fredag 29. juli 2011

Thomas tvilar


Forteljinga om Thomas og den oppstadne Jesus er ei lyssterk sak. Første påskedag hadde han ikkje vore saman med dei andre læresveinane då Jesus hadde kome til dei, prata og ete saman med dei. Då Thomas fekk vita dette, ville han ikkje tru, ikkje utan at han sjølv fekk sjå han og ta på han. Ja, han ville til og med berøra sårmerkene hans, elles kunne han ikkje tru. HAN VILLE HA BEVIS.

Neste søndag var han saman med dei andre. Då kom Jesus og synte seg for dei alle.

Her vil eg gjerne skyta inn: Dersom du vil ha personleg bevis for at Jesus lever, oppsøk ei gudsteneste der du veit du kan finna kristne som elskar kvarandre og som forkynner og praktiserer Bibelen uavkorta. Så vil du få det beviset du er ute etter.

Straks Jesus syner seg, det verka som han etter oppstoda kunne bevega seg mellom synleg og usynleg modus, seier han til Thomas: "Stikk fingen din i såra mine og handa di i sida mi, og ver ikkje vantruande, men truande."

Det var det som skulle til for Thomas sin del. Han fall på kne framfor Jesus og sa fram den tydlegaste kristne vedkjenninga til då: "Min Herre og min Gud." Han var overbevist.

Og Jesus sa: "No trur du fordi du ser, sæle er dei som ikkje ser, og likevel trur."

Seinare reiste Thomas austover og enda etter tradisjonen opp i India og forkynte evangeliet om den levande Jesus, og i sørvest-India kan me enno finna såkalla Thomaskristne.

Kjære ven! Tru Guds ord om Jesus, og du skal få erfara hans kraft. Lukke til.

onsdag 27. juli 2011

Anno 2011: "Fatima" møter Jesus

Ei muslimsk kvinne, lat oss kalla henne "Fatima", møtte Jesus for ikkje mange vekene sidan. Ho har ein son som hadde fått seg ein kristen ven og begynt å gå i ei kristen kyrkje. Dette likte ho ikkje, og åtvara han strengt mot å bli kristen. Mora kom frå ein streng muslimsk familie. Men guten fortalde mora litt av det som dei kristne hadde fortalt han om Jesus, og ho begynte å bli interessert, men sa ikkje noko om det. I staden våga ho seg frampå med å be ei bøn. Den var slik: "Isa Masih (Jesus Messias), dersom det er du som er den rette, så må du syna deg for meg."

Kvinna vart med sonen sin på ei gudsteneste, og fann ut at kristne folk var ganske venlege av seg. Det var overraskande for henne. Ting hadde begynt å skje.

Dagen etter fekk ho lyst å vera med på kyrkjelyden sitt bønemøte, og ho ville gjerne at nokon skulle be for henne, og under forbøna møtte ho Jesus på ein måte som feide all tvil av banen. Jesus kom til henne, ho både høyrde, såg og sansa han fysisk, og han sette henne fri frå redsle og tvang, og gjorde livet hennar fullstendig nytt.

No sannar ho at Jesus Kristus er Herre og Frelsar, og elskar han over alt i denne verda.

Sist søndag vart ho og familien elles døypte til Kristus, og Fatima sto frimodig fram og fortalde kva som hadde hendt med henne, og hennar høgaste ønske no er å få fortelja om Jesus til alle. Det vart ein kjærleikens revolusjon i livet hennar.

Maria Magdalena møtte Jesus


Den tome grava var det første indisium på Jesu oppstode. Men ei tom grav kan ikkje frelsa nokon. Det kan berre ein Gud som lever.

Den første som møtte Jesus var Maria Magdalena. Oppløyst av smerte og sorg kom ho til grava saman med nokre andre kvinner tidleg søndag morgon for å salva Jesu døde kropp. Dei hadde ikkje fått gjort det på langfredagen for sabbaten kom for fort på dei.

Maria og kvinnene hadde møtt to englar og høyrt helsinga deira, men ho høyrde ikkje noko på dei, og vart verande ved grava då veninnene hennar sprang til læresveinane for å meddela englebodskapen.

Maria gret og gret. Då kom Jesus. Han kjem gjerne til venene sine når dei forgår av lengsle etter han, og han openberrar seg oftast og sterkast for dei som elskar han høgast. Jesus sa til henne: "Kvifor gret du, kvinne, kven leitar du etter?" Ho kjende han ikkje att med det første, ho såg hen gjennom tårer, men etter ei kort ordveksling, skjøna ho kven han var, og i ein augneblink var livet hennar endra for all framtid. JESUS VAR I LIVE, OG HO HADDE MØTT HAN PERSONLEG. Det var noko, det. Og då kunne ho etterpå møta kva det skulle vera i livet. Ingenting kan skremma eit menneske som har møtt Jesus og veit at han lever og er med sine kvar dag.

