onsdag 9. oktober 2013
Grunntankar i Romerbrevet XVII, kap.5,2-5
2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgang til den nåden vi står i, og vi er stolte over håpet om Guds herlegdom.
3 Ja, ikkje berre det, vi er òg stolte over lidingane. For vi veit at lidinga gjer oss uthaldande,
4 og den som held ut, får eit prøvd sinn, og den som er prøvd, får håp.
5 Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.
Trua på Jesus gjev oss ikkje berre fred med Gud, men også tilgang til nåden, dvs tilgang til Gud i bøn, og når me kjem til han med det som ligg oss på hjarta, lyttar han velviljug til oss. Og i Hebrearbrevet les me at Gud gjev oss nåde til hjelp i rette tid. Dette er viktig. Me har så mykje på hjarta, så mange behov, så mange saker som me tenkjer på, og me vil gjerne ha svar umiddelbart. Men hos Gud er det noko som heiter "den rette tid", og han grip inn når han ser det gagnar oss og Guds rike best. Men enno viktigare er dette: når me kjem til han i bøn, ber han oss om å vera stille slik at han kan dela med oss det som ligg han på hjarta. For den som flittig brukar bøneretten og lærer seg å vera stille innfor Gud, vil Guds vilje og mål bli stadig viktigare, og ein blir meir oppteken av det som tilhøyrer Gud enn av det som tilhøyrer oss, og hjarta blir meir og meir himmelvendt, for der oppe, i himmelen, der sit Jesus, frelsaren, ved Fars høgre hand, og håpet vårt er knytt til Han, han som som har sont våre synder, stått opp frå dei døde og som har fått all makt i himmel og på jord. Han er den som skal føra oss trygt gjennom denne verdas mange farar og heilt fram til seg. Og når han tek oss heim, skal me vera saman med han for alltid. Då blir alt klårt for oss.
Fordi me har dette håpet i Jesus Kristus, kan me tola mange lidingar. Ja, me rosar oss av dei fordi dei fører oss nærare Gud og kalibrerar oss på dei sanne verdiane. Me får eit prøvd sinn, og alt som me ber på i hovudet av tankar og haldningar som berre er høy og halm, brenn opp i lidingsomnen.
Guds herlegdom er ikkje berre noko som kjem etter døden. Nei, me får smaka han her og no. Når me kallar på Jesus og slepp han inn i livet, blir Guds kjærleik aust ut i hjarto våre ved Den heilage ande. Me kjenner oss så utruleg elska og verdsett, og me registrerer at denne kjærleiken er ufortent og omfattar alle menneske. Ja, fordi han gjer det, tør me å tru at han også er retta mot oss, og alt av sjølvgodheit, rasisme og fiendtlege haldningar blir blese ut av sinna våre. Slik er Guds nåde oppdragande på dei av oss som tek imot han.

Etiketter:
bønerett,
den rette tid,
Guds kjærleik,
Guds nåde,
herlegdom,
håp,
nåde
tirsdag 8. oktober 2013
Grunntankar i Romarbrevet XVI. Kapittel 5,1
Når vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.
Kristendomen er unik på den måten at han forkynner frelse ved tru. Alle andre religionar lærer oss at me vert frelst ved å gjera gode gjerningar, forbetra oss eller ved å retta opp skeive liv.
Men her er Bibelen klar som krystall. Ingen kan utbetra eller retta opp den skaden synda har gjort i liva våre. Den er fatal. Me kan ikkje få synda ut. Den einaste sjansen me har er å få Jesus inn. Det skjer når me opnar for han. Å opna for han er å tru på han. Og når han kjem inn, skjer to ting: Hans fullkomne kvalitetar og hans fullkomne liv blir gjort gjeldande for oss. Gud vår Far ser på oss som om me skulle vera like fullkomne som Jesus. Det er å vera rettferdiggjort. Det er å vera frikjent av Gud for Jesu skuld. Det neste som skjer er at Jesus opplyser oss og inspirerer oss til det gode.
