torsdag 30. oktober 2008

Når store gjer seg små




Gro Harlem Brundland trudde ikkje at Torbjørn Jagland var så dum at han kunne stilla opp 36,9% oppslutning ved valet i 1997 som nedre grense for kva han kunne akseptera for å skipa ny regjering. Det ligg i korta at ho trudda at han var dum, men ikkje dum.

Dette er forstemmande lesning. Er ikkje dama komen lenger? Stansa det heilt opp for henne etter at ho gjekk av? Gro var stor, men dette er ikkje stort. Kva vil ho oppnå? Framheva seg sjølv? Fornedra Jagland? Begge deler? Vanskeleg å seia. Det er berre trist at ho som var stor må gjera seg så liten for å vera interessant for norsk presse. Dette er jo ikkje viktig i det heile tatt. Og Jagland er jo ikkje dum. Han har vore stortingspresident i 4 år og har gjort ein glimrande jobb, og sant og seia synest eg han er det klokaste hovudet i AP for tida, når me då ser bort frå Håkon Lie, som jo begynnar å dra litt på åra.

Jagland har ein sjeldan eigenskap som gjer at eg gjerne lyttar til han som politikar: Han tenkjer prinsippielt, og i mange spørsmål ser han mykje lenger enn dei fleste politikarar, særleg når det gjeld utanrikspolitikk. Han er modig også. Ikkje sjeldan fungerer han som eit korrektiv til eige parti. Er det det som ikkje blir tolt? Blir fru Brundland brukt av andre for å bringa Jagland til taushet ved å mobba han på denne måten? Det skulle vore artig og visst.

Reforamsjon eller halloween

I morgon er det 491 år sidan Martin Luther hengde opp dei 95 tesane sine mot avlatshandelen på slottsdøra i Wittenberg. Slik starta den reformasjonen som i ettertid kom til å bringa Guds ljos til millionvis av menneske, først i nord-Europa og seinare i Nord-Amerika, og i vår tid i alle verdas land. Den kjelda til åndeleg liv og fornying som Gud opna i Wittenberg i 1517 renn stadig kraftigare, men sterkast ofte merkeleg nok utanom dei lutherske kyrkjene. Merkeleg og merkeleg fru Blom. Det er vel ikkje det heller når me tenkjer på at dei lutherske kyrkjene er verdsmeistrar i liberal teologi og bibelkritikk. Slikt er jo drepande på sant åndeleg liv. Og dessutan har me lutheranarar gjort vårt ytterste for å distansera oss frå alt godt Andens verk som kjem frå og gjennom andre enn oss sjølve. Det er ein stolthet i dette som vekker Guds motstand.

31. oktober vart på 1500-talet ein merkedag i alle land der reformasjonen fekk gjennomslag , og det med rette. Bodskapet om at Jesus åleine kan frelsa oss, at skrifta åleine har Guds autoritet, at me er rettferiggjort av tru åleine var tre klåre stjerner som vart tent på ein åndeleg mørk nattehimmel. Men i våre dagar er det få som markerer reformasjonsdagen. Derimot har djevelen overteke heile dagen. Han gjer gjerne det med gode dagar. Slik har han prestert å omforma reformasjonsdagen til ein dag då unge og gamle feirar hekser og skrømt, utan at Jesu kyrkje gjer det minste for å ta dagen att. Det er jo litt underleg det også. For denne dagen burde vore ein merkedag for alle protestantar. 31. oktober 1517 markerer på mange starten både for lutheranarar, reformerte, baptistar og pinsevener.

Halloween er og blir flørting med demonar. Som mogne kristne burde me gje barn og unge ei alternativ feiring, ein takke og lovsongsfest til den Gud som gav oss evangeliet gjennom Jesus og apostlane og som fornya det gjennom reformatorane.

tirsdag 28. oktober 2008

Sigersrapport i flyktningesak


Kristkyrkja på Stord (http://www.kristkyrkja.no/) jobbar mykje med å hjelpa flyktningar. Gjennom åra har Gud opna ei dør for oss på dette området og velsigna oss med brør og systre frå mange land. For tida har me 4 familiar frå Iran, fleire einslege mødre med barn frå Eritrea, ein familie frå Syria og ein mann frå Irak. Desse menneska gjer oss rike, og dei lærer oss så mykje om venskap og mellommenneskeleg godleik.


