mandag 5. desember 2011

Veldig Gud

 
I dag skal me sjå på kva det inneber at Jesus Kristus er veldig Gud. For det første:  Akta nøye kva denne mannen har sagt, kva han meiner og kva han har pålagt oss å gjera. Me omgåast ikkje ein veldig Gud som om han skulle ha vore kven som helst, men årvake les me dekreta hans og studerer dei ned til den minste detalj, for heile vår framtid og lukke er bunde opp til denne mannen og hans velvilje. Dersom han godkjenner oss, er alt vel. Men dersom han avviser oss er katastrofen komplett. Hans dom over oss er nemleg irreversibel. 



Kva påbyr han oss? Om å venda oss bort frå våre synder til han som er den einaste som kan tilgje og gje oss evig liv, for det står berre til Gud å gjera slikt. Vidare byr han oss å gå ut og forkynna evangeliet for alle skapningar, lækja dei sjuke, setja dei som er bundne i fridom og byggja alle forløyste saman til levande varme fellesskap som i sin tur går ut og forkynner evangeliet osv. 

Veldig Gud var det som låg i krubba i Betlehem. Han som i rein glede og fryd skapte universet med alle galaksar og solsystem, han som med den største sans for detaljar sette alt saman av milliarder på milliarder av atom, han som får elektronane til å bevega seg med ein svimlande fart i banane sine utan at dei bremsar og stoppar, som me gjerne kunne tenkja oss at dei gjorde, han var det som vart eit lite barn, fødd i fattige kår for i sin guddommelege godleik å frelsa oss frå synd og skam. Til dette måtte han bli eit fattig lite menneske, ein av oss, vår bror, vår likemann, ein som vart prøvd i alt i likning med oss, og som stod sin prøve på alle punkt.

Dette er den Gud me trur på og elskar, han som vart menneske for å bera bort alle menneskers synder. For ein vidunderleg Gud me har. Og tenk, han var stor nok til å døy på vegne av oss alle. Kor godt det er for oss at Jesus Kristus er Veldig Gud.

Underfull Rådgjevar

Me er framleis i Jesaja 9. I den nye omsetjinga ber Barnet som er oss fødd fire namn der "underfull" skal plasserst framfor kvart av namna. Me startar med underfull Rådgjevar.

I Bibelen er Guds råd det same som Guds bod. Du får aldri betre råd for korleis du skal oppføra deg enn Gud har pålagt deg å gjera i lovs form, den lova du ein dag skal dømast etter.

Kva skal du så gjera? Ut frå dei 10 boda, kombinert med andre deler av Bibelen, kan me lesa dette:

Stol på Gud, pris hans namn, lytt til hans ord, æra foreldrene dine, verna livet frå unnfanging til naturleg død, sprei gode rykter om folk, snakk venleg til folk, unngå sex før ekteksapet, unngå sex utanfor ekteskapet, unngå sex med ein av same kjønn, la andre få ha sitt i fred, snakk sant og ver fornøgd med den, dei og det du har.

Jesus er underfull rådgjevar. Ordet hans er heilt gjennom påliteleg. Men han gjev også råd ved Den heilage ande, den Anden som gjev råd og styrke (Jesaja 11, 2). Det oppstår situasjonar i liva våre der me ikkje kan finna direkte rettleiing i Bibelen. Då vil Jesus gje oss råd gjennom intuisjon, draumar, syner og profetiske ord, eller gjennom gode kristne som har ei rådgjevingsgåve. Søk berre ikkje råd hos sannseiarar som ikkje lever i samfunn med Jesus. Dei vil berre villeida deg, og godta aldri råd som gjer at du må gå mot Guds ord, for då vil du, til di andre si ulukke, bevega deg bort frå Gud.

søndag 4. desember 2011

Herreveldet er lagt på hans skuldrar

Jesu kongedøme er universelt. Kvar einaste keisar, konge, president, statsminster, regjering og parlament står under hans autoritet, og det gjer dei sjølv om dei ikkje bryr seg katten om kva han meiner om saker og ting.  Men det er veldig dumt av dei, mildest talt. For den myndighet dei utøver er delegert, og ein dag skal dei stå til rekneskap for Jesus når han kjem attende for å døma levnde og døde.

