tirsdag 30. august 2011

Ord frå Guds munn

I vår vestlege del av verda har me i stor grad bytta ut Gud med pengar, ting, sport, kultur og underhaldning. Me har for det meste slutta å tenkja på Guds ære og vårt eige evige vel. Korkje Gud eller evigheten er aktuelle storleikar for dei fleste nordmenn.

Då Jesus hadde fasta i 40 dagar og 40 netter, vart han til sist svolten. Då kom djevelen til han og sa: "Dersom du er Guds Son, så sei til desse steinane at dei skal verta til brød." Men Jesus hadde ikkje trong for å bevisa korkje for seg sjølv eller andre at han var Guds Son. Han visste kven han var. Og han svara djevelen og sa: "Menneske lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn!"

Jesus hadde valt å leva avhengig av Far i himmelen, og alt han føretok seg, gjorde han på fars initiativ. Han venta på eit ord frå hans munn, og kunne ikkje ta seg til rette og trylla mat når han var svolten.

Me prisar uavhengigheten, ikkje minst det å vera uavhengig av Gud. Bibelen er klår her: Vårt ønskje om å leva uavhengig av Gud er den grunnleggjande synda, for me er skapte til å leva med og for han. Bryt me hans bod, fjernar me oss, og me blir ikkje lenger i stand til å høyra kva han seier. Då går det mot døden med oss.

Me er flinke til å velja ut ord frå Gud som passar oss, ord som ikkje utfordrar oss til endring. Men det er også ein dødens veg. For menneske lever av KVART ORD som Gud talar, ikkje berre dei snille og milde. Me må også ta til oss dei strenge og utfordrande orda, dei som sprenger ramene våre og som pressar oss ut av komfortsonen og som får oss til å gå på vatn. Då blir ikkje kristenlivet ein geisp, men ei spanande reise med verdas beste reisefølgje. Følg meg, seier Jesus.



Ordet som trenger gjennom, dømer og frelser

Guds ord er Andens sverd, skriv apostelen Paulus i Efesarbrevet 6,17. Og i Hebrearbrevet 4,12 les me at det er levande og kraftig og trenger gjennom sjel og ånd og marg og bein og dømmer dei tankane og planane me har i hjarto våre.

Dette kallar me vekking. Når Guds ord trenger inn i samvitet vårt, vert umoralske ting me før levde godt med, brått eit stort problem for oss, fordi me forstår at det me har gjort er feil, skadeleg og skammeleg, og me merkar at det står som ein mur og stenger mellom oss og Gud.

I møte med den levande Gud vert me merksame på alle dei lettsindige løgnene våre, forakten for menneske me ikkje likar, dei ureine tankane, sjølvopptattheiten, skrytet, hykleriet, vantrua, tvilen, gravalvoret, sjølvhøgtidlegheiten, baktalen, skadefryden, sinnet, skjellsorda osv.

Guds ord råkar oss, gjennomlyser oss, analyserer oss slik at me skammar oss over det skamfulle, og det driv oss til Jesu kross med det alt saman, og me blir så uendeleg glade over at han tok det på seg og fridde oss frå det med sitt eige blod lenge før me var komne til verda. For eit mysterium, eit frigjerande mysterium.

Det er ikkje av hjarta Gud bedrøver oss, men fordi det er nødvendig. For utan denne bedrøvinga, kjem me ikkje til Jesus, og kjem me ikkje til han, har me ikkje noko nytte av hans vidunderlege frelsesverk. Dersom me ikkje kjem til han, får me ikkje del i det evige livet. Men takk til Gud: ingen av dei som kjem vert nokon gong jaga bort. Er me komne, får me lov til å vera og høyra desse vidunderlege og livgjevande orda frå Jesus: Son, dotter, syndene dine er tilgjevne! Det er ein proklamasjon med ein verdi som langt overgår mange oljefond.


mandag 29. august 2011

Guds ord og menneskehjarta

Menneska reagerer på 4 ulike måtar når dei høyrer Guds ord forkynt. Nokre avviser det utan den minste ettertanke. Å dela Guds ord med slike menneske er som å skveitta vatn på gåsa, det prellar av utan å trengja inn. Djevelen røvar det ut av hjarto deira før det får gjera inntrykk.

Andre tek imot Ordet med glede når dei høyrer det, men trua deira blir av den overfladiske sorten. Det blir ingen transformasjon. Ordet smeltar ikkje saman med dei, dei brenn ikkje alle bruer bak seg, vil gjerne vera vener med alle og tek ikkje eit skikkeleg oppgjer med det gamle livet. Puttar berre Jesus inn på toppen av alt det andre. Dei vil ha både verda og Gud, og når dei vert utfrodra på å ta stilling, fell dei lett frå, og det som vart ein god start hos dei, vart aldri noko meir enn det.

Så er det alle som opplever ei gjennomgripande omvending, ei reell forvandling der dei verkeleg får smaka Guds godleik i sjela, men som likevel gjev opp samfunnet med Gud fordi livet vart for krevjande. Dei tek på seg så mange oppgåver, låner for mykje pengar, rotar seg borti ting som det var vanskeleg å koma seg ut or. Elden sloknar og trua kvelest, og ein vert framand for Gud.

Men for nokre går det bra. Dette er folk som tek vare på Guds ord i eit vakkert og godt hjarta. Kva særpregar desse? Det er folk som lyttar og les, som praktiserer og deler ordet med andre, som lukar ut ugras frå liva sine, som legg seg inn under Guds plog og får snudd i hjartejorda så det skjulte kjem for dagen. Det kallast skriftemål, anten for Gud eller for ein bror eller ei søster. Jakob seier: "Sanna difor syndene for kvarandre så de kan bli lækte!"

Dersom me ikkje gjer dette, vert hjarto våre harde og uimottakelege for Guds ord og Guds gåver. Heller ikkje Andens velsigning kan trenga ned i hardpakka jord. Men er hjarta porøst og bearbeida av Ordet, veks det fram gode frukter når Anden vatnar godt tilsådd jordsmonn.

søndag 28. august 2011

Sanninga som set fri

Johannes 8,31-32: Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Blir de verande i mitt ord, er de verkeleg mine disiplar. Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»

Ingen kan bli fri syndene sine av eigen kraft. Alle menneske sit fast i sin eigen vondskap, og kan berre friast ut av Jesus. Det som er vårt ansvar er å bli verande i ordet hans. Det betyr å lesa og lytta og praktisera. Det nyttar ikkje berre å vera slike som høyrer ordet, skriv Jakob (Jakobs brev 1,19 ff). Me må vera slike som gjer det ordet seier. Då får me den sunne innsikt som er nødvendig for å bli fri. Dersom me ikkje erkjenner vår eigen vondskap og ureinskap, har me ingen sjansar. Då blir me verande i hengemyra, ja, me søkk djupare og djupare ned i henne.

Kva skal me ta avstand frå hos oss sjølve og be Herre fria oss frå? Aggresjon, sjalusi, misunning, tvil, vantru, bekymring, sjølvrettferd, baktale, menneskeforakt, trolldom, religiøsitet, avvikande seksualitet, alle former for avhengighet (det er mange av dei), løgn og fusk og fanteri, berre for å nemna noko.

Jesus er ein reell frelsar. På krossen frelste han oss frå den skuld som synda påfører oss. Men no lever han og frelser oss frå den makt som synda har over oss.

