lørdag 22. april 2023

Ein høyringssvar

Regjeringa vil redusera på den tida småbarnsforledre skal kunna motta kontantstøtte for barna sine. Her er mitt høyringssvar på regjeringa sitt forslag: 

Tre ting

For det første: Dei to første leveåra er overlag viktig for barnas utvikling. I denne tida skal den grunnleggjande tryggleiken på plass, og all forskning (og alt sunt vit), tilseier at det er godt for dei små barna å vera mest mogeleg saman med foreldra, og helst mor, i denne tida. Ingenting tilseier noko anna.

For det andre: Arbeidarpartiet har frå kontantstøtteordninga vart innført arbeidd hektisk for å fjerna ho. Ikkje fordi kontantstøtte er dårleg for barna, men meir av ideologiske grunnar. At barna er statens barn, er ein sjuk idè som gåt heilt attende til den greske bystaten Sparta, og seinare adoptert av allskens totalitære regimer. Følgjen av å redusera kontantstøttetida blir redusert fridom for mange familiar, men også at det berre blir rike og velståande familiar kan unna seg den gleda som det er for barna å ha det stabilt og trygt dei første leveråra. Berre barna til dei rike skal altså få sjansen til å sleppa den forferdelege seperasjonsangsten som mange småbarn opplever ved å bli plassert alt for tidleg i barnehage.

For det tredje: Det ligg eit overformynderi i dette. AP har i mange tiår meint at kvinna er den einaste rette som kan bestemma om eit unnfanga barn skal få leva eller om det må døy. Men når det gjeld kor lenge ho skal få ha gleda av å vera saman med barnet sitt under trygge økonomiske tilhøve, då er det staten som veit best. Dette opplever eg noko hyklerisk. Tillit i eine enden. Mistillit i den andre. Difor beklagar eg at regjeringa har bestemt seg for å forkorta kontantstøttetida. I staden bør ho auka både støtta og lengden på ho. Det ville ha tent barnet, familien og samfunnet godt.

mvh

Jens Thoresen

 

mandag 17. april 2023

Menneskerettsfråsegna artikkel 15

 1. Alle har rett til eit statsborgarskap.

2. Ingen skal misse statsborgarskapet sitt vilkårleg, eller bli nekta retten til å endre det.

Statsborgarskap i eit anstendig land er eit grunnleggjande gode for eitkvart menneske. Eg skriv anstendig fordi det er ganske mange land som blir styrt av despotar og dynastier som sug alt dei kan ut av folket sitt i staden for å tena det.   

At alle har rett til statsborgarskap, synest vera sjølvsagt. Men det er det ikkje. FN skriv at det er over 10 millionar statslause menneske i verda. Mange nr.2-barn i Kina er til dømes ikkje registrerte i offentlege register rett og slett fordi det lenge var forbode å få meir enn eitt barn i Kina. Desse uregistrerte menneska er på mange måter ikkje-eksisterande for storsamfunnet, det er berre kjende av familien og Gud, og dei manglar rett til helsehjelp, utdanning, arbeid og kva det skal vera. Slik blir artikkel 15 Menneskerettsfråsegna  broten systematisk i Kina, saman med retten til liv og privatliv, til det å ytra seg, organisera seg og til å tena Gud. Den kinesiske presidenten og kommuniskpartiet han leier bryr seg i det heile lite og ingenting om Menneskerettsfråsegna som landet har ratifisert.  

I Noreg lever over 2400  statslause. Det er i hovudsak flyktningar som mangla pass eller andre gode identitetspapirer då dei kom til landet. Dei kan bli verande ufatteleg lenge i Noreg på ufatteleg små ytingar. FN sin Høgkommisær for flyktningar kritiserer Noreg for dårleg handsaming av statslause flyktningar. Dei har t.d. ikkje rett til å arbeid eller utdanning, ei heller til medisinsk hjelp utover det akutte. Blir dei gamle,  er det ingen pensjon å få for dei. Norske styresmakter vil helst senda dei attende til eitt eller anna heimland, men utan pass, vil ikkje noko anna land i verda vedkjenna seg dei som sine og ta imot dei ved retur. 

