fredag 16. mai 2014

Grunntankar i Romarbrevet leksjon XVIII. Kap. 8,10-11

At kroppen er død betyr at me menneske, slik me er i oss sjølve, har mista kontakten med Gud som er kjelda for det evige livet, og at me er blitt forgjengelege. Går me attende til Edenshage i 1 Mosebok 2, kan me lesa at Gud la ned forbod for menneska om å eta av treet som kunne gje kunnskap om godt og vondt, og han sa: Den dagen de et av dette treet, skal de døy. Det var ein dom. Døden er domen over synda.

Trass i Guds åtvaring, åt dei likevel, og sjølv om dei ikkje døydde straks, vart dei skilte frå Gud og kroppane deira vart forgjengelege. Slik er det den dag i dag. Døden møter me på to plan i menneskelivet: Det fysiske og det åndelege. Den fysiske død kjenner me. Den åndelege er mindre kjent, men er særprega ved at folk flest lever liva sine greit utan å kjenna Gud, dei er stort sett lukkelege, klarer seg sjølv, styrer seg sjølv,  har ikkje noko trong for å be, enn seia lova og æra Gud, elska han og tena han. Det blir først eit tema når menneske vert råka av Den Heilage Ande og forstår at ein lever grunnleggande feil, er på veg mot evig undergangen og av den grunn vender om til Gud av eit heilt hjarta.

Det forgjengelege kan me ikkje gjera noko med i denne tidsalder. Men det store er: ME TRENG IKKJE LENGER VERA SKILT FRÅ GUD. Den som vender om til han, får tilgjeving for alle sine synder og evig liv. Det er ei gåve, dyrt betalt av Jesus Kristus. Rettferda som står omtala i vers 10 er det same som tilgjeving for syndene. Når me gjennom anger, bot og tru blir fri syndene våre, flyttar Jesus Kristus inn i oss, og då blir det for alvor liv i oss. Slik må det jo bli, for Jesus er jo LIVET.  Kontakten med Gud blir gjenoppretta for evig og alltid, og den fysiske døden blir berre ein transportetappe heim til Gud i himmelen. Vers 11 blir avslutta med å peika på den kristne vona: ved enden av tida skal Gud ved Den Heilage Ande også reisa kroppane våre opp frå grava slik at me blir heilt det Gud i opphavet hadde tenkt av me skulle vera. Det blir stas, det vener. Gled deg og sørg for at du får vera med på moroa.

torsdag 15. mai 2014

Romarbrevet leksjon XVII. Kap. 8,7-9

Kjøtet, vårt gamle syndige og sjølvsentrerte menneske, jobbar alltid mot Gud. Det vil aldri det Gud vil. Det tek seg lett nær av ting, og reiser gjerne ein eller annan tåpeleg konflikt mot eit annan person  om det finn interessene sine truga på eitt eller anna vis, og forventar at alle andre skal stilla opp på si side og støtta. I tillegg jaktar det alltid på nye nytingar og lystopplevingar. Guds interesse er kjøtet totalt uinteressant og uvedkomande. Gud, nei han står berre i vegen med all sitt snakk om tru, tilgjeving, overgjeving og sjølvoppofring. Kjøtet forstår ikkje bæret av Gud, og ser på han, dersom han blir for nærgåande, med eit fientleg og olmt  blikk. Det bøyer seg ikkje under Guds lov, og kan ikkje gjera det. Difor kan ikkje den som lever etter kjøtet vera til glede for Gud, berre til sorg.

Kjøtet kan ikkje kristnast. Det er og blir åndeleg dødt og illeluktande. Korleis kan me då bli sanne kristne? Ved at Gud ved sin Ande tek bustad i oss, og tek kontroll over oss og gjev oss del i sin natur og sine kvalitetar. Dette kallar Jesus for "ny fødsel". Han gjer oss til nye menneske, og dette nye, som er av Gud, er sterkare enn det gamle, og me blir sanne, rettferdige og gode i vår levemåte. 

