mandag 6. mai 2019

Bibelstatistikk

I går såg me på prosessen med å få Det nye testamentet omsett til kelikospråket, og me såg kor glade desse sudanarane vart då dei kunne lesa eller høyra Guds ord på morsmålet. Mange har kome til tru etter det.

Heile Bibelen er i dag omsett til 683 språk. I tillegg er Det nye testamentet omsett til 1534 språk, og deler av Bibelen til 1133. Til saman har altså 3350 språkgrupper tilgang på Guds ord på eitt eller anna nivå.

2163 språkgrupper har ingen tilgang til Bibelen. Dei utrgjer 180 millonar menneske. Me forstår her at me  snakkar om minoritetsspråk. 39% av alle levande språk manglar bibeloversetting. Desse språka vert snakka av kun 2,4% av verdas befolkning.


Når det gjeld progresjon fann eg denne statistikken på www.wycliffe.no:











Denne statistikken syner ein kraftig nedgang i talet på ferdigstilte  prosjekt frå 2016 til 2018 i høve til 2014-2016. Skal me uroa oss?





lørdag 4. mai 2019

Kristen samlivsetikk

Gud er ekstremt oppteken av samliv. Han vil at me skal vera lukkelege både i dette livet og i det som kjem, difor fortel han oss kva me skal tru, og korleis me skal leva, også på det seksuelle området.

Kva lærer han oss? Han er krystallklår: Det livslange ekteskapet mellom kvinne og mann er den einaste rette og legitime arenaen for seksuelt samliv, og målet med det heile er å få barn og etablera familiar.

Alle andre samlivsformer fører menneska bort frå Gud, og dersom ikkje folk tek sjølvkritikk og vender om til Gud og hans standard, oppnår ein ikkje lukke korkje her i livet eller i det som kjem. Resultatet vert eit liv og ei æva utan Gud.

Gud er kjærleik. Det lærer Bibelen oss. Det betyr IKKJE at han akseperer alt me som menneske finn på, og ei heller betyr det at han tilgjev og tek imot alle til slutt. Nei, det betyr at han ofra livet sitt for oss, betalte for vår skuld slik at han har grunnlag for å tilgje oss når me snur oss bort frå våre synder og overgjev oss til han og innrettar oss etter hans lover. Jesus snakkar om at porten inn i Guds rike er trong og at vegen til himmelen er smal, og at det er få som når fram dit. Dei fleste vegrar seg for ei fullstendig kristen omvending, og blir gåande på den breie vegen som fører til fortaping og evig død. 

Men døra inn i Guds rike står enno vidopen, så her er det om å gjera å gripa høvet. Dagen kjem, og den er nær, då alle dører blir lukka og alle lys sløkte.

torsdag 18. april 2019

Australias fremste rugbystjerne, Israel Folau, siterte frå Bibelen på Instagram, og vart ekskludert frå sporten


Den australske rugbystjerna Israel Folau posta nyleg på Instagramkontoen sin at drukkenboltar, homoseksuelle, ekteskapsbrytarar, lygnarar, horebukkar, tjuvar, ateistar og avgudsdyrkarar er på veg mot helvete. Dette er ein uttale som mildest talt har falle i dårleg jord, og Folau er blitt ekskludert frå klubblag og landslag. Folau har fått klår melding om at han døgnet rundt representerer rugbylaget sitt, og kan ikkje skriva noko privar som fornærmar homofile. Grunngjevinga for det er at i denne sporten skal alle inkluderast.

Den engelske spelaren Billy Vunipola møter dei same reaksjonane etter at han har støtta Folau.

Denne saka syner at den reelle konflikten me som fleire og fleire kristne vil måtta ta stilling til å åra som kjem: Arbeidsgjevarane deira vil kreva av dei at dei er lojale mot deira verdisyn døgnet rundt, at dei kristne ikkje skriv og seier noko som kan bringa arbeidsplass og arbeidsgjevar i eit ugunstig lys , særleg i høve til homoseksuelle. Problemet som kristne står andsynes er at også Gud fordrar at dei er lydnad 24/7, og når arbeidsgjevar sine interesser og Guds interesser kolliderer med kvarandre, kjem dei i skvis.

Når kristne åtvarar mot synd, er det ut frå deira synsstad utelukkande i syndaren sine interesser. For dersom det er sant at dei gruppene som Folau nemner verkeleg er på veg mot helvete, og kristne trur jo det, då me det vera i folks interesse å få vita om det.

Kristne trur at livet har to utgangar, at det finst ein smal veg som fører til livet og ein brei som fører til fortaping, kan dei då teia still om dette når dei ser at folk vel den breie vegen i synd framfor den smale i dagleg omvending frå synd?

