søndag 31. august 2008

Kristne i Laos under press


Totalt 90 kristne er vorten fengsla dei siste vekene i Laos etter at styresmaktene tydlegvis har innleida ein offensiv mot dei truande i landet. Arrestasjonane skjer gjerne ved at lokalt politi slår ned på gudstenester, løyser opp desse og fer av garde med pastoren og andre kyrkjemedlemmer. I ettertid vert det gjerne krevd av slektningane til dei fengsla at dei fråseier seg den kristne trua. Be om at dei kristne i Laos står fast i Herren, og at ljoset i dei truande sigrar over mørkret i forfølgjarane.



fredag 29. august 2008

Humanetikken som ny statsreligion?


"Bønn for Oslo" med pastor Egil Svartdal i spissen, søkte om å få avslutningsmøtet sitt i Oslo rådhus. Det har dei gjort mange gonger før. Men denne gongen sa bystyret nei. Ordførar Fredrik Stang likte ikkje tanken på at nokre skulle be til Gud i rådhuset, kva han no enn risikrer med det.
For å ha ei slags plattform for neiet sitt, laga bystyret nye reglar for bruk av rådhussalen. Og desse reglane slår fast at denne salen skal ikkje brukast til religiøse eller politiske markeringar. Korleis dei skal unngå politiske markeringar i denne salen der dei m.a. deler ut fredsprisen, skal bli interessant å følgja med på. Men det underlege er at i reglane vert det markert at Humanetisk Forbund skal få lov til å halda sine arrangement der, for dei er korkje religiøse eller politiske. Men sanninga er at Humatetisk forbund er rekna for eit trussamfunn i Noreg, eit trussamfunn som har som mål å aktivt bekjempa det som andre trur på. Og er det noko dei ikkje er, så er det religiøst nøytrale, og det er vel også tvilsamt om dei er politisk nøytrale i og med at organisasjonen er dominert av sosialistar av vekslande raudfarge, og det dei seier og meiner har sjølvsagt ditto preg.


Det er underleg at bystyret kan leva med eit så inkonsekvent vedtak som dette. Men når kjenslene er sterke, må alltid rasjonaliteten vika, også hos dei som vedkjenner seg til fornuften som øvste dommar i det meste. For i spørsmålet om kristendomen sin plass i samfunnet, er det kjenslene som rår, ikkje fornuften. Og ikkje minst i Stang sin familie. Mora, Wenche Foss, har ved fleire høve stått fram i media og uttrykt sin klåre forakt for konservativ kristendom. Det har ikkje vore vakkert å høyra på.


Denne rådhussaka får stå som eit symbol på noko større som eg trur er i ferd med å skje: Kristendomen er på veg ut som statsreligion i Noreg, og humanetikken er på veg inn. Kor mange i regjeringa som er humanetikarar veit eg ikkje. Men sjølve filosofien står sterkt i AP og SV, og etter kvart også i Høgre som Stang representerer, og det gamle kristendomsfaget i skulen er meir og meir vorten eit fag på humanetikarane sine premissar. Organisasjonen er i medgang mellom akademikarar, og det er som kjent dei som kler dei mektige posisjonane i Noreg.

Avgjerda i Oslo bystyre var udemokratisk så det held. Men i spørsmål om kristen tru og kristne verdiar, er ikkje dei store i samfunnet drivne av demokratiske krefter, men av demoniske krefter som styrer tankane og kjenslene deira til å gjera slikt som dei her har gjort.

Foreldremøte

Har hatt møte med foreldra til den nye klassen min i dag. Det gjekk i grunnen veldig fint. Dei var fornøgde med den pedagogiske filosofien min, og det er bra. Har i grunnen fått fin kontakt med elevane, og me er komen i flytsonen. Nokre av dei treng nok å strama seg opp. Dei yt ikkje sitt beste, og det er heilt naudsynt dersom dei vil ha gode resultat, og det vil dei jo.

torsdag 28. august 2008

Valden i Orissa eskalerer

Worthy News melder no om at valden mot dei kristne i Orissa eskalerer. Så langt har 600 kyrkjer vorten øydelagde, 4000 kristne er på flukt frå landsbyane sine og minst 25 er drepne. Situasjonen er dramatisk for flyktningane i og med det kontinuerleg kraftig monsunregnet som pregar dette området på denne årstida.

Me held fram med å be for våre kristne søsken at Herren skal vera med dei der dei er og verna dei mot fleire overgrep og mot alle andre fårar som lurer på heimlause menneske.

onsdag 27. august 2008

Kraftig forfølging av kristne i Orissa, India

I forlenginga av drapet på Swami Laxmanandana, leiaren for World Hindu Council, den 23 august, braut det 24. august ut kraftige forfølgingar mot kristne i den indiske delstaten Orissa. Militante hinduar skuldar kristne for å stå bak dette attentatet, sjølv om det føreligg sterke prov for at det var ei maoistisk gruppe som sto bak, og har starta mange åtak på kristne over heile staten og slått og drepe kristne i minimum 12 distrikt. I ei kyrkje vart 6 kristne arbeidara brutalt myrda. Vidare har dei sett fyr på kyrkjebygningar, misjonsstasjonar, skular, eit sosialsenter og to barneheimar. Den eine av barneheimane låg i Bargah, og der brann ei ung kvinne inne etter at ho hadde forsøkt å verna nokre av borna mot skade.


