Eg bed alltid om at det endeleg ein gong må lukkast for meg å koma til dykk, om Gud vil. 11 For eg lengtar etter å sjå dykk, så eg kan gje dykk del i ei Andens gåve for å styrkja dykk. 12 Eller rettare: Saman skal vi få nytt mot ved den trua vi deler, dykkar tru og mi.
Paulus hadde lenge hatt som mål å besøka kyrkjelyden i Roma. Ja, han lengta etter å dela fellesskap med dei. Men han var så langt blitt forhindra. Difor bad han om at det måtte leggja seg til rette. Og det gjorde det. Det gjekk slik til: Etter at Paulus hadde skrive dette brevet, reiste han til Jerusalem. Der vart han arrestert og fengsla. Sidan han var romersk statsborgar, appellerte han saka si inn for keisaren, det var hans rett, og etter to år vart han transportert med livvakt til Roma der saka hans til slutt kom opp til dom. Dette kan du lesa om i Apostelgjerningane kapittel 21-28. Korleis det gjekk vidare er litt uklårt, men det me veit er at han til slutt vart halshoggen i Roma under keisar Nero, truleg i år 67.
Paulus var ein veldig sjølvstendig kristen. Han let seg ikkje styra av andre enn Jesus. Likevel elska han kyrkja og det kristne samfunnet. Så ofte han kunne hadde han fellesskap med andre som elska Jesus. Det var det mest meiningsfulle han visste, og ingen har hatt så stor innsikt i kva det kristne fellesskapet og kyrkja er som han. Han skriv i 1. Korintarbrev 12 at kyrkja er Kristi kropp i verda, og at det dermed er heilt umogeleg å ha samfunn med Kristus utan å ha samfunn med kristne, og at det er umogeleg å elska Kristus utan å elska kristne og lengta etter å vera saman med dei og tena Jesus saman med dei. Når nokon seier dei trur på Jesus og elskar han, men ikkje har lyst å tena Jesus i lag med andre kristne, bløffar dei om trua si. Den er ikkje levande.
Paulus ville så gjerne dela ei Andens gåve med dei kristne i Roma for å styrka dei. For ein fin innstilling. Kvifor går du på gudsteneste? Kvifor går du på møte? For å få noko for ditt eige liv, eller for å gje noko til andre? Det siste er den rette kristne innstilling: Du skal ikkje gå på møte berre for treffa andre eller få noko frå han eller ho som talar, men du skal gå for å gje det du sjølv har fått hos Gud. Som kristne er me delarar. Den som har to kapper, gjev bort den eine, sa Johannes døyparen (Lukas 3). Den som har mat, deler med den som ikkje har, og når me har fått ei åndeleg nådegåve, er det ikkje for å behalda henne sjølv for at andre skal bli imponerte over kva Gud kan bruka oss til, nei, det er for at me skal dela den med andre. Det er ein krystallklår tanke i Bibelen, me får for å gje, og me skal repordusera oss sjølve i andre. Menneskedyrking i Guds menighet er ikkje noko anna enn avgudsdyrking.
Når me deler med kvarandre, set me mot i kvarandre, bygger kvarandre opp og hjelper kvarandre framover. Klaging og syting må me berre slutta med. Heile samfunnet er fullt av dette svineriet, og tankane våre blir fort med på galeien. Men klaging og syting over stort og smått, gjer oss motlause, og det er djevelens verk. For Gud har ikkje noko med denne ånda å gjera. Han gjev oss ei ånd som gjev oss styrke og klokskap. Og det treng me til fulle i vårt daglege liv, i ektekskapet, i familien, på jobben, i møte med naboar eller i kyrkjelyden. Difor seier også forfattaren av Hebrearbrevet: "Set mot i kvarandre kvar dag, så lenge det heiter i dag, så ingen skal bli liggande etter på vegen."
Djevelen er ein ulv. Han har ein kjent jaktstrategi: Han isolerer bytte sitt. Då er det enklare for å han å drepa det. Høyr no, du som av ein eller annan grunn held deg borte frå den kristne fellesskapen: Skund deg attende. Du er i den største fare. Djevelen har isolert deg, og kjem du deg ikkje attende til flokken, går det ikkje lang tid før du er i hans makt og han tappar ut alt av Guds liv i deg. Lat det åtvara. I dag om du høyrer hans røyst, gjer ikkje hjarta ditt hardt, men bør deg for Guds ord og vend tilbake til Jesus og hans vener.
