onsdag 6. januar 2010

Når grunnvollane brytest ned


I salme 11,3 skriv David at når grunnvollane vert brotne ned, kva maktar då den rettferdige?

Den grunnvollen som har bore vårt folk gjennom hundreår med fattigdom og mykje naud, er respekten og aktelsen for Gud og hans gode ord. I dag er denne grunnvollen i ferd med å bryta saman i Noreg. Dei mektige og kloke har gjennom tiår etter tiår retta skarp kritikk mot Bibelen og Gud, med det resulatat at folk flest ofrar ikkje Gud og Bibelen ein einaste tanke når dei skal velja livsstil, og politikarane har vedteke lover som på radikalt vis bryt med det som er rett etter Bibelen, eg tenkjer på friabortlova og den samkjønna ekteskapslova. Gud seier at det er forbode å ta liv, men det bryr me oss ikkje om i Noreg, og tek livet av tredjeparten av barna våre før dei vert fødde. Gud seier at menn ikkje skal liggja med menn, det er ein styggedom, men det bryr me oss ikkje om. Idag er dette griseriet sett på som "vakker kjærleik".

I dette gudlause klimaet er det begrensa kva den rettferdige kan gjera. Det fekk profetane i si tid erfara. Dei mangla ikkje kraft over seg, men nesten ingen ville lytta til dei, og så gjekk det hakkande gale med folket. Dei hamna i eksil. På ein måte er dette eit mønster. Alle som ikkje vil lytta til Gud og følgja hans ord, hamnar til slutt i eitt eller anna eksil. Til slutt vil ein bli dømt til evig eksil, det som Bibelen kallar fortaping.

Dei store, kloke og mektige kan riva ned aktinga for Gud og Bibelen, men dei kan ikkje riva ned Gud. Han er den same gjennom alle skiftande stemningar. Men dersom me ikkje lyttar til det han seier, får me ikkje kontakt med han, og han kan ikkje vera den grunnvollen i liva våre som han gjerne ynskjer. Alt dette stormlaupet mot Gud, går altså ikkje ut over han, men over oss.

Jesus er ein mektig grunnvoll som du kan byggja ditt liv på. Han elskar deg og fridde deg frå syndene dine med sitt eige blod då han døydde på krossen for deg og alle menneske. Kall på hans namn, og du blir frelst.

tirsdag 8. desember 2009

Førebuing


Barak Obama kjem til Noreg for å ta imot Nobels fredspris. Det har me alle fått med oss. I mange veker har folk i Oslo førebudd seg på besøket. Alt må vera klart når presidenten set føtene sine på norsk jord. Då må alt vera i orden slik at me kan ta imot han med ære.

Snart kjem Jesus Kristus tilbake til vår jord. Gud har ein timeplan for dette: når evangeliet om hans rike er forkynt som eit vitnemål for alle folkeslag, då vil enden koma, og Jesus Kristus kjem att for å døma levande og døde. Guds misjonsplan er i desse dagar i ferd med å bli oppfylt, og dermed også hans timeplan. Jesus kjem snart, og me må bu oss skikkeleg slik at me kan ta imot han med ære.

Når Jesus kjem, skal han setja føtene sine på Oljeberget, og han skal samla nasjonane før å dømma dei. Dei som har gjort godt skal gå inn til livet, og for dei som har gjort vondt ventar den evige død.

Alle må no bu seg på å møta Jesus med ære. Det skjer ved å venda seg bort frå einkvar form for vondskap og be Gud om nåde, han som for Kristi skuld meir enn gjerne tilgjev oss alle våre synder om me berre vil innrømma og beklaga dei.

Eg vil ynskja deg lukke til når du søkjer Gud. Må du finna han som elskar deg så høgt.

lørdag 5. desember 2009

Den gode gjetaren


Me er som vergelause sauer. Derfor treng me ein god leiar som både kan verna oss og føra oss framover mot gode mål. Jesus Kristus er ein slik leiar. Han kallar seg sjølv for den gode gjetaren som samlar oss og hindrar oss i å orientera oss i kvar vår retning. Likevel er det alltid nokre som klarar å rota seg bort frå han. Det er krise. For den som lever utan kontakt med Jesus er eit svært fattig menneske, og kan aldri leva i Guds plan, ei heller nå Guds mål som er himmelriket.

Den som tillitsfullt har slutta seg til Jesus manglar ingenting, i alle fall ingenting av sann verdi. Jesu vener er veldig fornøgde folk. Akkurat som små barn ved mors bryst. Sjølv om dei må gå gjennom krisetider der døden og trugar. Då erfarer dei Jesu gode nærvær meir enn nokon gong. Han er faktisk ekstra nær og oppmerksam når livet vert vanskeleg. Då kan han anten føra oss trygt tilbake til livet, eller han fører oss heilt gjennom og inn i himmelen.