"Utan helging skal ingen sjå Herren", les me i Hebrearbrevet 11. Jesus helgar oss når me innrømmer syndene våre og ber han om å fri oss frå dei.

David erfarte dette og skreiv i Salme 40 at Herren drog han opp av hengemyra og sette føtene hans på fjell då han ropa på han.

Gud er den same. Uansett kva hengemyr du er komen ut i, og sjølv om den skaden du no lid er sjølvpåført: Rop til Jesus, som Peter gjorde det då han heldt på å drukna, og Jesus kjem til deg, grip tak i deg og dreg deg opp.

Ingen kan frelsa seg sjølv. Men det treng me heller ikkje. Den frelsar me har fått frå himmelen er stor nok for alle som kallar på han.

lørdag 27. august 2011

Refs, ånd og liv

Har den siste veka vore på tur til Rujiena i Latvia saman med ein lærarkollega og 5 elevar. Der møtte me elevar og lærarar frå mange andre europeiske land, og fekk sterke inntrykk frå eit venleg og fridomselskande folk i eit land som er blitt undertrykt av svenskar, russarar, polakkar og tyskarar gjennom mange generasjonar, og som idag slit meir enn godt er økonomisk. Spennande oppleving.

Vil halda fram det me stoppa for ei veke sidan og skriva om krafta i Guds ord (Bibelen).

"Mine ord er ånd og liv," sa Jesus (Johannes 6,63). Men dei gjev ikkje liv sånn utan vidare. Det skjer berre hos dei som er villige til å innretta liva sine etter det han seier.

Dette er godt forklart i Salomos ordspråk 1,23: "Vend dykk hit når eg refser, så let eg mi ånd strøyma ut over dykk og gjev dykk kjennskap til mine ord."

Det hjelper lite at Gud stryk oss med håra. Mange meiner visstnok at Gud er til for å trøysta og hjelpa oss når me har det vanskeleg. Det er ein stor feil. Gud er ikkje til for oss i det heile tatt. Det er me som er til for han, og det krev at me lyttar til han, gjer det han ber oss om og kuttar ut alt han forbyr. Det heiter å venda om.

Guds ord skaper liv hos oss når me let oss refsa av Gud. Dersom me motstår refsing, forherdar me oss mot Hans, og hans ord blir til død for oss.

Ingen kan forstå Bibelen berre ved å lesa han og studera han teoretisk. Det er når me innrettar oss etter det me les at Den Heilage Ande blir aust ut over oss, og det er då me får den rette kjennskap og innsikt i det som står skrive.

Gud refser oss ikkje for ingenting, men for å lækja oss. Synda som me godkjenner i liva våre er som kreftsvulstar som fører oss inn i den evige død, og ein landingsplass for demoniske makter som bedreg oss. Når Gud talar sin vilje inn i liva våre er det på liv og død. Det handlar om å fjerna det vonde og lækja dei djupe såra våre. Guds refs er Guds godleik.

Bibelen er ei annleis bok. Den krev oss med hud og hår, og er rystande radikal. Det vil me også belysa i seinare innlegg, og då meir konkret.



lørdag 20. august 2011

Reise

TIl alle som likar å lesa denne bloggen: pga av reise blir det heilt stille her ei vekes tid. Kjem sterkt tilbake.

fredag 19. august 2011

Guds ord skaper liv

Dei to første sidene i Bibelen er berre heilt fantastiske. Her utfaldar Gud seg med kraft, glede, kreativitet, kunnskap og visdom hinsides fatteevne. Han skaper fuglar, fiskar og blomster og tre i mengdevis. Det er berre menneska som startar med to individ. Alle andre arter vrimlar det av i same stund som Gud seier: "Lat det vrimla av....."

Som me har konstatert tidlegare kan liv berre koma av liv. Dermed må livet ha vore opprinneleg, og han som er det uavhengige livet som aldri kan døy, skapte avhengig liv, slik som me har, ved å tala sine mektige og intelligente ord inn i naturen.

Jesus demonstrerte dette på ein forbløffande måte då han kommanderte Lasarus ut or grava. Kroppen hans var i oppløysing, men på Jesu ord vart han reetablert og levandegjort.

Dette skaparordet er det også som frelser oss og føder oss på nytt. Det er metta av Gud, og når me tek imot det, vert me nye skapningar, med nye interesser, gleder og mål, eit liv prega av fridom frå synd og skuld, og kjærleik til Gud og hans gode sak i verda.

I Bibelen finn me mange personar som opplevde denne omskapinga, som Saulus som møtte Jesus i eit syn utanfor Damaskus (Apostelgjerningane 9). I laupet av kort tid vart han forvandla frå å forfølgja dei kristne til å bli kristendomen som varmaste talsmann.

Slik kan Jesus også forvandla ditt liv. Han talar til deg gjennom Bibelen. Slå opp og les.




torsdag 18. august 2011

Guds ord skaper tru

Det er mange gode grunnar til å lesa flittig i Bibelen. Den eine er at den skaper tru i oss når me les for å læra. Paulus skriv i Romerbrevet kapottel 10 at "trua kjem av forkynninga, og forkynninga ved Kristi ord."

Trua er kontaktpunktet, eller kontaktflata, mellom oss og Gud. Utan tru kan me ikkje behaga Gud, les me i Hebrearbrevet 11. Og det er lett å forstå. Du kan heller ikkje gleda deg over folk som ikkje stolar på deg. Mistillit bryt kontakten mellom menneske, også mellom menneske og Gud.

Då Jesus ein gong kom til heimbyen sin, Nasaret, ville dei ikkje tru på han, og han undra seg over dette, og fordi dei ikkje ville tru, kunne han ikkje gjera så mange mektige gjerningar der. Jesus må liksom kjenna seg invitert for å gjera tinga sine. Når me trur, inviterer me han inn i vår naud.

Trua utløyser Guds kraft i livet ditt. Skal du eiga denne krafta, må du lytta til og lesa Guds ord som skaper denne trua.

Paulus og Barnabas var i Lystra (Apostelgjerningane 14). Der var det ein lam mann som lytta intenst til det dei hadde å seia om Jesus. Denne positive lyttinga skapte tru i hjarta hans, og då Paulus såg det, sa han til mannen at han berre kunne reisa seg og gå, og så skjedde underet.

Dei siste åra har det blitt vanleg å seia at det er normalt å tvila, og tvilen har blitt løfta opp til å vera ein intelligent sak.

Sanninga er at tvilen er syndig og djevelsk. Tenk at nokon i denne verda skulle tvila på Jesus Kristus, Guds son, verdas frelsar, han som døydde for våre synder og sto opp til vår evige rettferd. Skam på alle som tvilar på han!

Difor,når du tvilar: Spring til Guds ord og ta til deg grådig inntil du merkar at tvilen slepper taket i deg. Tvilen kan ikkje bidra med noko godt i livet ditt. Trua bringer alt godt til deg.

Dei heilage skriftene

Bibelen er "dei heilage skriftene". Dei kan gjera oss vis til frelse ved trua på Jesus Kristus, skriv Paulus til venen sin Timoteus (1.Tim.3,15). Det er ingen andre heilage skrifter i verda enn dei 66 me finn i Bibelen, ingen andre skrifter som kan gje oss frelse og samfunn med Gud.