Kjære Jesus! Takk for kyrkja og den kristne fellesskapen, takk for all den kraft, nåde og inspirasjon som du kanaliserer til kvar engelt av oss gjennom våre kristne vener. Hjelp oss å stå tett saman, oppmuntra og utrusta kvarandre kvar einaste dag heilt til du kjem attende for å henta oss heim til deg sjølv. Me er din kropp. Må di kraft og din nåde strøyma gjennom oss og til den verda du kom for å frelsa og lækja, og avslør alle løgntankar frå djevelen som forvirrar oss og som får oss til å tru at me klarar oss best åleine utan dei andre. Amen!
lørdag 16. februar 2013
torsdag 7. februar 2013
Romerbrevet II: Skapt og frelst for å æra Gud
1,5-7
5 Ved han har eg fått nåde og apostelteneste for å føra menneske av alle folkeslag til lydnad i tru, til ære for hans namn. 6 Mellom dei er òg de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til. 7 Eg helsar dykk alle i Roma, de som er elska av Gud, de som vart kalla og er heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
I vers 5 skriv Paulus av ved Jesus har han fått nåde og apostelteneste. Dette er eit viktig ord inn i ditt liv. Du forstår: Jesus gjev deg ikkje berre nåde og tilgjeving. I same slengen set han deg i arbeid. Du skal vera med å føra andre menneske til tru og lydnad. Ja, frå den augneblinken som du sjølv vart frelst, er det det livet ditt handlar om. Du kan ikkje bli frelst og leva som før. Då har du bomma totalt. Nei, du skal reisa deg ut av sofaen, gå ned på dine kne og be Gud om å fylla deg, strøyma gjennom deg og bruka deg for å fylla himmelen med nye borgarar av Guds rike. Det vart livsprogrammet til Paulus, og det skal vera ditt og mitt. Me blir sikkert ikkje apostlar, men kva gjer det? Me er noko som er enno større: Me er Guds barn, og ingenting kan vera større enn det. Og Gud har sagt at han vil bruka oss alle sammen for å fylla himmelen med lukkelege og frelste sjeler.
Å jobba for Jesus er ikkje noko ork. Det er kjempegøy. Og når du merkar at Guds kraft bur i deg, at folk lyttar til deg og tek imot det du vitnar om, og når det skjer under når du ber, ja, då er det kjekt å leva og du vil aldir meir tilbake til den sørpa du ein gong vassa i.
Kvifor er det viktig at folk blir frelst? For at dei skal koma til himmelen når dei døyr? Ja, det er viktig nok. Men det er ikkje det som er hovudpoenget, skriv Paulus her. Hovudpoenget er at Gud skal få ære. Det er saka. For er det ein som fortener ære, så er det Gud, han som har skapt oss, frelst oss gjennom eit ekstremt kostbart offer og som står i dag og natt for å passa på oss slik at me har det bra. Eg seier berre: Ærast den som ærast bør. Og dersom Gud ikkje får ære for sitt verk, er det nokon andre som tek det, og det blir jo berre ein bløff.
Er Gud så veldig oppteken av ære? Nei, ikkje for sin eigen del. Men for vår del. Saka er: Me er skapte til å æra Gud, og me har det berre godt og rett når me held på med det.
Me er elska av Gud. Nåde betyr at Gud elskar oss utan grunn i oss sjølve. Ja, han anerkjenner oss som sine, og han har av pur godleik fjerna alle syndene våre, dei som kunna hindra han i anerkjenna oss. Han fjerna dei på Jesu Kristi kross. Han ser dei aldri meir. Du er så rein og fin i Guds auger. Kvifor elskar Gud deg? Fordi han berre gjer det. Han berre ER kjærleik og kan ikkje anna enn å ausa sin kjærleik over deg. Tek du imot? Gjer det no. Berre anerkjenn Guds kjærleik til deg, opna deg og sol deg i Han.
Då vil hjarta ditt bli fylt av fred, den freden som går over all forstand og som er der som ei positiv kraft i livet ditt gjennom alle vanskane som dette livet har å by på.
