tirsdag 3. februar 2009

I tru, utan å sjå


Det vart sagt om Abraham at han levde i tru, utan å sjå. Og slik må me også leva. Me ser ikkje Gud, men me lever liva våre ut frå den føresetnad at han eksisterer, og me innrettar oss etter det som står i Bibelen. Det er å tru. Me ser ikkje vår eiga rettferd. Men me stolar på Jesus, at han har fjerna syndene våre med sitt offer, og gjeve oss ei fullkomen rettferd slik at me skin som finpussa juvelar for Gud. Folk kan le seg skakk av oss, men dette er det me trur på, og me vik ikkje ein tomme.

Men slik som det er i dogmatikken, slik er det også i det praktiske. Me investerer i Guds rike, gjev rikeleg til dei trengande og stolar på at Gud til ei kvar tid tek vare på oss og gjev oss det me treng. Me hevdar og forkynner Guds ord udelt, og satsar på at Gud let Ordet spira og gro til tru og liv for dei me snakkar for og med. Me ber for sjuke fordi me veit at Jesus vil det, og så får han ta seg av resultatet. Slik kan me halda fram. Og innimellom skjer dette forunderlege: "sa eg det ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom!" Ein Lasarus står opp. Eit under skjer. Og me får erfara at bak trua på Ordet, ligg det ein REALITET som ein dag skal visa seg for alle. Då skal kvart kne bøya seg, og kvar tunge sanna at "Jesus er Herre", til Guds Faders ære.

lørdag 31. januar 2009

Religiøse analfabetisme

Nordmenn er i stor grad vorten religiøse analfabetar. Det viser seg når me skal snakka om overnaturlege ting. Ingen veit heilt kva dei skal seia, for dei har ikkje adekvater religiøse erfaringar, ei heller eit religiøst begrepsapparat, og resultatet blir at dei snakkar stort sett tull og tøys. I Grosvold i går kveld var det ein psykolog på plass, ein spesialist på plaseboeffektar. Han skulle forklara kvifor folk vart friske av healing og dess like. Men her var det sant og seia lite å bli klok på. Han høyrdest med respekt å melda ikkje ut som ein ekspert på noko som helst. Han delte kun sin eigen kunnskapsløyse med oss, og det er som kjent sjeldan opplysande og oppbyggande. Men slik er det blitt i eit land som i så lang tid har bevega seg bort frå Bibelen. Det skumle med dette er at det at når du ikkje har ord, kan du ikkje tenkja, og du blir fort eit offer for løgn. Og i denne marknaden er det mange løgner ute og går om dagen, og menneska er ikkje i stand til å avsløra dei eller verna seg mot dei. Det endar opp med religiøse vrangførestellingar og ein usæl åndeleg lapskaus som fører menneska hovudstups inn i djevelens vald. Difor må me forkynna Ordet seint og tidleg, i tide og utide. For Gud kjem til oss gjennom Ordet, dvs gjennom Bibelen. Der strålar sanninga og sanningane mot oss og leider oss på Guds gode vegar, og lærer oss å tenkja Guds tankar.

fredag 30. januar 2009

Misjonrørsle på retur?


Det kjem om meldingar frå Norsk Luthersk Misjonssamband at dei må skjera ned på misjonærstaben sin. Dette er dårleg nytt, og kan ikkje indikera noko anna enn at kjærleiken til Jesus er på retur i dette landet. Drivkrafta i misjonen er nemleg kjærleiken til Jesus. For dersom me elskar Jesus, held me boda hans. Og hans bod er å gå ut og gjera alle folkeslag til hans læresveinar. Alle som elskar Jesus vil ha ein misjonsretta økonomi. Når me lukkar lommebøkene våre, er det fordi me lukkar hjarto våre for han som elskar oss og gav seg sjølv for oss. Du verda for ei naud dette er. Det er ei rørsle bort frå Gud i desse tala, ein pust av død. Å måtta seia opp misjonærar er heilt meiningslaust når me no går inn i den avgjerande innhaustinga før Jesus kjem att. Over 2000 folkeslag ventar enno på Guds ord. Då er det sørgjeleg at ein av dei største misjonsorganisasjonane i Noreg må redusera staben sin. Det skulle vore motsett. Lat oss be om at straumen snur, at kjærleiken til Jesus grip oss på nytt og forløyser økonomi til fornya misjonsinnsats.

Guds gåve

Sat i går og kjende meg så mislukka som kristen. Tenkte over alt eg burde fått til og som eg ikkje får til, over alle dei rimelege krava Gud og menneska har til meg og som eg ikkje klarar å oppfylla, og over otten og alle dei negative kreftene som rører seg i meg. Kjende meg så mislukka og miserabel.


Då skjedde det igjen: Den Heilage Ande kom til meg på sin sedvanlege måte og kviskra inn i hjarta mitt: "No må du ikkje gløyma at frelsa er ei gåve. Du er plassert i Jesus, og Gud din Far aktar deg høgt. Det må du også gjera. I Jesus er du både rein og komplett. Du har så lett for å gløyma. Det må du ikkje."

