mandag 12. september 2011

"Kor er du?"

Det går eit rop gjennom historia, eit rop frå Gud: "Adam! Kor er du!" Gud er ein far som er ute på leit. Han leitar etter bortkomne barn, barn på rømmen.

Adam og Eva høyrde Gud koma i hagen, og dei vart redde og gøymde seg. Djevelen hadde snudd opp ned på alt i hovuda deira, også gudsbilete. Gud, som dei inntil då hadde elska høgare enn seg sjølv, hadde brått vorte farleg for dei, tenkte dei, og dei fann grunn til å gøyma seg for han, koma seg bort frå han. For ein tragisk dag i vår historie.

Etter den dagen har Gud vore på rastlaus leit i alle verdas land og nasjonar og kalla menneska tilbake til seg: "Kor er du, Adam?" "Kor er du, Eva?"

Og verdas kvinner og menn gøymer seg på ulike plassar, i framande religionar og ideologiar, i kulturelle aktivitetar og i denne verdas støy.

Gud visste godt kor Adam var då han gjekk gjennom Edens hage denne lagnadstung dagen. Men han gjekk ikkje og tok han i nakken og drog han fram. Nei, han kalla han til seg. Adam fekk sjansen til å koma fram friviljug.

Slik er Gud. Han tvingar ingen fram frå gøymeplassen sin, men han kallar oss fram. Han vil gjerne gå i rette med oss, tala med oss og ha samfunn med oss, men me må koma sjølv. Slik er reglementet i Guds rike. Fellesskap er basert på fritt val og ikkje på tvang.

Adam og Eva visste at det dei hadde gjort kvalifiserte til døden. Dei såg mørkt på stoda. Likevel tok dei feil av Gud. Han var framleis den same kjærlege faren deira, og den einaste plausible reaksjon frå deira side på hans nærvær burde jo vore å springa han i møte og fortalt han alt. Men dei gjorde ikkje det. Dei gøymde seg og prøvde å unngå oppgjeret.

Det gjer dei fleste i vår tid også. Alle burde me gå til Gud og fortalt han alt. Men me gøymer oss til vår eigen undergang. For det er korkje liv eller fridom borte frå Gud, berre død og tvang.

Men Gud er god og ikkje farleg for dei som ærleg innrømmer tabbar, feil og synder. For no kallar han oss ikkje fram for å forkynna oss dom, men tilgjeving og frelse. Jesus Kristus sona den domen me alle hadde fortent då han døydde på krossen, og Gud kallar oss til seg for å gje oss samfunnshand, barnekår og evig liv.

Det går eit rop gjennom historia: "KOM!" Og den høyrer det skal ropa til frendane sine "KOM!" og den som tørstar skal koma, og den som vil skal få drikka av livsens vasskjelder heilt gratis.

Vil du?

lørdag 10. september 2011

"De skal bli som Gud"

Etter syndefallets dag har menneske vore full av innbilskhet vedrørande sin eigen posisjon i skaparverket. Alle har hatt eit brennande ønske om uavhengighet og sjølvstyre, om å få vera sin eigen gud. Og ikkje få har hatt eit like stort og brennande ønskje om å styra over andre sine liv, og då etter sitt eige hovud.

Sjølvforguderiet blir stundom plagsamt tydeleg. Adolf Hitler, Lenin, Stalin, Saddam Hussein, Kim Il Sung, Kim Jung Il, Mao Ze Dong, Pol Pot, Alexandr Lukasjenko, for å nemna nokre psykopatiske personar frå nyare tid med millionvis av menneskeliv på samvitet, personar med eit kjempestort ego som trudde/trur at alt og alle var/er til for deira skuld. Kva er det me står overfor? Menneske som har gjeve sjølve djevelen rom i hjarto sine, og som er blitt direkte reidskapar for han, eit fenomen som også råka oss her i Noreg den 22. juli 2011. Det er djevelen sitt eige biltet som grin mot oss. "De skal bli som Gud!" For ei løgn. I staden vart me som han som sa det.

Då Gud skapte oss i sitt bilete var det for at me skulle stå han nært, tena han, gjera hans gjerningar, henta kraft og inspirasjon frå han og representera han overfor resten av skapninga, men slangen fekk oss til å tru at me skulle få fridom og makt ved å løysa oss frå Gud. Resultat: Me vart like fri som ein fisk på land.

Djevelen er ein fin predikant. Han forkynner smigrande ord til menneska om sjølvstende og autonomi i den hensikt å binda oss til seg sjølv og sin eigen lagnad. Det har han lukkast med i stor grad. For saka er ganske enkelt den at alternativet til Gud er djevelen sjølv. Det finst ingen tredje veg.

fredag 9. september 2011

Den store løgna

Slangen sa til kvinna: "Nei, de skal ikkje døy. Men Gud veit at den dagen de et av frukta skal de bli som han og kjenna godt og vondt!"

Dette var den store løgna som felte menneskeætta. Tenk, ein snarveg til Guds trone. Illusjonen slår imot oss. Menneska var jo skapte i Guds bilete, dei var lik han, så guddommelege som dei kunne bli. Men slangen fekk dei til å føla seg mindreverdige, og han fekk dei til å ordna opp i "problemet "sitt sjølv ved å ta seg til rette.

