onsdag 30. mars 2022

Jødefolket i fortid, notid og framtid

 Då eg sat og bladde gjennom nokre TV-kanalar i går kveld, kom eg brått over ei sending med reinskore antisemittisk innhald. Personen i TV-ruta tala om jødefolket sine usympatiske sider og deira «sjuke» idear. Om han var nazist eller ein som kjempa for palestinarane sine rettar, det veit eg ikkje, men han gjorde i alle fall alt han kunne for å framstilla dette vakre folket som eit vondsinna og ekstremt innbilsk folk som ikkje har den minste respekt eller omsorg for folk som ikkje er jødar, eit folk som tilstrebar verdsherredøme, og eg tenkte: Denne mannen hadde glatt fått jobb på kontoret til Hitlers propagandaminister Joseph Goebbels.

Sidan eg er glad i jødane, ja, fordi eg kan takka jødefolket for at eg kjenner Gud, inspirerte denne mannen meg til å skriva noko fint om dette folket som faktisk har ein heilt særeigen posisjon i historia, om ein likar det eller ikkje.

Det første eg vil peika på er det faktum at Bibelen, som gjennom snart to tusen år har vore verdas mest utbreidde og lesne bok, er eit heilt gjennom jødisk dokument, det gjeld både Det gamle og Det nye testamentet.

Denne boka har meir enn noko anna munnleg eller skriftleg kjelde forma måten me tenkjer og lever på i vår del av verda. Ord som nestekjærleik og tilgjeving stammar frå Bibelen. I samfunn der Bibelen ikkje er kjent, eksisterer det kanskje ikkje ein gong ord i språket for desse verdiane.  Og i samfunn som utfordrar eller motarbeidar Bibelens verdsbilete, blir det fort eit kaldare klima mellom folk. Nestekjærleiken hentar nemleg krafta si frå Guds evige kjærleik til kvart einaste menneske på jorda, og når me tilgjev kvarandre så har me Gud som førebilete, han som ofra Sonen sin for å kunna tilgje oss alle når me innrømmer feila våre.

Ja, jødane er Guds utvalde folk, og han har valt å gjera seg kjent for verda gjennom dette folket. Det gjorde han ikkje fordi dei har ein høgare verdi enn andre menneske, eller fordi dei har føresetnader som andre ikkje har, nei, les me i Bibelen, han valde dei ut fordi dei var mellom dei minst viktige folkeslaga i verda. For Gud har det med å velja ut dei som ingen andre vil ha, slik at hans verk blir forstått av alle som det det er: nemleg HANS.

Gud og jødefolket er for evig linka saman på ein spesiell måte. Det grunnleggjande kristne dogmet kallar me inkarnasjonen, det at Gud vart menneske for å frelsa menneska attende til seg sjølv. Jesus Kristus er den inkarnerte Gud. Men då Gud vart menneske, valde han ikkje å bli tysker, russer, arabar, amerikaner eller nordmann, nei han vart jøde. Det inneber at alle som skal tilbe Gud, må tilbe han som med rette er «kongen over jødane». For evig er Gud jøde.

Det jødehatet som har vore eit fast innslag i «kristne» land under nesten heile kyrkja si historie, er difor svært merkeleg, men profetert i Bibelen. Moses heldt ein tale for 3200 år sidan der han tydeleg sa frå om at dersom folket valde å dyrka framande gudar og leva etter sine lyster, ville dei bli spreidde over heile jorda og hata av alle. Og slik gjekk det. Kristus var Guds veg for Israel. Men dei valda han bort, og resultatet vart som Jesus profeterte i år 33 då han såg det vakre Herodestemplet bada i kveldssola. Han gret og sa: «Her vil det ikkje liggja att stein på stein. Jerusalem, Jerusalem, du som slo profetane i hel, om du berre visste kva det er som tener til din fred, men no er det løynt for augo dine. Eg ville samla dykk som ei høne samlar kyllingane under vengjene sine. Men de ville ikkje!»

