tirsdag 6. august 2013

Grunntankar i Romarbrevet XIV. Kap. 4,13-17

13 For det var ikkje ved lova Abraham eller ætta hans fekk lovnaden om at han skulle bli arving til verda, men ved den rettferda ein får ved tru. 14 Er det dei som held seg til lova, som er arvingar, då er trua utan meining og lovnaden sett ut av kraft. 15 For lova kallar fram vreide, men der det ikkje finst lov, finst det heller ikkje lovbrot. 16 Difor fekk han lovnaden fordi han trudde, så alt skulle vera av nåde. Då kan lovnaden stå fast for heile etterslekta hans, ikkje berre for dei som har lova, men òg for dei som har same tru som Abraham. For han er far for oss alle, 17 som det står skrive: Eg har gjort deg til far for mange folk. Han er vår far i Guds auge; for han trudde Gud, han som gjer dei døde levande og byd at det som ikkje er, skal bli til.

 Vers 13 lærer oss noko underleg: Den som trur på Guds løfter er ikkje berre er rettferdig for Gud men også arving til verda. Kristne flest tenkjer vel helst at dei er arvingar til himmelen. Og det er rett. Men at me også er arvingar til verda er ein heller ukjent tanke. Er me ikkje på veg bort frå verda då? Er ikkje verda ein farleg plass for oss kristne som me bør halda oss lengst mogeleg unna. Nei, seier Jesus i Bergpreika, verda tilhøyrer Jesu disiplar Ho er deira arv. 

Dette må me forstå i lys av misjonsbefalinga der Jesus byd disiplane sine å gjera alle folkeslag til hans læresveinar. Det er MENNESKA i verda som er vår rettkomne arv. Jesus har kjøpt dei med sitt eige blod, og me kan gjera krav på dei overfor han som held dei fanga i synd og vantru, nemleg djevelen. Er me sterke nok til det? Ikkje i oss sjølve, men me går fram i Jesu namn og Andens kraft, og då er me ustoppelege, og djevelen må vika og gje frå seg byttet sitt når me gjer krav på det. For kvar som vender om og kjem til tru, blir me som kyrkje rikare enn før. 


Guds lover kan ikkje gjera nokre som helst til Guds barn. Dei kan ikkje lækja oss eller fjerna syndene våre, berre gjera oss skuldige innfor Gud, og diagnostisera oss. Lova er som ein moderne MR-maskin  som avslører vår indre skade, vårt djupe begjær etter å skaffa oss ting som kan tilfredsstilla lystene våre. Me treng å bli forvandla. Lova kan ikkje gjera det, berre evangeliet om Jesus Kristus. Deter den medisin Gud har skrive ut for oss syndige menneske. Trur me på Jesus, blir me straks frelst, fødde på nytt, men også smått om senn lækte for vår skade. 

Jødane og arabarar rosar seg av å vera Abrahams barn. Men det er dei i Guds augo berre dersom dei trur på Jesus.  For det gjorde Abraham, og dei som skal vera hans barn, må tru som han trudde. Gjennom denne trua blir me alle adopterte av Gud, og slik blir me Abraham sine medarvingar, og løftene Gud gav Abraham, blir gjort gjeldande også for oss, dvs. eg vil vera din Gud og du skal vera mitt folk og i deg skal alle ætter på jorda velsignast.

onsdag 31. juli 2013

Romarbrevet 4,9-12

 9 Dei som her blir prisa sæle, er det berre dei omskorne eller er det dei uomskorne òg? Vi sa at Abraham vart rekna som rettferdig fordi han trudde. 10 Korleis gjekk det til? Var det før eller etter at han vart omskoren? Det var før han vart omskoren. 11 Og omskjeringa fekk han til eit teikn som skulle stadfesta den rettferda av tru som han hadde før han vart omskoren. Slik skulle han bli far til alle uomskorne som trur, så dei kan reknast som rettferdige. 12 Men han skulle òg bli far til dei omskorne når dei ikkje berre har omskjeringa, men òg følgjer etter Abraham, far vår, og eig den trua han hadde før han vart omskoren.