Gud er i desse skriftene, han har blese sin Ande inn i dei. Når du og eg les, utset me oss for den sterkaste påverknad som eksisterer. Dersom me opnar oss for bodskapen, blir me frelst og levandagjort. Stenger me oss, vert me forherda og Gud kan ikkje lenger nå oss med sin kjærleik. Den som lyttar og les utan å respondera positivit, utset seg for Guds dom. Slike menneske skjuler Gud seg for.

Det er eit stort alvor over dette. "I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjarto dykkar harde," les me i Hebrearbrevet kap. 2.

Bibelen er Guds gåve til verda. Gjennom denne boka får me del i alle dei andre frelsesgåvene Gud rekker ut til ei falle verd. Difor er det prisar denne boka så høgt, og det er difor ho alltid er under åtak av mørkets fyrste.

Me skal no nokre dagar framover sjå kva Bibelen bringer oss av goder og gleder.


mandag 15. august 2011

Kvifor ikkje alle søkande finn Gud

Ikkje alle som søkjer Gud klarer å finna han. Det er fordi dei ikkje søkjer han av heile sitt hjarta. Dei vegrar seg for å overgje heile livet sitt til han, og liknar på ein som gjerne vil gifta seg utan å gje avkall på gamlekjæresten. Det fungerer ikkje. "Det vart litt folksamt i dette ekteskapet," sa kronprinsesse Diana i eit intervju. Den sanne kjærleiken er eksklusiv. Det er ikkje plass til meir enn to i eit ekteskap bygd på sann kjærleik.

Det blir berre Gud heile tida for den som vil vera kristen. Og det er ikkje ei belastning, men ei rein glede, for når me overgjev oss til Gud og hans vilje, fyller han oss med sin kjærleik slik at hans bod blir lette og lystbetonte.

Ingen kan kombinera Jesus med trongen etter makt, rikdom og ære. Sanne kristne lever i konstant oppgjer og opprør mot uærlegdom, egoisme og ubarmhjertighet. Paulus skriv at lys og mørkret ikkje går saman. Å kombinera Gud med okkultisme, nyreligøsitet, sex utanfor ekteskap eller homoseksuell aktivitet t er å lura seg sjølv. Slike ting blokkerer for Gud i eit menneskes liv. Ein vert ståande utanfor uansett om ein trur ein er innafor.

Det synest vera ein regel i Guds hjarta som er slik: Han høyrer berre på dei som høyrer på han, og han tek berre imot dei som aksepterer og stolar på han som Herre og frelsar.

Gje Gud rett i alle ting, sanna syndene dine og stol på Jesu fullkomne frelsesverk, og du er frelst og Gud vil gjera seg kjent for deg.

Ein gong lovpriste Jesus sin himmelske Far og sa: "Eg lovar deg Far fordi du har skjult dette (evangeliet) for kloke og forstandige, og openberra det for umyndige."

Eit umyndig menneske er ein person som ikkje hevdar seg sjølv innfor Gud, som ikkje kranglar med den Allmektige, men som bøyer seg for Guds ord og gjev han rett i alt han talar til oss om i Bibelen. Slike finn Gud når dei søker han.








søndag 14. august 2011

Då Majeed møtte Jesus

I april 2009 var den kurdiske misjonæren og kyrkjeleiaren Majeed på besøk i kyrkjelyden vår. Han hadde ei unik historie å fortelja. Den fortel korleis Jesus regiserer møter enkeltmenneske, og gjennom desse att møter mange. Det du les her er referat frå lydopptak. God fornøying.

"Eg er kurdar, og som ung ville eg kjempa for ein sjølvstendig kurdisk nasjon. Far min var kommunist og nasjonalist, og difor vart eg også det. Eg hoppa av skulen og reiste opp i fjella for å bli soldat. Av ein eller annan grunn fekk eg aldri lov til å kjempa, dei hadde bruk for meg som kokk. Difor kom eg heldigvis ikkje til å drepa nokon.


Ein dag inntraff den situasjonen at bror min, som var politi, vart drepen medan han vakta over ein istransport. I sommarvarmen var denne isen livsnødvendig for folk. Bror min sin død var ein stor katastrofe for ein fattig familie som vår. Då eg såg den døde kroppen hans, begynte eg å tenkja på kva som skjer med oss etter døden. Kommunismen kunne ikkje gje meg noko svar på det, så eg vende meg til islam og begynte å lesa Koranen. 7 år hadde eg tent som krigar, no gjekk eg attende til skulebenken, og vart då ein veldig ivrig elev. Eg sparte meg ikkje, og lærte etter kvart heile Koranen utanåt.

Som muslim prøvde eg å finna svar på spørsmåla mine, men ingen kunne svara meg. Mullahane snakka meir om helvete enn om himmelen. Det er typisk islamsk. Dei er flinke til å skremma og truga folk. Dette i motsetning til Jesus som kom for å gje oss liv og trøyst.

Eg vart ein veldig radikal muslim. Slutta å barbera meg, las Koranen, bad, fasta og leita etter Guds kjærleik. I moskeen høyrde eg at det viktige i livet er å konvertera folk frå andre religionar til islam. Særleg var dei kristne ei viktig målgruppe.

Imamane lærte oss at forfølging av kristne og av kvinner er heilt legitimt dersom dei ikkje vil gjera det muslimske menn pålegg dei. Har dei fått beskjed 3 gongar, kan dei drepast dersom dei er ulydige. Dette er Sharia.
Radikale muslimske menn drep lett. Det er ikkje ein større sak enn å drikka eit glas vatn. Drap var svært vanleg i vår kultur.

Då eg kom heim til foreldra mine, såg eg at den yngste søstera mi ikkje bar hijab. Eg vart opprørt og bad henne om å ta på seg hovudplagg. Då ho nekta, slo eg henne så kraftig at ho gjorde som eg sa. Dette var starten på eit lite helvete for familien min. Tre gongar for dagen i 2 år banka eg søstera mi og brukte grov vald mot henne. Alle andre reagerte på framferda mi, men det brydde eg meg ikkje om. 5 av søskenbarna mine, som er krigarar, bad meg om å slutta med å oppføra meg slik elles ville dei ta livet av meg. Men eg heldt berre heldt fram med ugjerningane mine. 4 gonger forsøkte eg å drepa yngstesøstera mi med kniv, men mor vår stilte seg i mellom, og eg kunne jo ikkje nett drepa mor mi. Kvifor gjorde eg dette? Ein av grunnane låg i at Koranen og kulturen i noko grad oppmuntra til det, men hovudgrunnen låg nok i mitt eige vonde og mørke hjarta.

Likevel var ikkje dette heile sanninga om meg, for heile tida var eg sjølv på jakt etter kvinner i nabolaget og håpa inderleg at eg kunne få sjå i det minste leggene deira, og målet var å kunna etablera eit hemmeleg seksuelt høve til nokre av dei. Emosjonelt var eg veldig svolten. Men utvendig ville eg gjerne framstå som ein heilstøypt religiøs person som det var verd å beundra.

I 3 år hadde søstera mi det ufatteleg vanskeleg pga meg. Ho fekk ikkje sjå TV eller høyra radio. Eg hadde skapt eit lite helvete for henne i hennar eigen heim.

Men på denne tida var det kristne misjonærar som forkynte evangeliet også på universitetet, og ein av lærarane mine fortalde om lyrikken i Det nye testamentet, men, sa han, denne boka må de ikkje lesa for den vil koma til å forandra dykk.