Det er ei stor sak i vår tid dette at homoseksuelle skal inkluderast og ikkje ekskluderast. Og i samfunnslivet må det jo vera slik. Men skal dei som meiner at homoseksuell livsstil er syndig og ekskluderer frå Guds rike ikkje ha lov å skriva og seia det utan å missa jobben?

Dette blir eit pinefullt spørsmål framover.

Me set pris på ytringsfridom i vesten, ja, me ser på den som ein særskilt vestleg verdi. Men er ytringsfridomen reell for kristne som trur på og siterer Bibelen?

I våre dagar er det mange som tek pinestaden "helvete" i sin munn. Det er mykje bannskap i samfunnet. Også i TV. Men dette er ytringsfridom. Simpelthen alle skal kunna snakka om helvete, utanom dei som faktisk trur på det. Rare greier dette.

tirsdag 9. april 2019

Forføring

 6 "Men den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, han var betre tent med å få ein kvernstein hengd om halsen og bli søkkt i havsens djup.
   
  7 Ve denne verda som lokkar til fall! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!" Sitat av Jesus Kristus, henta frå Matteusevangeliet kapittel 18,6-7. 

Kva er forføring? Det er å framstilla som rett og godt det som i følgje Bibelen er galt og vondt, og vise versa.

Det er barn og unge som aller mest er utsett for forføring. Dei er jo så ubefesta og har så lite kunnskap og erfaring, og fordi Jesus elskar dei så høgt, ser han ikkje gjennom fingrane med dei som forfører dei til å leva i strid med hans ord og bod. Det er tydeleg i denne teksten som er sitert ovanfor.

Kva tenkjer Jesus på? Han tenkjer på alvoret i å halda barna borte frå Guds ord og livet i kyrkjelyden, og gje barna eit inntrykk av at Guds ord og kyrkjelyden ikkje er så viktig. Men barnas liv og framtid kviler på at dei kjenner Gud og Jesus, og at dei får leva og utvikla seg som kristne i kyrkjelyden. 

Jesus er så tydeleg på dette. Me som er vaksne skal læra barna det han har sagt, og me skal læra dei å leva etter hans ord og befaling. Det kan me berre gjera med å ta dei med oss og demonstrera for dei korleis dette ser ut i praksis. Me er rollemodellar, alle vaksne er det, og det kviler eit enormt ansvar på oss. Det handlar om å halda seg åndeleg sunn og frisk, leva i Guds nåde og operera i Andens kraft. 

Og er du komen på avstand frå Gud og kyrkjelyden, må du snu og koma attende. Det er ikkje meir å seia om det. Og du kan trygt koma, for han elskar deg og vil for Jesu skuld tilgje deg alle dine synder og blåsa nytt liv og engasjement i deg, og ta barna med deg når du kjem.  







fredag 29. mars 2019

Guds uimotsåelege nåde. Eit nytt perspektiv på Nord Korea og kristendomen.

Frå Lausannekommiteen kom kom i går ein artikkel av Jamie Kim om Nord-Korea og kristendomen. Deler av denne (mestedelen) har eg her oversett til norsk.

Sjølv om Nord-Korea kan verka heilt lukka og upåverka av kristendomen, og sjølv om det ikkje eksisterer religionsfridom i landet, er det likevel lysstreif av håp, både når me ser på landet si historie, og når me ser på realitetane slik dei er på bakken i dag. Gjennom historia har Gud brukt både utanlandske og nasjonale kristne til å etterjaga koreanarane med sin uimotståelege nåde. 

Nord-Korea er ein nasjon som dei siste 70 åra  har prøvd å utrydda kristendomen fullstendig. Kim-dynastiet har gått gjennom store endringar, men ingenting har ført til framgang for nasjonen. Gjennom desse åra har mange utlendingar forsøkt å hjelpa Nord Korea, men det har ikkje vore lett. Mange har måtta reisa frå landet utbrente og desillusjonerte.

Likevel er ikkje Gud på nokon måte fråverande i Nord Korea. Hans uimotståelege nåde har sett, og set sine tydelege avtrykk i nasjonens liv.

Kristendomen i Korea

Nord Korea er ikkje framand for kristendomen. Kristne vekkingar, moderne medisin, utdanning, og sjølvstenderørsler er blitt brukt av Gud til å dra nasjonen til seg sjølv. I 1907, då Pyongyang var hovudstad i heile Korea, vart byen, pga det sterke kristne nærværet i byen, kalla austens Jerusalem.