Norske utlendingsstyresmakter gjer livet inderleg surt for dei som ikkje kan identifisera seg skikkeleg når dei kjem til landet. Det ligg mange, mange magre år framfor dei som kjem utan gyldige ID-papirer til landet. 

Men det slo meg ein tanke: Mange seksualbrotsmenn får ny identitet av styresmaktene når dei kjem ut av fengsel. Kanskje kunne dette også vera løysinga for papirlause flyktningar? Det skulle vel vera mogeleg for den eine når det er det for den andre?

At ingen skal nektast å få endra statsborgarskapet sitt, er vel helst teori, men ein nydeleg tanke. Dersom landa som har ratifisert Menneskerettsfråsegna etterleva denne, ville livet blitt langt enklare for mange. 

torsdag 13. april 2023

Menneskerettsfråsegna artikkel 14

 1. Alle som blir forfølgde har rett til å søkje og ta imot asyl i eit anna land.

2. Denne retten gjeld ikkje i rettssakar som har røynleg grunnlag i upolitiske brotsverk eller handlingar som strir mot formålet og prinsippet til Dei Sameinte Nasjonane.

Forfølging av etniske minoritetar eller av religiøse eller politiske dissidentar er eit megastort problem i mange land. 

Forfølging kan koma frå styresmaktene i landet, eller frå meir lokale krefter. Dei siste åra har væpna ekstremistar som IS og Boko Haram utsett meiningsmotstandarar for stygge overgrep. Nokre gongar er det familiar som utset familiemedlemmer for den ytterste fare. 

Asylretten gjeld i hovudsak for folk som vert forfølgde av styresmaktene, sjølv om forfølginga på ingen måte er avgrensa til desse. 

I følge snl.no er forfølging definert som gjentekne  grove krenkingar mot enkeltpersonar eller grupper utført av styresmakter eller andre maktpersonar. 

I dag opplever 350 millionar kristne i over 100 land ei eller anna form for forfølging. I Nord-Korea, Afghanistan, Eritrea, Iran, Nigeria, India, Kina og Saudi Arabia er forfølginga tung. 

Rohingyane i Myanmar er døme på ein etnisk minoritet som i dag blir forfølgde av majoritetsbefolkninga. 

Norske styresmakter sår ofte tvil om asylsøkjarar er forfølgde når dei søkjer asyl. Stundom er beviskrava skyhøge for dei stakkars asylantane. Særleg opplever iranarar, afghanarar og eritrearar dette. 

Del 2 avgrensar asylretten til folk som rømer utan å ha gjort noko kriminelt. Det er rett og rimeleg. 

lørdag 25. mars 2023

Påska 2023. Palmesøndag

 Jesu siste påske starta den søndagen då han reid inn i Jerusalem på eit esel, og læresveinane hylla han med hosiannarop og svingande palmegreiner.

Det låg forventningar i lufta, forventningar om vekking og nye tider, om gjennombrot for Guds rike på jorda, og det var lovsong og glede.

No skulle dei framande maktene ut, og Gud skulle styra Israel gjennom sin Messias. Det var dei sikre på. Og det rare var: det var dei trass i at Jesus minst tre gonger hadde sagt til dei at han skulle opp til Jerusalem for å bli torturert, døy på ein kross, for så å stå opp att frå dei døde den tredje dagen. Men det gjekk ikkje inn.

Kva kan me læra av dette?

Vel, Jesus måtte lida og døy for å frelsa oss frå våre synder. Det var ingen veg utanom. Akkurat denne hendinga er og blir heilt unik. Berre Gud som menneske kunne betale for våre synder.

Men Paulus skriv likevel noko spesielt i Kolossarbrevet 1:24, nemleg at han, i si teneste for kyrkja, måtte oppfylla det som enno manglar i Kristi liding.

Eg er ikkje heilt sikker på om eg forstår han rett, men det eg trur han vil seia er at vekking og liding høyrer saman. Det er ingen veg utanom. Der evangeliet går fram, samlar djevelen troppane sine og sørger for at dei som forkynner og vitnar får motstand, slik me ser det i  Nord-Korea, Afghanistan, Pakistan, Iran, Kina, Somalia, dei sentralasiatiske republikkane Eritrea og India, for å nemna nokre slike land.

