tirsdag 27. desember 2011

Fylt av Kristus

"For av hans fullnad har me alle fått, og det nåde over nåde." Johannes 1,16.

Dette verset lærer oss at Gud er raus. Han gjev oss ikkje eit åndeleg eksistensminimum å leva på, nei han FYLLER OSS MED JESUS. Og det gjeld ikkje berre nokre få heldige kristne som er på rett plass til rett tid, nei, Kristi fullnad er fritt tilgjengeleg for ALLE frelste. Alt er nåde. Nåde over nåde, dvs dagleg ny nåde. Ingenting er av forteneste eller pga åndelege øvingar av eitt eller anna slag. Guds fullnad kjem med Guds nåde ser det ut for. 

I Efesarbrevet 3,19 er dette enno nærare forklart: den som kjenner Kristi kjærleik, blir fylt med heile Guds fullnad. Så handlar det for oss om å leva i Guds nåde. Der er Kristi fullnad å henta. Ingen andre plassar.

Likevel: det er ein link til den kristne fellesskapen her. Breidda, lengda, høgda og djupna i Kristi kjærleik fattar me SAMAN MED ALLE DEI HEILAGE, Ef, 3,18.

Kyrkjelyden er den arenaen som Jesus Kristus trivest best på. Å løysa seg frå fellesskapen er ingen suksessfaktor i kristenlivet. Den som det gjer opplever tilbakeslag på alle områder.

mandag 26. desember 2011

Herrens herlegdom

”Og me såg herlegdomen hans, den herlegdomen som ein einboren Son har frå Far sin, full av nåde og sanning.” Johannes 1,14 b

Me møter Herrens herlegdom gjennom heile Bibelen, anten i form av det lyset som går ut frå Gud, eller ved at hans makt, godleik og venleik på ein eller annan kjem til syne gjennom hans gjerningar. Herrens herlegdom strålte rundt englane som synte seg for gjetarane på Betlehemsmarkene. Det endra hjarto deira. Seinare fann dei barnet i krubba. Det fysiske lyset var ikkje der, men med fornya hjarto kunne sjå dei Guds herlegdom i augo åt den vesle.

Herrens herlegdom vert openberra gjennom Jesu undergjerningar (Johannes 2,11). Alle som får  hjarto sine forvandla  av Gud ”ser” hans herlegdom i det mirakuløse, og dei gleder seg. For alle andre er undera berre til forarging. 

Når Herren openberrar herlegdomen sin, vert alt anna borte for folk, og det er vanskeleg å snakka, og når ein snakkar, snakkar ein om Herren og det som har med han å gjera. Ein vert fanga, som nokre vert det av vakre bygningar eller kunstverk.  Å koma attende til ”kvardagen” kan opplevast som ein nedtur. 

Enkelte menneske har ”karisma”. Dei har ei utstråling som fyller rommet som dei er i. Nelson Mandela er ein slik. Han treng ikkje seia noko for å prega miljøet. Alle merkar nærværet hans, og han løftar folk berre ved å vera til stades. Dette er også ein del av Herrens herlegdom som fyller heile jorda. Kven får dette preget? Dei som er blitt prøvd og som har stått sin prøve, folk som snakkar og lever med substans,  folk med høgare mål enn dei trivielle, folk med karakter. 

I dette gjekk Jesus alle ein høg gong. Han hadde ei enorm utstråling. Guds kjærleik  og makt gjekk ut frå han og dreiv folk til Far. Han lækte dei sjuke og sette fri alle som var bundne av djevelen.  Livet hans lyste sterkt, og dei som var saman med han opplevde det ekstremt utfordrande. For nokre vart det for mykje av det gode. Dei fekk han drepen. 

Men ingen plassar kom hans herlegdom klårare fram enn på krossen då han midt i namnlaus pine bad for bødlane sine, tok ein røvar med seg til Paradis og så fint tok vare på mora si framtid. Og berre det faktum at han ikkje braut av dødsprosessen,  men fullførte det han var komen for, fortel om ein kjærleik til oss og ein karakter heilt  utanom det vanlege. Dette har nokre av oss sett, og det har forvandlar liva våre. Ingen over Jesus, ingen ved sida.

søndag 25. desember 2011

Og Ordet vart kjøt og tok bustad mellom oss

Overskrifta er frå Johannesevangeliet 1,14.

Det er første juledag, og me feirar under over alle under. C.S Lewis skriv i boka si "Mirakler": Det at Gud vart menneske utan å slutta å vera Gud, er det store miraklet  i vår historie. Det er vanskeleg å setja ord på dette, men det at den uavgrensa vart avgrensa, den mektige avmektig, den store liten, Herren ein tenar, det er fenomen som går høgt over vår menneskelege forstand. Det er guddommelege saker.

