Einkvar mentor må leggja stor vekt på å læra disippelen sin å bli ein forbedar.
I 2.Mosebok 16 les me om då israelittane kjempa mot amalekittane. Josva var Israels hærførar på bakken. Men det var ikkje DER sigeren vart vunnen. For oppå fjellet, like ved slagplassen, sat Moses med den eine handa løfta, og så lenge handa var løfta til velsigning, sigra Israel, men når armen hans trøytna og handa fall, tapte dei. Aron og Hur var saman med Moses der oppe på fjellet, og då dei merka korleis ting fungerte, tok dei handa til Moses og støtta henne opp. Slik vann Israel ein knusande siger over amalekittane, og Gud sa at minne om dette folket skulle utslettast på jorda fordi dei hadde kjempa mot folket hans og mot han.
Moses var ein forbedar av rang. Han visste at berre ved hans forbøn kunne folket sigra over fiendane.
Som kristne står me i ein kosmisk krig, ikkje mot menneske, men mot makter og herredøme og verdsens herrar i dette mørkret. Me blir rett og slett angripne av demoniske krefter som vil stoppa oss i vår vandring mot dei mål Herren har sett for oss.
Israel var på veg til Kanaans land for å erobra det og ta det i eige. Det var Guds plan og vilje for dei. Det fordra at dei hadde Moses som forbedar.
Me har fått i oppdrag å erobra heile verda for Jesus, og motstanden frå "denne verdas fyrste", djevelen, er veldig. Han hånar oss, gjer oss motlause, freistar oss, forfører oss, distraherer oss, baktalar oss og forfølger oss, alt for at me ikkje skal ha kraft til å rana menneskebarna frå han.
Korleis skal me kjempa? Me må be for kvarandre. Be om at me skal vera sterke i Gud og ha eit godt mot, og at me ikkje skal koma i freisting, for slik lærte Jesus oss å be i "Fader vår", og han presiserte det for Peter, Jakob og Johannes i Getsemane.
Og Jesus er vår Moses. Han er i himmelen, ved Fars høgre hand, og HAN ber for oss, og utan HANS forbøn, hadde kyrkja for lengst vore utsletta.
Men ho lever i beste velgåande, og er større enn nokon gong.
Jesus er ein forbedar. Me er hans disiplar, og me følgjer Meisteren vår og løftar hendene og ber for alle dei heilage som lever misjonale liv, for dei som deler evangeliet med folk og kallar til omvending, tru og etterfølging. Desse tirrar og utfordrar djevelen, og får mektig motsand. Difor treng dei å bli bedt for, for Gud har gjort oss til eit fellesskap, og ingen kan ha nokon reell betydning for Guds rike ved å halda på åleine. Det er i mot Guds plan, og den som går åleine, blir fort eit lett offer for fienden.
tirsdag 4. desember 2018
lørdag 1. desember 2018
Kallet til etterfølging
Lukas 5,17-18
Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein
tollar som heitte Levi. Han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!» 28 Då stod han opp, gjekk frå alt og følgde Jesus.
Levi var
tollar. Han var i romersk teneste, og som einkvar overløpar, var han hata av
folk flest. Fordi tollarane tente pengar for og på okkupasjonsmakta, var dei
sosialt og religiøst utstøytte menneske, og dersom nokon heldt seg saman med
dei, vart dei sett kraftig ned på dei også. Ein av hovudklagemåla mot Jesus var
nettopp at han heldt seg saman med syndarar (prosttituerte og gamblarar) og
tollarar.
Men Jesus brydde seg katten i det. Han var komen for
å leita etter det som var fortapt for å frelsa det, som han sa, og tollarar,
prostituerte og gamblarar var akkurat det, fortapte menneske med eit desperat
behov for frelse.
Det er mange i den gruppa også i dag. Det var slike
menneske me skulle hatt i vår omgangskrins. Dei er erfaringsvis langt meir opne
for evangeliet og Guds frelse enn andre som er innafor og får alt til å fungera
etter forventningane.