Jesus er den same no som då. Han openberrar seg i dag gjennom ordet sitt, men det er like sterkt som det Maria erfarte. Les ordet, og møt Jesus, det er eit godt motto.

lørdag 23. juli 2011

Ufatteleg omfang på gårsdagens terroraksjon

Minst 91 menneske vart drepne i Oslo og på Utøya i går. Av desse er 84 unge menneske frå heile landet som var på AUF-leir. Kven kan fatta den frykt og angst desse ungdomane har vore i medan denne mannen gjekk rundt og drap venene deira? Kven kan forstå den sorg som vellar opp etter kvart som det går opp for folk kva som her har hendt? Korleis skal me i det heile tatt kunna forstå det som har skjedd? Kva driv eit menneske til å påføra personar han ikkje kjenner ein slik smerte? Dette blir for stort for oss. Det rokkar ved fundamentet under beina våre når ein "normal" person, så langt me har forstått det, gjer det me no har vore vitne til.

Noreg er i stor smerte. Me kjenner på ein måte at me går inn i ei ny tid. Uskulda, i den grad me har hatt noko slikt her i landet, er så definitivt teke frå oss, og ting vil endra seg. Det verste som kan skje er at unge menneske trekker seg frå politikken og frå å engasjera seg. Me treng på ingen måte fleire uengasjerte unge.

Når det vert sagt at illgjerningsmannen er "konservativ kristen" (dvs. frimurar!!), har dette sjølvsagt ikkje noko med saka å gjera. Konservative kristne følgjer Jesus, og han gav livet sitt for andre. Det denne mannen gjorde har naturlegvis ingenting med konservativ kristendom å gjera. Det skulle vera unødvendig å skriva det, men kommentarane i TV2 om at han skal tilhøyra eit "kristenfundamentalistisk miljø", gjer det naudsynt.

Det me no treng i Noreg er at Jesus med sine verdiar blir stor for oss, slik at folk kan få eit godt og trygt fundament for liva sine, om det skulle bli langt eller kort.

Guds augo er i dag retta mot Noreg, og hans hjarta slår for dei som er råka av død og sorg, og han vil la seg finna av dei som søker han av heile sitt hjarta.

fredag 22. juli 2011

22.juli 2011 vart Noreg og Oslo sett på terrorkartet


Så skjedde det som ikkje skulle skje, og som me ikkje eigentleg hadde forventa: Heile regjeringslokalet øydelagd ved at, minst ei svær bombe vart detonert, mogelegvis inni eitt av departementa. Korleis kan slikt vera mogeleg? Kva tryggingstiltak har dei i hjarta av det norske maktsystemet? Ein kan lura slike dagar. Det offisielle talet på drepne så langt er 7, det vil garantert auka, og mange, mange er stygt skada.

På AUF sin sommarleir på Utøya fekk unge tenåringar sitt livs mareritt når ein mann kom inn på området og skaut på dei med kraftige våpen. Dei prøvde så godt dei kunne å koma seg vekk. Mange hoppa i sjøen for å symja over til fastlandet. Offisielt er 9 eller 10 drepne, talet vil auka kraftig, og mange er tungt og kritisk såra.

Denne dagene kjem til å bli vår 9/11. Ingen tvil om det. Noreg vert aldri meir det same. Det er heilt sikkert.

Kan me finna Gud i slike tider? Ja, det kan me. Mange finn Gud når ting vert veldig vanskelege, når ein får utrygg grunn under føtene. Profeten Jonas sa: "Då eg miste mi kraft, vende eg meg til Herren."

Mange vil ikkje venda seg mot Herren før ein misser si eiga kraft, før ein er vorten hjelpelaus. Men ein er alltid like velkomen til Gud om ein kjem i gode eller vonde dagar. Alle blir møtt med den same kjærleiken.

Herrens namn er som ei fast borg som den rettferdige søkjer ly i.

Me er eit lite og rart folk som bur i ei steinrøys langt mot nord. Få har vore interessert i oss, og me har i vårlitt isolerte tilstand og i vår store økonomiske tryggleik gløymt Gud. Me har ikkje søkt hans vern, men har stolt på oss sjølve og levd etter våre eigne lyster, ønskjer og planar.

Men den tida er over. No må me søka vern hos Gud, ikkje berre for andre sin vondskap, men også for vår eigen. Me må innrømma våre synder og venda om til han som meir enn gjerne tilgjev oss vår arroganse, sjølvgodleik og ulydnad.

Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje verja by og land,
kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss Gud, så me kan bu
i heimen med fred og hyggja.

Fedrelandssalmen er meir aktuell enn nokon gong.



.

Den tome grava, det første indisium på Jesu oppstode

Den første kristne boka eg las i min ungdom heitte "Jesus lever", og var skriven av den engelske presten og apologeten Michael Green (han er no 91 år). Han er forresten kjent for mange bøker (50), og er ein eminent talar.