I teologien er det viktig å halda styr på paradoksa. Eit paradoks er to utsegner om ein og same ting som tilsynelatande ikkje let seg sameina.

Det at Gud vart menneske, er eit paradoks. Likeeins at Gud er tre og på same tid èin. At du i nattverden både får Jesu lekam og blod og samstundes får brød og vin. Likeeins med dåpen, vatnet er både naturleg vatn og heilagt vatn som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande. Den eine sida ved paradokset kan du sjå og studera. Den andre sida er ei sak for undring, tru og tilbeding.

Paradoksa audmjukar oss. Me kan strekka tanken så langt me vil, men me kan ikkje fatta dei likevel. Berre tru, tilbe, døypa, eta og nyta.

Då Gud skulle frelsa oss, måtte han bli ein av oss. Me hadde pådrege oss så mykje skuld, og denne skulda måtte sonast av eit menneske som var utan skuld, ein stedfortredar. Ingen av Adams barn høvde til denne gjerninga. Ingen hadde rett kvalitet. Ingen var store nok. Det var berre ein måte: Gud måtte gjera det sjølv. Difor vart han menneske.

Gud vart ein av oss. Ingen kan fatta stordomen i dette skikkeleg. Men den Gud som vart ein av oss for å ta på seg vår skuld og dom, han må til dei grader vera både for oss. Det er veldig for meg når eg kan seia: Gud er for meg! Han er i sin eigen persom mi rettferd, min evige representant. Det er han også for deg om du ønskjer at det skal vera slik.

Det er èin Gud, skriv apostelen Paulus, og èin mellommann mellom Gud og menneske, menneske Jesus Kristus. Gud tok vår frelse heilt og fullt ut av våre eigne hender og frelste oss med sitt eige blod utan vår medverknad. Vår lodd no er å ta imot, takka og tilbe, eller avvisa og gå vidare utan han som kom for å vera for oss og med oss.

lørdag 24. desember 2011

Dei som tok imot Jesus.

"Men alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds barn, dei som trur på namnet hans". Johannes 1,12.

Maira og Josef tok imot Jesus. Dei vart Guds barn. Gjetarane på  Betlehemsmarkene like eins. Og dei vise menn frå Austerland. Seinare har det vore millionar på millionar som har erfart det same. Kva er det som skjer når me tek imot Jesus? Me får del i alt det som han er og har, og sidan han er Guds Son, vil me då også få del i barnekåret (eller sonekåretsom det heiter på gresk) hans, og med barnekår følgjer arverett og himmelhåp.

Gud gav oss Jesus, og det har stor løn for oss å ta imot han. Då blir me adopterte som Guds barn, og får dei same rettane hos Far som Sonen har.

Å ta imot Jesus og tru på namnet hans er eitt og det same. Namnet hans er Jeshua (Josva) og tyder "Herren er frelse."

Dette er stort å tenkja på. Jesus er vår frelse. Du kan ikkje finna ut om du er frelst ved å retta blikket mot deg sjølv og analysera ditt inder menneske. Nei, det er ikkje der di frelse er. Den er hos Jesus og i han åleine. Skal du finna frelsa di, må du studera og tilbe Jesus. God jul til deg og dine.

fredag 23. desember 2011

Det sanne lyset

"Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda." Johannes 1,9

Det sanne lyset er Jesus. Uttrykket "det sanne lyset"  kan også omsetjast med "det verkelege lyset". Jesus er altså sjølve lyskjelda, den som all godleik, rettferd og sanninga kjem frå. Alle andre som måtte uttrykka desse edle eigenskapane, reflekterer berre Jesus liksom månen reflekterer sola.

Nokre oppfattar store religionsstiftarar og ideologar som lys som dei orienterer liva sine etter. Desse menneska er falske  lys som fører folk på avvegar. Berre Jesus er det lyset som fører folk til Gud. Berre han er det fyrtårnet som viser rett veg.  "Ingen kjem til Far utan gjennom meg", seier han i Johannes 14,6.

Jesuslyset finn me aleine i Bibelen. Det lyset som kjem frå truande menneske, kjem frå det ordet som bur i dei. For den som har teke imot Guds ord, har Jesus i seg, og Jesus lyset gjennom dei, og jo meir av Guds ord som bur i dei og pregar dei, jo sterkare lyset Jesus gjennom dei. Slik kan han seia til læresveinane sine: "De er lyset for verda," og knyter det opp til det å leva i samsvar med forkynninga i Bergpreika.

Også i dette verset kjem kristendomen sin universelle karakter til syne. Jesus er det lyset som lyser opp kvart (panta = kvart, eller alle)  menneske. Alle er like kjær for han. Han rangerer ikkje. Alle kjem på førsteplass.

