I franske skular skal det ikkje lenger vera lov å seia mamma og pappa, men forelder 1 og 2. Dette for at ikkje homofile foreldre skal føla seg diskriminerte.
Mamma og pappa er dei første orda eit barn lærer seg å seia i livet, og er dei grunnleggjande orda i alle språk, hjartespråket i einkvar nasjon og i dei aller, aller fleste familiar.
Det er kjærleiksspråket, dei varmaste orda i samfunnet homolobbyen no vil fjerna. Dei har fått til mykje, men eg trur ikkje dei klara å fjerna mamma og pappa. Det er som å prøva å endra på tyngdekrafta, det.
Mamma og pappa er heilag ord for dei fleste av oss, og det undrar meg at denne kraftfulle lobbyen er villige til å trampa inn i på det som for dei fleste av oss er heilag grunn, og det undrar meg at dei får president Macro og det franske parlamentet med på dette. Er dei rett og slett så redde for denne mektige rørsla at dei gjer knefall for den komplette idioti? Slik ser det ut for meg.
Går dette gjennom i det franske sentatet, og det trur obeservatørar, blir det fort også aktuell politikk i EU, og dermed i EØS-området, altså hos oss. For ein øydeleggjande flaum dette er.
Som kristne har me Gud som far, han er vår pappa, og det er han som har funne på at alle barn skal ha ei mamma og ein pappa, og eg vil oppfordra alle til å bruka desse varme orda flittig, dei som løftar oss høgare som menneske enn nokon andre ord som eksisterer i denne verda.
lørdag 23. februar 2019
fredag 22. februar 2019
Bispeuttale i lys av skriftemålet
Biskopane er fornøgde med at me lever i eit land med legal
tilgang til abort, og Halvor Nordhaug legg stor vekt på å påvisa at alle som
talar i mot biskopane i denne saka, eigentleg er glade for det same, men dei
skjønar det berre ikkje heilt.
Men lat oss tenkja oss følgjande scenario. Ei kvinne kjem til
ein av biskopane for å skrifta, og ei av dei syndene ho dreg fram er ein abort
ho valde å gjennomføra for ti år sidan, og som ho ikkje har fått fred for i
ettertid. Tvert om. Det gneg i samvitet hennar, og ho kjenner seg skikkeleg
plaga.
Kva vil biskopen gjera? Gje henne absolusjon eller roa henne
ned med at ho ikkje har hatt grunn til å ha dårleg samvit, for det ho gjorde
var jo heilt legalt?
I siste tilfelle kan det vel lett tenkjast at ho vil ha store
vanskar med å falle til ro, rett og slett fordi ho slett ikkje er sikker på om
det ho gjorde var legalt i GUDS augo, om det enn var det i biskopen sine.
Og dette har relevans. For
biskopane er hyrde for prestane som sikkert ofte står i slike situasjonar. Kva
skal prestane seia til kvinner med denne type sjelenaud?
Dersom biskopane då meiner at slike kvinner skal få
absolusjon, har ikkje biskopane med det også sagt at abort er synd? Det er jo
ikkje noko meining i å gje syndsforlating der det ikkje er gjort noko synd.
onsdag 20. februar 2019
Kva meinte biskopane?
Eg trudde lenge at biskopane med si abortuttale meinte å seia at dei synest dagens abortlov er kristeleg sett akseptabel. Men Bjørgvinbispen Halvor Nordhaug skriv at slik er det ikkje. Oslo sin biskop, Kari Veiteberg, ser derimot ut til å meina at uttalen gjev abortlova ei slik kyrkjeleg legitimitet, og eg ser at dei fleste andre som las formuleringa også forstod det slik.
Men Nordhaug skriv at "tilgangen til legal abort" betyr at det skal vera slik tilgang i spesielle tilfeller som t.d. valdtekt.
Men denne tilgangen har jo kvinner i Noreg hatt lenge før Lov og sjølvbestemt abort vart vedteken i 1978.
Det eg står att med er at dei meiner at legal abort alltid er betre enn illegal.
Men det er vel ingen usamde om.
Men er det dette debatten har handla om ?
Nei! Slik eg forstår det har det vore snakk om barnets juridiske rett til liv og framtid, og at me som kristne meiner at det er feil at denne retten er fråteken barnet fram til veke 12 i svangerskapet.