Djevelen er ein fantastisk reklamemann. Han skaper eit fiktivt behov hos oss menneske, for så å koma med løysinga for korleis me kan møte dette behovet sjølv. Han får oss til å tru at det ingen, og alle minst Gud, bryr seg det minste om oss, og difor må me berga oss sjølve som best me kan.

Han seier: Du trur du har det bra. Men det kan du ikkje ha sidan du manglar ditt eller datt. Du er fornøgd, men det er berre fordi du ikkje veit kva du manglar. Kom med meg så skal eg visa deg alt som er for deg, og kva du skal gjera for å få tak i det. Einkvar er sin eigen lukkes smed, er hans motto. "Me har ikkje bygda å lita på," heiter det gjerne. Slik snevrar han synsfeltet kraftig inn i hos folk. Livet handlar om meg, mitt og mine og om nære, umiddelbare behov.

Så annleis med kong David: Herren er min hyrde, EG MANGLAR INGENTING. Han levde i tillit til Gud og visste at livet handlar om å tena Gud og stola på at Han sørger for oss gjev oss det me treng for vår daglege trivsel.

Djevelen sa til Jesus: "Dersom du er Guds Son (skulle det vera noko tvil om det?) så sei til desse steinane at dei skal verta til brød!" Jesus hadde fasta i lang tid og var svolten. Det kunne då ikkje vera urimeleg at han trylla litt brød?

Men Jesus visste betre. Han tok seg ikkje til rette. Det ville vore hans fall. Å vera eit sant menneske er å ikkje ta seg til rette, bemektiga seg, men stola på Guds omsorg. Den som lever slik, opplever at Guds englar kjem og tener han/henne.

Kvinna begynte brått å tru at ho kunne bli lik Gud ved å bryta hans bod, medan Gud hadde planlagt at ho skulle veksa i nåde og kjennskap til han ved å halda hans bod. Han hadde plassert treet som kunne gje kunnskap om godt og vondt i hagen for at menneske skulle læra seg dømekraft gjennom lydnad, ikkje gjennom ulydnad. Den ulydige lærer ikkje å kjenna ulikskapen mellom godt og vondt, men står i fare for å definera det vonde som godt. Det har skjedd i stor og liten skala gjennom heile historia, og ikkje minst i vår tid då det å vera mest mogeleg sjølvhelpen og det å bestemma over seg sjølv er høgt priste verdiar i samfunnet, medan det å leva for Gud og i lydnad mot han som noko som er livsfientleg og hemmande for vekst og utvikling.

Djevelen vil ha menneska til å tru at dei vert lukkelege og kloke ved å bryta Guds bod, ved å grafsa til seg og tilfredsstilla lystene sine. Men ein slik livsstil fører berre folk langt bort frå Gud og sveikkar dei åndelege og etiske sansane våre.

Det skjedde også med Adam og Eva. Etter fallet vart dei straks redde både for Gud og for kvarandre. Det oppsto vrangførestellingar i hovuda deira at dei måtte verna seg mot Gud og kvarandre. Gud vart farleg. For første gong kjende dei på den djupe einsemda som seinare har prega oss alle. Det gode hadde vore om dei gjekk til Gud med fallet sitt, men dei opplevde det som tryggast å gøyma seg. Det oppfatta brått Gud som ein trussel. Alt vart snudd opp ned, og har vore det til dags dato.

mandag 5. september 2011

Om å grunda over livet, koma til seg sjølv og gje livet ein ny kurs.

"Eg har grunda på mi ferd og vendt meg til dine lovbod" Salme 119,59

Folk grundar på mange ting. Det er vårt menneskelege særpreg. Men det er alt for få som grundar på si ferd og tenkjer over om livet har god retning, om ein er på veg mot rett mål, eller om ein er på feil kurs, på veg mot død og fortaping.

Dette grunda denne salmisten på. Han var klok. Alle menneske skulle gjort som han. For mange, mange bevegar seg i feil retning, og dei kjem aldri til å enda opp hos Gud fordi dei ikkje går på Guds veg.

Salmisten kom til at han var komen ut av kurs, og at han difor måtte venda seg til Guds bod enno ein gong og la seg regulera av dei.

Guds bod representerer det einaste kompasset som som er påliteleg med tanke på å orientera seg i den åndelege verda. Dei er sanne og pålitelege, og lever me i samsvar med dei, er me på rett kurs. Lever me i konflikt med dei, er livskursen feil og me endar opp på feil plass dersom me ikkje snur om.

Den bortkomne sonen fall også i tankar då livet vart trasig. Han kom til seg sjølv, les me om han. Det er det same. Han begynte å grunda på si ferd, fann ut at han hadde hamna på feil plass, og bestemte seg for å gå heim til faren sin. Det var ein lur ting.

Kanskje du som les dette også har kome ut av kurs og har hamna på feil plass i livet. Kom det heim til Gud, din Far og gje han rett i alt. Han ventar på deg for å benåda deg og gjeninnsetja deg som son/dotter og arving. Lukke til.




søndag 4. september 2011

Ordet gjev siger, også over tungsinn.