150 kristne heimar er vorten brent ned, ein lam mann kom seg ikkje tidsnok ut og brann inne. Sjølv om politiet seier dei vil beskytta dei kristne, har åtaka berre halde fram dei siste dagane.
Presidenten og grunnleggjaren av Gospel for Asia, K.P. Yohannan fortel at Orissa er ein av dei mest unådde regionane på heile det indiske subkontinent, men at mange har kome til tru på Kristus den siste tida, og at det er bakgrunnen for aggresjon mot dei kristne no.
Det var elles i Orissa at den australske misjonæren Graham Staines og dei to sønene hans vart brent til døde i ein bil i 1999.

Det var også her at mange kristne vart drepne rundt juletider.

Lat oss be for dei kristne i Orissa at dei står faste i trua i denne tida med lidingar, og spesielt for dei som har mista sine kjære.

Vidare vil det her krevjast store summar for å hjelpa dei kristne å byggja opp at alt som er blitt øydelagt.

"Erkjente ikke straffeskyld"

Der var det igjen. Det er blitt ein vane å høyra at menn som har utøvd drap og andre stygge overgrep ikkje erkjenner straffeskuld. Ja, sjølv om dei erkjenner å ha utøvd udåden, vil dei ha retten og alle oss andre til å tru at dei ikkje strafferettsleg ansvarlege. Det ser ut til at ingen lenger vil ta ansvar for handlingane sine i dette samfunnet, men for einkvar pris skjula dei, bagatellisera dei eller frikjenna seg sjølve som utilreknelege på gjerningstidspunktet. Kva er det som skjer med oss?

Ingen kan springa i frå ansvaret sitt. Ein dag vert ein teken att, om ikkje før så på Herrens dag.

Dessutan er det farleg for sjela å ikkje erkjenna og stilla seg ansvarleg for sitt eige liv. Dersom ein kjem unna med urett, lever ein på lygn, og den som lever på lygn, taper sjela si. Ingen tvil om det. Ein taper i dette livet, og tapet vert fullstendig i det neste.

Denne gongen er det ein 41 år gamal mann som står tiltalt i Oslo tingrett for krigsforbrytelsar i Bosnia i 1992. Han er tiltalt for dei mest forferdelege ting som han skal ha gjort mot serbiske fangar i ein fangeleir. Men han erkjenner ikkje straffeskuld, les me. Og så vart heile første dag i retten brukt til å diskutera om han kan stillast for norsk rett, sidan den lova han er tiltalt for ikkje er meir enn 2 år gamal, og sidan grunnlova ikkje opnar for at nye lover kan ha tilbakeverkande kraft.

Men eg spør meg: Erkjenner denne mannen moralsk skuld. Og dersom han gjer det, må det vel vera i hans eiga interesse å få stå til ansvar for det han har gjort. Ville ikkje moralsk normalt fungerande menneske tenkja slik? Har me ikkje alle behov for eit oppgjer når me har påført andre skade og frårøva dei livet eller andre høge verdiar?

Etter krigen vart ei rekkje ansvarlege nasistar dømde i Nürnberg etter naturretten. Denne vart ståande over alle grunnlover i validitet og hadde kraft i seg til å døma folk som hadde gjort alvorlege brotsverk mot menneskeætta.

Seinare er naturretten vorten parkert i Noreg til fordel for såkalla positiv rett. Den seier at det ikkje finst overordna moralnormer, men at det er rett som er gjeldande rett, eller gjeldande rettsoppfatning. Det kan syna seg å vera ei stor ulempe no då me skal stilla krigsforbrytarar til ansvar for gjerningane sine.

tirsdag 26. august 2008

Guds nærvær fordrar ærlegdom

"Herren er nær hjå alle som kallar, hjå alle som ærleg kallar på han." Salme 145, 18

Utan at Gud manifisterer sitt nærvær mellom oss, har me ingenting å fara med åndeleg sett. Det skjer rett og slett ingenting mellom oss av varig verdi. Alt blir menneskeverk, og alt me gjer ut frå eigen kløkt og dugleik vert ein dag borte. Berre det Gud gjer, blir ståande. Derfor må me innstendig be om at han kjem og er oss nær over tid. Kven av oss har vel ikkje opplevd at Guds gode nærvær kom og vart borte att? Og då må me spørja: Korleis skal me te oss for å få Gud til å "slå seg ned" hos oss, for å snakka reint menneskeleg? I går las me om kor viktig det personlege vitnemålet er. I dag vil eg fokusera på dette å omgåast Gud i ærlegdom. Gud trivest mellom ærlege menneske. Når det er uærlegdom i liva våre eller kyrkjelydane våre, trekkjer den gode Gud seg attende. Han trivest ikkje med lygn, det gjer han sorg. Så lat oss be om å få sjå sanninga om oss sjølve, og ivrig sanna syndene våre når Anden påpeikar og påtalar dei for oss. Det er heilt naudsynt for å oppnå den velsigninga at Gud kontinuerleg openberrar nærværet sitt mellom oss.