fredag 29. desember 2023

Ny megakyrkje veks fram i India

 Calvary Temple i Hyderabad (ein storby med 7 millionar innbyggjarar)  er Indias største kyrkjelyd med meir enn 300 000 medlemmer, og slik sett ein av dei største i heile verda. Dei ekspanderer kraftig, og har dei neste ti åra ein visjon om å planta og byggja 40 nye megakyrkjer i landet.

Vekking

Pastor dr. Satish Kumar seier: «Guds hand er over India, og tida er no inne for at me skal nå heile Indias fortapte befolkning med evangeliet, men meir enn det: målet vårt er strengt tatt å nå ut til alle i heile verda.»  Det som skjer i denne kyrkja kan vel ikkje karakteriserast som noko anna enn ei klassisk kristen vekking slik me les om det i Bibelen i den første kristne tid, og som me også kan kjenna att frå reformasjonen i Nord-Europa på 1500-talet, dei store vekkingane i USA, England, Tyskland, Böhmen (Tsjekkia) og Noreg på 17 og 1800-talet og pinserørsla då denne vaks fram i førre hundreåret.  Guds arbeid var så breitt og djupt av det ikkje berre endra enkeltpersonar, men heile samfunn.

Lat meg først få gje dykk eit lite inntrykk av korleis dette ser ut i Hyderabad:

Kl 4 kvar søndag morgon strøymer folk til kyrkja for å få god plass til den første av fem gudstenesta som startar kl 06.00. Kyrkjebygningen rommar 18000 menneske. Dei fyller denne salen fem gonger kvar søndag, og folk kjem for å lytta til pastor Kumar, bli bedt for og ha fellesskap.  

 Pastor Kumar seier han er privilegert som får lov å gjera teneste i dette fellesskapet som på få år i har vakse så enormt og i tillegg har planta 11 nye kyrkjelydar i landet

Eksplosiv vekst

Calvary Temple starta i 2005 med rundt 20 medlemmer, og har etter etter den tid vakse nærast eksponentielt. Kvar månad kjem rundt 3000 menneske frelst og lagt til kyrkja. Korleis kan slikt skje i eit land der hinduismen har eit mektig grep på befolkninga? Det er sikkert ikkje eit enkelt svar, men pastor Kumar har lagt vekt på ein del faktorar som har bore god frukt.

Forkynning og praktisering

Guds ord blir forkynt slik som det står. Det er berebjelken. Så blir forkynninga praktisert. Som eit døme på dette fortel han at kvar søndag serverer dei gratis frukost, lunsj og middag til alle som møter opp. Dette er kjærkome for alle fattige.

Navgalli Mendem har jobba som frivillig med å laga mat til 50000 menneske kvar søndag i 7 år. Ho hadde lova Gud at ho ville gjera dette dersom han lækte henne frå kreftsjukdomen som hadde råka henne. Svulsten i brystet vart borte, og i takksemd jobbar ho no frå tidleg morgon til sein kveld ved grytene.

Kyrkja har også sitt eige sjukehus der sjuke menneske får gratis konsultasjonar kvar søndag, og dei kan kjøpa medisinar til reduserte prisar.

«Når me tener menneske, tener me Gud,» seier pastor Kumar. «Me prøver å demonstrera Guds kjærleik i praksis på alle dei måtane me kan tenkja oss.»

Media

Ein viktig nøkkel til suksessen er bruk av media. Kvar veke produserer Calvary Temple 650 TV program på 17 av dei største språka i India.  Desse vert kringkasta på landsdekkande TV.  Programma vert også sendt til Bangla Desh, Nepal, Pakistan, Afghanistan, Gulf-statane og til Sri Lanka. 

Millionar vert i tillegg nådde på sosiale media.

Fødselsdagsgest

Og så praktiserer pastor Kumar ein morosam gest: Alle som har fødselsdag får tilsendt ei kake med ein gratulasjon frå han.