Å ha fred med Gud er noko langt meir enn å føla fred på innsida. Uttrykket skildrar slutten på ein langvarig konflikt. Syndaren har kapitulert, overgjeve seg og opplevd ei overraskande frikjenning. Frikjenninga kan me ikkje føla på oss. Nei, den må bli oss fortalt. Det er som når det blir forkynt ein dom etter ei rettssak. Ingen kan på førehand seia kva domen blir. Den må forkynnast. Slik også med denne domen. Ingen kan vita at dei er frikjende av Gud før dei får domen forkynt. Og her finn me kjerna i den kristne bodskapen, det som vert kalla evangeliet, og ter slik: Alle som innrømmer syndene sine og vil tru på Jesus Kristus blir frikjent av Gud uansett kva synd han eller ho har gjort. Når me trur det, då kjem den djupe freden innover oss. Me treng ikkje bruka meir tid på å tilfredsstilla ein Gud som er fullt ut fornøgd med oss, og som berre er sjeleglad for at me har overgjeve oss til han slik at han kan få elska oss og nyta fellesskapet med oss.

onsdag 25. september 2013
Romarbrevet 4,18-25
Endå alt håp var ute, heldt Abraham fast på håpet og trudde, og difor vart han far til mange folkeslag, som det var sagt han: Så talrik skal ætta di bli.
19 Han
var då nesten hundre år, men han vart ikkje veik i trua når han tenkte
på at hans eigen kropp var utan kraft og at Sara var for gammal til å
bli mor.
20 Han var ikkje vantru og tvila ikkje på Guds lovnad, men var sterk i trua og gav Gud ære.
21 For han var overtydd om at det Gud hadde lova, det hadde han òg makt til å gjera.
22 Difor vart han rekna som rettferdig.
23 Men det var ikkje berre for hans skuld dette vart skrive om han. 24 Det gjeld oss òg. Vi skal reknast som rettferdige når vi trur på han som reiste Jesus, vår Herre, opp frå dei døde, 25 han som vart overgjeven til døden for våre synder og oppreist for at vi skulle bli rettferdige.
Abraham var 100 år og Sara 90. Alt menneskeleg håp om å bli foreldre hadde vore ute i mange tiår. Men det var ein hake ved dette: Gud hadde lova dei å bli foreldre, og om Abraham ikkje lenger kunne håpa på å få noko til ut frå eigne føresetnader, hadde han ikkje slutta å håpa på at Gud kunne få noko til. Han var ikkje vantruande, les me, men vart sterk i trua ved at han gav Gud ære. Dette kan me læra noko viktig av: Me blir sterke i trua når me ærar Gud. Korleis gjer me det? Ved å halda fast på ordet hans, leva etter det og forkynna det, og ved å lovsynga og tilbe Han. Når me ærar Gud med liva våre, blir me overtydde om at Gud er mektig til å gjera det han har sagt, og då blir me rekna for å vera rettferdige menneske. Så stor betydning har trua for Gud at ho dekker over alle feila våre. Gud ser totalt bort frå syndene til eit menneske som trur på han slik som Abraham trudde, dvs for den som trur at Gud reiste Jesus, vår Herre, opp frå dei døde. Gjer du det, blir du rekna som eit fullkome rettferdig menneske av Gud. Det kan han gjera fordi den same Jesus som du trur på døydde for syndene våre og sto opp slik at me skulle bli rettferdige. Jesus er altså sin eigen person vår rettferd, og trur me på han, har me linka oss opp til han og alt hans er vårt. Dette er berre heilt strålande. Den som har Sonen, har livet, og den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet. Alt handlar om Jesus. Det er han som gjer forskjellen. Har du han, har du alt. Manglar du Han, manglar du alt.

tirsdag 6. august 2013
Grunntankar i Romarbrevet XIV. Kap. 4,13-17
13 For
det var ikkje ved lova Abraham eller ætta hans fekk lovnaden om at han
skulle bli arving til verda, men ved den rettferda ein får ved tru.
