tirsdag 7. juni 2011

Rop av glede for Herren

Salme 98 i Bibelen er fin. Den handlar om å synga nye og friske songar for Herren. Sangen er ei gåve som Gud har gjeve oss, ei gåve som me skal bruka for å gleda han og kvarandre med.

Når Gud oppfordrar oss til å syngja, har det heilt spesielle grunnar. I denne salma les me at Guds heilage arm har gjeve han siger, og at han har gjort si frelse kjend for alle nasjonar, og at han har vist truskap mot Israel.

Det er to ting du som les dette skal ha som teikn på at Gud er Gud og at Jesus snart kjem att for å døma levande og døde: Guds frelse er i ferd med å bli gjort kjend for alle verdas folkeslag, og Herren hentar Israels folk tilbake til Israels land. Gud beviser seg sjølv gjennom desse to store verdshistoriske hendingane som skjer rett framfor augo på oss den dag i dag. Her er det folkens berre å tru, synga til Guds pris og forkynna hans storverk.

Gud gjer store ting midt i mellom oss. Han skaper tru i folk og frelser dei, han reiser opp nedbrotne menneskeliv, restituerer øydelagnde ekteskap og kjem med håp til folk som ikkje ser nokon utveg.

Slik er Gud. Han er god, og tenkjer berre på korleis han skal nå oss med sin godleik, korleis han skal få oss til å opna opp hjarto våre for han slik at han kan koma inn i vårt mørke med sitt lys. Difor må du som les dette berre opna opp og invitera han inn. Han er ikkje sein med å ta deg på ordet. Lukke til!

Kva Alpharadin KAN gje oss, og kva det IKKJE kan gje oss!

På 90-talet begynte professor Øyvind Bruland (til venstre, foto: Aftenposten) og doktorgradsstuden Roy Harvig Karlsen å forska på nye og meir målretta kreftmedisiner. Etter mange år føreligg det eintydige resultat som syner at medikamentet Alpharadin gjev pasientar som er svært sjuke av prostatakreft ei forlenga levetid på 3 månader, og mindre smerter enn det som desse pasientane elles ville hatt.

Det er grunn til å tru av denne medisinen også vil ha svært gunstig effekt på brystkreft hos kvinner og kreft i skjelettet hos begge kjønn.

Me er glade for all medisinsk framgang, og det er stort når folk får forlenga livet og betra livskvaliteten. DETTE ER DAGENS GODE NYHEIT. Me elskar godt nytt. Det er ikkje så ofte dei kjem, men altså idag.

Men ingen positiv nyheit kan nokon gong overgå det kristne evangelium, bodskapen om at all vondskap, sjukdom og naud og elende er overvunnen av Jesus Kristus, og at me ved å tru på han vert tilgjevne og frikjende av Gud vår FAR, og at HAN GJEV OSS EIT EVIG LIV, og ikkje berre eit lenger liv.

Eit lenger liv er bra. EIT EVIG LIV ER BETRE.

Behandlinga med Alpharadin er nok spinndyr, og det vert sagt at dei som no driv selskapet Algeta vil bli styrtrike. Me unner dei det.

MEN EVANGELIET ER GRATIS. Jesus har betalt prisen for vår frelse og han har gjort oss alle rike ved at me har Han, tilgjeving for syndene, barnekår, håp, glede, lækjedom, fridom, verdiar som overgår alle millionane til alle millionærar og milliarderar.

lørdag 4. juni 2011

Klokskapen i korrupsjon


















Då Quatar fekk tildelt fotball-VM 2022, trong ein ikkje vera profet for å skjøna at nokon i FIFA hadde fått pengar under bordet. Fleire i toppleiinga er i dag anklaga for å ha teke imot slike pengar, om enn ikkje Joseph Plattar som du ser på bilete. I alle høve har han gått fri så langt, men det er grunn til å tru av det kjem nye avsløringar i denne saka framover. Ting tyder på det.

Korrupsjon er eit stort problem, ikkje berre i FIFA, men i heile samfunnet. Korrupsjonsjegaren Eva Joly har synt oss at både franske og islandske politikarar har late seg bestikka, og ho meinar at ho berre har rørt ved toppen av toppen av eit isfjell.