Den heilage ande er Guds og Kristi Ande, eller sagt på ein annan meir tidsrett måte, han er Guds og Kristi personlegdom. Så ser me meir enn tydeleg nok i vers 9 her at det å vera kristen er å ha Kristi personlegdom. Sterkare kan det ikkje seiast, og sterkare kan det ikkje bli. Den som ikkje har Kristi personlegdom, høyrer ikkje Kristus til.

tirsdag 13. mai 2014

Grunntankar i Romarbrevet XVI. Kapittel 8,5-6

I dag er det spørsmål etter kva du traktar etter i livet, kva du strekkjer deg mot. Det avslører nemleg kven du er og kva høve du har til Gud. Dersom du er eit frelst menneske, har du fått Guds Ande i hjarta, og då traktar du etter det Gud interesserer seg for, og du strekker deg etter dei måla han har sett opp i sitt ord for oss menneske.

Dersom du enno ikkje er frelst, er Guds interesser ikkje så viktige for deg. Du blir du styrt av dine eigne. Du søkjer deg sjølv i det du gjer, og ikkje Gud. Du lever etter kjøtet og bommar på Guds mål med livet ditt. Ordet synd betyr å bomma på målet.

Kva traktar Anden etter? Det finn me ut ved å lesa i Apostelgjerningane, som me like gjere kan kalla Andens gjerningar. I kapittel 2,4,8,10 og 19 les me om at Anden vart aust ut over grupper av mennesker. Kva skjedde då? For det første begynte folk å lovprisa Jesus Kristus, ikkje fordi dei MÅTTE, men fordi dei VILLE. Det fall dei så naturleg, og dei hadde si glede i Gud. For det andre: Dei talte i tunger. Tungetale er primært eit bønespråk gjeve av Den heilage ande. Åndsfylte menneske søkjer rett ofte inn til Gud i bøn. Ikkje fordi dei MÅ, men fordi dei VIL. Gud blir så kjær for dei, og dei likar seg saman med han. For det tredje: Anden fylte dei truande med frimot slik at dei vitna om Jesus og fortalte om han til alle dei møtte. Slik er det med alle som traktar etter det Anden vil. Dei vitnar om Jesus. Ikkje fordi dei MÅ, men fordi dei VIL. Guds interesser er blitt deira, og sidan Gud ønskjer at alle skal bli frelst, er det også i deira interesse. Og for det fjerde: Dei som opplevde Anden, fekk ein inderleg kjærleik tik kvarandre,  gjekk saman i djupe, forpliktande fellesskap, og dei møøtest dagleg for å stadfesta, oppmuntra og hjelpa kvarandre. Anden fargar alle aspekt ved eit menneskes liv, også det sosiale.

Det kjøtet trår etter fører til død. Kjøtet er egoistisk, og egoismen har ikkje lys i seg. Den som lever etter egoet tek alltid val som fører vedkomande bort frå Gud og inn i den evige død.

Anden er oss sendt for å vekka egoistiske syndarar til anger, bot og omvending, få dei til å snu om til Gud, han, den einaste som har tilgjeving, evig liv og lukke å gje oss menneske. Anden vil liv, og dette livet er hos Herren Jesus Kristus, Gud over alle.

søndag 11. mai 2014

Grunntankar i Romarbrevet XV. Kap 8,1-4

Når Paulus skriv at det ikkje er nokon fordøming for dei som er i Kristus Jesus, må det vera avgjerande viktig for oss å forstå kva det vil seia å vera i Kristus Jesus, for alle som er utanfor Han, vil bli fordømt på den siste dag.

Me må ta eit bilete for å forstå dette rett. Lat oss seia at du er borgar av Noreg eller av eit anna land. Då har du heilt spesielle og udiskutable rettar i dette landet. Dersom du ikkje er borgar, er rettane dine kraftig innskrenka, og har du ikkje opphaldsløyve ein gong, kan du til og med bli kasta ut av landet.

Jesus er konge i eit rike som ikkje er av denne verda. Han er Gud, og hans rike er Guds rike. Jesus sa til Pilatus: "Den som er av sanninga, høyrer mi røyst." Å høyra Jesu røyst betyr å anerkjenna Bibelen som Guds ord, bøya seg for Jesu overherredøme og gje han våre liv. Slik blir ein borgar av Guds rike, og får del i alle dei rettar som borgarar av dette riket har.