I denne boka undersøker han det som finst av bevismateriale rundt spørsmålet om Jesu oppstode, og det første han slår fast er det enkle faktum at 1. PÅSKEDAG VAR JESU GRAV TOM. Både kvinnene som kom for å salva Jesu kropp, og apostlane Peter og Johannes kom til grava og fann henne tom. JESUS VAR IKKJE DER. Noko hadde hendt, men kva? Hadde læresveinane teke liket med seg? Men ville Peter og Johannes ha sprunge til grava for å sjekka ut opplysningane frå kvinnene då? Ville dei seinare ha gjeve livet sitt for eit lik dei hadde gøymt i kjellaren? Og om nokre meinte at læresveinane hadde knabba han, kva bevis kunne dei framleggja for eit slikt synspunkt? Eller var det Jesu fiendar som hadde flytta han? Kvifor ville dei då ha vakt utanfor grava og utstyra henne med keisaren sitt segl? Og om dei hadde flytta på han, kunne dei jo berre ha synt fram liket då dei kristne begynte å fabla om at han var stått opp att, så var det kristne problemet løyst ein gong for alle. For utan Jesu oppstode, ingen kristendom. Så enkelt er det.

Faktum 1: Grava var tom, og den mest plausible forklaringa er faktisk at Jesus hadde gått ut or henne på eigne bein.

torsdag 21. juli 2011

Eit kjærleiksunder

Inkarnasjonen er ikkje berre eit mysterium, han er eit kjærleiksunder.

Tenk deg at du var skaparen av ei maurtue. Du var stolt over verket ditt, du likte maurane, dei var dine, og dei likte deg. Men så hende det noko som fekk maurane til å gjera opprør mot deg og snu seg bort frå deg. Dei ville ikkje lenger ha deg som som ven og velgjerar, men vart arge og fiendtleg innstilt til deg, og dei meinte at du var ein stor egoist som berre ville slavebinda dei. Vel, nokre av dei sto på di side, og du fekk dei til å gå til dei andre med ei bøn om at dei måtte snu seg bort frå denne fiendehaldninga og bil vener med deg att, men til inga nytta. Snarare tvert om. Det berre trigga dei til meir sinne, ja, så pass at dei tok livet av maurane som gjekk med helsinga di. Dette opprørte deg veldig, og du vurderte om du berre skulle gjera kort prosess og øydeleggja både tua og maurane, det hadde dei fortent. Men du vegra deg fordi du elska dei så høgt. Då bestemte du deg for ein siste ting: Du ville sjølv bli ein maur og gå direkte til dei for å gjenvinna hjarto deira. Du tenkte: Dei vil elska meg om eg kjem til dei som maur. Som sagt, så gjort. Du vart ein av dei, ein heilt vanleg arbeidar, vel, ikkje heilt vanleg, for du snakka med dei om den store kjærlege Skaparen som dei hadde forkasta. Nokre av maurane lytta gjerne til deg og syntest forteljingane var fine og store, og at dei gav dei håp. Desse maurane vart venene dine. Andre vart veldig provoserte då dei fekk høyra at du var den store Skaparen, syntest du var svært blasfemisk og bestemte seg for å drepa deg, og dei gjorde det, og du let det skje fordi du elska dei så høgt. Alternativet var nemleg at du drap dei, og du var jo ikkje komen for å døma og drepa, men for å frelsa dei og vinna dei tilbake til deg sjølv.

Men det dei ikkje hadde tenkt på var jo om du faktisk kunne vera den du gav deg ut for. Det var tåpeleg av dei, men dei var faktisk blitt ganske tåpelege med åra. Visdomen og innsikten som dei hadde hatt, hadde dei frå deg, og lang tids mangel på fellesskap hadde frårøva dei den sunne sans. For saka var jo den av du faktisk var den store maurskaparen, og det gjorde at du hadde ein annan type liv i deg i tillegg til maurelivet som dei tok i frå deg. Det opprinnelege livet kunne ingen ta frå deg, og dette førte deg attende til livet i tua. Men prosjektet ditt hadde ikkje endra seg, og vinna maur gjennom maur, og du valde å ta bustad i dei truande venene dine og du gav dei oppdraget om å enno ein gong å appellera til dei andre om å innrømma feila sine og bli vener med deg. Dei skulle vinna medmaurane sine hjarto for deg, du som hadde vorte både maurskapar og maur.

Du tek poenget, ikkje sant? Gud elska deg så høgt at han kom til oss som eit menneske i Jesus Kristus. Han gjekk faktisk talt inn i din plass og sona straffa for alle dine synder. Han sparte ikkje på noko for å gjera deg lukkeleg. Han døydde for deg, sto opp for deg og han talar til deg seint og tidleg gjennom venene sine om å tru på evangeliet og venda om til han med heile livet ditt, og vigsla resten av åra dine til han. Å leva i hans kjærleik kan ikkje overvurderast. Å leva utan hans kjærleik kan aldri undervurderast.