Elektronisk medlemskort

Alle medlemmer har fått eit eige elektronisk kort som dei brukar å registrera seg med når dei kjem til kyrkja. Dersom nokon av ein eller annan grunn ikkje registrerer seg ein søndag, blir dei oppringde med spørsmål om kvifor dei har halde seg heime, og om det er noko dei treng forbøn for. Slik må me ha det, seier pastor Kumar, når me har 350000 medlemmer. Elles kan me ikkje ta godt vare på folk.

Chandrai (bilete) er medlem av kyrkjelyden, og opplever det som omsorg når han blir oppringt. Han sørger for at dei ikkje treng ringa så ofte

Bøn og faste

Bøn har alltid vore viktig for pastor Kumar, og kvart år samlar han titusenvis av unge menneske over heile India til 40 dagar med bøn og faste. I denne tida går pastor Kumar gjennom heile Bibelen saman med dei bedande, frå 1.Mosebok til Johannes openberring.

I tillegg blir det ein fredagskveld i månaden halde bønekveldar (møte med Gud-kveldar, som dei kallar det). Då samlast 30 000, for det meste unge menneske, for å prisa Gud og be om vekking over nasjonen og nasjonane.

Forfølging

Dei siste åra har kristne i India opplevd aukande forfølging. Kristne er blitt drepne og kyrkjer nedbrende. No sist i Manipur nord-aust i landet.

Pastor Kumar svarar: «Jo meir me blir forfølgde, jo raskare veks me. Og det er mitt ønskje og min pasjon at før eg døyr har alle indarar fått høyrt evangeliet og blitt kjent med frelsaren».

Kjelde: CBN-News

 

tirsdag 26. desember 2023

Stefanusdagen. 2. juledag 2023

 Det er ganske underleg, men andre juledag er vorten kalla Stefanusdagen til minne om alla barna som Herodes drap for å få has på Jesus. Kyrkja reknar desse barna for martyrar fordi dei vart drepne for Jesu skuld. 

Herodes den store var ekstremt paranoid, og hadde ein lang karriere med å ta livet av alle han opplevde som eit trugsmål mot makta si. Det hadde gått kraftig ut over slekt og vener. Han sparte ikkje ein gong si eige mor. Tanken på at det var fødd ein kongsson i Betlehem var ikkje til å halda ut for han. Denne ungen måtte døy, og sidan han ikkje visste kor han kunne finna guten, beordra han drap på alle smågutar i Betlehem, alle under to år. 

Herodes var dreven av Satan. Det er det ingen tvil om. Satan har alltid tørsta etter barneblod. Farao beordra ein gong at alle nyfødde jødiske gutebarn skulle kastast i Nilen. Der venta krokodillane på dei. Det var eit satanisk påfunn. 

Antisemittismen som har kosta så mange millionar jødar livet opp gjennom historia er også eit lengde av den same alen. Hitler og alle rundt han var drivne av vonde ånder då dei gjorde sitt ytste for å utrydda det jødiske folket under 2.verdskrigen. 

I møte med Matteus 2 der me les om barnedrapa i Betlehem, kjem me ikkje unna å snakka om vår tids største vonde som er provosert abort. I våre dagar får Satan tilfredsstilt sin trong etter barneblod til fulle gjennom 40-50 millionar årlege abortar. Me er vitne til historias største brotsverk, og dei fleste bryr seg lite og ingenting om at det skjer. Tvert om ser dei fleste på dette som eit gode. Kva er det eigentleg med oss menneske som gjer at me kan hysa slike sjuke tankar, ja, som ser på denne uretten som eit gode? Kva er det med oss som ikkje finn dette problematisk?  Kvifor vil me ikkje unna alle ufødde den same retten til eit langt liv som me sjølve får nyta? 

Korleis møter me dette som kristen kyrkja? Me ber dagleg om vern og rettsvern for dei ufødde, me talar frimodig deira sak så ofte me kan og me ber om at Gud skal senda sin Ande og opplysa folket om rett og galt, om godt og vondt, slik at dei kan venda om frå sine vonde gjerningar og til Gud og hans vegar, og me ber spesielt for fedrene at dei skal begynna å slost for avkommet sitt og krevja livsrett for borna sine. 