Tollaren Levi var i Jesu søkelys. Han såg heilt andre
ting i denne mannen enn nokon andre. For det første var han eit medmenneske, og
det er nok for Jesus til å elska han, og dinest hadde han kvalitetar som ingen
andre enn Jesus registrerte. Levi hadde store litterære evne, og det var han
som seinare skreiv Matteusevangeliet.
Alt startar hos Jesus. Ingen søkjer Gud, står det, men heldigvis søkjer han oss. Levi hadde sikkert ingen tankar om Gud denne dagen, men så vart han altså oppsøkt av Gud og frelst. Gud er ein Gud som kjem til oss og kallar oss til etterfølging og tru. Då startar det nye livet som aldri tek slutt.
Levi hadde
bruk for Jesus, og Jesus for han, og ein dag då Jesus gjekk forbi tollbua der
ved inngangsporten til byen, kalla han Levi til oppbrot og etterfølging.
Jesus hadde
ein enorm autoritet, og det er ingen tvil om at Matteus må ha forstått Jesu
kall til etterfølging som Guds eige kall. Han kjente umiddelbart at Jesus måtte stå over
keisaren i Rom, og at tida var inne for eit regimeskifte, frå det romerske til
Guds.
Å vera
kristen er å vera ein etterfølgjar av Jesus, ein disippel. Det største med
dette er retten til å kunna nyta hans nærvær kvar time på døgnet, lytta til
han, tilbe han, elska han, bli elska av han, lovsyngja han, be til han og tena
han.
Gud har ein
fantastisk plan med livet ditt også, og
den einaste som kan føra deg inn i denne planen er Jesus Kristus.
Har du høyrt Jesu kall til etterfølging? Har du
respondert?
I Johannes 14,6 kallar Jesus seg for VEGEN. Og i Hebrearbrevet les me at Jesus
har bana oss ein ny og levande veg til Gud. Den einaste måten me kan koma til Far på er ved å følgja Jesus der han går.
torsdag 15. november 2018
Disippellivet VIII. Bøn
Bøna er sjølve pulsen i kristenlivet, og dermed også i disippellivet. Dag og natt har ein kristen kontakt med Gud i si ånd, men for det meste ubevisst. Men når me har våre bønetider, festar me blikket og let tankane våre kvila i Gud.
Bøn er ikkje strev. Det er å pleia omgang med Far i himmelen. Det er viktig for oss rett og slett fordi me elskar han, og fordi me veit at han elskar oss.
Den som elskar søkjer alltid saman med den han/ho elskar.
Den som ikkje kjenner seg dregen mot bøna, kjenner seg ikkje dregen mot Gud, og elskar ikkje Gud. Den som oppdagar noko slikt hos seg sjølv, må inderleg be om å bli fornya, for det å elska Gud og bli elska av Gud er sjølve kjernen i det å vera kristen.
Ein mentor må ta disippelen med seg inn i bønelivet sitt. Jesus bad mykje. Disiplane hans la merke til det, og dei såg at denne måten å leva på gav han enorm autoritet og kraft.
Difor ville dei at han skulle læra dei å be. Og det gjorde han. Han sa: Når de ber, skal de ikkje be slik som heidningane. Dei trur dei blir høyrt om dei brukar mange ord. Nei, slik skal de be: "Fader vår, du som er i himmelen......"
Det viktigaste ein mentor lærer disippelen sin er regelmessig dagleg bøn, det å få bøna inn i ein god rytme. Daniel hadde tre daglege bønestunder, morgon, middag og kveld. Midt i ein travel statsministerkvardag, var han nøyen med å ikkje hoppa over ei bønestund, noko som gjorde han til ein mektig profet og ein av dei klokaste politikarane verda har sett.

onsdag 14. november 2018
Kva føler du deg som?
Det har dukka opp ei overmåte interessant sak i Nederland. Emile Ratelband er 69 år, men føler seg som ein 49-åring, og han går no rettens veg for å endra på fødselsattesten sin slik at han blir "20 år yngre".
Denne mannen tek den nye trenden heilt ut: Det er kjenslene dine som definerer sanninga om kven du er og kva du er. Føler ein mann seg som ei kvinne, har han rett til å vera kvinne også i juridisk forstand, og like eins dersom ei kvinne føler seg som ein mann, heilt til ho eventuelt skulle føla seg som noko anna.