Medisin spela ein stor rolle når det galdt å opna Korea for kristendomen. Horace Allen, ein amerikansk legemisjonær, kom til Korea i 1884. Han gav broren til dronninga i landet medisiner som gjorde at han vart frisk frå ein plagsam sjukdom, og gjennom denne velgjerninga, opna landet seg for utanlandske misjonærar, og kristendomen fekk raskt ein kraftig vekst. Kort tid etter etablerte Allen eit sjukehus og ein skule, og misjonærane fekk høve til å starta utdanningsinstitusjonar over heile landet. Resultatet vart 293 skular og 40 universitet.

Kristendomen vart også identifisert med motstand mot japansk kolonialisme (merknad: Japan okkuperte Korea i 1910), noko som gav stor respekt og legitimitet. Sjølv om kristne berre utgjorde 2% av befolkninga på den tida, utgjorde dei opp mot 50% av dei som på ein eller annan måte kjempa mot japanarane.

Forfølging av kristne i nord

(Merknad: Som eit resultat av 2.verdskrigen vart Korea delt i to, Nord og Sør Korea). Frå 1945 til 1980 prøvde Kim Il Sung å fullstendig utrydda kristendomen frå Nord Korea, og han proklamerte i 1970 at det ikkje var ein einaste kristen att. Men i 1980 inviterte han likevel Billy Graham på besøk til for å forkynna evangeliet for nordkoreanarane, likeeins Sun Myong Moon og andre prominente kristne pastorar. Målet hans var då å påvisa at det var religionsfridom i landet. Det var ei innrømming av at kristendomen framleis var ei levande kraft i Nord Korea, men me veit i dag at forfølginga av truande på den tid var svært tung og alvorleg. 

Etter at Kim Il Sung døydde vart det hungersnaud i Nord Korea. Grunnen var at Sovjetunionen drog ut den mangeårige støtta si, og resultatet vart at opp mot fleire millionar nordkoreanarar døydde av svolt (merknad: Det skjedde på slutten av 1990-talet). I denne tida var det fleire hundre tusen nordkoranarar som kryssa grensa til Kina i håp om å få tak i mat. Ut frå mine eigne røynsler frå denne tida, møtte mange av desse matflyktningan Guds kjærleik gjennom kristne i Kina. Tusenvis av dei kom til personleg tru på Jesus Kristus, og reiste attende til Nord Korea med det kristne håpet i hjarto sine.     

Transparent kristent engasjement

I Kina har kristendomen blitt identifisert med ei kolonimakt som m.a. starta den brutale opiumskrigen. Slik er det ikkje i Nord Korea. Der lever enno minne om kristendomen som ei kraft i folket som starta sjukehus og skular som gav folket helse og utdanning. Likevel er kristendomen forboden rett og slett fordi landet byggjer på ein marxistisk ideologi som stemplar all religion som "opium for folket". Men den i utgangspunktet positive haldninga gjer at dei kristne som i dag kjem til Nord Korea for å vera til hjelp kjem lengst med å vera transparente med tanke på trua si.


Kristent nærvær

Sidan 1995 har over 70 kristne organisasjonar blitt ønskt velkomen for å jobba i landet med ulike hjelpe og utviklingstiltak.  Totalt er det 480 ulike utanlandske organisasjonar som har eit engasjement der. Men også i dei 410 sekulære organisasjonane jobbar det mange kristne.

Sanninga er at nordkoreanske styresmakter ønskjer kristne organisasjonar velkommen til landet (merknad: for å driva hjelpetiltak, ikkje misjonera). Dei seier at sekulære organisasjonar gjerne vil skaffa seg fordeler, medan dei kristne berre kjem for å hjelpa dei utan å krevja noko attende.            

Så lenge koreanarane får det inntrykket at kristne stiller opp for dei pga kjærleik, vil dei etterkvart identifisera kristendomen som ein koreanske religion. 


Konsultasjon om Nord Korea i Lausanneregi

I februar i år var 80 profesjonelle (innan næringslivet) og pastorar samla i Pasadena i regi av Lausannekommiteen for å be og snakka om korleis den globale kyrkja kan bli meir involvert i arbeid i Nord Korea. I dette møtet kunne kristne fortelja ufattelege ting om korleis det er å leva i dette landet, ting som står i grell kontrast til nyheitsbilete frå den internasjonale pressa som utelukkande fokuserer om atomtrugsmål og vestlege sanksjonar.

 Det vart naturlegvis også snakka om faremomenta. Folk kan bli arresterte og koma i fengsel, og spørsmålet er: korleis kan kyrkja førebu og utrusta unge menneske til å leva under slike usikre tilhøve som dette?