I dag minnest me også dei truande som blir forfølgde for Jesu skuld i vår tid. Det skjer i ufatteleg mange land: India, Kina, Nord-Korea, Somalia, Nigeria, Burkina Faso, Mali, Sudan, Afghanistan, Iran, Uzbekistan, Turkmenistan, Russland, Vietnam, for å nemna nokre. Det ser ikkje likt ut over alt. Men millionvis kristne må dagleg betala ein pris for å følgja Jesus, og nokre av dei med liva sine. Og i julehelga hende det igjen. 115 kristne vart brutalt drepne i Nigeria 1.juledag. Djevelen er ikkje heilt fornøgd med å ta livet av dei, han må gjera det på ein av kyrkja sine største høgtidsdagar for å gjera gleda over Jesu fødsel om til sorg for hans disiplar. 

lørdag 23. desember 2023

Advent 2023, dag 23. Guds mor

 Herre Jesus! Me takkar din store kjærleik og nåde, og me takkar deg for Maria som stilte seg til disposisjon og bar deg inn i verda. Velsign oss i dag når me deler ditt ord. Amen!

Kallet som Maria fekk var både stort, ærefullt og vanskeleg. Ho skulle bli Jesu mor, eller Guds mor som dei yndar å kalla henne i dei ortodokse kyrkjene, og det kan ikkje vera noko feil med det.  

Etter ein liten, men ytterst vesentleg diskusjon, så ho ja til oppgåva engelen Gabriel gav henne. 

Historikarane er opptekne av å fortelja oss at det er dei store makroøkonomiske og maktpolitiske tilhøva i verda som bestemmer verdas utvikling. Det har dei lært av Karl Marx. Men dei tek grundig feil. Maria var ei fattig ung kvinne frå ein uglesett by. Hennar ja til Gud kom til å endra verda fullstending. Hennar ja fekk historia til å ta ein heilt ny retning. Ikkje brått, men over tid. Kvifor det? Fordi Gud er historias Herre, og han verkar gjennom enkle personar som seier ja til han.

I dag vil eg gjerne at du skal sjå deg sjølv som ein som skaper historie, og som bidreg til at mange endrar livsretning og til slutt endar opp hos Gud. 

Ta Maria som føredøme. Slik som ho sa ja til å bera Jesus inn i verda, slik vil eg oppmoda deg om å seia ja til å bera Jesus ut i verda. Still deg heilt og fullt til den gode  Guds disposisjon. Lukke til med det. 


onsdag 20. desember 2023

Advent 2023. Dag 21. Rettferdssola

Herre Jesus Kristus! Takk at du har teke på deg oppgåva å vera vår rettferd innfor Gud. Det er meir enn me kan fullt ut kan fatta. Men når Anden underviser oss, forstår me nok til å bli glade og kjenna litt på fridomen i dette. Og me treng Andens hjelp og lys også innfor det ordet me skal dela i dag, så det ber me om i ditt  namn. Amen!

Malakia 4,2

Men for dykk som fryktar for mitt namn, skal rettferdssola stå opp med lækjedom under vengene sine. De skal sleppa ut og hoppa som kalvar.

I dag er me komne til avslutningskapitlet i Det gamle testamentet. Det er også eit kapittel med fokus på håp om frelse.

Dette ordet kom til Malakia over 400 år f.Kr., og er ein profeti om Jesus. Då Jesus vart fødd, levde, døydde og stod opp att,  sto rettferdssola opp, og ein ny dag rann i verda, nådens dag då Gud er å finna. For Jesus kom me lækjedom, ikkje berre for kropp og sjel, men for heile vår eksistens . Han bar bort syndene våre, betalte vår skuld, og kan difor føra oss til Gud.   Kva er det å frykta Herrens namn? Det er å kalla på Jesus som Gud. Når du gjer det, blir brotet mellom Gud og deg fullstendig lækt, og den dagen Anden openberrar for deg implikasjonane av dette, kjem det ein slik glede over deg som berre kan samanliknast med den fridomen som kalvane erfarer når dei vert sleppte ut på beite om våren.

tirsdag 19. desember 2023

Advent 2023. Dag 20. Det Job såg.