Lat oss be:
Jesus, Guds Son, du som har frelst oss med ditt og blod og kalla oss til samfunn med deg sjølv og sett oss i arbeid for deg. Fyll oss med din Ande, lat di kraft strøyma inn i oss og ut frå oss og bruk oss slik at me kan få vera med og befolka himmelen og vera med og reparera knuste menneske liv og slik få litt himmel på jord. Hjelp oss så me ikkje tenkje smått om oss sjølve, men ser på oss som Guds søner og døtre, prinsar og prinsesser med myndighet til å fortelja folk din vilje. Amen!

onsdag 6. februar 2013
Grunntrekk i Romarbrevet I
Romarbrevet er Paulus sitt dogmatiske hovudverk, og kanksje det viktigaste dokumentet som er skrive i den menneskelege historie. Dette brevet har forandra historia mange gongar. Gjennom Romarbrevet fekk både Augustin, Martin Luther og John Wesley del i Guds frelse, og dei kom alle til å endra historias løp. Men desse tre er alle historie, lever Romarbrevet vidare og gjer sin gjerning, og no er det vår tur til å la oss påverka av Guds Ande og bli slike som skaper historie.
Paulus hadde aldri vore i Rom då han skreiv dette brevet. Men han kjende mange i kyrkjelyden der. Det ser me tydeleg i kapittel 16 der han helsar namngjevne personar som han kjenner godt.
Rom var som ein magnet. Folk frå heile riket vart drege mot hovudstaden, og Paulus hadde også eit brennande ønske om å koma dit. I det heile ser det ut til at apostelen i tenesta konsentrerte seg om å forkynna evangeliet om Jesus Kristus i dei største byane rundt Middelhavet. Motivet må ha vore at det er det som skjer i dei store byane som bestemmer korleis folk flest tenkjer og trur. Det går ei langt sterkare påverknadskraft frå byane til landsbygda enn andre vegen. Og av alle byar var Rom i ei særstilling. Der budde alle som hadde makt i samfunnet og som slik kunne påverka verkelegheitsoppfatninga og trendane i resten av det enorme Romerriket. Og den som påverka mest var keisaren, og Paulus hadde eit klårt uttalt mål å få forkynna evangeliet for han.
Paulus visste godt kva Gud var god for gjennom han. Det hadde han erfart gjennom mange år. Den nåden som kvilte over Paulus sitt liv var heilt unik. Ingen kom upåverka frå eit møte med denne mannen, og tusen på tusen kom til tru på Herren Jesus etter å ha lytta til apostelen Paulus.
I vers 1 framstiller han seg som Jesu Kristi tenar, eller i røynda slave. I dette ligg det at Paulus var Jesu Kristi eigedom. Den einaste formen for fridom Bibelen kjenner er den det menneske får som overgjev seg med hud og hår til Jesus utan krav om noko som helst tilbake.
Paulus var kalla av Gud. Det visste han godt. Opplevinga utanfor og i Damaskus sat friskt i minnet heile livet og dreiv han framover: Du skal vera eit lys for heidningane som sit i mørkret. Det var hans kall. Slik vart han sendt ut av Jesus Kristus sjølv. Ein apostel er rett og slett ein utsending med autoritet frå den som har sendt han. Paulus var sendt for å forkynna evangeliet om Jesus og kalla folk til omvending og tru.
Du og eg er også kalla av Gud. Først til å ha fellesskap med han og leva som hans sanne barn. Så har me fått fullmakt til å gjera godt for våre medmenneske og dela med dei det Gud talar med og til oss om, og det me erfarer med han i kvardagen.
Evangeliet som Paulus fekk å forkynna, og som i dag er vårt, har sine røtter i fjern fortid, og Gud hadde lenge før Jesu tid forkynt det gjennom profetane i Det gamle testamentet. Når me les GT er det ikkje vanskeleg å få auga på han. I Jesaja 53 som Herrens lidande tenar som lid og døyr for våre misgjerningar. I Jeremia 23 som "Herren vår rettferd." I Jesaja 9 som barnet som er oss fødd og som ber utrulege namn: "under, rådgjevar, veldig Gud, evig Far og fredsfyrste."
Denne Jesus er sann Gud og sant menneske, Guds og Davids son. Berre slik kunne han bygga bru mellom himmel og jord, mellom Gud og oss, og berre slik kunne han frelsa oss frå våre synder, og slik må me ta imot han dersom me skal kunna nyttigjera oss hans gjerning. Gud velsigne oss alle til det.