Dette gjorde meg nyfiken. Var det ein som hadde behov for å bli forandra, så var det meg. Og ein dag fekk eg tak i ein bibeldel som innheldt dei fire evangelia, Apostelgjerningane og Romerbrevet. Eg tok boka med meg heim og begynte å lesa henne, og eg las nøye.

Det var ikkje lett for meg å lesa ei kristen bok. Frå ein muslims synsstad er det så mykje i evangeliet som er blasfemisk, så eg måtte t.d. be Allah tilgje meg kvar gong eg las at Jesus er Guds Son.

Eg las gjennom Matteus, Markus og Lukas, men ingenting påverka meg. Ikkje før eg kom i Johannesevangeliet kapittel 8 vers 7, om kvinna som var gripen i hor og som skulle steinast. Farisearane og dei skriftlærde utfordra Jesus på kva HAN meinte om saka, og DET HAN SVARTE KOM TIL Å FANGA MEG OG FORANDRA HEILE LIVET MITT. Han sa: "DEN AV DYKK SOM ER UTAN SYND, KAN KASTA DEN FØRSTE STEINEN!" Eg stokk og vart redd. Gud visst tydelegvis om alt det hemmelege eg bar på i hjarta mitt som ingen andre visste om. Så vart eg sint, og ville ikkje lesa meir, og valde å dra ut i øydemarka for å gjera leksene mine. Men det nytta ikkje. Bibelkverset forfølgde meg. Heile neste veke var det som ein eld inn i sinnet mitt: "Berre dersom du er utan synd, har du rett til å drepa syster di!"

Eg ropte og gråt i time etter time. Ingen kunne hjelpa meg. Det var skikkeleg fælt. No måtte eg sanna syndene mine, eller drepa syster mi. Og den siste dagen i denne veka ropte eg av heile meg: "Gud dersom dette er rett, vis meg det. Visst ikkje, så vilk eg vita det. For dette er for farleg." Ingenting hende.

Det var seint, og eg prøvde å koma meg heim. Men då heilt plutseleg var dei ei kraft som stoppa meg. Det var Den Heilage Ande. Det var som å få eit elektrisk støyt i hjarta, og brått vart eg fylt med ein himmelsk fred. Eg følte plutseleg eg at eg var det første menneske i verda, og at verda var skapt for meg. Eg hoppa og dansa meg heimover medan eg ropa av glede. Så gjekk eg til syster mi og sa: "Vær så snill og tilgje meg." Då dei andre i familien såg det, vart dei overraska, og dei spurde: "Kva har skjedd med deg? Kva har forandra deg?" "Eg veit ikkje," svara eg, "det einaste eg veit er at denne boka har gjort dette med meg!" "Kva bok er det?" "Det er evangeliet, dei kristne si bok." Mor mi vart så forskrekka. "Tek du med deg dei kristne si bok inn i vår heim? Dette er ei forbanning. Få henne ut, me kan ikkje ha denne boka her." Eg sa då at eg ikkje visste om denne boka er ei forbanning eller ikkje, berre at ho hadde forandra livet mitt.

Så vart eg innkalla til faren min. Han ville lesa boka mi, og det gjorde han i tre dagar og så sa han: "Dette er bra, men ikkje sei noko til naboane våre. Me er muslimar, og dette fungerer ikkje her!" "OK!" sa eg, og så delte evangeliet med brørne og søstrene mine i staden, og fire av søstrene mine gav liva sine til Jesus saman med ein av brørne mine. Men det gjorde faren min veldig sint. Han sa: "Dette er min heim, og du har ingen rett til å forandra barna mine. Trur du på Jesus, er du fri, men du har ingen rett til å forandra barna mine. Du får ikkje lenger lov til å snakka om Jesus til barna mine." Eg sa "ok", og så kasta han meg ut.

Eg hamna på gata og sov ute nokre dagar. Då sa ein ven til meg at eg kunne flytta inn i hans hus. Eg var glad for det, men då eg delte evangeliet med han, vart han sint og kasta meg ut.

Til slutt sa far min at eg skulle få lov å koma heim, "men ver så snill," sa han "ikkje snakk om Jesus heile tida." Eg sa "OK", og fekk flytta heim. Alt dette hende i 1999.

Ved starten av år 2000 begynte eg på universitetet, og eg snakka om Jesus over alt. Det var omtrent 2300 studentar der. Når dei samla seg i større eller midre grupper snakka dei alltid om gutar og jenter. Eg snakka derimot med dei om Jesus. Då vart dei veldig sinte, og dei kom til å hata meg, og dei var alle redde for å ha noko med meg å gjera. Det hende til og med at jentene spytta på meg.

Men eg brukte tida til å be og lesa evangeliet. Men så skjedde ei endring. Etter 3-4 år kom nokre av jentene og bad meg om tilgjeving for dei dei hadde gjort og sagt. Eg spurde dei kvifor, og dei sa at dei hadde tenkt om meg at eg var ein umoralsk mann, men at dei hadde sett at det ikkje var sant. "No ser me at du er ein god mann", sa dei, og ei av dei kom og sanna eit umoralsk høve til ein mann for meg. Og eg tenkte: "Dette er Gud.
Han har måtta bryta meg ned desse tre åra fordi eg hadde vore så fæl, men no har han begynt å byggja meg opp att på ein ny måte."

Etter dette kom eg i kontakt med nokre andre truande, og me begynte å forkynna evangeliet over alt i Kurdistan, noko som me framleis held på med. Me har etablert ei kyrkje, og me har fått ei offisiell godkjenning frå styressmaktene. Dette er den første evangeliske kyrkja etter islamiseringa som starta for ei tid sidan i Midt-Austen. Me har no 5 kyrkjelydar, og me kjempar no for å etablera kyrkjelydar i alle landsbyar over heile den islamske verda."

lørdag 13. august 2011

Forfølgd

Det er mange former for forfølging. Lukkeleg er den som vert forfølgd av Gud. Profeten Jona i Bibelen vart det. Han ville ikkje gå for Gud og gjera hans vilje. Ikkje fordi han ikkje torde, men fordi han ikkje ville at menneska i Ninive skulle venda om frå sine synder og bli sparde. Difor prøvde Jona å reisa bort frå Herrens åsyn, som det vert uttrykt.

Men det nytta ikkje. Han vart forfølgd, av Gud. Lukkeleg er den som opplever det. Me seier gjerne at den som vil gå frå Gud, får få. Men dette er ikkje heilt sant. For Gud let ikkje sånn utan vidare ein av sine kjære gå ut av hans plan og fellesskap. Han går etter.

David vitnar slik i Salme 23: Berre miskunn og godleik skal følgja meg alle mine levedagar. I ein gamal omsetjing står det "etterjaga" i staden for følgja. David vart forfølgd av Guds miskunn og godleik. For eit privilegium.

Kyrkjefar Augustin opplevde det også. Han reiste frå Tagaste i Nord-Afrika til Milano for å koma unna mor Monika sine stadige formaningar om å søkja Gud.

Men mor Monica reiste berre etter sonen sin. Han kom ikkje unna korkje henne eller Gud. Det enda med at han vart fanga av evangeliet. Det er sterkt å lesa vitnemålet hans i boka Confessiones, "Bekjenningar". Forfølgd av Gud.

