mandag 23. mars 2009

SV går i udemokratisk retning.


På SV sitt landsmøte vart det vedteke å programfesta forbod mot religiøst grunngjevne privatskular. Dette stadfester det mange av oss har visst lenge: SV er eit antidemokratisk parti som framleis lever i sovjetkommunismens tidsalder. No er det vel eigentleg ikkje demokratiet dei vil til livs med dette vedtaket, men snarare religionen. Men dei antikristne haldningane gjer SV til eit udemokratisk parti. For i følgje Menneskerettsfråsenga og Europakonvensjonen har alle foreldre suveren rett til å velgja kva oppseding borna deira skal få. Og sidan skulen er ein oppsedingsinstitusjon, må dette bety at foreldra må ha rett til å velgja skule for borna sine og til å etablera eigne skular om dei finn det tenleg. Dei har til og med rett til å halda borna heime frå skulen og undervisa dei sjølve om dei ønskjer det. Denne demokratiske retten vil SV no frårøva norske foreldre og underleggja dei statleg tvang. Det gufsar fælt av dette. Ein kan spørja seg om kva straff dei foreldra skal få som held borna sine borte frå offentleg skule for å undervisa dei sjølve. Bøter? Fråteken omsorg? Fråteken foreldrerett? Var det forresten ikkje slik dei opererte i aust-Europa under kommunismen? Men det er vel i desse regima SV også har røtene sine.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Du kan jo i det minste være presis.

SV var aldri et parti med noen slags god kontakt, eller spessielt positivt forhold til soviet.

Derimot kunne man i deres spede begynnelse spore litt lefling med Kina i deres ungdomsparti som het SUF (senere SUF-ML, og enda senere AKP-ML)

Jens Thoresen sa...

Hei!
SV er ei vidareføring av det gamle Sosialistisk Folkeparti, som har sine røter i den radikale delen av Arbeidarpartiet, ein fløy som hadde sterke sympatier til Moskva. All sosialisme skriv seg sjølvsagt tilbake til Karl Marx og hans historiske materialisme og proletariatets diktatur. Og det som SV no har programfesta er ikkje anna enn gammal kommunistisk meiningstvang.

Anonym sa...

Igjen tar du feil.

NKP (Norges Kommunistiske parti) har røtter i AP, og brøt ut fordi de ønsket en tettere relasjon til Moskva.

SF hadde derimot aldri sterke sympatier til Moskva.

Tvertimot anså disse kreftene i SF, som senere skulle bli AKP (disse kreftene altså når ungdoms partiet SUF(ML) brøt ut av SF\SV) Soviet for å være deres største trussel, og de var langt mer paranoide angående Soviet enn noen på høyresiden var.

NKP og AKP (som utgjorde denne fløyen i SV før splittelsen) hadde jo et ekstremt kaldt forhold nettopp fordi de hadde totalt motsatte syn på Soviet.

AKP brukte til og med mye ressurser på å overvåke NKP'ere som de anså som femtekolonister.

Dette er elementær historie, og du bør kjenne den før du underviser i den.

SF samlet forøvrig ikke først og fremst på radikalt grunnlag, men motstand mot EU, og NATO.

Mvh.
Lars

Jens Thoresen sa...

Hei igjen!
Det du beskriv så innsiktsfullt er nok også ein del av min historie. Den er ikkje ukjend for meg. Du veit at dersom det var tre sosialistar her i verda som var samde med kvarandre, ville dei ha gjennomført verdsrevolusjonen. Det at dei ulike fraksjonane på venstresida sto mot kvarandre på 70-talet, betyr ikkje at dei sto langt frå kvarandre. Nære slektningar kan ofte stridast hardt. Men alle partia til venstre for AP, og historisk også AP, har røtene sine forankra i Marx og Lenin, og målet deira er det same: Det klasselause og religionslause samfunnet. Men dei har vore usamde om vegen mot målet. Men dette veit du jo sjølvsagt. Det som ligg meg på hjarta er at kommunismen og sosialismen i verda etter 1. verdskrigen gjennomgåande har henta krafta si frå den russiske revolusjonen, og Mao for sin del kunne ikkje klart å koma til makta i Kina utan russisk støtte. I dag tek alle avstand frå Stalin og hans etterfylgjarar, trur eg. Men ingen har så langt eg kan sjå teke oppgjer med Marx og Lenin. Der er nok sympatien sterk. Men det er jo desse som har definert sosialismen, ikkje Bresnjev og Kosygin.