Kva er det så med dette riket? Det er eit rike heilt utan straffelov. Slik er det totalt ulikt alle andre riker som straffar stort og smått som borgarane gjer galt. Men Guds rike er eit straffefritt rike. Det har samanheng med at Jesus under sitt jordeliv oppfylte alle rikets lover på borgarane sine vegne, og i tillegg sonte den straffa som dei pga sine synder hadde gjort seg fortent til. Dermed  avskaffa han Guds lov som straffelov, og denne er i staden vorten  ein kjær og truverdig rettleiar for dei kristne med tanke på korleis dei skal leva liva sine. I staden for å fordømma dei kristne, vernar lova dei mot djevelen og alle hans øydeleggande planar. Difor elskar kristne Guds lov, ja, denne kjærleiken er eit teikn på at dei er sanne kristne, skriv Johannes fleire plassar i sitt første brev.


mandag 24. februar 2014

. Grunntankar i Romarbrevet Leksjon XIV. Kapittel 7,7-24



Guds lov har sine begrensningar: Ho kan ikkje gjera deg og meg til gode menneske. Me kan sjølvsagt tilpassa oss lova sine krav i det ytre, men ikkje i hjarta. Det er heilt ustyrleg.  Tankar, haldningar og lyster kan ikkje lova gjera noko med. Ho seier til dømes: Du skal ikkje drepa. ”Det er lett,” tenkjer du. ”Eg kjem heilt sikkert ikkje til å drepa nokon.” Men har du dermed oppfylt bodet og halde lova? Nei, slett ikkje. For det kan vel tenkjast at du har våre så sinna på nokon at du gjerne kunne ha tenkt deg at dei var døde, og det er brot på det 6. bodet. Ja, når du hatar nokon, bryt du dette bodet så det syng etter, også når du skjeller nokon ut etter notar, eller i det minste når du kunne ha god lyst til å gjera det. 

Det same gjeld alle dei andre boda også. Du har halde dei først når du har halde dei med glede og ut frå kjærleik til Gud og menneske. Guds lover rettar seg altså mot vårt indre menneske, og når me forstår det, forstår me også at me er langt frå det me skulle ha vore, at me har skammelege innstillingar og lyster som rasar i kroppane våre og gjer oss skuldige til evig fortaping og dom. I lyset frå Guds lov vert syndene våre syndige. Først når eit menneske begynner å angrar på syndene sine og sluttar å skulda på alle andre for alt mogeleg, kan han bli frelst. Før den tid er nemleg Jesus, frelsaren, heilt irrelevant. 

Lova er som ein spegel. Den kan ikkje gjera oss kristne, men hjelpa oss å sjå oss sjølve på ein sann måte. Når meg gjer det, får me bruk for nåde og tilgjeving, og denne nåden og tilgjevinga er berre å finna hos Jesus Kristus. Han er det som kan fri oss frå syndene våre, og det gjer han ved å tilgje oss når me innrømmer korleis det står til og ber han om frelse. Då frikjenner han oss, og ikkje berre det, han kjem til oss og forvandlar oss på innsida og fyller oss med Guds kjærleik slik at alt blir nytt for oss, og me begynner å elska det me før hata eller ikkje brydde oss om i det heile. Motsetningen til kjærleik er nemleg ikkje hat, men likesæle, for å sitera den jødiske fredsprisvinnaren Elie Wiesel. 

Jesus er også den som til slutt totalt skal fri oss frå dødens lekam, og gje oss ein ny fullstendig utan synd og vondskap. Det er ein godt og fint håp å ha. Den dagen er ikkje langt unna. 

søndag 26. januar 2014

Grunntankar i Romarbrevet XXIII. Kapittel 7,1-6

Guds lov er gyldig for alle verdas menneske til alle tider. Mange trur at det er mogeleg for menneska å halda dei ti boda, og at dersom me kjem så langt i moralsk og åndeleg utvikling at me lever opp til krava, vil Gud gløyma og tilgje alle tidlegare lovbrot. Men slik er det ikkje. Kvart einaste lovbrot krev si straff, sjølv om me er blitt aldri så lovlydige. Det inneber at det ikkje finst nokon som unngår domen. Me skal alle fram for Kristi domstol og få att for det me har gjort, og blir me kjent skuldige, er domen eit evig fengsel som Jesus kallar fortaping.