Det avgjerande for deg og meg i vårt høve til Gud er at me TRUR på han. Kva er det å tru på Gud? Det er å tru på ORDET hans. Det er sjølvinnlysande. Dersom me trur på eit menneske, så trur me jo på det som vedkomande seier, at det er sant og til å stola på. Slik også med Gud. Dersom me ikkje trur på det han seier, trur me ikkje på han heller. Men trur me på det han seier og lever i samsvar med det, då blir han hjarteglad og løner oss med å sjå totalt bort frå alle syndene våre, gje oss Den heilage ande, samfunn med seg sjølv og evig liv. Det var dette Abraham erfarte, og det lenge før han vart omskoren. Kva rolle spela då omskjeringa? Den vart eit ytre teikn på ein ny indre røyndom, og Bibelen vitnar fleire stader at det er det som skjer i hjarto våre som er avgjerande. Alle religiøse seremoniar og symbol har absolutt ingen effekt dersom ikkje hjelper oss til å tru på og elska Gud. Dette gjeld også dåpen og nattverden. Eg er redd helvete vil vera fullt av døypte menneske som aldri ville tru på Jesus og leva etter ordet hans. Det er ei stor sorg og ei plage å tenkja på.

Omskjeringa høyrde til den gamle pakta, det var ei greie mellom Gud og Israel. Men omskjeringa åleine kunne aldri hjelpa dette folket. Dersom dei ikkje trudde på han og levde rettferdig, stilte han dei til rekneskap og dømde dei etter det dei hadde gjort. Den nye pakta i Jesus Kristus er derimot ei greie mellom Gud og alle menneske. Her gjeld berre ein ting: Tru verksam i kjærleik, og paktsteikna er vatn, brød og vin, og i den grad Ordet, dåpen og nattverden skaper og nærer trua, fungerer dei etter sin hensikt, men folk som ikkje trur på Jesus og lever etter ordet hans, vil bli dømde etter sine gjerningar uansett om dei har høyrt, sett og smakt mange tusen gonger.

fredag 10. mai 2013

Grunntankar i Romarbrevet, del XII, kap 4,1-8.

http://www.mediafire.com/?dcl78jgjirdwk3z
Romarbrevet 4 handlar om trua. Abraham er vårt store førebilete i alt som har med tru å gjera. Han høyrde Gud, trudde på det han høyrde og reagerte med lydnad. Slik vart han rekna som eit rettferdig menneske. Han var ein syndar som alle oss andre, men Gud var så begeistra for at han trudde på han at han bestemte seg for ikkje å tilrekna han syndene hans, men behandla han som eit heilt gjennom rettferdig menneske, dvs. ein som var som han skulle vera etter Guds plan.

Men dette reknestykket hadde sin pris. Det fordra av Gud at han sjølv vart menneske for å ta på seg alle Abrahams synder og døy for dei. Og det gjorde han som me veit då Jesus kom og ordna opp, ikkje berre for Abraham, men for oss alle, slik at alle som no trur på Guds ord og responderer med lydnad på dette ordet, kan bli rekna for rettferdige utan å vera det.

Dette er det me kallar nåde. Det er det motsette av forteneste. Gud gjev den som trur det motsette av det han/ho har fortent. Me har fortent å bli straffa etter våre lovbrot, men blir i staden frikjent og løfta inn i Guds kjærleik, ein stilling som Gud gjennom Jesus har kjøpt oss retten til.

Den som imidlertid ikkje vil stola på Guds ord om Jesus og overgje seg til Gud på nådens premissar, vel dermed si eiga løysing på sitt eige problem, ein blir ståande ansvarleg for syndene sine sjølv, og det kan umogeleg gå bra, for den løna som synda gjev er døden, les me i 6,23, og her er det snakk om den evige død.