"Gode Gud! Me takka deg for alt du har vist oss i og gjennom dette brevet me no skal jobba med. Du har kalla oss til samfunn med Jesus, og sett oss inn i teneste for evangeliet. Me er så rike, og all vår rikdom kjem frå deg, du som er alle gode gavers gjevar.
Herre Jesus! Takk for din død og di oppstode og for frelsa som spring ut av ditt storverk. Ved ditt blod gav du oss siger over alle våre synder og over døden og djevelens makt. Me berre ærar deg og prisar deg og me jublar for deg og hyllar deg med kropp og sjel og ånd, med alt me er og har. Amen!"
Etiketter:
forkynning,
fridom.,
Paulus,
Rom,
Romarbrevet
torsdag 31. januar 2013
mandag 28. januar 2013
Guds fantastiske lover fører oss til Han
Salme 119,129
"Underfulle er dine lovbod. Difor tek eg vare på dei!"
Guds lover er underfulle. Dei er ikkje naturlege, dei kjem frå Gud, og me finn dei i Bibelen.
Guds lover spring ut frå Guds kjærleik, og han vil at me skal elska kvarandre slik som han elskar oss.
Difor skal me ta vare på kvarandre, vera gavmilde, gjestfrie, gode, varme, tilgjevande og ærlege menneske. Me skal ikkje utnytta kvarandre, og slett ikkje undertrykka kvarandre. Gud hatar alt slikt. Men me skal tena kvarandre i kjærleik. Dette er Guds lover.
Jesus snakkar mykje om dette, særleg i Bergpreika, den mest berømte av alle talar. Der lærer Jesus oss kjæleikens veg, korleis me skal elska Gud og nesten. Ja, han går så langt at han ber oss om å elska fiendane våre. Det er ikkje rom for hat i Guds rike, ei heller hjartekulde. Her er det vilkårslaus kjærleik som er regelen, det brennande engasjementet for Gud og våre medmenneske.
Dette betyr at me ikkje føretek oss noko som er til skade for andre, men berre slike ting som reparerer og bygger opp. Det gjeld i ord og gjerning. Difor snakkar me positivt til og om kvarandre, og me unngår baktale og sladder. Me deler Guds gode ord med kvarandre, og med alle, for det både frelser, lækjer og byggjer opp. Me er til å stola på, og me tek aldri noko som tilhøyrer andre, anten det er pengar, ting eller ektefelle.
Korleis tek me vare på Guds lovbod? Ved å halda dei og i ord og gjerning læra andre å gjera det same.
I våre dagar er det mykje snakk om "det gode liv", og då handlar det om å finna den livsforma som gjev maksimal nyting. Slik filosofi er heilt fjern for Gud og Bibelen. Der er fokus derimot på "det rette livet", og Gud seier at den lever rett som fornektar seg sjølv til fordel for andre, og at den som vil vinna livet i denne verda, kjem til å missa det, medan den som misser livet i denne verda for hans skuld, kjem til å vinna det.
Det er eit sterkt lys i Guds lovbod. Dei avslører dei vonde og egoistiske kreftene som ofte veltar fram i oss, det syndige og skammelege som me har i oss og som rett som det er blir overmektig i oss. Me irritrer oss, blir sinte som berre fy, kan tenkja nedsetjande om andre, vera veldig ufølsame i måten me snakkar til folk på, dekkar over eigne feil med svarte og kviteløgner og me kan vera både misunnelege og sjalu. Alt dette avslører Guds lov hos oss, og så seier Anden stille i vårt indre: Gå til Jesus med alt dette. Han har bore det. Hos han har du ei evig forløysing for alle dine synder. Slik blir det til at Guds lovbod jagar oss til Jesus og held oss fast hos han. Ære vere Gud for hans visdom.
Gode Far! Takk for dine underfulle lover. Dei opplyser oss om din vilje, og fører oss til Jesus Kristus. Takk at du i Kristus tilgjev oss alle våre synder og ved Den heilage ande inspirerer oss til å leva oppofrande liv i kjærleik. Me ber i dag spesielt for Saeed Abedini som i dag er dømt til 8 år i Evinfengslet i Teheran for å ha tent deg og di kyrkje. Fyll hjarta hans med din fred. Ver med han som du i si tid var med Josef, og opphøg han den dagen tida er inne for det. Amen.