Emilie Ratelband føler seg som ein 49-åring, og då er han vel det, eller?
Dette kan jo eigentleg syna seg å vera ytterst nyttig for flyktningar og asylsøkjarar. Lat oss seia at ein person får avvist asylsøknaden sin, då kan vel han/ho berre gå til sak mot staten og seia som så: "Eg føler meg heilt norsk, og då er det vel det eg er, så lat meg for all del berre få meg eit norsk pass slik som andre nordmenn. Det er kjenslene mine som definerer kven eg er og kor eg kjem frå".
Denne saka syner kor håplaust alt blir når me begynner å gå på akkord med sanninga på eitt område, då kan me ikkje lenger tenkja og leva konsistent, me berre flettar oss inn i ein vase av løgner som fangar oss og driv oss bort frå Gud og alt rett og godt.
Difor må me halda pinn fast på at alle individ med to X-kromosom er hokjønn, og alle me eitt X og eitt Y-kromosom er hannkjønn, uansett kva dei måtte føla seg som.
Biologien trumfar rett og slett psykologien og sosiologien.
Jesus utfordrar oss til å byggja liv og samfunn på fast grunn. Det beste fundamentet er Guds eige ord slik det er openberra for oss i Bibelen, og den same Gud som har talt til oss gjennom Bibelen, er biologiens far, og han har skapt oss med tydelege kjønnskjenneteikn som botnar i ein signifikant genetisk ulikskap mellom kvinne og mann.

mandag 29. oktober 2018
Bibelen bringer alltid reformasjon
31.oktober er det 501 år sidan Martin Luther starta
reformasjonen, ei rørsle som må seiast å markera eit vasskilje i verdas
historie.
Gjennom skriftene sine påviste Luther at kvar enkelt av oss
kan kjenna Gud heilt personleg, og læra oss å dømma om kva som er rett og galt,
både når det gjeld livsførsel og tru. Han omsette Bibelen frå gresk og hebraisk
til tysk slik at landsmennene hans sjølve kunne lesa Skrifta og gjera seg opp ei meining om kva som står skrive.
Før Luthers tid måtte dei lesa og høyra frå Bibelen på latin, eit språk som få
eller ingen ikkje-teologar meistra.
Etter den tid er Bibelen, eller deler av han, blitt omsett
til 3223 språk (siste oppdatering frå Wycliffe bibeloversetjarar), og over alt der han blir lest og trudd, endrar han
enkeltpersonar og samfunn til det betre. Det blir mindre korrupsjon og
vinningsbrotsverk, mindre aggresjon og vald, meir omsorg og eit langt varmare
sosialt klima. Men det største av alt er at folk gjennom Bibelen møter Gud,
kjem til tru på Jesus og får eit levande håp utover død og grav.
Kva Bibelen betyr er meisterleg skildra i boka «De skjulte ordene» av Sigmund Evensen. Han og kona Ingjerd reiste med barna sine til Papua
Ny-Guinea rundt 1980, busette seg langt inne i jungelen hos Umanakainafolket.
Desse snakka eit språk som ingen ikkje-umanakaina forstod. Familien Evensen var
dei første utanforståande som lærte seg dette språket. I 15 år budde dei i
Bonenepi, som landsbyen heitte, og på denne tida omsette Det nye testamentet
til umanakaina, lærte folket å lesa og skriva og fekk sjå kva enorme krefter
som bur i Bibelen. Umanakainafolket vart forvandla frå å vera eit hemn og valdssamfunn
til å bli eit samfunn fullt av tilgjeving og kjærleik. Det vart ei stor
endring, ein reformasjon.
Me har hatt Bibelen på norsk i ikkje meir enn vel hundre år,
før den tid måtte nordmenn lesa han på dansk. Likevel har boka hatt ein
eventyrleg innverknad på norsk kultur, tenkemåte og lovverk. Men no er
bibelkunnskapen blant folk flest på retur, og den kristne bodskapen taper gradvis
makta si i den norske folkesjela.