Vår lukke ligg i samfunnet med Gud. Når me blir sette fri frå våre synder og fylte med Guds evige kjærleik, kjenner me oss så verdsatt og fri at det er ingenting som kan samanliknast med denne erfaringa.  Det er å vera "sæl", som det heiter på nynorsk, "salig" på bokmål, "blessed" på engelsk, velsigna av Gud, slik som David opplevde dette etter at han hadde sanna syndene sine og vendt seg bort frå dei. Straks vart denne høge status hans, som han skriv i Salme 32.

Far i himmelen, takk at du rekna alle oss som trur som rettferdige sjølv om me på ingen måte er det. Me prisar deg for din nåde og for det offer du gav for å kunna gje oss denne nåden. Send oss ditt lys og din Ande slik at me kan forstå rekkevidda av ditt ord og din kjærleik. Amen! 

tirsdag 23. april 2013

Grunntankar i Romarbrevet del XI, kap 3,25-31

25 Han har Gud stilt synleg fram, så han med sitt blod skulle vera soningsstaden for dei som trur. Slik viste Gud si rettferd. For han hadde før, i sitt tolmod, halde tilbake straffa for dei syndene som var gjorde. 26 Men i vår tid ville han visa si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier rettferdig den som trur på Jesus. 27 Kva har vi då å vera stolte av? Ingenting! Etter kva lov? Lova om gjerningar? Nei, lova om tru. 28 For vi hevdar at mennesket blir rettferdig ved tru, utan lovgjerningar. 29 Eller er Gud berre Gud for jødane? Er han ikkje Gud for dei andre folka òg? Jau, for dei òg. 30 For Gud er éin, han som rettferdiggjer dei omskorne av tru og dei uomskorne ved den same trua. 31 Opphevar vi då lova med trua? Langt ifrå! Vi stadfester lova.

Då Jesus kom, vart Gud synleg for verda. Han var sendt av Gud, og han var Gud. Skulle me bli frelst, måtte Gud sjølv gje sitt blod, ingenting mindre kunne duga, og Golgata er slik blitt den viktigaste plassen på jorda for alle som trur. Det er vår soningsplass, plassen der syndene våre vart tekne bort av Gud sjølv. Me kjem aldri til å møta dei att så lenge me trur på Jesus. Slik har Gud bestemt dette her. Difor stolar me på det som skjedde på Golgata kross. Der finn me vår rettferd og evige frelse.

I våre dagar spør gjerne folk: Kan Gud vera rettferdig når så mange menneske har det vondt? Eller dei spør: Kan Gud vera rettferdig dersom han sender folk i evig fortaping? Ja, slik spør folk i dag, og så vil dei gjerne fella domen over Gud ved å svara nei på sprøsmåla. Men for Paulus var problemstillinga ei heilt anna, ja, stikk motsett. Kan Gud vera rettferdig når han i det heile tatt tilgjev nokon som helst noko som helst. Er det ikkje meir rettferdig at folk får den straffa dei har gjort seg fortent til? 

Og apostelen svarar: Det er heilt rettferdig at Gud tilgjev oss syndene våre så lenge han sjølv tok på seg straffa for dei i vår plass. Hadde han ikkje det gjort, kunne ingen fått nåde om dei bad om det aldri så mykje og aldri så lenge. Skulle Gud frikjenna oss, måtte han døma seg sjølv i vår plass, og det gjorde han. 