Er du der? Du skulle så gjerne blitt kvitt han, men det går berre ikkje. Du er eit lukkeleg menneske. Berre kapituler med ein gong og overgje deg til han som har skapt deg, elskar deg over alle grenser og som vil bruka deg til fantastiske ting. Lukke til!

fredag 12. august 2011

Oppsøkt

Ingen søkjer Gud av eige initiativ. Alle som søkjer Gud, gjer det fordi Gud alt har oppsøkt dei på ein eller annan måte. Det kan skje gjennom andre menneske som kjenner Gud og har han med seg, gjennom markerte hendingar som skjer, gode eller smertefulle, gjennom eit skjelsetjande møte med Guds ord i Bibelen, gjennom ein kristen tekst, ein film med kristent innhald eller ein blogg som dette..

Går me til Bibelen finn me mange menneske som vart oppsøkt av Gud: Abraham, Moses, Samuel, Jesaja, Esekiel, Amos, alle Jesu læresveinar, apostelen Paulus, romaren Kornelius og alle dei som Jesus sikta seg inn på. Menneske i ulike livssituasjonar som vart overraska av eit guddommeleg møte og fekk erfara Guds kraft i liva sine.

Det ligg ikkje for oss å søkja Gud, men det ligg for han og søkja oss. Då vekker han i oss ein lengsel etter seg som ikkje slepp taket, korkje dag eller natt, til me finn han.

"Ingen kan koma til meg utan at Far dreg han," seier Jesus, "og kvar den som kjem til meg, vil eg på ingen måte visa bort."

Jesus seier om seg sjølv: "Menneskesonen er komen for å leita etter bortkomne og berga dei."

Den treeinige Gud er i oppsøkande avdeling, alltid på jakt etter dei menneska han elskar for å gje dei fellesskap, tru og frelse, og straks dei er blitt Guds barn, får dei det over seg: eg må jobba saman med Jesus og følgja han på hans rastlause vandring på jakt etter nye menneske.

Såg det så fint nyleg då den iranske kvinna N vart frelst. Overvelda av Jesu kjærleik ringde ho heim til familien sin Iran for å dela den store hendinga med dei, og no er dottera på jakt etter ei undergrunnskyrkje for å finna Jesus ho også.

N vart møtt av Jesus gjennom eit enkelt vitnemål, noko talte til henne og ho bad: Jesus, dersom du er den rette, vis deg for meg. Slike bøner elskar Jesus. Han kom til henne på ein slik måte at det ikkje lenger var tvil i hennar sjel om at Jesus er Guds son og verdas frelsar.

Og det første ho gjorde etterpå var å bringa bodskapen vidare til familien sin. "Eg elskar Jesus," seier ho, "og eg berre må fortelja folk om han."

Slik skal det vera. Slik vil me ha det mellom oss.




torsdag 11. august 2011

Av eit heilt hjarta


Dersom du skal finna Gud, må du søka han av heile ditt hjarta, les me i Jeremia 29. Dei fleste som søkjer Gud, søkjer i røynda berre seg sjølv. Ein tenkjer gjerne slik: "Gud er fin å ha på toppen av alt det andre eg har, og han kan gjera livet mitt endå rikare enn det alt er."

Det rare er at mange reklamerer for kristendomen på den måten. Dei seier at Jesus er komen for å fylla alle dine behov osv.

Å søkja Gud av eit heilt hjarta, noko som er veldig sjeldant, vil seia å gje i frå seg tanken på eigne behov og eigne rettar for at Gud skal få sin rett, forat Gud skal få æra og ingen annan.

Ingen kan vera min læresvein utan at gjev opp alt han eig, sa Jesus.

Den som vil vera min læresvein, må ta krossen sin opp og følgja meg, sa han ein gong. Den som bar ein kross gjennom gatene i Jerusalem, var eit dødt menneske. Vedkomande hadde mista alle personlege rettar. Han var alt ferdig.

Den som vil finna Gud, må dømma seg sjølv til døden. Nokon annan måte å vera kristen på eksisterer ikkje.

Å søkja Gud av eit heilt hjarta vil også seia å skånselslaust innrømma eigne synder, ta avstand frå dei og venda seg bort frå dei.

Å søkja Gud av eit heilt hjarta vil seia at me gjev frå oss alt som avgrensar eller hindrar Gud i liva våre.

Å søkja Gud av eit heilt hjarta inneber at me med iver les Bibelen for å finna ut kva Gud vil og fordrar av oss.

Den som søkjer Gud for å oppnå personlege fordeler og løn, søkjer ikkje Gud, men seg sjølv, og den som søkjer seg sjølv finn i alle fall ikkje Gud. Truleg heller ikkje seg sjølv. "For den som vil vinna livet sitt i denne verda, skal missa det", seier Jesus," men den som som misser livet sitt for mi skuld, skal vinna det".

Me lever i ein kultur der slike tankar må fortona seg heilt på jorde. Hos oss handlar jo alt om å sikra seg fordeler. Men Jesus var heilt på jorde. Han gav avkall på alle fordeler for å realisera Fars vilje og planar, noko som me alle ser skapte til og for.

Me har laga oss ein anormal normalitet. Jesus er den einaste heilt normale me har hatt mellom oss. Det normale kristenliv er å leva heilt tett på Gud, søkja hans vilje og realisera denne med hud og hår. Då tek Gud sjølv omsorg for våre ting. Det skal vera visst.

Det ligg ein enorm radikalitet i Jesus. Han formildar ikkje. I hans gjeng er det difor berre plass for radikalarar. Som Meisteren, slik også hans læresveinar.

Krossvegen er den einaste vegen inn i Guds kjærleik.



onsdag 10. august 2011

Guds dom 4

Dette er den siste artikkelen om dette emnet.

Då israelittane var i Egypt, vart dei utsette for faraos vreide. Dei måtte arbeida som slavar, og for å stoppa folkeveksten mellom dei, tok han livet av alle deira nyfødde gutebarn. Kan me tenkja oss kva sorg og skrik det støtt må ha vore mellom Israels 12 stammer? I alle fall: Gud høyrde ropa deira, og sende ein forløysar til dei, ein som gjennom store domshandlingar og tegn og under førte dei ut or fangenskapen.

Egypt vart heimsøkt av landeplager, og det kuliminerte då dødsengelen gjekk gjennom landet og tok livet av alle dei eldste sønene i dei egyptiske heimane.

Dersom verda utset Guds barn for trengsel, vil Gud utsetja verda for trengsel. Det ser ut til å vera eit prinsipp i Guds handlemåte. Omtrent alle dei land der kristne blir forfølgde i dag, strir dei med store problem på mange områder: Korrupsjon, diktatur, dyrtid, arbeidsløyse, analfabetisme, hunger, tørke, epidemiske sjukdomar, krigar , flaum osv. Me kan nemna land som Nord Korea, Somalia, Yemen, Iran, Pakistan, Turkmenistan, Uzbekistan, Kviterussland, Sudan, Egypt, Libya osv. På den andre sida: Dei nasjonane som gjev Guds menighet stor fridom, ser ut til å blomstra.

På den andre sida ser det også ut til, ofte, men ikkje alltid, å vera motsett: Guds kyrkje blomstrar under forfølging, og falmar når trykket letnar. Det siste ser me i alle fall tydeleg i Europa.

Så til det brennande spørsmålet: Kan me, når store katastrofar skjer, i ettertid seia at dette var Guds dom over dei som vart råka av ulukka? Tenk på jordskjelv og tsunami i Japan, flaum i Pakistan, folkemord i Rwanda, massakre på Utøya, jordskjelv på Haiti og ikkje minst Holocaust under siste verdskrigen. Var dei som vart råka av dette større syndarar enn andre?