Tempelet  vart rive ned og brent  i år 70 e. Kr. av general Titus og hans brutale hærar. Det hende etter at jødane hadde gjennomført eit vellukka opprør og fordrive romarane frå landet. Befolkninga i Jerusalem vart straffa på det mest forferdelege då romarane kom attende og beleira byen. Folket vart fullstendig utsvelt før byen vart innteken og demontert. Tempelet vart rive, og det einaste som er att i dag er Klagemuren på nedsida av tempelhøgda der jødane kjem og ber sine bøner.

Ein ny katastrofe inntraff i åra 132-136 då det i Israel framsto ein messiansk skapnad som vart kalla Simon bar Kokhba (Stjernesonen). Også dette opprøret starta godt. Men romarane slo hardt attende, og den siste rest av  jødar måtte rømma landet hals over hovudet.

Dei siste 2000 åra har det jødiske folket vore å finna i nær sagt alle land, og dei har verkeleg vore hata av mange, særleg i dei tradisjonelt sett kristne nasjonane. Jødehatet var faktisk så massivt i Noreg for 200 år sidan at §2 i Grunnlova av 1814 nekta jødane tilgang til riket. Det var ganske eksepsjonelt.

Vidare var det heilt spesielt at under den 2.verdskrigen var det norsk politi som fekk arrestert norske jødar for å transportera dei til gassdøden i Auschwitz. Å arrestera skuldlause menneske burde ha vore utenkjeleg for norske politimenn, men dei gjorde det likevel, og ingen av dei kan vel med handa på hjarta seia at dei ikkje visste kva dei gjorde.

Marthe Michelet har i den omdiskuterte boka si «Hva visste Hjemmefronten» tydeleg påvist at Heimefrontsleiinga visste at jødane skulle arresterast i oktober-november 1942, men at dei ikkje hadde nokon trong for å åtvara dei jødiske familiane om dette. Det fanst viktigare ting å halda på med enn å berga jødar. Vart jødane vurderte som annanrangs nordmenn. Ting kan tyda på det.

I England vart alle jødar landsforviste i 1290 av kong Edvard den 1. Då hadde han lenge plyndra dei for all rikdom som han finansierte krigane sine med, og halshogd 300 av leiarane deira.  

I Spania hadde jødane gjennom mange hundre år stort sett levd i fred under maurisk overherredøme, og den særeigne sefardiske kulturen vaks fram der.   Men i 1492 vart både dei og maurane landsforviste av kong Ferdinand og dronning Isabella, og mange vart drepne.

Dei sefardiske jødane vandra så gjennom Europa og hamna i Tyskland og i Aust-Europa, der dei måtte gjennomleva eit utal av pogromar som kulminerte med Holocaust, Hitlers store brennoffer, frå 1942-45.

Men i dei jødiske skriftene er håpet aldri langt borte. Profeten Esekiel som levde på 600 og 500-talet før Kristus såg at diasporaen ikkje kom til å bli enden på visa for jødefolket. Han såg at det skulle få koma ei tid då folket skulle få reisa attende til Israel, og der ville Herren sjølv, som ein god gjetar, ta seg av dei med truskap og klokskap. Alle burde unna seg å lesa kapittel 34-37 i Esekielboka. Det er litteratur i særklasse med ein klår bodskap til vår tid.

Gud sa til det jødiske folket sin stamfar, Abraham: «Eg vil velsigna dei som velsignar deg, og forbanna dei som forbannar deg, og i det skal alle folkeslag på jorda bli velsigna.»

Me har sett korleis dette har skjedd gjennom Jesus Kristus og  Bibelen. Men Gud har også velsigna oss på andre måtar. Uvanleg mange framifrå forfattarar og vitskapsfolk er jødiske. T.d. er 20% av alle nobelprisvinnarar jødar, og mellom dei er vel kanskje Albert Einstein og Bob Dylan dei mest kjende.