Bergpreika,
det gode liv,
Guds lovbod,
vilkårslaus kjærleik
fredag 25. januar 2013
Gud syner veg
"God og rettvis er Herren, difor viser han syndarar vegen!" Salme 25,8
Bibelen lærer oss at me i utgangspunktet alle er bortkomne syndarar. Me har rota oss bort frå Gud og hans plan med liva våre, og det er akkurat kva ein syndar er, ein person som er komen ut av kurs og er på veg mot feil mål. I Jesaja 53,6 les me om oss menneske at me fòr vilt som sauer, me vende oss kvar til sin veg. Slik går det gjerne med sauer når ulven spreier flokken. Og det er lett å sjå at det er slik i menneskelivet. Det er eit mylder av religionar og livsmønster i verda. Folk trur på mange ulike gudar og religiøse system, og andre trur ikkje på noko i det heile tatt, i alle fall ikkje på noko anna enn det dei kan sansa. Det er stor dårskap, men slik er det. Frå vår synstad som kristne ser det ut til at folk gjer alt dei kan for å koma seg bort frå den einaste sanne, levande Gud, han som er kjelda til alt godt.
Kvifor er det slik? Fordi synda har ete seg inn i liva våre, snudd tankane våre frå Gud, ja, mot Gud, og gjort oss sjølvopptekne, skrytande, smalspora, introspektive, innbilske og sjølvrealiserande, medan me er skapte for å æra og elska Gud over alle ting, realisera hans planar med verda og elska våre medmenneske som oss sjølve, og overlata alt ansvar for våre eigne liv til han som er vår Far.
Men me tapte han av syne, gløymde han, vart våre eigne gudar og for å sikra våre eigne liv begynte me å lyga, stela og drepa.
Men Gud slutta aldri å elska oss. Han er god og rettvis, og han viser oss vegen attende til seg og den evige lukka som me berre kan få hos han. Ja, han ikkje berre viser oss vegen. Han sendte oss ein frelsar, Jesus Kristus, sin eigen Son, og Jesus sa om seg sjølv: "Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg!" Og det må bety: Ved å tru på Jesus og følgja han, kjem me alle til Gud, både fordi Jesus ER Gud, og fordi han fører oss til Gud. Det går frå godt til betre og frå betre til best.
Har Gud fått nått deg med sitt ord? Har han fått opplyst deg med sin Ande? Har du sett din fortapte stilling? Har du sett djupna i det som er di synd? Har du nokon gong skamma deg over alt i livet ditt som ikkje er motivert ut frå tillit til Gud og kjærleik til dine medmenneske? Har du sett kor omfattande løgnene dine er? Har du fortvila over deg sjølv? Har du ropt til Gud om frelse?
Skal du bli frelst må du læra deg å avsky dei uoppgjorte syndene dine og kvitta deg med dei same kva det
måtte kosta deg. Gud tilgjev oss syndene våre når me vender oss bort frå dei. Dersom du vil leva med syndene dine, må du nok finna deg i å leva utan Gud, for Gud vil nemleg ikkje leva med syndene dine. Trass alt måtte Jesus døy på krossen for at du skulle kunna bli reinsa frå all denne uretten, og dersom du ikkje let deg reinsa, trekkjer Gud seg unna deg. Det er dette det står om.
Gud er god og rettvis, og han viser syndarar vegen, vegen til omvending, tru og nytt liv med Jesus på innsida.
Kjære Herre Jesus! Du er Guds einborne Son som gav livet ditt til soning for alle våre synder. Du tilgjev oss og reinsar oss når me kallar på deg og vender om til deg av heile vårt hjarta. Hjelp oss dagleg å seia nei til oss sjølve, ta avstand frå løgn og egoisme og tru på deg i alle ting, både når det gjeld vår frelse og vår velferd. Du betalte for vår evige lukke med ditt eige blod. Me lovar og ærar deg for det. Hjelp oss å gjera deg kjent for syndarar me møter på vår veg, slik at du kan opplysa dei og visa dei vegen til evig liv og lukke. Gje oss Anden slik at me alltid har din autoritet, din varme og di kraft med oss ut i kvardagen. Amen!

torsdag 10. januar 2013
Jesus, Herrens tenar
Sjå, min tenar, som eg støttar,
min utvalde, i han har eg mi glede!
Eg har lagt min Ande på han,
han skal føra retten ut til folkeslaga.
Jesaja 42,1
Dette er starten på èin av dei såkalla "Herrens tenar"- songane i Jesajaboka. Dei handlar alle om den komande frelsaren. Det er m.a.o Jesus det er snakk om.