Er det ingen veg ut av knipa? Kan me koma oss unna lovas lange arm? Ja, me kan det. For å forklara: Nordmenn som døyr kan ikkje lenger stillast for norsk rett og dømmast etter norsk lov. Det seier seg sjølv. Men no er det også slik at det å bli kristen er også å døy. Gjennom tru og dåp, har me døydd  bort frå den verda som me lever i,  og frå den lova som Gud forkynte som gyldig for livet på jorda. Det er nemleg slik at Gud reknar ein kristen for å vera eit menneske som har sont straffa for alle sine synder, og som difor ikkje lenger er skuldig i noko som helst. Alt er betalt. Rett nok ikkje av den kristne sjølv, men av Kristus, men det er fullt ut tilstrekkeleg og OK for Gud. Paulus uttrykker det slik: Jesu død og oppstode vert gjort gjeldande for oss i dåpen. Gjennom det som skjer der blir me rett og slett vigsla til Guds frelsesverk i Jesus Kristus og rekna for å vera reine og rettferdige, himmelen verdige. Jesus har på krossen teke bort syndene våre slik at me ved trua kan bli reinsa for eit liv i Guds fellesskap.

 Eit døypt truande menneske er tilhøyrer Jesus slik som ei brur tilhøyrer brudgomen sin. Lova kunne ikkje få oss til å elska Gud og nesten på rett vis. Men det kan Jesus Kristus. Han nåde og kjærleik fyller oss med Guds kjærleik. Lova kan få oss til å leva ærbart i det ytre, men kunne ikkje endra oss innvendig. Men det gjer Jesus. Han føder oss på nytt og fyller oss med lyst til det gode slik at me kan bera frukt for Gud.  

onsdag 22. januar 2014

Grunntankar i Romerbrevet XXII. Kap 6,12-23

Dei fleste menneske let synda rå i liva sine. Det betyr at dei følgjer sine eigne tankar, idèar, ønskjer og mål, utan å spørja kva som er Guds tankar, idèar, ønskjer og mål. Menneske er av naturen eit gudlaust vesen, dvs. sin eigen gud. Denne måten å leva på stenger ikkje berre folk ute frå fellesskapet med Gud, men også frå kunnskapen om Gud. Det er berre når folk spør etter Guds vilje og  bøyer seg for den, at dei kan bli kjent med Gud og erfara hans eksistens, godleik og makt.

Kvifor er så mange strålande intelligente menneske ateistar? Kvifor ser dei ikkje Gud? Fordi Gud skjuler seg for dei. Det er hans dom over stoltheiten deira. Når dei audmjukar seg og spør etter Gud og hans vilje, vil han openberra seg for dei. Då er det over med ateismen. Det skjer på ein blunk.

Kristne menneske må stilla seg heilt og fullt til Guds disposisjon om dei skal overleva som kristne, og om Gud skal kunna bruka dei til sine føremål. Dersom ein fell attende til gamal gudlaus livsstil, blir gudslivet og det nye åndelege sanseapparatet sveikka, og på eitt eller anna tidspunkt finn ein seg sjølv utanfor livssamfunnet med Gud og på veg mot evig fortaping. Anten er me slavar under rettferda, det fører oss til det evige livet, elles er me slavar under synda (les: eigenviljen), og det fører oss inn i den evige døden. 

Gjennom dåpen og trua på Jesus blir eit menneske frigjort frå synda. Ein er blitt ein tenar for Gud. Dette må me merka oss. Berre Gud kan frelsa oss. Frelsen er Hans aktivitet. Men han frelser oss til aktiv teneste for seg. I Romerbrevet kjem det tydeleg fram at me som frelste menneske har to identitetar: Guds barn og Guds tenarar. I kapittel 6 er det fokus på tenarskap. Me er frelst for å tena Gud og rettferda, og det er umogeleg å leva og overleva som kristen utan å tena Gud av eit heilt hjarta. 

Kapitlet sluttar med ei herleg sanning: Guds frelse er ei GÅVE som vert gjeven av nåde, dvs. utan grunn i oss sjølve. Denne gåva vert rekt oss gjennom Ordet, dåpen og nattverden. Dersom me kunne læra oss å takka og bukka og tru at denne herlege gåva er vår når Gud har gjeve henne til oss ut frå sitt gode hjarta, ja då hadde me blitt ustyrleg lukkelege og fullt av vilje til alt som er Guds.