"I hjarta gøymer eg ditt ord, så eg ikkje skal synda mot deg." Salme 117,11.

Du er ikkje dømt til nederlag. Ved å memorera Guds ord, vert du sterk i Gud, og du står lett imot alle freistingar.

Når du blir svak og ikkje klarar å stå imot lenger, er det eit symptom på at du ikkje har gjort jobben din og fylt deg med Guds ord.

Me blir ofte utsette for freistingar. Jesus vart også det då djevelen kom til han i øydemarka. Men han sigra over han med å sitera Guds ord frå 5. Mosebok.

Jesus hadde memorert Bibelen, og i møte med djevelen brukte han vers frå denne. Det slo åtaket attende. Tenkjer du deg at du er betre stilt enn Jesus sidan du ikkje memorerer bibelvers?

I himmelen er det mange martyrar. Det står om dei i Openberringa 12,11: "Dei sigra over han (djevelen) i kraft av blodet frå Lammet OG DET ORDET DEI VITNA OM." Her har du to kraftige våpen for utrustninga di, det eine mot synda (Ordet), og det andre mot det mismotet som kjem til deg når du fell (blodet frå Lammet).

Me blir freista på alle områder som vert dekka av dei 10 boda og det doble kjærleiksbodet. Men for nokre, særleg melankolikarar, er det å siga ned i mismotet ei freisting i seg sjølv. Timoteus var der. Då gav Paulus han eit ord frå Gud som sikkert hjelpte han til sans og samling: "Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom!"

Melankolikaren tenkjer seg gjerne at tungsinnet er godt åndelege begrunna for eit menneske som lever i ei verd som ligg i det vonde. Men det er ei lygn. I denne verda er me kalla å vera eit folk som spreier tru, kraft, kjærleik, glede og fred. Me lever trass alt ikkje berre i verda, men i eit rike som har akkurat desse kvalitetane. Så friskt mot du som trur. Reis deg i Guds veldige kraft. Og du som ikkje trur: Be Gud om å få trua, slik at du kan erfara det eg her skriv om.



lørdag 3. september 2011

Guds oppskrift på eit lukkeleg liv

Me vil vel alle gjerne vera lukkelege. Den sanne lukka er å finna i samfunnet med Gud. Det kan alle stadfesta som har levd både med og utan Gud.

Men også folk som kjenner Gud har ulikt nivå av glede og lukke i livet. Det handlar mindre om personlegdom enn om åtferd. For Gud har fortalt oss korleis me kan auka vår lukke og livsglede. Han seier: Lukkeleg er den som har si glede i Herrens lov og som grundar på hans lov dag og natt. Dette les me i Salme 1. David og hans samtidige hadde Guds lov. Den delen av Guds ord dei hadde å forhalda seg til var dei 5 Mosebøkene. Det var Herren lov. Me kunne også sagt Herrens ord, for her var det både lover og løfter. Me er for vår del i ein langt gunstigare stilling som i tillegg har alle salmane, profetbøkene og heile Det nye testamentet. Og så har me så rikeleg tilgang på Guds ord. David og hans samtidige hadde ytterst få handskrivne kopiar av Mosebøkene, og dei fleste menneske var vel heller ikkje lesekunnige. Dei var avhengige av å få Skriftene opplest og memorera dei. Men det som er memorert, sit då også godt fast. Og det vil eg gjerne ha sagt: Du kan ingenting anna enn det du kan utanåt.

Livsens lukke ligg å studera desse skriftene, memorera dei, grunda på dei, praktisera dei og dela dei med andre. Dersom du er eit ulukkeleg menneske, om enn kristen, så ligg problemet ditt høgst sannsynleg her, og då har du fått oppskrifta. Ikkje av denne skribenten, men at Gud, din gode Far.

torsdag 1. september 2011

Finn deg vener som elskar Ordet

Skal me finna Gud og fungera godt som kristne, må Kristi ord bu rikeleg mellom oss. Det skriv Paulus i Kolossarbrevet 3,16. Me skal merka oss at Guds ord har best effekt når det er mellom oss, når me deler det med kvarandre . Så kan me spørja kva rikeleg betyr. Og svaret finn me i 5.Mosesbok 6,6-8: "Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt. 7 Du skal prenta dei inn i borna dine og tala om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. 8 Du skal binda dei på handa di til eit merke og bera dei på panna som ein minnesetel 9 og skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine."

Det er altså Guds tanke at me skal bevara ordet hans i hjaro våre og omgje oss med det frå morgon til kveld. Då vil me bli fylte av Anden slik at me rettleier kvarandre og talar til kvarandre med salmer og sangar og åndelege viser.

Dersom me tek vare på Ordet, tek Ordet vare på oss. Det står fast.

Tenk gjennom: Korleis er ditt høve til Guds ord i dag? Tek du rikeleg til deg av det, og er du med i eit miljø der det å lesa og prata om Guds ord er det naturlege og normale?

Dersom du ikkje er i eit slikt miljø, så søk ivirg etter å finna eit. Det vil endra livet ditt. Lukke til!