Den Heilage Ande er Gud, og det som hende pinsedagen (Apostelgjerningane 2) må me sjå på som ei unik historisk hending: Det var himmelens respons på Jesu fullførte frelsesverk for alle verdas menneske. Difor vart Anden gjeven til kyrkja denne dagen, og blir no vidareformidla frå kyrkja til alle som vender om frå syndene sine og let seg døypa i (til) Jesu namn.
Jesus kalla Anden "den andre talsmann" (han var sjølv den første), og sa: "Han kjem til dykk for å bli verande hos dykk!"
Dette er godt å tenkja på. Anden er ikkje ein gud som kjem og går, han er komen til kyrkja for å BLI!
Det som Jesus var for disiplane under sitt jordeliv, er Anden for Jesu disiplar over heile verda i dag.
Han bur i oss og er alltid mellom oss når me samlast i Jesu namn.
Men så er det viktig at me gjev han ROM. At me ikkje alltid skal vera så raske, men at me tek oss tid i bøn, lovprisning, samtale og undervisning. At me lyttar til kva Anden seier, og at me lyder han. Då betrur han oss sine gåver og si kraft, og Jesu personlegdom kjem til uttrykk gjennom liva våre. Slik, og berre slik, kan Guds rike gå fram på jorda.
Langfredag vart grunnlaget for Guds frelse lagt for alle verdas menneske, og den første pinsedagen vart Anden gjeven til den kristne kyrkje forat både Han og evangeliet skulle kunna gjerast kjent for alle verdas menneske. Ting heng saman her. Kjære kristne ven: Der du bevegar seg, der bevegar Den Heilage Ande seg. Han er i deg og med deg for at Jesus skal bli synleg gjennom deg.
Det at Anden er hos oss alltid, gjer formaninga i Efesarbrevet 5,18 meiningsfull. "Bli fylte av Anden," skriv Paulus, for me kan jo berre fylla oss med noko me har tilgang til.
Langfredag treng ikkje repeterast, ei heller pinsedag. Frelsen og pinsen har vore hos oss sidan år 33 e.Kr. Når me løftar opp Jesus, kjem Anden til oss og fyller oss slik at me elskar Herren enno meir, og lovsongen aukar i styrke og inderlighet. Kva er sann kristendom? Det er og blir å elska Jesus, han som døydde for oss og fridde oss frå våre synder med sitt blod.
onsdag 26. september 2018
mandag 24. september 2018
Sann kristendom III. Tilgjeving og reinsing
Guds tilgjeving er absolutt, og gjeld uinnskrenka for alle som trur på Jesus.
Har du Jesus, har du fullkomen tilgjeving. Her er det ikkje grader.
Tilgjevinga frå Gud gjer oss tekkelege for Gud.
Men me skal ikkje berre framstå på ein god måte for Gud, men må ta oss ut for våre medmenneske også. Difor reinsar Gud oss. Han reinsar tankane våre, språket vårt, motiva våre, haldningane våre osv. Bibelen kallar det helging.
Til dette brukar Gud ordet sitt.Jesus sa. "Kvar grein på meg som ber frukt, den reinsar han (Far), forat ho skal ber meir frukt. Det er alt reine pga det ordet eg har talt til dykk," Joh.15.
I Guds ord møter me Guds standard, og Den heilage ande vekker i oss ein djup kjærleik til Guds lover. Me vil så gjerne likna Jesus, han som me elskar over alt, og når me presterer under standarden, sørger me over oss sjølve, sannar syndene våre, takkar for Guds frelse, jublar innfor han og får kraftig påfyll av heilag kraft og inspirasjon.
Dette er Anden sitt verk. Han som tok bustad i oss då me tok imot Guds nåde, og som gav oss nytt liv. Guds ord er hans sverd, les me i Efesarbrevet 6, eit mektig våpen i krigen mot det vonde i oss, og eit våpen han lærer oss å bruka inn i andre folks liv.