Då kjende eg at det letta i mi ånd. Den Heilage Ande er suveren. Han kjem til oss og peikar på Jesus når fienden peikar på alt me manglar, og på alt me burde ha fått til og ikkje får til og alt me burde ha vore og som me ikkje er. Forløysinga frå slike åndeleg depressive tankar ligg i evangeliet. Det vert aldri utslete. Igjen og igjen fører det oss ut i fridom, og det nærer oss så godt.

onsdag 28. januar 2009

Snåsamannen, helseministeren og vitskapen


Helseminister Bjarne Håkon Hansen fortel at den no så velkjende Snåsamannen lækte sonen hans for kolikk i 1997, og at denne opplevinga hadde gjeve han eit nytt syn på tilværet. Han trur no at "det er meir mellom himmel og jord enn det som naturvitskapen kan fortelja oss om". Og det er jo eit stykke på veg. Men mannen er jo ikkje framme. Ingen vert frelst ved å tru at det er noko mellom himmel og jord. Det som er mellom himmel og jord er jo strengt tatt ikkje så interessant. Det som verkeleg er interessant er jo det som er i himmelen, eller rettar sagt: HAN som er i himmelen, Gud, var skapar og far, og Sonen hans Jesus. Men Bjarne Håkon er på veg. Vonar han finn fram. Då ville det vorte storfest i himmelen, for fyren er jo så utruleg koseleg.

Men eg må jo få lov å seia noko om desse medisinske forskarane som ber seg så fælt etter vitnemålet til helseministeren. Dei meiner at han ikkje kan ha ei ny overtyding utan sterkare prov enn det han meiner seg å ha. For dette er plasebo, seier dei. Ja vel. Det er godt mogeleg at det hadde vore plasebo om det var Bjarne Håkon som hadde kolikk, men det var det jo ikkje. Det var jo babyen hans, og han visste neppe kva Snåsamannen heldt på med (her må jo det jo ha glippa skikkeleg for vitskapsmannen). Guten vart berre bra han, og foreldra vart glade og fegne som rimeleg kan vera. Og Bjarne Håkon gjekk i tenkeboksen og spurde seg sjølv om kva fylgjer dette måtte få for hans syn på røyndomen.

Problemet med desse forskarane er jo at dei trur at naturvitskapen femner heile tilværet. Men det kan han aldri gjera. Det overnaturlege, om det skulle finnast, kan sjølvsagt ikkje målast med naturvitskaplege målemetodar. Det er sjølvinnlysande. Men slik er det med mykje anna også: Kjærleik, rettferd, godleik osv er reelle ting i livet som ikkje kan bli objekt for naturvitskapleg forskning. Det er metafysikk, og tilhøyrer ei anna verd enn den naturvitskaplege. Slik er ei ny overtyding noko som kjem til folk og fangar dei inn, ofte som eit resultat av ei ny røynsle. Ein kan beklaga at det er slik, men det er jo ikkje så mykje å gjera med det heller.




tirsdag 27. januar 2009

Kva utviklar karakteren?

Når me les Bibelen, ser me at det er langt viktigare å ha åndeleg karakter enn åndeleg utrustning. Ei rik åndsutrsutning utan personleg karakter ser faktisk ut til å vera ein farleg kombinasjon. Kva er så karakter? Karakter er rett og slett den ryggmargsrefleksen som får eit menneske til å gjera det som er rett etter Guds hjarta utan å tenka på dei personlege omkostningane ved det. Korleis utviklar me sann kristen karakter? Det skjer når Jesu kjærleik trengjer inn i alle sjela sine porer og set farge på heile livet. Eg trur ikkje kristne karaktereigenskapar kan øvast opp. Dei veks fram i den som nærer seg av Jesu kjærleik og nåde. Bibelen kallar dei Andens frukt. Eit godt tre ber god frukt, seier Jesus. Ein dårleg tre ber dårleg frukt. Og Paulus set namn på fruktene i Galaterbrevet 5,22-24: kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, spaklynde og sjølvkontroll. Og sidan dette er frukter, er det ikkje snakk om indre kjensler, men personlege eigenskapar som andre menneske kan nyta.

mandag 26. januar 2009

Uria, ein mann med karakter

Uria er ein av dei store karakterane i historia, på linje med Josef og Daniel.

Kong David var desperat. Han hadde drive hor og gjort Batseba med barn. Kva skulle han gjera? Han la ein plan. For å løyna synda si måtte han ha Uria heim. Han måtte få graviditeten over på han Dersom Uria kom heim, villa alt verka så naturleg, og ingen ville ha oppdaga David si synd. Men David forrekna seg. Uria ville slett ikkje dela seng med kona medan kameratane hans kjempa i fronten og frista eit strevsamt liv i felt. Nei, han ville sova ute som dei, og dela deira kår så godt han fekk det til. Uria la seg i telt utanfor kongens slott. For ein karakter denne mannen hadde, ein mann av edelt merke. Men det hadde sin pris. David sørga for å få han drepen i strid, og kongen vart både horkar og mordar.

Bekvemmeligheten er kristendomen sin verste pest og hindring. Me, som alle andre, hatar ubehag. Me søkjer med iver det som gjer livet komfortabelt. Men skal me skapa historie, må me gjera det rette og gå Guds veg sjølv om det inneber å leva ubekvemt. Uria gjorde det, og han lyser i historia. Ingen kunne ha klandra han om han gjekk heim til Batseba, men ved å ta meir ubehag enn det andre kunne forventa av han, kom han til å berga David frå undergangen . Men han sjølv vart drepen.

For Jesu læresveinar er det ubekvemme meir regelen enn unnataket. Jesus snakkar om å gå på den smale vegen der få bevegar seg. Kva handlar det om? Om å gå ei ekstra mil med eit menneske, om å hjelpa dei fattige og undertrykte, om å ha ein misjonsretta økonomi, om å leva eit sjølvoppofrande liv (Jesus snakkar om å bera krossen sin), om å leva i nøgdsemd, om å leva i bøn og faste og om å vera eit aktivt vitne om Jesus i kvardagen. Alt saman har sin pris. Men det genererer store verdiar.

Då Kristus overgav livet sitt i døden for oss, fekk med det som ei gåve. Slik vil han at me skal leggja ned liva våre i teneste for nesten. Då møter dei Jesus i oss.