I Salme 2 vert alle styrande sterkt oppførdra til å tena Herren med glede og ærefrykt, og skjelvande kyssa jorda for hans føter, dvs. tilbe han.  

Jesus sa: "Eg har fått all makt i himmel og på jord." Det greske ordet exousia tyder både makt og rett. Difor kan denne setninga gjerne forståast slik: "Eg har fått retten til alt i himmel og på jord."

Jesus Kristus har retten til all makt i ditt og mitt liv. Difor er eigenrådighet opprør mot han som er innsett som konge i liva våre. "Difor var det han døydde og sto opp, forat dei som lever ikkje lenger skal leva for seg sjølv, men for han som døydde og sto opp for oss," skriv apostelen Paulus.

fredag 2. desember 2011

Eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven.

Overskrifta er henta frå eit utruleg ord om den komande Messias i Jesaja 9,6.

Så er det ingen tvil: Jesus Messias er VÅR. Han er gjeven til OSS. Og alle som gjennom dåp og tru tek han til konge, blir medlemmer av hans rike med alle dei rettar som medfølgjer.

Kong Harald er konge for alle nordmenn, både for dei som oppfører seg fint og dei som ikkje gjer det. Det er eit  enormt privilegium å ha eit statsborgerskap. Kanskje tenkjer du ikkje noko over det, men takk gjerne Gud for at du har det.

No har eg i mange år jobba med statslause flyktningar som ikkje har rett til opphald i Noreg. Å leva slik er veldig tungt. Livet er til dei grader på vent for slike. Dei lever frå hand til munn i stadig redsle for politi og den framande statsmakta dei har rundt seg på alle kantar, og tankane og bønene deira er berre opptekne av denne eine tingen: "Å gode Gud, lat det ordna seg. Ver så snill. Ver så snill."

Godtfolk! Me mista alle vårt himmelske statsborgarskap då våre forfedre braut med Gud. Vår framtid var ytterst mørk. Men Gud såg i nåde til oss og gav oss Sonen sin, den einborne, forat alle som trur på han skulle få del i hans statsborgarskap i himmelen, og derigjennom evig liv.

Men kva om du oppfører dårleg ein dag? Misser du då statsborgarskapet ditt? Nei, så lenge du har Jesus til konge og sannar syndene dine, står det himmelske statsborgarskapet ditt fastare enn det jordiske. 

Tenk om me kunne ha forstått, men det gjer berre dei som lengtar etter Gud, himmelen og den evige rettferd. Det er grunn til å be: "Gode Gud, skap denne lengsla i alle dine menneskebarn denne jula."

torsdag 1. desember 2011

Plass for Jesus?


Jula handlar om Jesu underfulle fødsel. Ingen tvil om det. Men i vår moderne tid er jula blitt fanga av næringslivet. Her er det snakk om å selja, ikkje å tilbe.  

I forretningslivet si julesatsing er det ikkje så lett å finna spor av Jesus Kristus. Nissar og stjerner ser ut til å selja betre enn den heilage familien. 

Slik var det også den første julenatt. Det var ikkje plass for Jesus mellom menneska den gongen heller.  Han måtte ta til takke med ein stall og ei krubbe. Romantisk? Neppe. 

Jesus har aldri vore særleg populær mellom dei rike og mektige. Dei fattige har derimot langt lettare for å ta imot han, tru på han og elska han.

Dei fleste i vårt land er rike. Det gjev evangeliet tronge kår, og det er lett å merka. Men nokre tek likevel i mot han, og dei får retten til å kalla seg Guds barn, dei som trur på namnet hans. 

Slike menneske er rike midt i sin fattigdom. 

Jesus hadde eit stort oppdrag frå Gud. Han skulle frelsa oss frå våre synder, frå vår ibuande vondskap. Det var tøffe tak. Men han sto løpet, og Guds frelse blir no bode fram til alle som ei gåve.   Det skjer også i jula 2011, og alle som vil, kan ta imot og oppleva frelsa sitt under, at han som vart fødd i ein stall, også finn sin plass i dei tronge hjarto våre. Det gjer underverk.