Sann kristendom II. Omvending
I del 1 såg me på det faktum at det er dei som kjenner Gud som har evig liv. Å vera kristen er å ha eit rett høve til Gud, og ikkje noko anna. Korleis får eit menneske eit rett høve til Gud? Ved å venda om til han. Kva er det å venda om? Det er å sanna syndene sine, venda seg bort frå dei og overgje seg til Gud utan vilkår. Det liknar på ein kapitulasjon.
Det er stor nåde at Gud kallar oss til omvending. Hadde ikkje Jesus døydd for oss, kunne ingen venda om til Gud. Døra hadde vore stengt for oss uansett kor mykje me hadde angra. Men no er døra inn til Gud open. Jesus har opna ho, og alle som vil kan gå til Gud og overgje seg og bli motteken i kjærleik,. Dette er sterkt skilda av Jesus i likninga om den bortkomne sonen i Lukas 15,11 ff. Me kan neppe overvurdera betydninga av Jesu kross. Der fjerna han syndene våre, og dei kan ikkje lenger hindra oss i å bli Guds kongsbarn, om me berre vil.
Ingenting er så stort for meg som dette. Difor er ikkje omvending eit lovkrav, det er Guds nåde frå a til å.
Men dermed er det også slik at dei som ikkje vil nytta seg av omvendinga sin mulegheit, blir ståande utanfor Guds nåde og under Guds vreide.

søndag 23. september 2018
Tankebygningar som reiser seg mot kunnskapen om Gud
I 2. Korintarbrev 10,4 skriv Paulus
"For våre stridsvåpen er ikkje jordiske. Guds kraft er verksam i dei, så dei kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar 5 og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus".
Kva er våre våpen? Guds ord og Guds Ande.
Kva er ein tankebygning? Det kan vera ulike religionar, eit ubibelsk teologisk grunnsyn, eit filosofisk system, ein politisk ideologi eller eit livssyn.
Dei store tankebygningane i vår tid er liberalismen, livssynshumanismen, kommunismen, ateismen, islam og ulike nyreligiøse retningar prega av buddhisme og hinduisme. Alle desse ideologiane har avsett Bibelens Gud som autoritet, og dei meiner seg å vera kristendomen overlegne.
Som truande kristne må me kjenna litt til alt dette for å kunna avsløra løgnene i det. Men mest av alt må me kjenna Guds ord slik at me alltid kan gje kraftfulle svar når me blir stilt til ansvar for trua vår, og slik at me kan vera effektive når me går laus på ideologiane som fangar folk og fører dei bort frå Gud.
Ingen tankebygning kan stå seg mot Gud og hans ord. Men kampen mot løgna er vår, og me må våga å gå inn i den. Då vil han vera med og gje oss all den visdom og kunnskap me treng for å avsløra
løgnene som folk byggjer liva sine på.

Etiketter:
ateisme,
buddhisme,
hinduisme,
islam,
kommunisme.,
liberalisme,
livssynshumanisme,
tankebygningar
fredag 21. september 2018
Den mangfaldige kjærleiken
Å seia at "kjærleik er kjærleik" er i beste fall lite nyansert. For det er mange typar kjærleik mellom menneske.
Først er det nestekjærleiken. Den handlar om å setja andre si lukke framfor si eiga. Nestekjærleiken er heva over om ein kjenner sympati med eit menneske eller ikkje. Nestekjærleiken er ei plikt pålagt oss av Gud, og skal retta seg mot vener som uvener, kjende som ukjende. I Bibelen er han illustrert gjennom forteljinga om den barmhjertige samaritan. Den kristne søskenkjærleiken er også ein variant av nestekjærleiken, men ikkje så omfattande. Det er ikkje noko erotisk knytta opp til nestekjærleiken. Det handlar om å yta alt ein kan for andre utan å få noko attende. Denne kjærleiken er rein på alle vis i den forstand at han er heilt utan egoistiske motiv. Berre dei beste mellom oss lever liv som er gjennomgåande styrt av sjølvoppofrande nestekjærleik. Det er denne kjærleiken Bibelen prisar så høgt, og som dreiv Jesus Kristus til å ofra livet sitt for verdas synd, ei handling som har skaffa fram full goddommeleg tilgjeving for alle menneske. Guds frelse er ei gåve som me alle, uansett fortid, tillitsfullt kan ta imot med takk.
Så er det foreldrekjærleiken. Her rører me ved dei sterkaste kjenslene mellom oss menneske. Ingen treng å velga å elska barna sine. Denne kjærleiken er naturleg, og foreldre som elskar barna sine, vil bli elska tilbake, og ikkje så lite beundra og oppvurdert, fortent eller ikkje.
Den tredje formen for kjærleik er venskapen. Venskap byggjer på sympati og "god kjemi". Dette er ein kjærleik som er gjensidig og begge partar har glede og nytte av den, men han er ikkje erotisk denne heller. Det vener deler med kvarandre ligg på eit heilt anna nivå.
Den fjerde formen for kjærleik er den erotiske. Her handlar det om forelsking og lidenskap mellom kvinne og mann. Dette er ein kjærleik som skal føra fram til ekteskap, barn og familie. Det er heile poenget frå Guds side. Kvinna er laga for mannen, og mannen for kvinna, og Gud velsigna dei og sa: "Bli mange og legg jorda under dykk!"
Dersom me følgjer Guds lover og ordningar for samliv, legg me grunnlaget for eit lukkeleg liv både for oss sjølve og andre.