Ingen menneske kan takka seg sjølv for frelsa. Den er ei gåve som alle berre må ta imot av nåde. Så spør Paulus: Opphevar me ikkje slik lova slik den er gjeven oss av Gud. Nei, seier han, me stadfester henne. Korleis det? Og svaret er enkelt: Den som trur på Jesus, blir fødd på nytt, får Guds sinn og vil ut frå sin nye natur leva i samsvar med hans lov. Slik stadfester me Guds lov ved å leva etter henne ut frå indre motivasjon. Ikkje for å bli frelst, men fordi me er frelst.

torsdag 18. april 2013

Romarbrevet del X. Kapittel 3,21-23

21 Men no er Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, openberra utanom lova. 22 Dette er Guds rettferd som blir gjeven ved trua på Jesus Kristus til alle som trur. Her er det ingen skilnad, 23 for alle har synda og manglar Guds herlegdom. 24 Men ufortent og av hans nåde blir dei kjende rettferdige, frikjøpte i Kristus Jesus.

Lova er altså ikkje gjeven for at me skulle bli frelst ved den. Ho kan ikkje frelsa oss og gjera oss nye, berre døma og fordøma oss. For å ta eit bilete. Uansett kor dugande ein snikker er, vil det bordet han lagar av rote materiale, vera og forbli rote, same kor fint det ser ut. 

Me er syndige menneske, og kan ikkje gjera noko med det. Me kan ikkje bli rettferdige ved å strekka oss etter det rette og gode. Lova er god. Men ho kan ikkje gjera oss gode. Det kan berre Jesus når me innrømmer våre synder og at me er avhengige av han. Då blir me tilgjevne og reinsa, og han kjem inn i oss og skaper alt nytt. Guds kjærleik fornyar oss, og me blir fylt av godleik til han og til våre medmenneske. 

Guds frelse er heilt ufortent. Det handlar ikkje om deg på nokon annan måte enn at Gud elskar deg på same måten som han elskar alle menneske, og fordi han gjer det, har han opna døra inn til himmelriket på vid vegg slik at det er berre å gå inn for den som ønskjer det. Der møter me ein atmosfære av tilgjeving, godleik og glede som er heilt unik. Når me kjem til Gud i tillit til Jesus, blir me straks kjende rettferdige av han. Det er meir enn å bli benåda. For alle som blir benåda har jo faktisk gjort noko gale. Men me blir FRIKJENDE, dvs behandla som om me aldri har gjort noko gale. Og dette kan Gud gjera fordi han behandla Sonen sin som om HAN var opphavet til alt vondt, han som ingenting vondt hadde gjort, men berre godt. Jesus gjekk i din og min plass, og me får lov å ta HANS plass. Dette er nåde over nåde.

mandag 25. mars 2013

Det kristne menneskesynet. Grunntankar i Romarbrevet del IX

Teksten for dagens tankar finn du i Romerbrevet 3,9-20. Vers 1-8 kan kort summerast opp med at jødane har den føremun at dei er blitt tiltrudd Guds ord. Det forvalta dei imidlertid ikkje etter Guds plan. Tvert om, dei synte seg utrue i og med at dei avviste evangeliet Men fordi jødane var utrue, gjekk både evangeliet og misjonsoppdraget vidare til folkeslaga. Israels utruskap vart til velsigning for verda. Kan Israel då lastast? Ja, avgjort, både fordi dei avviste Guds gåve, og fordi dei ikkje ville fullføra hans plan om å samla alle menneske til eitt i Kristus Jesus. Det var jo Guds plan med dei heilt frå han kalla Abraham og sa: "I deg skal alle folkeslag velsignast". Det jødiske folket fekk dermed eit stort problem: dei kom i opposisjon til den Gud som hadde frelst dei ut av Egypt, som hadde ført dei og teke vare på dei gjennom ei dramatisk historie. Han hadde også lova å senda tenaren sin til dei og frelsa dei frå syndene deira, og då han gjorde det, avviste dei han som kom, ei avvisning dei i stor grad har halde fast ved seinare. Slik synte dei seg å vera laga av det same stoffet som alle oss andre, menneske fødd i synd og gjennomgåande prega av synda, og det er dette vers 10-18 omhandlar.