Utfordringen med einskap

Kristen einskap er viktig for å lukkast i Nord Korea. Me er ikkje gode på dette, og kristen oppsplitting gjer det vanskeleg for folk flest å gripa evangeliet, og det gjev rom for at usunne sekter kan få utfalda seg og gjera stort skadeverk. Dessutan undergrev konkurranse mellom kyrkjer sjølve evangeliet som jo er ein bodskap om forsoning og einskap.

Det er som Lessly Newbegin klagar over: "Korleis kan me som lever uforsonlege liv, forkynna Kristi forsoning for verda? Korleis kan me forkynna for menneska at Jesus er Herre, når me ikkje klarar å leva saman under hans herrdøme?"






søndag 24. mars 2019

10/40- vindauga

Image result for 10-40 window 

2/3 av menneska på jorda lever mellom 10 gradet nord og 40 grader nord, eit området som utgjer 1/3 av verdas landareal.  Dei aller, aller fleste unådde folkeslaga på jorda lever her Me snakkar om Midt-Austen, Nord-Afrika og Asia. Dette området er dominert av dei tre store verdsreligionane islam, buddhismen og hinduismen, forutan kommunismen som dominerer i Kina, og i noko grad også i Indo-Kina.

I 10/40 vindauga finn me også dei fattigaste av dei fattige menneska på jorda som bur i land som er i stor grad er stengt for kristen misjon. Det er også her forfølginga av nasjonale kristne er mest heftig og alvorleg. Vidare er det i desse landa at misbruk av barn, slaveri og pedofili er mest utbreidd. Menneskerettane blir dagleg krenka i stor skala, og dessutan gjev land som Afghanistan og Pakistan rom og ly for verdas terroristorganisasjonar.

Det var missiologen Louis Bush som begynte å snakka om 10/40 vindauga ein gong på 1990-talet i eit forsøk på å få kristne til å forandra fokus, for sjølv om dei største utfordringar for den kristne kyrkja er å finna i 10/40-landa, er det her ho set inn minst ressursar både når det gjeld økonomi og personell. Ikkje meir enn 3% av misjonsinnsatsen frå kyrkjene i vesten rettar seg mot unådde folkeslag i denne regionen.

Om ikkje anna, bør denne forståinga ha betydning for korleis me ber, og i den samanheng kan det vera lurt å brukla bloggen min som du finn på www.globalbonn.blogspot.com, og dersom du meistrar engelsk, bør du kopla deg opp mot www.joshuaproject.net, og www.operationworld.org. Der finn du dei beste og fyldigaste data. Lukke til med det, og hugs at bøn fungerer og utgjer heile forskjellen eigentleg.


søndag 17. mars 2019

Det store skiftet

Lenge vart det snakka om "det kristne Vesten". Då den evangeliske misjonsrørsla starta på 1700-talet og heilt til langt ut i det 20. hundreåret gjekk evangeliet frå "vesten til resten".

Slik er det ikkje på nokon måte lenger. Frukta av den evangeliske misjonen på verdsbasis har vore eit eventyr, evangeliet har slått djupe røter i land etter land og folk etter folk, og i dag er det langt fleire kristne i den tredje verda enn det er i dei vestlege landa, og straumen snur. I dag er det ein straum av misjonærar som kjem frå dei tradisjonelle "misjonslanda" for å starta misjon i Europa.

Når me snakkar om kristne i denne settinga er det naturlegvis aktive kristne som bekjenner trua på Jesus Kristus som Herre og frelsar me meiner

Dei tala eg presenterer her har eg naturlegvis henta frå www.joshuaproject.net. Statistikken ser slik ut:

År
% av alle kristne i Europa og Nord-Amerika                    
% av alle kristne i Asia, Afrika og Latin-Amerika
1800
99%
1%
1900
90%
10%
1978
50%
50%
2018
23%
77%


Dette enorme skiftet skuldast sjølvsagt den til dels enorme kyrkjeveksten i mange land i Afrika, Latin-Amerika og Asia, og det er særleg grunn til å dra fram land som Sør-Korea, Kina, Filippinane, Nigeria, Etiopia, Argentina, Brasil og landa i Mellom-Amerika, men det skuldast også det faktum at talet på kristne i Europa og Nord-Amerika har prosentvis gått kraftig attende. Det åndelege fråfallet i denne delen av verda er ein vesentleg årsak til at statistikken ser ut som han gjer. 

For å få tidevatnet til å snu her hos oss, må me ta eit par steg attende, ta i bruk JESUSMETODEN, og begynna å disippelgjera enkeltpersonar, og ta den tid det treng for å koma på offensiven.