Jesus også lærer oss også at det heftar mykje urett ved pengane, og at ein kan betala seg til det meste her i verda. Men han snur dette faktum i ein litt overraskande retning. Han seier: Det er klokt å sikra seg her i verda. Du bør ikkje sky noko middel med tanke på å få posisjon hos Gud, få retten til å bli Guds barn og få del i det evige livet. Den som ikkje tek i bruk alle tenkelege og utenkelege middel for å oppnå denne høge stillingen, har ikkje forstått noko som helst. Det er ikkje lett å lausriva seg frå denne verdas syndige gleder. Men kjemp for å koma inn i Guds rike, for mange vil forsøka, men dei vil ikkje klara det. Porten er trong og vegen er smal som fører til livet, og få er dei som finn han.

Gud kan ikkje bestikkast. Og ikkje trengst det heller. Jesus Kristus har på ærleg vis med sitt eige blod betalt betalt alt som skal til for at du skal kunna få barnekår hos Gud med alle rettar og rikdomar. Det er for deg berre for deg å takka han for dette og kalla på Gud som Far.

Men du kan ikkje kombinera å vera Guds barn og dyrka syndige gleder. Gud krev av deg av du er heil og reinskoren. Uærlegdom, ureinskap og trollskap av alle slag må du gje avkall på for å vera ein sann kristen. Du må rett og slett venda om frå synd, og det er denne prosessen som er vanskeleg, ja, umogeleg om ikkje Gud hjelper deg. Men det vil han om du ber han om å forbarma seg over deg.

torsdag 2. juni 2011

Èin konge

Det er Kristi himmelfartsdag, og i dag fokuserer me berre på JESUS. Verda er full av kongar og regentar, men det er berre èin som har tittelen "Kongen over kongane og Herren over herrane på jorda", og det er JESUS. Han sa: Eg har fått ALL MAKT i himmel og på jord. Kven gav han denne makta? Gud vår Far. Korleis gjorde han seg fortent til denne makta? Ved å sona verdas mange synder og sigra over døden. Kva betyr det at han har fått all makt? At han har rett til å tilgje alle menneske som ber om det, at har har rett til ditt hjarta og din lojalitet og at alle regentar på jorda er forplikta på å styra i samsvar med hans bod og vilje, og at han ein dag vil døma dei etter det.

Då Jesus fòr opp til himmelen, sette han seg ved Gud, vår Fars høgre hand. Der utøver han si regjering ved å dela ut Anden til alle menneske som vender om, ved å leida venene sine i gjennomføringa av planane sine. Kva er Jesu planar? Å forkynna den kristne bodskapen for alle folkeslag, slik kunnskapen om hans herlegdom til slutt dekker heile jorda. Når det har skjedd, kjem han attende på same måten som han fòr opp, for å frelsa alle dei som trur og døma dei vantru og vrange. Difor: Ta imot han i hjarta ditt, lat deg forsona med han og ver med i det fantastiske arbeidet som det er å gjera andre kjent med ein slik konge. Der Jesus vert høyrt og trudd, der er Guds rike. Dette riket er fullt av kjærleik, tilgjeving og kraft. Kom deg inn i det og ver med oss andre å utvida grensene for det og fylla det med tilgjevene folk.

onsdag 1. juni 2011

To kongar.

Svenskekongen er i hardt vær om dagen etter å ha blitt skulda for å ha hatt kontakt med kriminelle miljø og lettkledde damer på klubbar det ikkje sømer seg for ein konge å beøka.

Kongen sjølv innrømmer å ha vore på nattklubbar i Paris, men han hugsar ikkje at han har hatt noko med mafiaen å gjera.

Det er noko rart med oss menneske: Me blir fort veldig nyfikne og interesserte når me høyrer om galne ting som andre kan ha gjort. Ja, det gjev oss ei sjuk glede og styrker sjølvrettferda vår. Men våre eigne feil og fall vil me derimot ikkje snakka om. Me gøymer dei unna så godt som me kan.