Jesus forbyr oss å tenkja slik. I Lukas 13,1-5 les me:

På den tida kom det nokre til han og fortalde om dei galilearane som Pilatus hadde drepe medan dei ofra, så blodet deira blanda seg med blodet frå offerdyra. 2 Då tok Jesus til orde: «Trur de at desse var større syndarar enn alle andre galilearar, sidan det gjekk så ille med dei? 3 Nei, seier eg. Men vender de ikkje om, skal de alle omkoma på same måten. 4 Eller dei atten som vart drepne då Siloatårnet rasa saman, trur de at dei hadde større skuld enn alle dei andre som bur i Jerusalem? 5 Nei, seier eg. Men vender de ikkje om, skal de alle omkoma på same vis.»

Når me ser ulukka råkar, må vår respons vera at me går inn til Gud, granska oss sjølve, sanna syndene våre og vender oss bort frå dei. I møte med andres naud vert me så eventyrleg sjølvrettferdige og sjølvgode, ja, me kan til og med koma til å kjenna på skadefryd, tre synder som Gud hatar og som me må få ut av liva våre fortare enn svint, elles risikera me å omkoma på same vis, seier Jesus.

Når ulukka råkar våre medmenneske, om dei enn er slike som forfølgjer oss, er det alltid vårt kall å reagera med hjelp, trøyst og forbøn.

Det er lett å vera profet i etterkant av ei hending. Men Gud aksepterer ikkje den slags. Dersom me skal seia at ei ulukke er ei spesifikk og målretta domshandling, må me vera så pass til profetar at me varslar henne på førehand og gjev folk ein sjanse til å venda om frå sine synder slik at Herren endrar planane sine og stoppar ulukka. Då Jona forkynte Guds dom for folket i Ninive, vende dei om frå syndene sine, med det resultat av Herren endra planane sine og han sparte byen.

Ei anna sak er det at når store ulukker skjer, bør alle søka Gud og gjera bot for liva sine. Kven er utan synd? Ein rimeleg respons på Utøyamassakren bør t.d vera at politikarane sørgjer for å gje ufødde barn livsrett frå unnfanginga av (dei store sjukehusmassakrane er det jo ingen som vil snakka om), og folk flest bør overgje liva sine til Gud og venda seg bort frå materialisme og nytingssjuke og ein masse religøst vis vas. Gud vil nemleg la seg finna av den som søkjer han av heile sitt hjarta. Slik vil det vera heilt til Jesus kjem att i herlegdom for å fella sin endelege dom over oss alle.

mandag 8. august 2011

Guds dom 3

I 2 Tessalonikarbrev 2 skriv Paulus om Antikrist som skal koma. Han skriv frå vers 9: "Når den lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje ville elska sanninga så dei kunne bli frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur løgna. 12 Og slik får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten."

Me tullar ikkje med Gud og evangeliet. Dersom menneska ikkje vil ta imot og elska sanninga, straffar Gud med å senda villfaring slik at ein trur løgna. Antikrist vil vera Guds reaksjon på at menneska i stor grad avviser evangeliet når dei får det forkynt. I staden får dei den "kristendomen" dei vil ha: kraft og mirakler utan omvending og bot.

Dette vil vera slik når "den lovlause" står fram. Men verda har sett mange Antikristar, skriv Johannes i sitt første brev. Dei dukkar opp tiit og ofte, og Guds hensikt med dei er openberr: dei skal forvirra mennenska som har gjort hjarto sine harde mot evangeliet slik at dei ikkje skal tru og bli frelst.

Me tenkjer ofte slik at det er Guds sak å forklara seg skikkeleg for folk, og at dersom han berre gjer det, så vil dei tru. Men det er ikkje sant. Det er ingenting uklårt med Gud. Abraham sa til den rike bonden som var i dødsriket at dersom ikkje brørne hans ville tru Moses og profetane (Det gamle testamentet), ville dei heller ikkje tru om nokon sto opp frå dei døde.

Profeten Jesaja fekk i oppdrag å forkynna på ein slik måte at folks hjarto vart harde (Jesaja 6). Kvifor det? Fordi nådetida var over for folket. Profeten forkynte ikkje berre dom, men sjølve forkynninga hans var ein dom. Då er me ute på djupt vatn.

Me finn det same hos Jesus. Dei fleste trur at han talte i likniongar for å gjera evangeliet lett å begripa for folk. Men det var i røynda omvendt. Likningane var ein dom over deira manglande vilje til å venda om, han gjorde det for at folk IKKJE skulle forstå og bli lækte (Matteus 13,10 ff), i alle fall ikkje utan at dei audmjuka seg og kom til han for å få likningane forklarte. Han gjorde terskelen så høg, og porten så trong.

I Lukas 19 les me nokre dramatiske ord : 41 Då Jesus kom nærare og såg Jerusalem, gret han over byen 42 og sa: «Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred! Men no er det gøymt for auga dine. 43 Det skal koma dagar over deg då fiendane dine kastar ein voll opp rundt deg, kringset deg og trengjer deg frå alle kantar. 44 Dei skal slå deg til jorda, og folket ditt med deg, og det skal ikkje liggja att stein på stein i deg, fordi du ikkje skjøna at tida var komen då Herren gjesta deg.»

Det som Jesus her profeterer om hende i år 70. Då kom Titus med sine veltrente romerske troppar og kringsette byen, heldt han i eit jerngrep i to år før dei trengte inn i han og la Guds stad i grus. Det var ein nasjonal katastrofe som kom til å spreia jødane for alle vindar og til alle verdas hjørner.

Me lærer av dette at det kan koma til å kosta ein by eller eit folk dyrt å avvisa evangeliet om Jesus Kristus. Så mange krigar, så mykje naud og elende har råka menneska gjennom historia fordi dei ikkje forsto kva som tente til deira fred, nemleg å ta imot Jesus Kristus som Herre og frelsar og saman søka venleg samfunn med han og kvarandre.

Det er blitt sagt at den tyske lutherske kyrkja avviste pinsevekkinga då denne kom tidleg på 1900-talet, og identifiserte henne som djevelens religion. Så fekk dei djevelens religion.

Det kviler eit alvor over det å få evangeliet forkynt. Alle menneske har rett til å høyra det, men dei har også ei plikt til å ta imot, og det er det ikkje mange som har forstått, ei heller av dei som i dag forkynner Ordet. Me tilbyr evangeliet som ei vare. Medan Johannes døyparen, Jesus, Peter og Paulus på si side befalte folk å venda om og tru. Dei representerte Gud på eit anna nivå av autoritet enn det me gjer i dag. Jesus er kongen over kongane, og hans ord er eit kongebod, og han forventar positiv respons på sitt kall til omvending, tru, frelse og fellesskap.

Framhald


søndag 7. august 2011

Guds dom 2

Me er vel fortrulege med at Jesus ein dag skal koma attende for å døma levande og døde. Men tanken på at Jesus i dag sit ved Fars høgre hand og regjerer og dømer her og no, er fjernare for oss. Men det er denne delen av Guds råd eg vil ta for meg i dag.

I Romerbrevet 1,18 les me at Gud openberrar (merk presensformen) sin vreide frå himmelen over dei som held sanninga nede i urett. Dette er altså noko som skjer her og no, og ikkje berre i framtida. Guds vreide råkar altså ikkje menneske som slit med liva sine og ikkje får det til. Nei, den råkar dei som avviser Gud når han openberrar seg for oss.