Eg meiner at ingen menneske har rett til å forkorta eit anna menneskes liv, ei heller ei mor.
Eg meiner at me som kristne må framhalda barnets rett til liv og framtid både for foreldre og for styresmaktene, og at DET er vårt kall og vår plikt, og eg meiner at dette er også bispekollegiet si plikt å gjera.

mandag 11. februar 2019
onsdag 16. januar 2019
Lova og evangeliet
Både lova og evangeliet er Guds ord til oss menneske, og kan ikkje skiljast frå kvarandre.
Lat meg forklara kva eg meinar.
Lovas første bod lyder slik: "Du skal ikkje ha andre gudar enn meg!"
Å ha Herren til Gud er å stola på han i alle ting og elska han av hjarta.
Å ha Herren til Gud er å ha Jesus til Gud. For det er jo HAN som er Herren.
Å tru på Jesus er altså å halda det første bodet.
Dei som ikkje trur på Jesus, bryt altså dette første bodet, og dermed heile lova, og vil koma for domen.
Kva seier så evangeliet? Jo at alle må tru på Jesus for å bli frelst. Den som trur på Jesus, vil aldri koma for domen. Men dette liknar jo veldig på det me les om i lova.
Kva er så ulikskapen?
Jo, det som Gud krev av oss menneske i lova gjev han oss som ei gåve i evangeliet.
Jesus er Guds gåve til oss. Har du han, så har du også hans perfekthet innfor Gud. Men TRUA på han er også ei gåve som Gud gjev deg av nåde gjennom sitt ord og ved Den heilage ande.
Guds profetiske ord skaper liv der det får lyda, det bringer Guds røyndom inn i vår. Og evangeliet om Guds nåde i Jesus Kristus, skaper tru på Jesus i dei som for alvor lyttar, og den kjærleiken som lova krev av oss, blir gjeven oss av Den heilage ande gjennom det ordet me høyrer.
Slik blir det lova krev, oppfylt i oss som trur, skriv Paulus i starten av Romarbrevet 8. Men dette er ikkje ei anna lov enn den me finn i Bibelen, sjølvsagt ikkje. Gud har berre èi lov, og den er uttrykt med stor klarhet i Det gamle testamentet, og ho blir både skjerpa og moderert i Det nye.
Dei som avskaffar lova, avskaffar dermed evangeliet.

tirsdag 4. desember 2018
Disippelskap IX. Forbedaren
Einkvar mentor må leggja stor vekt på å læra disippelen sin å bli ein forbedar.
I 2.Mosebok 16 les me om då israelittane kjempa mot amalekittane. Josva var Israels hærførar på bakken. Men det var ikkje DER sigeren vart vunnen. For oppå fjellet, like ved slagplassen, sat Moses med den eine handa løfta, og så lenge handa var løfta til velsigning, sigra Israel, men når armen hans trøytna og handa fall, tapte dei. Aron og Hur var saman med Moses der oppe på fjellet, og då dei merka korleis ting fungerte, tok dei handa til Moses og støtta henne opp. Slik vann Israel ein knusande siger over amalekittane, og Gud sa at minne om dette folket skulle utslettast på jorda fordi dei hadde kjempa mot folket hans og mot han.
Moses var ein forbedar av rang. Han visste at berre ved hans forbøn kunne folket sigra over fiendane.
Som kristne står me i ein kosmisk krig, ikkje mot menneske, men mot makter og herredøme og verdsens herrar i dette mørkret. Me blir rett og slett angripne av demoniske krefter som vil stoppa oss i vår vandring mot dei mål Herren har sett for oss.
Israel var på veg til Kanaans land for å erobra det og ta det i eige. Det var Guds plan og vilje for dei. Det fordra at dei hadde Moses som forbedar.
Me har fått i oppdrag å erobra heile verda for Jesus, og motstanden frå "denne verdas fyrste", djevelen, er veldig. Han hånar oss, gjer oss motlause, freistar oss, forfører oss, distraherer oss, baktalar oss og forfølger oss, alt for at me ikkje skal ha kraft til å rana menneskebarna frå han.