I vår fekk den syriske familien på mirakuløs vis opphald i Noreg. Det skulle ikkje vera mogeleg etter alle lovar og reglar. Men me ropte til Gud for dei, og det umogeleg skjedde. Gud visste nok at denne familien ikkje kunne tola utsending. For det første hadde dei konvertert til kristen tru, og me hadde glede av å døypa dei alle i mars 07. Men det var også mange andre tilhøve som gjorde oss ekstremt urolege med tanke på utsending. Men Gud gav dei den sakshandsamaren som skulle til, og dermed gjekk saka deira gjennom.


Men i sist veke fekk dei melding om at dei måtte flytta til Os, for Stord hadde fylt opp kvoten sin med flyktningar for i år. Men denne familien har ingen som dei kjenner på Os, men her har dei eit nettverk i kyrkjelyden som er blitt som ein familie for dei. Dei var fortvila over dette, og igjen var det å ropa til himmelens Gud. Og det utrulege skjedde: Det kom eit brev frå Stord kommune i dag som fortalde at dei hadde endra meining og gjeve familien bustadrett i kommunen likevel, og dette utan at me har løfta ein fing. Så her er det halleljuastemning i dag.


Å jobba med flyktningar og asylsøkjarar gjev oss mange spennande dagar og netter. Det vert mykje bøn og arbeid. Og når me når fram og nokre får opphald, blir det takkefest. Så langt har alle som har knytta seg til kyrkjelyden fått ja på søknadane sine. Men i desse dagar har me mykje å be om. Det skal vera sikkert.

søndag 26. oktober 2008

Verdsregjering?

Den tyske avisa Der Spiegel hadde fredag ein langt artikkel der dei drøfta trongen for å etablera ei verdsregjering som kan møta dei slike utfrodringar som finanskrisa har gjeve oss.
Me som kjenner Bibelen veit at dette må koma før eller seinare. Men likevel er det underleg å lesa det på trykk i store seriøse aviser. Også Aftenposten hadde same dagen ein artikkel om det dei kalla "den nye verdsordninga". Det går seg altså til. Det vil bli slik Gud har sagt gjennom profetane sine. Og me må bu oss på det som kjem, for denne verdsregjeringa vil stå Gud og kyrkja i mot, og det vil bli ei utfordring for oss å vera true mot Jesus og misjonsbefalinga når dette skjer. Difor må me øva opp truskapen no.

Ein strålande tur til Portugal

Det har vore ganske stille på bloggen ei stund no. Det skuldast at eg har vore på tur til Portugal med to fantastiske kollegaer, Atle Barsnes som du ser saman med underteikna rett under teksten, og Are Søyland som du finn saman med Atle på det neste bilete. Som du ser av det andre bilete var det flott sommarvær den første dagen, og det heldt fram heile veka med unnatak av tysdagen.

Då me kom til Porto sto Isabella og Kristina og tok imot oss på flyplassen. Dette var to blide og oppofrande damer som hadde planlagt opphaldet for oss alle på ein super måte.

I Porto møtte me forutan kollegaer frå Portugal, lærarar frå Finland, Latvia, Tyskland og Polen. Me skulle planlegga utvikling og utveksling av undervisningsopplegg som skal hjelpa elevane våre å skjøna samanhengen mellom miljø, klima og livsstil, og inspirera dei til å leva miljøvenleg. Det er EU som har sett dette i gong og som langt på veg finansierer gildet.
På bilete under ser du heile gjengen samla utanfor det gamle universitetet i Coimbra. Der fekk me sjå det som truleg er Europas største bibliotek med ein samling på 200 000 bøker. 40 000 var utstilte.