Apostelen startar med å slå fast at ingen menneske er rettferdige. Å vera rettferdig er å vera heilt gjennom god og sann, og det er det berre eitt menneske som har vore etter syndefallet, nemleg Jesus Kristus. Alle me andre er gjennomgåande urettferdige i den forstand at me ikkje gjer rett og sjel for oss korkje overfor Gud eller vår neste.

Det er ingen menneske som er så forstandige at dei søkjer Gud, les me. Skal det bli noko mellom oss og Gud , må me bli oppsøkt av han. Ingen blir kristen på eige initiativ. Me er prisgjeven Gud i så måte.

Og det blir verre: Alle menneske har vike av frå Guds veg og blitt bortkomne og villfarande, utan evne eller vilje til å finna tilbake. Snarare vil ein det som Gud ikkje vil, leva etter lystene sine og dyrka seg sjølv. Denne sjølvdyrkinga kallar apostelen "forderving", og det som rotnar spreier rotenskapen sin til miljøet rundt. Slik også med oss menneske. Me smittar kvarandre og innbiller kvarandre at det er OK å leva etter sine eigne interesser, at det er av det gode. Men det er av det vonde, rotenskap som løyser opp personlegdomen, medmenneskelege relasjonar og framfor alt høve til Gud.

Dette slår ut i måten me snakkar på. Jesus seier at "det hjarta er fullt av, renn munnen over med." Kva likar du å snakka om? Dersom du er rettferdig ærar du Gud og din neste med dine ord, og du unngår å tenkja og snakka stygt om folk. Men slik er ikkje me menneske av naturen. I staden er me kritiske og dønmmande, klagande og sytande og ikkje sjeldan dekker me over sanninga for ikkje sjølv å koma dårleg ut, og me kan både banna, kjefta og smella. Strupen er blitt ei open grav, skriv apostelen. Det luktar rote av orda. Ikkje minst ser me dette i våre dagar på debattar på nettet. Det me les der er ikkje skrive ut av kjærleik og respekt, men ofte er det prega av forakt og vondskap.

Til slutt tek apostelen for seg vår tendens til å ty til vald for å få gjennom tinga våre om ingen andre metodar fører fram. Dei fleste klarar å halda slike tendensar i sjakk. Ein veit at det er galt og at ein ikkje tener noko som helst på fysisk skadeverk. Likevel er det meir enn nok av vald i samfunnet, og i alle dagsaviser kan me lesa om menneske som har utøvd stygg vald mot sine medmennesker, og blir tidene vonde, er dette noko som ingen er framand for, og om me i fredstid ikkje gjer dette i praktisk handling, kan me likevel ofte ha lyst til å løysa problema våre på ein slik måte, særleg gjeld dette menn.

Så manglar me gudsfrykt, les me i vers 18. Korleis merkar me det? Ved at me lite bryr oss om kva Gud seier i sitt ord, men følgjer andre normer fastsett av oss sjølve eller andre menneske. Og dersom Gud blir påtrengande nær, prøver me å dømma han og finna ting å anklaga han for og få han til å sjå ut som ein djevel: "Dersom Gud er god og allmektig, kvifor forhindrar han ikkje då at det vonde skjer?" Slik spør menneske utan gudsfrykt. Og svaret ein er ute etter er dette: Sidan Gud ikkje forhindrar det vonde, er han anten  sjølv vond, eller han er avmektig eller han er ikkje i det heile tatt. Folk som tenkjer og snakkar slik, veit ikkje av gudsfrykt.

Skal me vera ærlege så  skildrar dette oss menneske slik me er blitt. Me har ingenting å forsvara oss med. Dette er oss. Me manglar både viljen og evnen til å leva etter Guds standard, me fell gjennom på alle punkt. Guds lov krev at alle våre handlingar er motivert av fullkomen godleik og ærlegdom, og difor står me som skuldnarar innfor Gud. Det er me som har synda, og det er me som fortener å bli dømt.

