mandag 16. november 2009

Oppgjer og forsoning

Det heiter at tida lækjer alle sår. Men det stemmer ikkje. Berre dei overflatiske såra vert lækt av tida. Dei djupe sjelesåra kan berre lækjast gjennom ærlege oppgjer med bøn om tilgjeving.

Den australske regjeringa viser veg. I februar 2008 bad stasminister Kevin Rudd (bildet) aboriginarane om tilgjeving både for tvangsassimileringa dei i mange år var utsette for, og for at styresmaktene tok barna deira og innlosjerte dei på barneheimar der dei vart utsette for grove overgrep og simpel utnytting.

Og no har dei gjort det igjen. Under ein gripande seremoni i dag (måndag 16.november 2009) bad statsminister igjen om tilgjeving, denne gongen til tidlegare engelske barneheimsbarn som mot sin vilje vart frakta frå England til Australia etter den andre verdskrigen. Der vart dei utsett for meiningslaus, svært audmjukande og krenkande handsaming. Rudd talte lenge og utfyllande om overgrepa som hadde skjedd og bad offera om tilgjeving.

Det var ikkje mange tørre augo å sjå mellom dei frammøtte som fekk høyra den audmjuke og grundige talen til Rudd. Endeleg, etter så mange år, kom den store dagen då dei fekk oppleva oppreising for all den urett dei vart påførte gjennom mange og lange år i slaveri og krenking.

Sann forsoning og tilgjeving mellom menneske kan berre skje som eit resultat av ærlege oppgjer. I Bibelen les me at Jesus var full av ”nåde og sanning”. Desse to fenomena heng nøye saman. Utan sanning, kan det ikkje koma nokon nåde. Men dersom det ikkje finst utsikter til nåde, er det vanskeleg å få fram sanninga.

Den som krenkar sitt medmenneske, krenkar også Gud som har skapt og elskar oss alle. På eitt eller anna nivå har me alle gjort galt mot vår neste, og dermed mot Gud. Skal me etablera og leva i sant fellesskap med Gud og vår neste, må me snakka sant både med den eine og den andre. Og i Bibelen les me at ”dersom me ikkje vil innrømma av me har synd, då er ikkje sanninga i oss. Men dersom me snakkar sant om syndene våre, er han (Gud) trufast og rettferdig slik at han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urett.” Skal du bli eit Guds barn med von om evig liv saman med Gud, skal du snakka ærleg ut med Gud om di fortid, både det som har vore godt, leit og heilt feil. Då kjem han til deg med sin lækjande og livgjevande kjærleik, og du vil oppleva at han gjer deg til eit nytt menneske.

På sporet av ein far?


Søndag etter søndag sit me og ser ”Tore på sporet”, og me let tårene renna ganske fritt kvar gong ei dotter eller ein son får kontakt med ein far eller ei mor som dei aldri har møtt eller kjent før. Som kvinna på bilete opplever dei alle at mange ting fell på plass i liva deira, dei kjenner seg meir heile og forstår meir enn før av seg sjølv.
Opphav og slektsband er viktig. Kvar gong eg ser desse programma til Tore Strømøy, tenkjer eg på forteljinga i Bibelen om ”den bortkomne sonen”, han som fekk livsarven på forskot, forlet farshuset og spelte bort alt han hadde. Det gjekk skikkeleg gale med han, og han kom til dei grader på bar bakke. Ansvaret for elendet måtte han bera sjølv. Han kunne ikkje skulda på nokon andre.
Men heime gjekk faren og verkte og lengta etter guten sin, og kvar dag sto han ute på tunet og speida nedetter vegen i von om å få sjå sonen på heimveg.
Denne faren er eit bilete på Gud. Tolmodig ventar han på sine bortkomne menneskebarn, ventar og ventar, og utolmodig let han venene sine senda ut slike innlegg som du no les for å seia: ”DU ER VELKOMNE HEIM. EG ELSKAR DEG, BARNET MITT. KOM HEIM TIL MEG, OM IKKJE ANNA ENN FOR MI SKULD. EG BRENN AV LENGSEL ETTER DEG!”
No og då kjem det ein og annan attende. Då blir det fest i himmelen hos Gud. Han sparer ikkje på noko når eit menneske vert kristen.
GUD ER DITT OPPHAV OG DIN RETTE FAR. Han skapte deg til seg og for seg, og når du kjem til han med livet ditt, vil du kjenna at alt fell på rett plass . Dessutan ventar det deg ein FARSARV. Når du kjem til Gud, vert du automatisk arving til DET EVIGE LIVET. Det høyrer med til det å vera kristen.
Er du på sporet etter Gud? HAN ER PÅ SPORET ETTER DEG. Vil du la deg finna?

