mandag 5. september 2011

Om å grunda over livet, koma til seg sjølv og gje livet ein ny kurs.

"Eg har grunda på mi ferd og vendt meg til dine lovbod" Salme 119,59

Folk grundar på mange ting. Det er vårt menneskelege særpreg. Men det er alt for få som grundar på si ferd og tenkjer over om livet har god retning, om ein er på veg mot rett mål, eller om ein er på feil kurs, på veg mot død og fortaping.

Dette grunda denne salmisten på. Han var klok. Alle menneske skulle gjort som han. For mange, mange bevegar seg i feil retning, og dei kjem aldri til å enda opp hos Gud fordi dei ikkje går på Guds veg.

Salmisten kom til at han var komen ut av kurs, og at han difor måtte venda seg til Guds bod enno ein gong og la seg regulera av dei.

Guds bod representerer det einaste kompasset som som er påliteleg med tanke på å orientera seg i den åndelege verda. Dei er sanne og pålitelege, og lever me i samsvar med dei, er me på rett kurs. Lever me i konflikt med dei, er livskursen feil og me endar opp på feil plass dersom me ikkje snur om.

Den bortkomne sonen fall også i tankar då livet vart trasig. Han kom til seg sjølv, les me om han. Det er det same. Han begynte å grunda på si ferd, fann ut at han hadde hamna på feil plass, og bestemte seg for å gå heim til faren sin. Det var ein lur ting.

Kanskje du som les dette også har kome ut av kurs og har hamna på feil plass i livet. Kom det heim til Gud, din Far og gje han rett i alt. Han ventar på deg for å benåda deg og gjeninnsetja deg som son/dotter og arving. Lukke til.




1 kommentar:

Cathrine Pedersen sa...

Det er så bra det du skriv, Jens! Det er nett so å høyra deg tala somme tider...! Stå på og takk for at du bloggar.