Kva med oss her i Noreg og vesten? Her hos oss er det enno slik at djevelen når langt lenger med sin kamp mot Gud ved å forføra oss kristne i staden for å forfølga oss. Han får oss så lett til å adoptera verdiane sine som handlar om makt, ære, anerkjenning, pengar og komfort. Særleg det siste. Og så lenge dette er det me set mest pris på, klarar han fint å halda oss nede, og han klarar til og med å ribba mange for tru.

Difor ber me slik i dag: Gode Gud og Far! Vekk oss slik at Kristus kan lysa for oss. Me vil gjerne adopterer dine verdiar som våre. Hjelp oss å søka ditt ansikt, modig vitna om Jesus, forkynna evangeliet, syna godleik, lækja sjuke og reisa oss og tala mot all type vondskap.  Amen!

onsdag 1. mars 2023

Danske politikarar fjernar "bededagen."

 For å auka produksjonen i landet, har danske politikarar fjerna den tradisjonsrike "bededagen".

Ikkje veit eg kva danskar held på med på "bededagen" sin, om dei ber eller gjer noko anna. Men eg tenkjer: Er det ein dag danskane ikkje burde fjerna, men heller oppgradera til det den var tenkt til, så må det vera "bededagen". 

At denne no vert borte, har vel sin grunn i press frå næringslivet som ønskjer høgare produksjon. Sjølv om statsministeren i Danmark har slått til lyd for å revitalisera kristendomen si rolle og kraft i samfunnet, er det ikkje lett å stå mot krav frå næringslivet. 

Men dersom statsministeren verkeleg vil at danskane skal fornya sitt høve til Gud og hans bod, og dersom ho ønskjer eit godt samfunn,  og det gjer ho sjølvsagt, er bededagen den siste ho burde setja ein strek over. I staden burde ho oppfordra folk verkeleg til be på "bededagen". Då hadde landet opplevd  å bli velsigna åndeleg, økonomisk og sosialt. 

Men når det no er bestemt, kan ho jo bøta på feilen ved å rykka ut og oppfordra danskane å be kvar einaste av årets 365 dagar. 

tirsdag 28. februar 2023

Maktfordelingsprinsippet under åtak

 Unge samar demonstrerer utanfor Olje og energidepartementet mot staten som ikkje vil riva dei ulovleg oppsette vindturbinane på Fosen. Høgsterett har slått fast at desse turbinane øydelegg vinterbeitet for reinen, og er eit trugsmål mot samisk kultur og levemåte i Trøndelag. Dette kallar Høgsterett for eit pågåande menneskerettsbrot. Samane er eit urfolk, og historiske har dei rettar til store beiteområder for reinsflokkane sine. Desse områda er no blitt reduserte for sørsamane i Trøndelag. 

Men staten vil ikkje riva turbinane. I staden vil dei finna ein utveg som er slik at det blir plass både til samar, rein og vindturbinar på Fosen. Men dei har ikkje kome opp med korleis det kan gjerast. Det verkar som om olje og energiminister Åsland vil snakka det heile vekk. 

Det skulle ikkje vera så mykje å lura på. Vindturbinane på Fosen er rettsstridige. Korleis kan staten attreisa retten utan å riva turbinane? Det er meir enn eg skjønar. Er maktfordelingsprinsippet i spel her? 

Noreg blir styrt etter maktfordelingsprinsippet. Stortinget vedtek lover og løyver pengar, regjeringa er den utøvande makt og Høgsterett er den øvste dømmande instans. Dersom regjeringa no kan snakka seg vekk frå ein Høgsterettsdom, er eg redd for at det kan oppfattast som ei overprøving av vår høgste domstol med den følgje at maktfordelingsprinsippet står i fare for å rakna. Det er eit enormt demokratisk tilbakeslag. 



lørdag 18. februar 2023

Skepsis til skeive?


