torsdag 25. september 2008

Kollegatur til Skånevik gjev fine høver til å vitna om Jesus


I kveld sit eg på eit hotellrom i Skånevik. Heile lærarkollegiet er her inne og skal jobba med vurderingsspørsmål i to dagar. Skåndevik er ei særs vakker bygd i Sunnhordland. Her er det fin natur og eit velordna kulturlandskap med beiteland og enorme lauvtre som må ha vore planta for hundrevis av år sidan: eik, bøk og blodbøk. Været har vore av det aller beste i dag, varmt og fint, og skogen står i grønt, gult og raudt.
Det som er fint med slike turar er at dei gjev meg mange høver til å vitna for kollegane mine. Og denne gongen har Gud verkeleg opna dører for meg. Det skjedde forresten også i går då skulen var på fjelltur, og eg fekk vitna for ein av kollegane mine. Han var svært open for det eg fortalde han. Og i kveld ved middagen opplevde eg den same opne og nysgjerrige haldninga frå alle som sat rundt mitt bord. Eg fekk fortelja dei om ting som Gud gjer ute i den store verda, om Guds rikes vekst og om forfylging og smerte. Det var heilt nytt for dei. Så eg gav dei litt innblikk i ting Gud gjer, spesielt mellom flyktningane, i kyrkjelyden vår. Dei let seg fascinera og syntest det var veldig interessant. Ville gjerne høyra meir. Eg blir så glad av slikt. Gjev meg von om at dei skal tenkja ein tanke vidare, nemleg at dei gjerne skulle ha kjent den Gud som gjer så store ting mellom oss. Eg vil be om at Den Heilage Ande hjelper dei til å tenkja slik.

1 kommentar:

Berit sa...

Oppmuntrende å høre!