Jødane begynte å returnera til Israel på 1800-talet, medan området enno var under tyrkisk overherredøme (det osmanske riket som hadde røtene sine attende til 1400-talet), og den 14.mai 1948 vart staten Israel etablert som ein jødisk stat. Dette er starten på oppfyllinga av det profetiske ordet om at heile dette folket ein dag skal koma attende til Israels fjell, og dei skal godkjenna og famna Jesus som sin Messias. Når det skjer, skriv Paulus i Romarbrevet kapittel 11, vil den historiske skruen få ei kraftig dreiing i positiv retning. Då vil verdas nasjonar opna seg opp for kristen forkynning, og menneska vil oppdaga sanninga om Kristus, forkasta ikkje-gudane sine,  og ta imot Han og gåvene hans med stor glede. Det blir den endelege velsigninga som Gud vil gje verda gjennom jødane.

Eg elskar det jødiske folket, og eg ber for dei at Herren skal halda den gode handa si over dei og verna dei mot all type åtak og terror, at dei skal få leva i fred i landet sitt og at dei skal venda seg bort frå synda og begynna å tru på Jeshua Mashiach, Jesus Kristus.  

 

 

onsdag 2. mars 2022

Menneskerettsfråsegna artikkel 8

"Einkvar har rett til effektiv hjelp av kompetente nasjonale domstolar mot handlingar som krenkjer dei grunnleggjarne rettane han er gjeven i forfatning eller lov."

Dei grunnleggjande rettane må vera dei rettane som er nemnde i Menneskerettsfråsegna og Den europeiske menneskerettskonvensjon. 

Blir desse krenka, skal domstolane straks gripa inn og retta opp feilen som er gjort. 

Det må bety at desse menneskerettsdokumenta må vera integrert del av eitkvart lands lovverk. 

Domstolane skal sørga for rettstryggleik for alle, og dei skal hjelpa vanlege folk slik at dei ikkje får dei grunnleggjande rettane sine krenka eller innskrenka, underforstått av staten. 

I mange land er det dårleg maktfordeling, og domstolane er som ein forlenga arm av styresmaktene. Russland er eit ubehageleg døme på det. Men landet er slett ikkje åleine. Alle kommunistiske og muslimske statar er meir eller mindre i denne kategorien. 


 

lørdag 20. november 2021

Menneskerettsfråsegna artikkel 7

 "Alle er like for lova, og har utan diskriminering rett til same vern av lova. Alle har krav på same vern mot diskriminering i strid med denne fråsegna, og mot ein kvar oppfordring til slik diskriminering."

Diskriminering er det same som forskjellsbehandling. Denne artikkelen handlar ikkje direkte om diskriminering i og for seg. I mange situasjonar er diskriminering heilt naudsynt, til dømes i skulesamanheng der kvart barn på handsamast etter dei føresetnader dei har, og ofte må jenter og gutar handsamast ulikt. Men det denne artikkelen handlar om er at det er dei same lovene som skal gjelda for alle vaksne personar i eit land uansett kjønn, etnisk bakgrunn, nasjonalitet osv. 

Men det er jo ikkje slik. I India t.d. er dei kastelause så godt som rettslause, og religiøse minoritetar i Pakistan er svært utsette for å bli tiltalte for blasfemi i dømde til livsvarig fengsel, eller til døden. I dette landet er ikkje lovene laga for å verna minoritetar, men for å gjera livet vanskeleg for dei. 

Og igjen ser me det: Ufødde barn er heller ikkje verna av lova slik som fødde barn. Så lovene om sjølvbestemt abort kan ikkje stå seg heller mot artikkel 7 i Menneskerettsfråsegna. 

fredag 19. november 2021

Menneskerettsfråsegna artikkel 6

 "Eitkvart menneske har overalt krav på bli rekna som eit rettssubjekt!"

Å vera eit rettssubjekt er å vera verna av eit lands lover, og ikkje bli straffa utan lov og dom. 
Det inneber også retten til å bli registrert i manntal, og til å stå ansvarleg for sitt eige liv. 