På denne bakgrunnen vil eg gjerne oppmoda lesarane mine lesarar om også å bli ivrige bibellesarar. Det må jo vera noko med ei bok som har fått
mykje større utbreiing i verda enn noko anna bok som nokon gong er skriven. Paulus
kallar ho for «den heilage skrifta», noko som tyder at Gud bur i ho, og at alle som les med ærlege motiv, til slutt vil møta Han på sidene og erfara
ein personleg reformasjon i livet.
onsdag 24. oktober 2018
Godheit som grunnleggjande disippelaktivitet
Einkvar mentor må bevisstgjera disippelen sin i det å utøva godheit i kvardagen, både i heimen, på arbeidsplassen, i nabolaget osv.
Bergpreika i Matteus 5-7 er Jesu disippletale. Der seier han: "Lat lyset dykkar lysa for menneska slik at dei ser dei gode gjerningane dykkar, og for dykkar skuld kan prisa Far dykkar i himmelen."
I sjelevinnararbeidet er gode gjerningar basalt. På den eine sida vil kristne menneske føla trong til å gjera godt. På den andre sida må dei formanast og bevisstgjerast på det same. Ein ekte disippel vil reagera positivt på slike formaningar. Andre med irritasjon.
I disippelopplæringsperioden bør disippelen føra logg. Der skriv han ned det han gjer og det som skjer, dette som eit grunnlag for ein god og meiningsfull mentor-disippelsamtale.
Så har Gud to måtar å syna folk livsforvandlande godheit på, både gjennom under og teikn, og gjennom praktiske kjærleiksgjerningar gjort av Jesu disiplar.
Under og teikn er utanfor displane sin kontroll, men skjer likevel når dei audmjukt ber. Gode gjerningar kan dei pøsa på med så mykje dei berre vil. Begge deler skaper og vekker tru hos dei som blir tilgodesett.

Etiketter:
gode gjerningar,
kjærleiksgjerningar,
mentor-disippelsamtale
fredag 19. oktober 2018
Disippelaktivitet VI. Under og teikn som grunnleggjande element i menneskefiske
Jesus lærte disiplane sine opp til å bli menneskefiskarar av rang. Korleis gjorde han det? Ved å ta dei med når han gjorde greiene sine, og ved smått om senn la dei få prøva seg sjølv.
Og kva var Jesu greie? Han forkynte evangeliet, kalla folk til omvending og tru, lækte dei sjuke og sette fri dei som var besette av vonde ånder.
Store deler av Jesu dag gjekk med til dei to siste aktivitetane. Lukas skriv at Guds kraft var hos han til å lækja. Resultatet var at skarar av menneske kom til han frå heile landet for å få hjelp, anten for sin eigen del, eller for eit sjukt familiemedlem eller ein plaga ven. Og alle fekk hjelp, les me.
Lite avslører Guds godhet for eit menneske som eit mirakel der det desperat trengst. Eit ateist som opplever Gud på denne måten taper ateismen sin på flekken og blir ein teist i staden. Det folk opplever av Gud, bestemmer korleis dei tenkjer om han.
Det er slike ting ein mentor må føra disippelen sin inn i. Det er viktig å kunne presentera evangeliet for folk på ein tankemessig konsistent måte, men enno viktigare er det å gje dei ein direkte erfaring av at Gud finst og at han bryr seg. Får dei denne erfaringa, blir dei straks opne for ein meir samanhengade framstilling av kva evangeliet handlar om. "For Guds rike består ikkje i ord, men i kraft," les me i 1.Korintarbrev 4,20.
Når me les Apostelgjerningane ser me dei same tinga. Gud gjorde mektige gjerningar ved apostlane sine hender. Dette opna folk for evangeliet om Guds frelse i Jesus Kristus, og tusen på tusen kom til tru på kort tid.
Dette utfordrar mentoren til å halda seg nær til Gud og naudbe han om den utrustninga som skal til for å kunna utrusta disippelen til denne type teneste. Kristne leiarar er mentorar, ikkje sjefar, og ein kristen leiars primæroppgåve i verda er å utrusta dei heilage slik at dei blir dugande til all god gjerning (Efesarbrevet 4).

Abonner på:
Innlegg (Atom)