tirsdag 10. november 2009

Nedrivne murar


Berlinmurens fall var starten på det som skulle få alle kommunistiske regimer i Europa til å falla som korthus, det eine etter det andre, og utruleg nok nesten utan tap av menneskeliv. Eìn uttrykte det slik: ”Gud gjekk gjennom Europa”. Og det opplevdes slik for alle oss som hugsar dei dramatiske haustdagane dette året, og det skal vera sagt: Mange hadde bede Gud lenge om at dette skulle skje.
Me likar ikkje murar. Ei heller Gud. Han elskar fellesskapet. Difor tok han i si tid eit mektig initiativ for å riva ned den umåteleg høge muren som hadde bygd seg opp mellom han og oss. Bibelen er tydeleg på at alle i utgangspunktet har ein fiendtleg innstilling til Gud. Me likar ikkje boda hans så godt, og me vil helst styra liva våre sjølve, og mange gjer det. Dette påfører oss skuld innfor Gud, ei skuld som ingen kan ordna opp i sjølv. Denne skulda har kraft i seg til å skilja alle menneske frå samfunnet med Gud. Ho er som ein mektig uoverkommeleg mur. I alle fall FOR OSS. MEN IKKJE FOR GUD. Han tok eit mektig initiativ for å ordna opp i problemet, og sende sonen sin Jesus, over på vår side. Han tok på seg vår skuld, døydde for oss, og reiv ned den muren som hadde reist seg mellom himmel og jord. Dette kan me lesa om i Efesarbrevet kapittel 2 i Bibelen. Slik la han grunnlaget for at me alle kan få erfara einskap med Gud vår Far, og det er ei erfaring av kjærleik og nåde som sprenger alle førestellingar me måtte ha om Gud. Ingen som opplever dette kjærleiksbadet vert nokon gong dei same etterpå. Det er ein forandring så stor at Jesus kallar det ein ny fødsel. Dette opplever alle som kjem til Gud med liva sine. Det slår ikkje feil.

onsdag 30. september 2009

2%

Berre 2% av nordmennene går i kyrkja kva søndag. Me ligg i så måte lågast i Europa. Det er naturlegvis fleire grunnar til denne sviktane interessen for gudstenester. Den engelske presten David Watson sa då han var tilsett som i den nedleggingstruga i St. Cuthbert kyrkja i York i 1965 at "dersom nokon kjem her til kyrkja og forkynner det enkle evangeliet om Kristus, trur på bønas makt og stolar på Den Heilage Ande, vil kyrkja bli full på kort tid!" Han fekk eitt år på seg, og det hende som han hadde sagt.

Om ikkje dette er heile svaret for Noreg, er eg ganske sikker på at det er ein god del av svaret. Det er heva over tvil at "ordet som går ut frå Guds munn ikkje vender tomt tilbake." Men mykje av forkynninga inneheld lite av ord fra Guds munn. Det blir helst ord frå forkynnaren sin eigen munn, tankar han/ho har klekka ut i sin eigen hjerne. Det duger ikkje. Tome kyrkjer indikerer rett og slett tom forkynning. Det er ei stor naud hos oss.