Korleis skal me kjempa? Me må be for kvarandre. Be om at me skal vera sterke i Gud og ha eit godt mot, og at me ikkje skal koma i freisting, for slik lærte Jesus oss å be i "Fader vår", og han presiserte det for Peter, Jakob og Johannes i Getsemane.
Og Jesus er vår Moses. Han er i himmelen, ved Fars høgre hand, og HAN ber for oss, og utan HANS forbøn, hadde kyrkja for lengst vore utsletta.
Men ho lever i beste velgåande, og er større enn nokon gong.
Jesus er ein forbedar. Me er hans disiplar, og me følgjer Meisteren vår og løftar hendene og ber for alle dei heilage som lever misjonale liv, for dei som deler evangeliet med folk og kallar til omvending, tru og etterfølging. Desse tirrar og utfordrar djevelen, og får mektig motsand. Difor treng dei å bli bedt for, for Gud har gjort oss til eit fellesskap, og ingen kan ha nokon reell betydning for Guds rike ved å halda på åleine. Det er i mot Guds plan, og den som går åleine, blir fort eit lett offer for fienden.

lørdag 1. desember 2018
Kallet til etterfølging
Lukas 5,17-18
Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein
tollar som heitte Levi. Han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!» 28 Då stod han opp, gjekk frå alt og følgde Jesus.
Levi var
tollar. Han var i romersk teneste, og som einkvar overløpar, var han hata av
folk flest. Fordi tollarane tente pengar for og på okkupasjonsmakta, var dei
sosialt og religiøst utstøytte menneske, og dersom nokon heldt seg saman med
dei, vart dei sett kraftig ned på dei også. Ein av hovudklagemåla mot Jesus var
nettopp at han heldt seg saman med syndarar (prosttituerte og gamblarar) og
tollarar.
Men Jesus brydde seg katten i det. Han var komen for
å leita etter det som var fortapt for å frelsa det, som han sa, og tollarar,
prostituerte og gamblarar var akkurat det, fortapte menneske med eit desperat
behov for frelse.
Det er mange i den gruppa også i dag. Det var slike
menneske me skulle hatt i vår omgangskrins. Dei er erfaringsvis langt meir opne
for evangeliet og Guds frelse enn andre som er innafor og får alt til å fungera
etter forventningane.
Tollaren Levi var i Jesu søkelys. Han såg heilt andre
ting i denne mannen enn nokon andre. For det første var han eit medmenneske, og
det er nok for Jesus til å elska han, og dinest hadde han kvalitetar som ingen
andre enn Jesus registrerte. Levi hadde store litterære evne, og det var han
som seinare skreiv Matteusevangeliet.
Alt startar hos Jesus. Ingen søkjer Gud, står det, men heldigvis søkjer han oss. Levi hadde sikkert ingen tankar om Gud denne dagen, men så vart han altså oppsøkt av Gud og frelst. Gud er ein Gud som kjem til oss og kallar oss til etterfølging og tru. Då startar det nye livet som aldri tek slutt.
Levi hadde
bruk for Jesus, og Jesus for han, og ein dag då Jesus gjekk forbi tollbua der
ved inngangsporten til byen, kalla han Levi til oppbrot og etterfølging.
Jesus hadde
ein enorm autoritet, og det er ingen tvil om at Matteus må ha forstått Jesu
kall til etterfølging som Guds eige kall. Han kjente umiddelbart at Jesus måtte stå over
keisaren i Rom, og at tida var inne for eit regimeskifte, frå det romerske til
Guds.
Å vera
kristen er å vera ein etterfølgjar av Jesus, ein disippel. Det største med
dette er retten til å kunna nyta hans nærvær kvar time på døgnet, lytta til
han, tilbe han, elska han, bli elska av han, lovsyngja han, be til han og tena
han.
Gud har ein
fantastisk plan med livet ditt også, og
den einaste som kan føra deg inn i denne planen er Jesus Kristus.
Har du høyrt Jesu kall til etterfølging? Har du
respondert?
I Johannes 14,6 kallar Jesus seg for VEGEN. Og i Hebrearbrevet les me at Jesus
har bana oss ein ny og levande veg til Gud. Den einaste måten me kan koma til Far på er ved å følgja Jesus der han går.
Abonner på:
Innlegg (Atom)