Under den 2.verdskrigen var korkje jødar eller sigøynarar rekna som rettssubjekt, og vart utsett for brutal etnisk reinsing. 

I våre dagar er det slik at mange kinesiske barn vert fødde "ulovleg" utan at dei vert registrert noko register, og barna går gjennom sitt korte liv utan rett til helsehjelp og utdanning. Dei eksisterer ikkje i nokon manntal på jorda, og er i praksis rettslause. Det gjeld også ein god del sigøynarar i Europa som lever utanfor samfunnet og er på eit vis "ikkje-eksisterande". 

Ufødde barn blir ikkje rekna som rettssubjekt i store deler av verda. I Noreg ikkje før etter veke 12, og no ser det ut til at dette vert skubba framover til veke 18. Desse kan ikkje ein gong nyta den mest grunnleggjande av alle menneskerettar: retten til liv. Slik er det trass i at denne artikkelen snakkar om "eitkvart menneske". Det er vanskeleg å grunngje kvifor ufødde barn ikkje kjem inn under nemninga "eitkvart menneske". 

Å fråta nokon retten til å vera eit rettssubjekt er eit offentleg brotsverk, ikkje noko mindre, og det krenkar Menneskerettsfråsegna artikkel 6.


søndag 31. oktober 2021

REFORMASJONSDAGEN

Det er REFORMASJONSDAGEN i dag, og me har alle grunn til å gratulera kvarandre. For 504 år sidan offentleggjorde Martin Luther sin protest mot den skammelege avlatshandelen som Den romersk katolske kyrkja hadde sett i gong for å finansiera bygginga av Peterskyrkja i Rom, og sikkert også nokre andre av Pave Leo X sine vanvittige byggeprosjekt i "den evige stad". Leo var i det heile eit ødeland som tømte kyrkjekassa for pengar. Han hadde alltid trong for meir, noko som motiverte han sterkt til setja i gong denne kreative og proaktive formen for avlatshandel. Dei som kjøpte avlatsbrev kunne korta ned den tida dei sjølve, eller slekt og vener, måtte tilbringa i skirsrselden før dei kunne stiga inn i himmelriet. Slik vart avlatsbreva marknadsførte. Kyrkja sat med nøkkelen til hjelpa folk med eit problem kyrkja sjølv hadde konstruert, og hjelp skulle folk få, berre dei ville betala. 

31.oktober 1517 kom til å endra retningen på verdshistoria. Det er ingen tvil om det. Med dei 95 tesane som han spikra opp på døra til slottskyrkja i Wittenberg, problematiserte Luther heile avlatshandelen, og avviste heile greia som paveleg oppspinn. Det utløyste ei kraft som skapte store endringar i verda. 

Martin Luther vart lyst i bann, og etter riksdagen i Worms i 1521 vart han også fredlaus. Du skjønar at når den kristne forkynninga trugar folks inntekstgrunnlag, bryt det som regel ut forfølging mot forkynnaren. Mammons makt er formidabel. 

Me såg det også i Jesu liv. Det var då han jaga ut pengvekslarane i templet på Palmesøndag, at det vart fortgang i prosessen med å få han drepen. Det gjekk mindre enn ei veke før det var overstått.

Reformasjonen starta 31.oktober 1517, men utvikla seg med stor fart heile det neste tiåret. Det vart ikkje berre slutt på avlatshandel. Sølibatet for prestar vart avvikla. Likeeins læra om at paven er ufeilbarleg, Folk trong ikkje lenger svelgja unna alt det som prestane sa. Dei fekk Bibelen omsett til morsmåla sine. slik at dei sjølve kunne lesa Guds ord, og vurdera om det som vart sagt dei heldt mål.  Då evangeliet om Jesus vart gjenoppdaga i sin edle form, var det som om sola stod opp over Europa. Dei oppdaga at Guds frelse er ei gåve som me menneske berre kan ta imot i tru. Og då folk skjøna DET, braut jubelen laus i alle land, og sidan den tida har denne mektige bodskapen om Jesus spreidd seg over heile verda, og gleda vil ingen ende ta. 


