tirsdag 7. oktober 2008

Pengar og verdiar

Så er statsbudsjettet lagt fram, og det sjølvsagt mykje snakk om pengar i media. Det er vel ikkje til å unngå. I slike tider får alle ei kjensle av at pengar er verdas viktigaste sak. Me trur i det heile veldig på pengar i dette landet, at pengar løyser alle slags problem, og dersom me berre har litt meir av dei, så vil alt gå så mykje betre for oss. Men det er ein illusjon. Det ser me i dei tilfellene då pengar faktisk øydelegg verdiar. Det kan vera i noko så banalt som eit arveoppgjer. Kor mange har ikkje opplevd at omsynet til materiellet verdiar har vorte så viktig for folk at dei har vore viljuge til å ofra fellesskapet med familien for å få det dei meiner dei bør ha? Men få ting er så verdfullt som fred og fordragelegheit i familien. Kor mange har ikkje ofra sjela si ved å vera uærlege i pengesaker ? Ærlegdom og sjelefred er vel langt større verdiar enn kroner og ører. Kven har vel ikkje sokke inn i egoisme og kynisme i jakta på pengar, eigenskapar som me alle ser på som skadelege både for oss sjølve og andre. Og når sjukdomen råkar oss og me ser døden i kvitauga, kva betyr pengar då? Kven kan me all sitt strev legga ei alen til si livslengde? I denne tida må me ropa ut til våre medmenneske at dei må søka Gud og gå på hans vegar, for der er dei sanne livsverdiane å finna. Det kjem ikkje an på pengar.



Jesus seier tre viktige ting om pengar: "Samla dykk ikkje skattar på jorda der mol og makk øyder og tjuvar bryt seg inn og stel, men samla dykk skattar i himmelen..." Dei siste dagane har Island opplevd meir enne noko anna land at mol og makk på kort tid har tært bort både verdien på pengane, verdipapira og eigedomane deira. Landet er i ferd med å gå konkurs, og statsministeren vender seg mot Gud. Kor skal han elles gå? Be gjerne om at Island skal kunna behalda sjølvstende sitt og at islendingane skal læra seg å søka Gud og sanne livsverdiar på ein heile annan måte enn før. Då vil det som råkar dei no vera ein inderleg god ting.

Kva er det å samla skattar i himmelen? De er å samla menneske inn i Guds rike. For for Gud er det menneska som er verdfulle. Og dei som me fører til Jesus får evig liv og kan aldri forgå. Så seier Jesus: "Bruk pengane som det hefter så mykje urett ved til å vinna dykk vener som kan ta imot dykk i dei evige bustadane". Det betyr naturlegvis at me skal investera vesentlege pengar i Guds rike, dvs. i misjon og evangelisering. Og er det det han vilk, så gjer me vel det. Guds rike er vår business. Og det siste sitatet eg vil løfta fram er dette: "Ver ikkje uroa for kva de skal eta eller drikka eller kle dykk med. Slik spør heidningane etter. Men søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt dette andre i tillegg." "Alt dette andre" er mat og klede og livsnødvendige ting. Han lærer oss å slappa av i høve til pengar og ikkje la redsle for knapphet eller trong etter meir styra liva våre. Det er Jesus som er Herre og ikkje Mammon. Han kallar oss til å gå for seg, så skal han syta for at me får det me treng. Så fascinerande og frigjerande enkel Jesus er. Me er hans søsken og barn av den Gud som skapte himmel og jord, kva skulle me vera redde for? Berre dette eine: å koma bort frå han som elskar oss.

1 kommentar:

Berit sa...

Ja, det ble dagens andakt! Vi er i ferd med å kjøpe hus, tror jeg, så vi trenger virkelig å stole på Gud nå. Er vel ikke de rikeste i landet...