Forutan å jobba pedagogisk, måtte me sjølvsagt sjå det som er å sjå av kulturell verdi i området. Her tek eg med nokre glimt frå Mosteira da Batalha, eit enormt kloster som vart bygd etter kong Johan I sin siger over kastilljanarane i 1385. Han hadde lova Maria, Jesu mor, eit slikt kloster om ho gav han siger. Og då det hende, var det berre å gå i gong. Det vart eit enormt byggverk med kunstferdig steinarbeid av utruleg høg kvalitet.
Når du ser på seks av dei tolv apostlane som du finn i inngangspartiet til kyrkja, får du eit inntrykk av kor høg kvalitet dette steinarbeidet har.
I sarkofagen på bilete under der att kviler Henrik Sjøfararen, den første store europeiske oppdagingsreisande. Han ligg saman med ein del kongelege i eit sidekapell i den store kyrkja knytt til klosteret.

Under denne teksten ser du den tyske delegasjonen. Ewald, Sabine og Bernt. Det er Bernt som er leiaren av gruppa, og står for kontakten mellom oss også når me er heime på våre eigne arbeidsplassar.Tyskarane er slike som verkeleg tek ansvar både for saka og for oss som er med.

Så var det gjengen frå Finland: Jakko (som er rektor), Thea og Ira. Flotte folk med eit smittande humør.
Me brukte to dagar på Escola Secundaria da Valongo, og der møtte me mange blide og flotte elevar. Her er det nokon som har øvd seg på å spela blokkfløyte til oss: Songen til fridomen frå Beethoven sin 9. symfoni, og det gjekk heilt fint med dei.

















Nokre gjekk rundt og gav oss presangar som dei hadde laga av ulike resirkulerte materialer. Det var ganske forseggjort.

















Første kvelden på byn høyrde me song og skrål over alt. Det viste seg å vera ei slags folkeleg vigsling av dei nye studentane ved ein eller annan skule. Dei vidaregåande studentane gjekk med svarte kapper og dirigerte på dei nye, som måtte gjera som dei fekk beskjed om. Det var eit skikkeleg festleg innslag i bybilete




























torsdag 16. oktober 2008

HP dukka opp

Me hadde ei flott og effektiv bønesamling i kveld. Eg hadde førebudd bøn for ei rekkje områder som er viktige for byen vår, og for kyrkjelyden i her, og me bad systematisk og effektivt, med litt lovsong inni mellom. Det møtte ikkje opp meir enn 30 personar, og det er med respekt å melda skralt med tanke på dei mange hundre kristne me har på Stord, men dei som møtte opp skal ha ros. Dei visste korleis dei skulle be.



Og så var det litt morosamt at HP (Hans Petter Martinsen), den kjende torpedoen som vart kristen i 2001, dukka opp på Horneland bedehus. Han har vore i på Stord nokre dagar og hatt skulebesøk om dagane og møter på Frelsesarmeen om kvelden, og han ville gjerne vera med oss å be denne kvelden. Det var jo veldig koseleg. HP har jo slik ein slik dramatisk historie, og han delte aldri så lite med oss av den. Fram til han møtte Jesus handla alt om vald, dop og pengar. Etter at han møtte Jesus, handlar alt om Guds kjærleik. Før spreidde han frykt. No spreier han dei gode nyheitene om Jesus.



Det er eit litt ekkelt symptom dette at så få kristne menneske finn det tenleg å prioritera slike samlingar som me hadde i kveld, trass i mange oppmuntringar om å gjera det. Eg er heilt sikker på at felles bøn er nøkkelen til vekking og framgang for Guds rike. Og når me har planlagt bønemøtenen skikkeleg, vert dei også gode å vera på.



Ha ei god natt.

Bønekveld

I kveld samlar me alle kyrkjelydane på Stord til felles bøn for byen. Det gler eg meg til. Dei siste åra har kyrkjelydane i denne byen nærma seg veldig til kvarandre, og me gjer meir og meir ting i lag. Det har hatt veldig positiv effekt på oss truande her. Me er blitt veldig glad i kvarandre, og me merkar at folk rundt oss er langt meir opne for evangeliet enn før. Akkurat denne kvelden har eg ansvaret for, og eg har førebudd meg veldig godt. Kjem attende med rapport frå møtet seinare.