Herre Jesus! Du er håpets Gud. Uansett kor langt nede me er i livet, er du sjølve grunnen under oss. Og ein dag skal du løfta oss opp over alle høgder, og me skal få sjå deg slik du er. Hjelp oss no å forstå ditt ord. 

Job 19,25-26

 Eg veit at min utløysar lever.
Som den siste skal han stå fram i støvet.

Når huda er riven av meg og kjøtet er borte,
skal eg sjå Gud.

Jobs bok er kanskje det fremste verket i verdslitteraturen, og kanskje også det eldste, og i dagens tekst ligg utruleg nok det kristne håpet heilt ope i dagen i ein tekst som faktisk vart skriven på Abrahams tid, 2000 år før Jesu fødsel. Og håpet er todelt.

Først handlar det om Jesus. Job hadde, pga sine synder, ei uløyseleg bot å betala. Som oss, hadde han ingen sjanse til å retta opp alt han hadde påført Gud og sine medmenneske av skade. Han var ein syndar, han som oss. Men i si ånd såg han ein utløysar koma for å betala bota hans. Han såg at Jesus kom for å betala for han, og skal me seia noko vesentleg om Jesus så er det at han er verkeleg ein utløysar av rang. Korleis skulle me klart oss utan han? Nei, det hadde ikkje gått bra, og gode, gamle Job fekk sjå dette i sitt livs mørkaste stund, lenge før Jesus vart fødd. Det var fint for han, og det er fint å tenkja på at Gud har dekka inn skulda vår, og at han er hos oss og ser til oss når me har det skikkeleg kjipt. Jesus er vårt evig håp. Alle som har han i liva sine, vil ein dag stå opp som han.

Dinest: Pga Jesus er ikkje døden lenger nokon trussel. Med han i hjarta går me rett til Gud når me døyr, og der skal me få fryda oss i all æva. Han seier jo sjølv: Den som lever og trur på meg skal aldri i æva døy, men er gått over frå døden til livet. 

Og alt rundt dette som me ikkje forstår, overlet me gladeleg til Gud. 

mandag 18. desember 2023

Advent 2023, dag 17

Gode Gud og Far! Me takkar deg for ditt ord, og innser at me treng hjelp for å forstå det. Gje oss denne hjelpa i dag ved Den Heilage Ande. 

Mika 5,1-4a

Du, Betlehem, Efrata,
minst mellom slektene i Juda!
Frå deg lèt eg ein herskar over Israel koma.
Hans opphav er frå gammal tid,
frå eldgamle dagar.

2 Difor skal han overgje dei,
heilt til tida er komen då ho som skal føda, har fødd.
Då skal resten av brørne hans
koma tilbake til Israels born.

3 Han skal stå og gjeta i Herrens kraft,
i Herren sin Guds høge namn.
Og dei skal bu trygt, 
for no rekk hans makt til endane av jorda.
Og han skal vera fred.


Mika levde samtidig med Jesaja, altså på 700-talet f.Kr.  Han proferte altså så lenge før Jesu fødsel  at det var i Betlehem, i Davidsbyen, Messias skulle fødast. 

Men ikkje berre det. Han skulle fødast i Efrata. Efrata ligg utanfor Betlehem, og der heldt dei som gjette dyra til som skulle ofrast i tempelet. Gjetarane som me møter i Lukas 2 var slike. Sauene deira var offerdyr. Og det var slik at når eit lam vart fødd i Efrata, sveipte gjetarane det og la det i ei krubbe laga av stein, og på den måten vigsla dei det til Gud. Det skulle slaktast og slik sona for ein eller annan familie sine synder. Men dette var kun ei midlertidig ordning fram til det sanne offerlammet kom, Guds offerlam, Jesus Messias. 