Å tru på Jesus handlar om å overgje seg til han og følgja han, nett som sauen følgjer gjetaren. Gjer du det, vil du alltid bli ført på rett veg. Lukke til med det, og ha ei strålande helg.

søndag 22. november 2009

Eit lett val?


Frilansjournalist Pål Refstad skal ha valt å konvertera til islam då han nyleg vart kidnappa i Afghanistan. Det var prisen han måtte betala for fridomen. ”Det må ha vore eit lett val”, sa språkprofessor Finn Erik Vinje.

Kanskje det var lett for Pål Refstad. Men valet hadde vore vanskeleg, for ikkje å seia umogeleg, for einkvar kristen som trur på Jesus. Kvar dag får forfølgde kristne dette tilbodet i fanget. Men dei avslår fridomen dersom vilkåret er å fornekta Kristus. Kvifor det?

Kristne har ein verdi i liva sine som er større enn den fysiske fridomen, ja større enn livet sjølv, nemleg Guds kjærleik. Denne kan me ikkje sei i frå oss eller fornekta for nokon pris. Det er som å fornekta seg sjølv eller si eiga mor. Gud har med sin nåde og godleik forgylla liva våre på ein slik måte at me berre vil æra han medan me lever og i all æva etterpå.

I Getsemane sto Jesus på val. Han hadde sjansen til å gå utenom ein pinefull død på ein kross. Han bad: ”Far, er det mogeleg så lat denne skåla gå meg forbi, men ikkje som eg vil, berre som du vil.” Kva skål ville han gjerne sleppa? Den smertefulle døden på krossen for verdas synd, dårskap og vondskap.

Jesus valde den tunge vegen og ikkje den lette. Kvifor? Fordi han elska oss menneske så høgt at han var villig til å ofra sin eigen fridom for vår velferd. Det var ikkje eit lett val, men likevel eit rett val, eit val etter Gud vår Fars vilje.

Gud stiller alle menneske som høyrer om Jesus på val, og utfordrar oss til etterfylging. Jesu læresveinar svara ja, og skapte historie. Det vil du også gjera dersom du overgjev deg til han som elskar deg og gav seg sjølv for deg. Det er kanskje ikkje eit lett val for deg, men det vil vera eit rett val.

mandag 16. november 2009

Oppgjer og forsoning

Det heiter at tida lækjer alle sår. Men det stemmer ikkje. Berre dei overflatiske såra vert lækt av tida. Dei djupe sjelesåra kan berre lækjast gjennom ærlege oppgjer med bøn om tilgjeving.

Den australske regjeringa viser veg. I februar 2008 bad stasminister Kevin Rudd (bildet) aboriginarane om tilgjeving både for tvangsassimileringa dei i mange år var utsette for, og for at styresmaktene tok barna deira og innlosjerte dei på barneheimar der dei vart utsette for grove overgrep og simpel utnytting.

Og no har dei gjort det igjen. Under ein gripande seremoni i dag (måndag 16.november 2009) bad statsminister igjen om tilgjeving, denne gongen til tidlegare engelske barneheimsbarn som mot sin vilje vart frakta frå England til Australia etter den andre verdskrigen. Der vart dei utsett for meiningslaus, svært audmjukande og krenkande handsaming. Rudd talte lenge og utfyllande om overgrepa som hadde skjedd og bad offera om tilgjeving.

Det var ikkje mange tørre augo å sjå mellom dei frammøtte som fekk høyra den audmjuke og grundige talen til Rudd. Endeleg, etter så mange år, kom den store dagen då dei fekk oppleva oppreising for all den urett dei vart påførte gjennom mange og lange år i slaveri og krenking.

Sann forsoning og tilgjeving mellom menneske kan berre skje som eit resultat av ærlege oppgjer. I Bibelen les me at Jesus var full av ”nåde og sanning”. Desse to fenomena heng nøye saman. Utan sanning, kan det ikkje koma nokon nåde. Men dersom det ikkje finst utsikter til nåde, er det vanskeleg å få fram sanninga.