 I går heldt kultur og likestillingsminister Anette Trettebergstuen pressekonferanse om regjeringa sin nye "handlingsplan for kjønns og seksualitetsmangfald".  Planen skal vara frå no av og fram til 2026. Med seg på konferansen hadde ho representantar frå  ein del LHBTQ+ organisasjonar. Dei var inviterte for å koma med kvar sine innspel og kommentarar. 

Handlingsplanen inneheld 49 tiltak som syner kva regjeringa vil gjera for å redusera skepsisen til skeive, betra livsvilkåra deira og normalisera det å vera skeiv. Her er det mykje snakk om å endra haldningar hos folk, og innsatsen skal setjast inn mot alle aldersgrupper (inkludert barnehagebarn) og på alle samfunnsområder. Arbeidet skal vera systematisk og omfatta alle departement. Tre grupper blir nemnde spesielt kritiske i denne samanhengen : etniske minoritetsmiljø (inkludert samane), konservativt religiøse miljø, og idrettslaga (der krava til maskulinitet tradisjonelt har vore strenge) . 

For å nå måla i planen lovar Trettebergstuen auka tilskot til LHBTQ+-rørsla. I statsbudsjettet for 2023, der alle andre samfunnsområder må finna seg i mindre pengar, kan skeive organisasjonar gleda seg over dobling av tilskot. Det vil halda fram i åra som kjem. Det syner kor høg prioritet denne saka har for regjeringa. 

Trettebergstuen har som premiss at det i konservative religiøse miljø er stor skepsis til skeive. Det gjer ho utan å syna til forskning som underbyggjer påstanden. 

Mi røynsle er at konservative kristne er like glad i skeive som i andre menneske. Spørsmålet er: Går det an å vera glad i nokon trass i at ein ikkje kan godkjenna ein person sine handlingar? Ja, det vil eg påstå. Tanken om at Gud elskar oss menneske trass i at me bryt hans bod  er faktisk fundamentet i kristendomen, og alle som kjenner Gud, tenkjer og føler som han.  

Trettebergstuen trur at konservative kristne treng meir opplysning om kjønns og seksualitetsmangfald, og vil setja inn tiltak for å auka kunnskapen deira, og trur at det vil hjelpa dei til å tenkja rett slik ho meiner det.

Men saka er at mange konservative kristne har jobba mykje med denne tematikken, og er i så måte svært opplyste, faktisk meir enn dei fleste andre i samfunnet.  Dei skriv bøker og held føredrag landet over. Når dei har landa på det uunngåelege at det berre eksisterer to kjønn, så er det ikkje ut frå manglande kunnskap om saka, men rett og slett fordi dei i si jakt på kunnskap har funne gode grunnar til å meina det dei meiner, noko som forresten ikkje er sjokkerande i det heile tatt. I denne samanhengen finn eg grunn til å nemna to personar som driv eit utstrekt informasjonsarbeid i konservative kristne miljø: Øivind Benestad i Mor-Far-Barn, og Kjell Skartveit, forfattaren av boka "Normløst". Det er få i Noreg som har så mykje kunnskap som desse når det gjeld skeiv teori og implikasjonane med å innføra skeive verdiar som berekonstruksjonar i "det norske hus". 

Det blir spennande å følgja denne saka framover. Kor langt vil regjeringa gå for å tvinga oss "avvikarar" til å underordna oss programmet deira? Kva tiltak vil dei setja inn utover det reine opplysningsarbeidet? Kva skal t.d. til for å bli rettsforfølgd? Planen er flytande, sa ministeren, ho er open for nye glupe idear om nokon skulle koma opp med noko. 

Me som definerer oss som konservative kristne trur at Bibelens Gud veit best kva som gjer oss menneske lukkelege. Me trur hans bod er gode og tenlege å leva etter. Me trur også at han elskar alle menneske like høgt, og at han har ein god plan for alle, både "rette" og "skeive". Når me sannar syndene våre, vender oss bort frå dei og søkjer samfunn med han, blir me ønskt hjarteleg velkomen heim. Me er alle skeive i den meining at me er syndarar som har kome ut av kurs, og blir rettferdige for Gud utelukkande ved trua på Jesus Kristus som gav livet sitt til frelse for verda. Han er den rette mann for oss alle.