Då Jesus vart fødd, sveipt og lagt i krubbe, vart han vigsla til Gud som om han skulle vore eit offerlam.  Og det var han også, biletleg tala. For han skulle sona alle syndene som alle menneske til alle tider har gjort. Og der, kjære ven, der er du inkludert om du vil eller ei. Og det skal du få stola på. Dersom du ikkje finn ein einaste grunn hos deg sjølv til å kalla deg kristen, så har du ein god grunn til å gjera det ut frå det som Bibelen seier at Gud gjorde for deg gjennom Jesus før du var fødd. 

Jesus var altså langt meir enn eit offerlam. Han skulle vera herskaren over Israel, ja over heile verda. Dette seier Gud her gjennom Mika, og Guds ord kan ikkje setjast ut av kraft, seier Jesus sjølv i Johannes 10,35. Israels land og folk kan aldri utslettast rett og slett fordi Jesus Messias er Israels konge til evig tid. Det er og blir nyttelaust for Hamas, og kven det no enn måtte vera, å prøva seg på noko slikt. I staden skulle dei og alle muslimar forkasta islam, Koranen og jihad og famna Jesus og Bibelen og velsigna Israel. Då ville dei få det godt og erfara den djupe freden i og mellom folk som berre han kan etablera. For han skal vera fred, las me. 

Jesus er "frå eldgamle dagar", les me her. Det betyr ganske enkelt at han er Gud, for berre som Gud kunne han ha preeksistens, som betyr at han eksisterte før han vart unnfanga og fødd. 

Jesus er den gode gjetaren, og snart skal Israel samla seg om han, og han skal gjeta dei med guddomskraft, slik som han i årevis har gjort det med oss. La oss be om at det snart, veldig snart må skje. 

 


lørdag 16. desember 2023

Advent 2023, dag 16. Freden utan ende

 Gode Far! I Jesu namn ber me også i dag om Den Heilage Andens nåde når me deler ordet ditt med kvarandre. Amen! 

Jesaja 9,7

7 Så skal herreveldet vera stort
og freden utan ende
over Davids trone og hans kongerike.
Han skal gjera det fast og halda det oppe
med rett og rettferd
frå no og for all tid.
Herren over hærskarane skal gjera dette
i sin brennande iver.

Jesu herrevelde strekker seg over heile jorda i og med at han regjerer i kvar einaste kristen, og kristne finn me over heile kloden. 

Regjeringsmakt handlar om jurisdiksjon. Der Guds lover gjeld, der er Guds rike. Der er Jesu herrevelde. Når hans lover vert sett til side og erstatta med anarki, eller av lover som strir mot hans, då er me komne over i djevelens rike. 

Ï dag er mange som tidlegare var kristne og levde i lydnad mot Guds lover, ved sin ulydnad hamna i djevelens rike, og dette gjeld i særleg grad når det gjeld seksualitet og samliv. 

Alle kristne syndar. Men dersom me innrømmer syndene våre er Gud trufast og rettferdig og tilgjev oss dei. Men når me begynner å definerer synda som uttrykk for Guds vilje, då hamnar me utanfor, sjølv om enn me berre hevdar dei ubibelske synspunkta. Me går fortapt fordi me forfører våre medmenneske, og det er faktisk meir alvorleg enn å leva i dei nemnde syndene. 

I dag er Gud og djevelen i konflikt. Men ein dag, når Jesus kjem attende, må djevelen gje tapt, og Guds rike og riket sine innbyggjarar blir dei einaste som vert att på jorda. Då blir freden utan ende. 

Ingen skal vera i tvil om at dette skal skje ein gong. Like sikkert som Jesus kom første gong, kjem han andre gong for å dømma levande og døde.

Det var Herrens brennande iver som førte Jesus til jorda ved juletider to tusen og nokre og tjue år sidan. Den same iveren skal bringa han attende om ikkje lenger.