Å lysa opp kvart menneske skildrar det som skjer når Jesus kjem inn i folks liv. Då kjenner ein seg så rik og elska. Rett nok avslører lyset alt i liva våre av fusk og fanteri, og alt me har gjort som ikkje har vore motivert av kjærleik til Gud og nesten, samt all eigenrådighet og ulydnad, alt det som Bibelen kallar synd, det som sender oss i fortapinga dersom me ikkje Jesus får koma inn og dekka det heile med sin nåde. Men jo meir me forstår av den slags, jo større blir det for oss at me er elska, ein kjærleik som får hjarto våre til å svulma av forløyst glede. Jesus skaper fest i hjarta.






torsdag 22. desember 2011

Jødane og Jesus.

Jødane er Jesu næraste familie. Då Gud vart menneske, valde han å bli jøde. Det har stor betydning for dette folket. Jesus er deira evige konge. Gud er jøde, og det plasserer for alltid jødane i ei særstilling i frelseshistoria. "Frelsa kjem frå jødane," sa Jesus til den samaritanske kvinna. Slik er det blitt. Jøden Jesus vart krossfestpå initiativ av jødar, og hans jødiske vener gav oss Det nye testamentet. Alt Guds ord til verda har kome gjennom munnen eller pennen til jødar.

Det var altså til dei Jesus kom med Guds gåver. Men dei avviste han, ville ikkje ha han, ei heller det han hadde å gje. Slik var det då. Slik er det i dag. Det jødiske folket avviser framleis Jesus som Herre og Messias. Rett nok er det mange enkeltpersonar i Israels land og mellom verdas jødar som i desse dagar opplever frelsa i Jesus, og det er ei sterkt aukande kristen rørsle mellom jødar, men nasjonalt står dei Jesus imot. Det vil dei gjera til talet på heidningar i Guds kyrkje har nådd eit visst nivå. Når det skjer, vil det losna i Israel, og jødane vil som folk og nasjon på uventa kort tid venda seg til Kristus. Det blir ei stor innhausting av Guds eigedomsfolk, noko som i neste omgang fører til ei verdsvid kristen vekkjing. Israels godkjenningav Jesus  fører til liv av døde for verda, skriv Paulus i Romerbrevet 11.

Israels land og det jødiske folket er nøkkelen til framtida for denne verda. Det veit djevelen, og han rasar mot dei, og får ei heil arabisk verd til å gjera det same. Gjennom historia har jødane vore forfølgde og trakasserte heilt frå folket sine tidlegaste tider. Men trass i progromar og "det store brennofferet" under 2.verdskrig der Hitler klarte å drepa 6 millionar av dei, har dei imot alle odds overlevd. Det vil dei også gjera i framtida, og dei som velsignar og ærar dette landet og folket, vil bli velsigna av Gud. Dese vil han tala til, syna seg for, frelsa og verna og æra på så mange vis.

Johannes sitt vitnemål

Johannes døyparen skulle "vitna om lyset, slik at alle kunne koma til tru ved han." Johannesevangeliet 1,7. Lyset var Jesus, og Johannes vitna om han og identifiserte han som Guds Son, Guds lam og som den som døyper med Den heilage ande. Alt handla om Jesus for Johannes. Han framheva aldri seg sjølv, berre Jesus. Om seg sjølv sa han: "Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer Herrens veg bein." (v. 23). Den som er fylt av Den heilage ande og sendt av Gud, fremhevar aldri seg sjølv, berre Jesus og Guds ord. Guds kyrkje er i våre dagar full av åndelege skrytepavar som gjerne vil ha folks fokus, og som rosar seg over kor brukbare dei er for Gud og kor store resultat dei kan syna til. Dei vil så gjerne bli beundra. Sanninga er at dei er komne heilt på avvegar, og må snu og sanna sjølvglorifiseringa si som synd om dei skal bli ståande i trua. At nokon får nådegåver og blir brukt av Gud til frelse og lækjedom for andre, er nåde frå a til å og løftar dei ikkje ein millimeter høgare enn andre kristne. Den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, men den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt. I denne saka er det aldri Andens gåver det kjem an på, men Andens frukter. Når kjærleik, glede, fred, sjølvkontroll og slike ting veks fram frå livet ditt, då er du på rett spor.

Johannes sa: "Etter meg kjem ein som er større enn meg, fordi han var før meg." Og vidare: "Han skal veksa, eg skal minka." Det skjedde. Til slutt vart han eit hovud kortare pga sin store ihuge for Guds ord og ære.

Johannes vitna om lyset, ja, han reflekterte Guds lys så sterkt at "alle kom til han." Så peika han på Jesus og sa: Det er Han det handlar om, "sjå, der er Guds lam som ber bort verdas synd." Så gjekk folket til Jesus i staden. Og Johannes gledde seg.