Den som krenkar sitt medmenneske, krenkar også Gud som har skapt og elskar oss alle. På eitt eller anna nivå har me alle gjort galt mot vår neste, og dermed mot Gud. Skal me etablera og leva i sant fellesskap med Gud og vår neste, må me snakka sant både med den eine og den andre. Og i Bibelen les me at ”dersom me ikkje vil innrømma av me har synd, då er ikkje sanninga i oss. Men dersom me snakkar sant om syndene våre, er han (Gud) trufast og rettferdig slik at han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urett.” Skal du bli eit Guds barn med von om evig liv saman med Gud, skal du snakka ærleg ut med Gud om di fortid, både det som har vore godt, leit og heilt feil. Då kjem han til deg med sin lækjande og livgjevande kjærleik, og du vil oppleva at han gjer deg til eit nytt menneske.

På sporet av ein far?


Søndag etter søndag sit me og ser ”Tore på sporet”, og me let tårene renna ganske fritt kvar gong ei dotter eller ein son får kontakt med ein far eller ei mor som dei aldri har møtt eller kjent før. Som kvinna på bilete opplever dei alle at mange ting fell på plass i liva deira, dei kjenner seg meir heile og forstår meir enn før av seg sjølv.
Opphav og slektsband er viktig. Kvar gong eg ser desse programma til Tore Strømøy, tenkjer eg på forteljinga i Bibelen om ”den bortkomne sonen”, han som fekk livsarven på forskot, forlet farshuset og spelte bort alt han hadde. Det gjekk skikkeleg gale med han, og han kom til dei grader på bar bakke. Ansvaret for elendet måtte han bera sjølv. Han kunne ikkje skulda på nokon andre.
Men heime gjekk faren og verkte og lengta etter guten sin, og kvar dag sto han ute på tunet og speida nedetter vegen i von om å få sjå sonen på heimveg.
Denne faren er eit bilete på Gud. Tolmodig ventar han på sine bortkomne menneskebarn, ventar og ventar, og utolmodig let han venene sine senda ut slike innlegg som du no les for å seia: ”DU ER VELKOMNE HEIM. EG ELSKAR DEG, BARNET MITT. KOM HEIM TIL MEG, OM IKKJE ANNA ENN FOR MI SKULD. EG BRENN AV LENGSEL ETTER DEG!”
No og då kjem det ein og annan attende. Då blir det fest i himmelen hos Gud. Han sparer ikkje på noko når eit menneske vert kristen.
GUD ER DITT OPPHAV OG DIN RETTE FAR. Han skapte deg til seg og for seg, og når du kjem til han med livet ditt, vil du kjenna at alt fell på rett plass . Dessutan ventar det deg ein FARSARV. Når du kjem til Gud, vert du automatisk arving til DET EVIGE LIVET. Det høyrer med til det å vera kristen.
Er du på sporet etter Gud? HAN ER PÅ SPORET ETTER DEG. Vil du la deg finna?

tirsdag 10. november 2009

Nedrivne murar


Berlinmurens fall var starten på det som skulle få alle kommunistiske regimer i Europa til å falla som korthus, det eine etter det andre, og utruleg nok nesten utan tap av menneskeliv. Eìn uttrykte det slik: ”Gud gjekk gjennom Europa”. Og det opplevdes slik for alle oss som hugsar dei dramatiske haustdagane dette året, og det skal vera sagt: Mange hadde bede Gud lenge om at dette skulle skje.
Me likar ikkje murar. Ei heller Gud. Han elskar fellesskapet. Difor tok han i si tid eit mektig initiativ for å riva ned den umåteleg høge muren som hadde bygd seg opp mellom han og oss. Bibelen er tydeleg på at alle i utgangspunktet har ein fiendtleg innstilling til Gud. Me likar ikkje boda hans så godt, og me vil helst styra liva våre sjølve, og mange gjer det. Dette påfører oss skuld innfor Gud, ei skuld som ingen kan ordna opp i sjølv. Denne skulda har kraft i seg til å skilja alle menneske frå samfunnet med Gud. Ho er som ein mektig uoverkommeleg mur. I alle fall FOR OSS. MEN IKKJE FOR GUD. Han tok eit mektig initiativ for å ordna opp i problemet, og sende sonen sin Jesus, over på vår side. Han tok på seg vår skuld, døydde for oss, og reiv ned den muren som hadde reist seg mellom himmel og jord. Dette kan me lesa om i Efesarbrevet kapittel 2 i Bibelen. Slik la han grunnlaget for at me alle kan få erfara einskap med Gud vår Far, og det er ei erfaring av kjærleik og nåde som sprenger alle førestellingar me måtte ha om Gud. Ingen som opplever dette kjærleiksbadet vert nokon gong dei same etterpå. Det er ein forandring så stor at Jesus kallar det ein ny fødsel. Dette opplever alle som kjem til Gud med liva sine. Det slår ikkje feil.