Me vert først oppfordra til å SJÅ på han. Det er det vikigaste me som menneske gjer, og det er avgjerande viktig for oss at me dagleg rettar sinn og tanke mot Han som er den einaste som kan frelsa sjelene våre og føra oss trygt fram til Gud.
Johannes døyparen sa til sine eigne læresveinar då Jesus gjekk bortover breidda av Jordanelva: "Sjå, der er Guds lam som ber bort verdas synd."
"Det du festar blikket på, gjev du kraft i livet ditt", skreiv NLA-lektor Nils Magnar Grendstad ein gong på 70-talet.
Å sjå på Jesus er å studera denne mannen sitt liv, det han sa og gjorde, både gjennom profetane i Det gamle testamentet, og apostlane og evangelistane i Det nye.
Ingen kan sjå på Jesus utan å lesa Bibelen. Det er der han blir tydeleg for oss, og ingen andre plassar.
Difor les og granskar me denne boka, lærer sitat utanåt, praktiserer det me les, ber det me les og deler det med våre medmenneske.
Det neste me lærer i dette verset er at Herren støtta tenaren sin. Jesus talte Guds ord, rett og slett, og det han sa var sant, godt, rett og vakkert. Det hadde den himmelske Fars fulle støtte og godkjenning.
Så lærer me at Jesus var utvald av Gud for å fullføra hans gode vilje. Dette har betydning for deg og meg. Dersom me trur på Jesus, linkar oss opp til han, blir me utvalde me også, rett og slett fordi me er blitt sameinte med Den utvalde. I Kristus er me utvalde til å arva evig liv og til å gjera Guds gjerningar, utanfor Kristus er det inga slik utvelging.
Far i himmelen hadde si lyst og glede i Jesus. Han var så inderleg stolt over å ha ein slik Son, slik som alle foreldre er over barn som skikkar seg vel, og Jesus var verkeleg heilt perfekt.
Og det skal du vita. Er du i Kristus, er Far like stolt over deg som han var og er over den einborne Sonen sin. Er ikkje det fint å tenkja på? Gud skammar seg ikkje over deg. Derimot gleder han seg over deg, både fordi du vil tru på Sonen hans, og fordi han ikkje lenger ser noko gale med deg. Du er kledd i Kristi fullkomne rettferd.
Jesus er Fars store glede. Korleis er det med deg? Er du på linje med Far i dette? Er det Jesus som er ditt livs glede? Og me kan jo spørja: Korleis kan me som er små menneske gleda oss over noko anna enn det som gleder Gud vår Skapar og Far? Dei menneska som ikkje gleder seg over Jesus, er i alle fall ikkje i kontakt med Gud. Dei er rett og slett heilt på jorde. Og Jesus seier til oss som tener han: "Gled dykk ikkje over at åndene er dykk lydige, men gled dykk over at namnet dykkar er skrive i himmelen." Det er hans forteneste åleine, og det einaste som betyr noko når alt kjem til alt.
Den heilage ande var med og over Jesus. Utan Andens kraft kan ingen vekka og smelta menneskehjarto, lækja øydelagde liv eller fri folk frå djevelens tvang og makt. Jesus hadde denne krafta i livet sitt. Han fekk henne i dåpen. Men han fekk henne ikkje berre for sin eigen del, men for å dela henne med alle sine truande vener. Johannes skriv: "Han er den som døyper med Den heilage ande og eld."
Guds kraft er for deg, og har du lite kjennskap til denne delen av kristenlivet, så må du be til Jesus om å bli fylt av Anden, så vil han møta deg i din trong og gjera livet ditt langt meir spennande og rikt enn du kunne ana var mogeleg, og du blir eit menneske som Gud vil bringa RETTEN, dvs. EVANGELIET, ut til folkeslaga gjennom.
Herre Jesus! Hjelp oss å forstå kven du er og kva du har gjort for oss, og lat oss få sjå deg så klårt at me blir fylt av den gleda som strøymer frå Fars hjarta. Fyll oss med Anden slik at orda våre smeltar frosne sinn og skaper liv der døden rår. Send og bruk oss til å bringa di rettferd til folkeslaga. Amen!

Bibelen,
eld,
evangeliet,
Guds lam,
Herrens tenar,
Kristi rettferd,
Kristus,
Nils Magnar Grendstad,
utvelging
Abonner på:
Innlegg (Atom)