Det andre eg vil påpeika er at det føregår lite medvite og målretta arbeid for å nå menneska med det enkle evangelium om Jesus Kristus i landet vårt. Her må kristne leiararar setja seg ned saman og søkja Gud i lag for å få del i hans strategi for rekristninga av Noreg.

Skal kyrkjene fyllast, må folk ha ei overtyding om at dei har noko ufatteleg verdfullt å henta der som dei ikkje kan henta andre plassar: frelse, fred med Gud, evig liv, overnaturleg lækjedom, sikker rettleiing, meiningsfullt liv, kvalitetsfullt fellesskap, himmelsk kraft og sikkert meir. Men dersom dette ikkje er å henta, vil folk bruka tida si på andre måtar.

Difor er denne undersøkinga ransakande for oss som forkynner ordet og gjæter Guds barn, og responsen vår må vera å trenga på Gud og be han om å gripa inn og bringa oss i harmoni med Den Heilage Ande i alle ting, både når det gjeld liv og lære.

mandag 20. juli 2009

Til månen og attende, og andre viktige reiser


I dag er det 40 år sidan Neil Armstrong og Buzz Aldrin som dei første menneska i historia, sette føtene sine på månen si overflate. Det er blitt feira over heile verda, for dette var ei historisk hending ut over det vanlege som opna nye perspektiv for oss jordbuarar.

Det var president John F Kennedy som starta prosessen i 1961 då han annonserte at USA burde klara å senda ein mann til månen og trygt attende innan utgangen av tiåret. Det utløyste ei enorm satsting på både utdanning og forskning for å gjera det mogeleg å nå dette klårt definerte målet. Men Kennedy sjølv fekk aldri oppleva dette. Han vart sendt ut på ei reise som han aldri koma attende frå då han vart myrda i november 1963.

Menneska har gjennom soga gjort mange vågsame reiser som har opna nye vegar og gjeve ny erkjenning. Eg tenkjer særleg på dei store oppdagingsreisande som Colombus, Vasco da Gama, Magellan, Leiv Erikson, våre eigne polfararar og mange, mange andre. Dei skulle finna nytt land og venda trygt attende til heimlandet.

Men det er ei spesiell reise inn i det ukjende som berre ein person har kome attende frå: eg tenkjer på Jesu oppstode frå dei døde. Der Kennedy måtte kapitulera, sigra Jesus Kristus. Ingen retur har hatt større meining for oss enn denne. Det opna ikkje berre nye perspektiv, men det opna himmelens port for oss. For Bibelen seier: "Den som har Sonen, har livet. Men den som ikkje har Sonen, har ikkje livet."

Då Apollo 8 gjekk i bane rundt månen juletider 1968 fekk me for første gong sjå jorda som ei lita kule i universet, ein kunnskap som burde gjera oss alle audmjuke. Frank Borman, som var kaptein på romfartyet, fann ikkje noko meir høveleg å gjera enn å lesa nokre vers frå skapingsforteljinga i 1.Mosebok 1. Månen, aud og tom. Jorda blå og levande, eit vitnemål om den levande Gud som talte og bles liv i planeten vår.

Då Apollo 11 landa på månen, og alle kunne pusta letta ut (landinga var meir dramatisk enn det me som såg på fjernsyn kunne ana), tok Armstrong og Aldrin fram vin og brød og feira Herrens nattverd. Det var det første måltidet som vart innteke på månen.

Duke, ein annan astronaut som var på månen på 70-talet hadde dette å fortelja i programmet: "Ei stund etter at eg var komen attende frå måneferda, vart eg invitert til å vera med på eit bibelkurs. På dette kurset møtte eg Jesus Kristus, og eg tok imot han i hjarta mitt. Og det som hende med meg då var mykje større enn det å ha vore på månen. Eg vart fylt med ein fred som eg aldri før hadde erfart, og han gjorde livet mitt nytt."