Men me snakkar altså gjerne om andre sine synder. Det er avslørande. For i Bibelen står det at "kjærleiken skjuler mange synder." Når me då avslører andres feil, er det fordi me ikkje har Guds kjærleik i oss, og manglande kjærleik er grunnen til all vondskap. Det å leska seg på andres ulukke, er altså eit uttrykk for rein vondskap, ikkje noko mindre.

Gud toler ikkje vondskap, les me i Bibelen, og særleg ikkje dømesjuke. Dersom du er mellom dei som har denne tendensen i deg, må du innrømma både dette og andre feil for Gud om du vil bli frelst. Men det har du høve til. Me lever i nådens tid.

Kongen har vore på nattklubb. Men me veit ikkje om han har gjort noko gale. Eg kjenner ein annan konge som vart skulda for "å eta saman med tollarar og syndarar." Han heiter Jesus Kristus. Han elska syndarar, oppsøker dei i deira eigne miljø for å frelsa dei. Ingen miljø og menneske er mindreverdige for han, ei heller dei som held til på slottet i Stockholm, ei heller kong Carl Gustav. No har han trong for kong Jesus, og det er også tilfelle med alle oss andre. Ikkje ein minutt kan me klara oss utan han som er den einaste vegen til Gud.

tirsdag 31. mai 2011

Innhenta

Ratko Mladic er trygt på plass i Haag. Etter å ha vore 15 år på rømmen frå internasjonal lov og rett, er han blitt innhenta og må stå til rette for skuldingar om folkemord i Bosnia på 90-talet.

Menneske er eit moralsk vesen. Me må stå til ansvar for gjerningane våre. Ikkje alle forbrytarar blir innhenta medan dei lever. Nokre slepp tilsynelatande unna. Men berre tilsynelatande. For ingen kan lura seg unna Gud. Ikkje dei som har selt seg til vondskapen, og ingen av oss vanlege heller. Me skal alle fram for Kristi domstol og få ein rettferdig dom frå han som ser og veit alt. Det er ingen grunn til å tru at alle får same domen. Domen skal vera rettferdig og utmålast etter kvaliteten på liva våre. Men saka er: Ingen kan bli frikjent. Dvs. ikkje utan på førehand å ha søkt benådning hos Gud Saka er: INGEN SLEPP UNNA, MEN INGEN TRENG Å SMAKA DEN EVIGE STRAFFA. ALLE KAN BLI FRELST, FOR JESUS KRISTUS SONTE PÅ KROSSEN DEN STRAFFA SOM ME ALLE HADDE FORTENT. HAN ER DIN REDNINGSMANN, DEN EINASTE DU HAR. Korleis så bli frelst og tilgjeven? Det skjer ved at du innrømmer syndene og feila dine for Gud og ber han om nåde for Jesu skuld. Då deler den gode Gud med glede ut tilgjeving til deg, og han tek deg inn i varmen. Du blir hans barn, og får del i det evige livet som Jesus kjøpte deg retten til. Audmjukande? Ja, Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. Be til Gud og få saka di med han i orden.

onsdag 20. april 2011

Pontius Pilatus


Pontius Pilatus dømde Jesus til døden fordi han var redd for folket. Han visste at Jesus var uskuldig, likevel felte han dødsdomen. Etterpå vaska han hendene sine i eit fat og bedyra si uskuld. Trudde han at det gjekk an å koma seg unna ansvaret for eigne handlingar på ein slik måte? For eit sjølvbedrag. Ingen vert frikjent frå synd og skuld ved å frikjenna seg sjølv. Så lat det stå fast: DEN EINASTE SOM KAN FRIKJENNA OSS ER GUD!

Otten for "folket" held i dag mange borte frå Jesus Kristus. "Korleis vil dei eg har rundt meg reagera om eg overgjev livet mitt til Gud?" undrast mange. "Kva vil eg tapa på det?" Slike spørsmål vert ofte avgjerande for folk slik at dei ikkje gjer det som er rett, nemleg bli heilhjarta kristne. Det følest tryggare å vera på godfot med folket enn med Gud. Det er eit bedrag. Dersom Gud kallar deg til samfunn med seg, er det einaste trygge for deg å inngå forlik med han, be han om å tilgje deg alle dine synder og overgje styringa over livet ditt til han. "Kva er sanning?" spurde Pilatus Jesus. Han visste svaret. Det veit du også.