14 Er det dei som held seg til lova, som er arvingar, då er trua utan meining og lovnaden sett ut av kraft.
15 For lova kallar fram vreide, men der det ikkje finst lov, finst det heller ikkje lovbrot.
16 Difor
fekk han lovnaden fordi han trudde, så alt skulle vera av nåde. Då kan
lovnaden stå fast for heile etterslekta hans, ikkje berre for dei som
har lova, men òg for dei som har same tru som Abraham. For han er far
for oss alle,
17 som det står skrive: Eg har gjort deg til far for mange folk. Han er vår far i Guds auge; for han trudde Gud, han som gjer dei døde levande og byd at det som ikkje er, skal bli til.
Vers 13 lærer oss noko underleg: Den som trur på Guds løfter er ikkje berre er rettferdig for Gud men også arving til verda. Kristne flest tenkjer vel helst at dei er arvingar til himmelen. Og det er rett. Men at me også er arvingar til verda er ein heller ukjent tanke. Er me ikkje på veg bort frå verda då? Er ikkje verda ein farleg plass for oss kristne som me bør halda oss lengst mogeleg unna. Nei, seier Jesus i Bergpreika, verda tilhøyrer Jesu disiplar Ho er deira arv.
Dette må me forstå i lys av misjonsbefalinga der Jesus byd disiplane sine å gjera alle folkeslag til hans læresveinar. Det er MENNESKA i verda som er vår rettkomne arv. Jesus har kjøpt dei med sitt eige blod, og me kan gjera krav på dei overfor han som held dei fanga i synd og vantru, nemleg djevelen. Er me sterke nok til det? Ikkje i oss sjølve, men me går fram i Jesu namn og Andens kraft, og då er me ustoppelege, og djevelen må vika og gje frå seg byttet sitt når me gjer krav på det. For kvar som vender om og kjem til tru, blir me som kyrkje rikare enn før.
Guds lover kan ikkje gjera nokre som helst til Guds barn. Dei kan ikkje lækja oss eller fjerna syndene våre, berre gjera oss skuldige innfor Gud, og diagnostisera oss. Lova er som ein moderne MR-maskin som avslører vår indre skade, vårt djupe begjær etter å skaffa oss ting som kan tilfredsstilla lystene våre. Me treng å bli forvandla. Lova kan ikkje gjera det, berre evangeliet om Jesus Kristus. Deter den medisin Gud har skrive ut for oss syndige menneske. Trur me på Jesus, blir me straks frelst, fødde på nytt, men også smått om senn lækte for vår skade.
Jødane og arabarar rosar seg av å vera Abrahams barn. Men det er dei i Guds augo berre dersom dei trur på Jesus. For det gjorde Abraham, og dei som skal vera hans barn, må tru som han trudde. Gjennom denne trua blir me alle adopterte av Gud, og slik blir me Abraham sine medarvingar, og løftene Gud gav Abraham, blir gjort gjeldande også for oss, dvs. eg vil vera din Gud og du skal vera mitt folk og i deg skal alle ætter på jorda velsignast.

onsdag 31. juli 2013
Romarbrevet 4,9-12
9 Dei som her blir prisa sæle, er det berre dei omskorne eller er det dei uomskorne òg? Vi sa at Abraham vart rekna som rettferdig fordi han trudde. 10 Korleis gjekk det til? Var det før eller etter at han vart omskoren? Det var før han vart omskoren. 11 Og omskjeringa fekk han til eit teikn som skulle stadfesta den rettferda av tru som han hadde før han vart omskoren. Slik skulle han bli far til alle uomskorne som trur, så dei kan reknast som rettferdige. 12 Men han skulle òg bli far til dei omskorne når dei ikkje berre har omskjeringa, men òg følgjer etter Abraham, far vår, og eig den trua han hadde før han vart omskoren.