Jesus Kristus, Guds Son! Kast lyset ditt innover liva våre slik at me ser kor me står i vårt høve til deg, og hjelp oss å alltid la Guds ord døma oss slik at me dagleg sannar syndene våre, trur din nåde og let oss påverka av den godleik som du så villig deler med oss. Du er ein Gud som tilgjev oss våre synder og lækjer sjelene våre. Leid oss på dine vegar. Gje oss Anden din slik at det blir lett for oss å gå saman med deg og tena deg. Amen! 








mandag 18. mars 2013

Grunntankar i Romarbrevet del IIX, kap. 2,17-29

Lydfil: http://www.mediafire.com/?jne9e13228e5fat

Bøn: "Herre Jesus, gode Gud! Du som opna skriftene for disiplane dine, gjer det same for oss. Helga oss i sanninga, ditt ord er sanning." 

Jødane er Guds utvalde folk. Dei fekk lova gjennom Moses, og dei meinte at dei ved å vera lovas folk kunne vera eit lys i mørkret og ein vegvisar for åndeleg blinde. Men lova er så visst ingen veg til Gud. Lova avslører oss, stiller diagnose på oss og påviser at me etter Guds standard er håplause forbrytarar som korkje kan eller vil elska Gud over alle ting, ei heller vår neste som oss sjølve. Som kristne veit me at det er galt å stela, sura oss, kjefta, smella og baktala, men det skjer likevel, og når det skjer, vanærar me Gud. 

Jødane stolte på omskjeringa. Den var ein sterk religiøs tradisjon. Men Paulus påviser her at ein uomskoren som lever godt, er betre stilt enn ein omskoren som lever dårleg. Profetane i GT påpeiker støtt og stadig at indre haldningar er viktigare enn ytre religiøse handlingar. Det avgjerande for oss er kva Gud har fått gjera med oss i vårt indre menneske. Frelse er indre forvandling, ny fødsel som Jesus seier, og ein jøde som er frelst, er ein sann jøde, og ein heidning som er frelst, er meir jøde enn ein jøde som ikkje er fornya og forvandla av Den heilage ande. 

Folk i våre dagar stolar gjerne på dåpen. Dei trur at om dei er døypte, så er alt vel og at dei dermed kjem til Gud når dei døyr, og stundom verkar det som om kyrkja og prestane oppmuntrar folk til å tru og tenkja slik. Men det er eit bedrag. Dåpen har berre frelsesbetydning for den som trur på Jesus. Utan tru, er dåpen kun eit bad og har ingen betydning for evigheten. Omskjeringa gjorde jødane til Guds folk i etnisk og politisk forstand, men ikkje i åndeleg forstand, til det måtte dei ha personleg tru i tillegg. Slik gjer dåpen vanlege folk til medlemmer av kyrkja, men ikkje til medlemmer av Guds rike. Til det trengst eit personleg tillitsforhold til Jesus i tillegg. Heile poenget med dåpen er jo å etablera dette personlege forholdet. 

Gode Gud! Takk for ordet ditt. Du har lagt så mykje lys ned i det, og i Biblen viser du oss vegen til livet og det gode. Hjelp oss slik at me ikkje bedreg oss sjølve ved å stola på ytre religiøse handlingar eller seremoniar, men stolar fullt og heilt på Sonen din og det verket han gjorde på Golgata på våre vegne. 

Så vil me i dag be for dei 107 indianske stammene i Brasil som enno ikkje har fått høyrt om Jesus på sitt eige språk. Lat det skje, Gud! Må nokon høyrer ropet frå desse og ta ansvar for deira sjels opplysning og frelse. 

Me vil også be for dei over 100 kristne familiane i Lahore i Pakistan som nyleg fekk brent ned heimane sine. Gje dei å tilgje dei muslimske overgriparane og å møta vondskapen med Kristi kjærleik. Må du i din godleik gje dei tilbake meir enn dei mista. Herre miskunna deg over dei. Amen!