Bibelen lærer oss at Gud openberrar seg gjennom skaparverket, samvitet, historia, Bibelen og heilt spesifikt gjennom Jesus Kristus.

At Gud openberrar seg tyder at han gjer seg kjend for oss menneske, utleverer seg så og seia.
Det er på ingen måte likegyldig. Situasjonen er for alltid endra for kvart einaste menneske som har motteke openberring frå Gud.

Apostelen Paulus skriv i fortsettinga av Romerbrevet 1 at til og med menneske som aldri har høyrt evangeliet om Jesus Kristus forkynt, vil gjennom skaparverket og samvitet kunna kjenna både hans guddommelege vesen, hans uforgjengelegdom og hans evige kraft, og det godt nok til å kunna æra og prisa han som den Gud han er. Men dei gjer ikkje det. Dei held sanninga nede i urett, og får difor smaka Guds vreide. Korleis? Ved at Gud overlet dei til seg sjølve og si eiga sviktande dømekraft. Det slår ut med forvirring på to livsområder: det religiøse og seksuelle.

På det religiøse området ved at folk begynnar å æra og dyrka det skapte framfor skaparen.

På det seksuelle området ved at kvinner søker samkvem med kvinner og menn med menn, noko som Paulus kallar for "skammelege lidenskapar". Homoseksualiteten som me ser gror fram mellom oss, må me sjå på som eit uttrykk for Guds dom over ein kultur som ikkje har vilja avgrensa seksuallivet til det livslange ekteskapet mellom kvinne og mann.

Det som me slik ser skje rett framfor augo på oss, må me som kristne oppfatta som Guds dom over vår eigen kultur FORDI ME HAR NEGLISJERT OPENBERRINGA.

Altså: Gud dømer dei som ønskjer å styra seg sjølv ved å overlata dei til seg sjølv. Det inneber at folk misser Guds gode vern, og dei eksponerer seg for ureine løgnånder som overtek herredøme over liva deira samstundes som dei kjenner på ein merkeleg fridom. Det er ei hildring.

Det at folk misser Guds vern fører også til alvorleg etiske degenerering på mange områder, og vers 29-32 i Romerbrevet 1 er vel eit studium verd: "Dei er fulle av allslags urett, umoral og lyst til alltid å eiga meir, av vondskap, misunning og mordlyst, strid, svik og list. Dei fer med sladder og baktale, dei hatar Gud og bruker vald, er hovmodige og skrytande, dei er gode til å finna på vondt og ulydige mot foreldra. Dei er uvituge, upålitelege, ukjærlege og utan miskunn. Dei veit kva Guds lov seier, at dei som driv med slikt, fortener å døy. Likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det.

Så ser me altså at Gud dømer i tida på den måten at dei som ikkje vil følgja Guds rettleiing, får i bøtter og spann av det motsette av det Gud vil, og til slutt blir dei ståande overfor skremmande vonde krefter som ein ikkje ein gong visste eksisterte. Då kjem angsten og forferdinga, og i slike tider er det mange som søker Gud på nytt. Vil han høyra og ta imot folk som har gått på ein slik sjølvforskyldt smell? Ja, det er evangeliet. Gud er god mot alle, miskunnsam mot alle sine skapningar, les me i Salme 145. Slik som faren tok imot den bortkomne sonen med kjærleik, slik tek Gud mot kvar einaste angrande syndar som vender om til han, sjølv den mest elendige og djupast falne.

Framhald

Guds dom 1

Eg er blitt utfordra til å skriva noko om Guds dom. Spørsmålsstillinga er: Kan store katastrofar vera Guds dom over ein nasjon eller eit folk? Kan Gud straffa kollektivt? Kan Gud straffa oss før me døyr? Finst det gradert straff hos Gud?

Dette emnet vil krevja fleire blogginnlegg. I dag vil eg prøva å leggja eit fundament.

I Romerbrevet les me at synda kom inn i verda med eitt menneske, og med synda kom døden. Frå ei side sett er døden ein følgje av synda. Men strengt tatt er døden Guds dom over synda. Då Gud hadde skapt menneska sa han til dei at dei kunne eta av alle tre i hagen unnateke treet som kunne gje kunnskap om godt og vondt. For den dagen dei åt av det treet, kom dei til å døy. Døden låg ikkje i frukta på treet, men i det å bryta bodet. Døden var ein dom.

Denne domen vart så effektuert ved at Gud kasta Adam og Eva ut or hagen slik at dei ikkje skulle eta av livsens tre og leva evig.

Me lever i dag alle under denne domen. Ikkje fordi Adam og Eva synda, kvar må svara for seg sjølv, men fordi alle syndar. Å velja bort Guds ord og vilje, er å velja døden.

Kvar gong me står ved ei grav, blir me minna om dette: Me er alle syndarar under dødens dom, og ein dag er det vår tur.

Folk i dag vil ikkje høyra om Gud som domar. Ein er som katten som helst vil bli stroken med håra. Men saka er den at Gud har gjeve oss i lov, og ei lov utan starffebestemming, er ikkje noko lov, berre eit råd. Ein gud som ikkje straffar lovbrot er ikkje Gud, men ein avgud.

I 1.Mosebok finn me fleire slike skuld-straff forteljingar. Kain drap Abel og vart bortvis frå Guds fellesskap og lyst fredlaus. Menneska på Noa si samtid synda fælt, og gjekk under i ein flaum. Dei vart åtvara, men brydde seg ikkje.

Seinare ville etterkomarane hans byggja eit tårn som kunne romma alle og nå opp til himmelen. Gud reagerte med språkforvirring, og dei vart spreidde over heile jorda.

Når me les Det gamle testamentet er det i stor grad dette som er tematikken. Gud talar til folket sitt om kva han vil at dei skal gjera, og kva dei skal halda seg unna. Det handlar om å vera ærlege i forretningar og i rettsprosessar, syna miskunn mot fattige, ta seg av dei sjuke og elendige, gje innvandrarar livsrom, ikkje dyrka avgudar, ikkje bryta ekteskapet, ikkje driva hor eller utukt. Men dei brydde seg ofte lite om det. Han åtvara dei gjennom profetar om at dersom dei ikkje følgde hans ord, vil det gå dei ille. Men folket ville ikkje høyra, og så skjer det som ingen ønskjer: pest, tørke, uår, krig og deportasjon.

Midt i alt dette syner Gud seg som ein langmodig Gud som er mild og nådig og full av miskunn, ein Gud som gjev folket sitt sjanse på sjanse, og som er rask med å tilgje når dei vender om til han og sannar syndene sine.

Bibelen framstiller altså Gud både som ein rettferdig domar og som ein trufast frelsar, den høgste rett og den kjærleg Far. Det var eit dilemma. Korleis skulle han kombinera øm kjærleik og kravet til rettferd? Det var berre eìn veg for Gud: han måtte sjølv bli eit menneske, oppfylla alle sine eigne krav og personleg ta den straffa som me andre hadde fortent.

Ingen plassar i historia er Guds vreide over synda og Guds kjærleik til syndaren uttrykt så sterkt som på Golgata der Jesus Kristus gav sitt liv til soning for alle våre synder.