erotisk kjærleik,
foreldrekjærleik,
nestekjærleik,
venskap
Sann kristendom I
Å vera kristen og å vera Guds barn er ikkje alltid det same. Mange har ein kristen identitet utan å kjenna Gud, for det evige livet definerer Jesus som å kjenna Gud og han som Gud har sendt, og då syner han til seg sjølv (Johannes 17,1-3). Å kjenna Gud og å kjenna Jesus kjem ut på eitt, for Jesus er Gud.
Ingen får evig liv ved å anerkjenna eit sett med dogmer, gjera visse ting eller unngå å gjera andre ting. Det handlar om å ha personleg nært høve til Gud.
Det greske ordet for å kjenna er "ginosko". Dette ordet indikerer å kjenna godt, og å ha ein svært nær relasjon, slik som relasjonen er mellom foreldre og barn, eller mellom ektefeller.
Korleis bli kjent med Gud på ein slik måte? Det skjer ved å overgje seg til Gud med hud og hår, eller ånd sjel og kropp, som det heiter i Bibelen, og når me involverer Gud i alle ting i livet.
Når me betrur oss til Gud, innrømmer alle syndene våre for han og ber om hans nåde, då opnar han opp hjarta sitt for oss og betrur oss sin djupe kjærleik og sin gode Ande.
Då blir me kristne i eigentleg forstand.

søndag 16. september 2018
Guds trøyst
"Me må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler," les me i Apg 14.
Kvifor er det slik? Fordi me har ein mektig motstandar som kjempar mot oss når me reiser oss for Gud og hans sak. Han gjer alt han kan for å stoppa oss og lamma oss, og det gjer vondt.
Men Gud er suveren. Han brukar djevelens gjerningar til å fremja sine planar: For når me blir herja med, får me erfara Guds trøyst slik at me blir i stand til å trøysta andre når dei kjem i trøbbel, og slik blir fellesskapet i Guds kyrkje styrkt. 2.Korintarbrev 1. 3-5. Og når fellesskapet blir styrkt, blir kyrkja sterkare, og djevelen oppnår det motsette av det han hadde tenkt.
Og så ein annan positiv ting med dette: Gjennom trengslene lærer Gud oss å stola på han åleine (vers 9). Me har så mange krykker å støtta oss til. Når Gud fjernar dei, erfarer me at me faktisk lett klarer å gå utan krykker, og me blir mykje meir mobile. Interessant.
Kristne over heile verda opplever trengsler. Nokre fordi dei modig forkynner Guds ord, andre rett og slett fordi dei berre elskar Jesus og ikkje vil tilbe andre enn han.
"Be for oss," skriv Paulus i 2.Kor 1,11. I Asia hadde dei fått så mykje juling at dei trudde dei skulle døy av medfarten. Tusenvis av Guds barn er i same situasjon i dag, og Gud vil at me skal be for dei.
Når me ber, gjev me Gud handlingsrom, og når han får koma til med si hjelp, skjer det under, og me blir alle så takksame og glade, og Gud går fram.

Abonner på:
Innlegg (Atom)