lørdag 30. oktober 2021

Ny fransk lov sikrar staten rett til omfattande overvaking av evangeliske kristne kyrkjer

Den 25 august vart i ny separatistlov vedteken av det franske parlamentet. Dette er den største og mest radikale åtaket på religionsfridomen i landet på over 100 år, og har direkte betydning for korleis evangeliet framover kan delast med andre, melder David Broussard, leiar for den evangeliske kyrkjeplantingsrørsla "Impact France". I revolusjonens Frankrike har det heilt sidan 1905 vore eit strengt skilje mellom stat og kyrkje, dei har levd kvar sine liv, men den nye lova opnar for at staten no kan overvaka kyrkjene på ein heilt ny måte. Kva inneber det? Jo, no kan dei stenga kyrkjer, bøteleggja og fengsla pastorar og utvisa misjonærar dersom dei ikkje tilfredsstiller ei mengde med krav, eller om dei t.d. fremjar idèar, teoriar, forslag eller aktivitetar som rettferdiggjer hat og vald mot enkeltpersonar eller grupper. Omgrepet "hat" har i vår tid fått ei svært vid tolking og rommar alt frå ekte hat til kritikk av den nye kjønnsideologien som etter kvart pregar både lovverk og undervisningsplanar i vest-europeiske statar. Ein pastor som åtvarar mot homofile handlingar, eller som forkynner to-kjønnslæra, kan stå i fare for å bli tiltalt og straffa med inntil 6 mnd i fengsel, eller 75000 euro (800 000 kroner) i bot.
I tillegg til dette må no kvar kyrkjelyd søkja om ny godkjenning kvart 5. år. Alle gåver som kyrkjene får må registrerast på namn. Anonyme gåver kan staten dra inn i statskassa. Gåver frå utlandet kan ein risikera å måtta returnera.
Den nye lova vert implementert frå 1.januar 2022, og er i følgje Broussard, heilt på linje med liknande lover i Russland, Kviterussland og Bulgaria.
Opprinneleg var det trongen for å kontrollera radikale islamistiske miljø som låg bak lovarbeidet. Frankrike har vore råka av mange terroråtak dei siste åra. Det forstår me. Men den nye lova råkar mykje breiare, og Broussard meiner det er tilsikta ut frå at mange opplever den framgangen som evangeliske kyrkjer har i Frankrike som eit trugande fenomen, noko som er klårt uttalt i nasjonalforsamlinga av innanriksministeren, M Gerald Darmanin.
Det er all mogeleg grunn for oss å be for kyrkja i Frankrike, om styrke, pågangsmot og visdom når dei no meir og meir kjem i statens skrustikke.
Og så må me vera vakne. Frankrike er dominerande i EU, og dersom franske lover vert innarbeidd i EU-systemet, vil dei også vera gjeldande for Noreg.

mandag 18. oktober 2021

Kan ein biskop avskaffa helvete som ein evig straffeplass for syndarar?

 Biskop Herborg Finnset har ikkje mandat til å endra Skriftene. Ho har forplikta seg på å forkynna Guds ord i samsvar med Bibelen og vedkjenningsskriftene. Når ho påtek seg å avskaffa helvete som ein evig straffeplass, går ho imot Jesus si forkynning om desse tinga og sviktar kallet sitt. Det er beklageleg. For ho burde visst, og veit det vel også, at einaste måten å koma seg unna Guds vreide over synda på er å ta sin tilflukt til Jesus som leid seg gjennom helvetessmertene for oss alle. Det var jo ikkje for ingenting at Gud ofra Sonen sin og let han gjennomleva det store mørkret på krossen. Dette veit biskopen godt, og må ta forstanden fatt og venda seg bort frå den forføreriske vranglæra ho no forkynner.