Vår framtid er ikkje knytt opp til romfart og vitskap, men til Jesus Kristus. Berre han har sørga for ein heim for oss bakom alt. Difor skal du overgje livet ditt til han slik at du får del i hans framtid, han som er den sanne Gud og som elskar deg og gav livet sitt for deg.

40 dagar etter oppstoda reiste Jesus heim til himmelen som han kom frå. Det må ha vore stort for han. Men han lova før han drog at han ville koma attende til vår verd for å oppretta eit evig rike bygd på sann rettferd. Det vil skje når bodskapen om hans frelse er forkynt for alle menneske. Då skal han dømma levande og døde, og det er vårt høve til han som er avgjerande for utfallet av domen. Har du eit rett høve til Jesus Kristus? Er han din frelsar og Herre? Det vil vera avgjerande for kor du skal tilbringa æva. Difor seier Herren: "Vend om til meg, og du skal leva."

Ein dag skal også du og eg ut på den store reisa. Døden ventar på oss ein plass der framme. Har du budd deg godt til denne reisa? Er du budd til å møta Gud? Vil du kome velberga frå eit møte med han som veit alt om deg og som skal døma deg etter dine gjerningar? Kjære ven! Du treng den gåva som heiter forlating for syndene, og den får du hos Jesus når du tek imot han som din Gud. Vil du det?

mandag 13. juli 2009

Me har eitt oppdrag

Me er Jesu læresveinar og har eitt oppdrag: å gjera alle folkeslag til hans læresveinar. Me skal forkynna evangeliet for alle menneske, for alle folk og nasjonar og føra dei inn i ei aktiv etterfylging av Jesus. Dette, og berre dette er det det handlar om. Misjon er ikkje ei sak mellom mange andre som kristne skal spandera tid på, nei, det er sjølve saka. Alle mine krefter, all mi tid, all mi kløkt og all min kreativitet skal vigslast til å vinna menneske for Kristus, læra dei å leva med Han og gjera dei til menneskefiskarar.

Eg les for tida for andre gong boka "Evangeliet og det moderne mennesket" (Prokla Media 2002) av australiaren Vince Easterman. Det er heilt sikkert den beste boka om evangelisering som eg nokon gong har lese. Easterman har jobba som misjonær i Paris i ei årrekkje, og har sett mange, mange koma til tru og veksa seg til funksjondyktige kristne. Han er veldig fokusert på direkte evangelisering, og opererer mykje med skiusseblokka si på gatenivå. Det gjev forbløffande resultat, og i boka si deler han av den rike erfaringa si. Boka er delt i to. Del 1 handlar om kva omvending er og korleis me kan føra folk til omvending, og del 2 skildrar tek for seg det å vera ein sjelevinnar ut frå ulike synsvinklar: me er haustarbeidarar, menneskefiskarar, sauesankarar osv. Er nett komen i sving med denne delen, og vil koma attende til innhaldet seinare.

torsdag 9. juli 2009

Svenskekongen ut mot "reality-TV".

Svensk Dagen siterer frå pressekontoret GP at Kong Carl Gustav XVI går ut og kritiserer realitysåpene som pregar tilbodet i mange TV-kanalar. "Eg blir så irritert," seier han. "Alt går ut på å knekka andre. Men slik skal det ikkje vera i samfunnet. Samfunnet skal jo byggja på at ein hjelper kvarandre, og at den svake skal hjelpast og takast hand om. Ein skal løfta opp og støtta i staden, desse TV-programma er fullstending vanvittig ubegripelege, seier kongen til pressekontoret GP. Og så henviser han til verdiane som speidarrørsla byggjer på. Det er eit godt alternativ til dei korrupte verdiane som kjem fram på TV-skjermen.

Dette er bra sagt av "kungen". Han må ha lest formaningane i Paulus sine brev. "Vi gillar honom!"