Det avgjerande for deg og meg i vårt høve til Gud er at me TRUR på han. Kva er det å tru på Gud? Det er å tru på ORDET hans. Det er sjølvinnlysande. Dersom me trur på eit menneske, så trur me jo på det som vedkomande seier, at det er sant og til å stola på. Slik også med Gud. Dersom me ikkje trur på det han seier, trur me ikkje på han heller. Men trur me på det han seier og lever i samsvar med det, då blir han hjarteglad og løner oss med å sjå totalt bort frå alle syndene våre, gje oss Den heilage ande, samfunn med seg sjølv og evig liv. Det var dette Abraham erfarte, og det lenge før han vart omskoren. Kva rolle spela då omskjeringa? Den vart eit ytre teikn på ein ny indre røyndom, og Bibelen vitnar fleire stader at det er det som skjer i hjarto våre som er avgjerande. Alle religiøse seremoniar og symbol har absolutt ingen effekt dersom ikkje hjelper oss til å tru på og elska Gud. Dette gjeld også dåpen og nattverden. Eg er redd helvete vil vera fullt av døypte menneske som aldri ville tru på Jesus og leva etter ordet hans. Det er ei stor sorg og ei plage å tenkja på.
Omskjeringa høyrde til den gamle pakta, det var ei greie mellom Gud og Israel. Men omskjeringa åleine kunne aldri hjelpa dette folket. Dersom dei ikkje trudde på han og levde rettferdig, stilte han dei til rekneskap og dømde dei etter det dei hadde gjort. Den nye pakta i Jesus Kristus er derimot ei greie mellom Gud og alle menneske. Her gjeld berre ein ting: Tru verksam i kjærleik, og paktsteikna er vatn, brød og vin, og i den grad Ordet, dåpen og nattverden skaper og nærer trua, fungerer dei etter sin hensikt, men folk som ikkje trur på Jesus og lever etter ordet hans, vil bli dømde etter sine gjerningar uansett om dei har høyrt, sett og smakt mange tusen gonger.

fredag 10. mai 2013
Grunntankar i Romarbrevet, del XII, kap 4,1-8.
http://www.mediafire.com/?dcl78jgjirdwk3z
Romarbrevet 4 handlar om trua. Abraham er vårt store førebilete i alt som har med tru å gjera. Han høyrde Gud, trudde på det han høyrde og reagerte med lydnad. Slik vart han rekna som eit rettferdig menneske. Han var ein syndar som alle oss andre, men Gud var så begeistra for at han trudde på han at han bestemte seg for ikkje å tilrekna han syndene hans, men behandla han som eit heilt gjennom rettferdig menneske, dvs. ein som var som han skulle vera etter Guds plan.
Men dette reknestykket hadde sin pris. Det fordra av Gud at han sjølv vart menneske for å ta på seg alle Abrahams synder og døy for dei. Og det gjorde han som me veit då Jesus kom og ordna opp, ikkje berre for Abraham, men for oss alle, slik at alle som no trur på Guds ord og responderer med lydnad på dette ordet, kan bli rekna for rettferdige utan å vera det.
Dette er det me kallar nåde. Det er det motsette av forteneste. Gud gjev den som trur det motsette av det han/ho har fortent. Me har fortent å bli straffa etter våre lovbrot, men blir i staden frikjent og løfta inn i Guds kjærleik, ein stilling som Gud gjennom Jesus har kjøpt oss retten til.
Den som imidlertid ikkje vil stola på Guds ord om Jesus og overgje seg til Gud på nådens premissar, vel dermed si eiga løysing på sitt eige problem, ein blir ståande ansvarleg for syndene sine sjølv, og det kan umogeleg gå bra, for den løna som synda gjev er døden, les me i 6,23, og her er det snakk om den evige død.
Vår lukke ligg i samfunnet med Gud. Når me blir sette fri frå våre synder og fylte med Guds evige kjærleik, kjenner me oss så verdsatt og fri at det er ingenting som kan samanliknast med denne erfaringa. Det er å vera "sæl", som det heiter på nynorsk, "salig" på bokmål, "blessed" på engelsk, velsigna av Gud, slik som David opplevde dette etter at han hadde sanna syndene sine og vendt seg bort frå dei. Straks vart denne høge status hans, som han skriv i Salme 32.
Far i himmelen, takk at du rekna alle oss som trur som rettferdige sjølv om me på ingen måte er det. Me prisar deg for din nåde og for det offer du gav for å kunna gje oss denne nåden. Send oss ditt lys og din Ande slik at me kan forstå rekkevidda av ditt ord og din kjærleik. Amen!

Abonner på:
Innlegg (Atom)