jo bli ei endring på. Ekteparet Gates held fram at ved å gjera verda til ein betre plass, vil me også sikra framtida for våre eigne barn. Dette er i Guds ånd. Han interesserer seg for slikt.
Likevel er det forteljinga om den fattige enkja som gav sin siste skjerv som fortel oss når gjevargleda går over i offer. Men det er slikt som me kristne skal vera ekspertar i.......