I Det gamle testamentet talte Gud til folket gjennom profetar. Dersom dei ikkje ville høyra, vart dei straffa på ulikt vis. I Det nye testamentet har han tala til oss gjennom Sonen sin. DET AUKAR VÅRT ANSVAR. Dersom folk som ikkje ville høyra på profetar, vart straffa, kva straff ventar då ikkje den eller dei som ikkje vil høyra på Sonen hans, ta imot hans frelse og innretta livet sitt etter hans ord? Kva skjer med den som i utakknemlegheit avviser eit slikt kjempetilbod? Kan ein då venta seg miskunn?

Og kva skjer med ein nasjon som har hatt denne bodskapen hos seg i 1000 år, og så snur ryggen til og ikkje lenger vil høyra? Og kva skjer med den kyrkja som skal forvalta denne rikdomen, og som tillet seg å omdefinera Guds sanningar og seier ja der Gud i sitt ord seier nei og nei der Gud seier ja? Kven vert herre i ei kyrkje der Herren er avsett? Kan nokon undra seg over at Den Heilage Ande trekker seg unna når kyrkja lyg om Gud?

Framhald i morgon







fredag 5. august 2011

Kor var Gud?

Gud var ikkje på Utøya den 22.juli, sa ein prest som forretta ved ei av gravferdene etter massakren. Det var litt av ein påstand. Kor var han då, om han ikkje var der? Er Gud berre der alt er vel? Der det berre skjer gode ting? Er det slik at dersom Gud ikkje stoppar ein mordar, så er han ikkje til stades? Er det slik at Gud stoppar alle forbrytarar dersom han er der forbrytaren er? Er Gud i gatene i Syria? I Evinfengslet i Teheran? Mellom dei sveltande massane i Somalia? I Darfur? Var han i Auschwitz? I Bergen Belsen? På norske operasjonssalar der ufødde barn vert drepne i tusental kvart år? Kan me berre tru på Gud når alt går med og me er trygge og kan gleda oss og når forstår det som skjer? Kva teologi er det?

I sommar las eg to bøker. Dei eine ber tittelen "Vitne" og er skriven av Immaculèe Ilibagiza. Den gjorde eit overlag sterkt inntrykk. Immaculèe overlevde folkemordet i Rwanda i 1994 ved å gøyma seg saman med sju andre kvinner på ein bitte lite toalett i tre og ein halv månad. Ho skriv i boka si korleis Gud i denne tida kom til henne og talte til henne, synte henne sin godleik og verna henne og veninne hennar mot unge hutumenn som sprang rundt i blodtåka med masjetane sine på jakt etter tutsiar. Immaculèe var den einaste attlevande av ein stor familie. I dag står ho fram og vitnar om Guds nærvær midt i vondskapen som herja. Gud var i Rwanda under folkemordet, ja Immaculèe fortel oss like fram at det var då ho fann han og vart kjent med han.

Den andre boka eg las heiter "Min sjels tårer" og er skriven av kambodsjanaren Sokreaksa S. Himm. Tematikken er den same: Folkemord, denne gongen i Kambodsja under Raude Khmer frå 1975 til 1979. 2 millionar menneske vart brutalt drepne av Pol Pot sine styrkar. Kor var Gud? Han var der, skriv Sokreaksa, han var der og verna livet hans under ein haug med døde menneske i ei massegrav. Gud verna denne eine unge guten, talte til han på mange ulike måtar, førte han etter kvart ut or landet til Thailand der han fekk møta Jesus Kristus. Då fall bitane på plass i livet hans. Han erfarte krafta i Guds tilgjeving, og han fekk kraft til å tilgje dei som hadde torturert og drepe mor, far og søsken. Gud var i Kambodsja under folkemordet.

Dette med Gud og liding vil me aldri forstå. Men me får lov til å tru at midt i det vonde og meiningslause, er Gud til stades og gjer gode ting.

Verda ligg i det vonde, skriv Johannes, og vonde ting skjer trass i Guds nærvær. For han har skapt verda med menneske som har fridom til å gjera godt og vondt. Han har ikkje laga seg ein leikekasse der han kan styra menneska som marionettar. Når folk finn på vonde ting, så gjer dei det vonde ting. Smerten er at Gud ikkje stoppar dei, reglane er liksom ikkje slik. Men alle skal måtta stå til ansvar. Det skal han sørga for.

Gud var på Utøya den 22.juli, saman med dei som møtte døden, saman med dei som flykta, saman med dei som redde og skjelvande gøymde seg så godt dei kunne. og han er saman med dei som i dag sit att med svart sorg, og han vil gjera sterke og gode ting i mange sitt liv etter denne dagen. Det vil me framover få høyra mange vitnemål om.

Kor var Gud på langfredag? Jesus ropa: "Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?" Jesus er den einaste i historia som har opplevd å vera utanfor Guds omsorg. Han var forlaten av Gud så du og eg for alltid skal få han hos oss og i oss, dersom me ønskjer det.

torsdag 4. august 2011

Er Gud psykopat?


Dersom Gud eksisterer, er han ein vondsinna psykopat, seier tidlegare leiar for Human Etiske Forbund, Lars Gule. Grunngjevingar er den at Bibelen framstiller at Gud sto bak syndfloda og landeplagene i Egypt, og ingen kan gjera slike ting mot folk utan å vera vond.

Dette er interessante synspunkt. Logikken er slik: Dersom Gud eksisterer, er han ein djevel, og sidan han ikkje kan vera djevel (han er jo gud), eksisterer han ikkje. Andre måtar er det ikkje å sjå dette på, meiner han.

Men går det an å avvisa Gud ut frå ein moralsk vurdering av hans karakter? Nei, det er jo ikkje logisk i det heile. Eit døme: Menneske er i følgje hunanetikken godt. Men det eksisterer likevel nokre som er vondsinna psykopatar. Dei seier jo Lars Gule også. Er dei berre ein fiksjon dei då? Dersom menneske er godt, korleis kan det då eksistera vonde menneske? Etter Gules logikk skal ikkje det vera mogeleg, for kor kjem vondskapen frå dersom menneske i sitt vesen er godt og fornuftig?

Saka er: Gud kan godt eksistera sjølv om han skulle vera vond. Men dersom det er slik, har me eit kjempestort problem, for då ventar det ein vond lagnad på oss alle.

Men kvifor snakka om godleik og vondskap dersom Gud ikkje eksisterer? Kven har rett til å derfinera vondt og godt dersom me ikkje har ein norm for slikt som er utanfor oss sjølve?

Lars Gule har heilt sikkert andre førestellingar om vondt og godt enn den syriske presidenten Bashar al Assad. Det gode for Assad er det som tryggjar regimet hans. Det vonde er det som trugar regimet. Kven har rett til å seia at mannen har feil dersom det ikkje eksisterer ein norm for godt og vondt som står over hans autoritet? Ein norm som har ein høgare domar?

Ja, men normen finn me jo i Menneskerettsfråsegna, vil Gule innvenda. Ja, men den har utan den minste tvil sine åndelege røter i Bibelen, som definerte det absolutte menneskeverdet lenge før nokon andre hadde reflektert det aller minste over om det kunne vera slik.

Gule sitt problem er tanken om at Gud er domar. Han dømde Noas samtid til undergang, og tok livet av alle førstefødde i Egypt. Slik kan då ikkje ei gud fera åt og samstundes seia seg å vera god, meiner Gule.

Men saka er den at dersom Gud eksisterer, er det han som skal døma Gule og ikkje omvendt. Då vil Gule møta Gud i hans gjennomtrengande ljos, og hans godleik blir så tydeleg for han at det han før har oppfatta som godt, blir for vondt å rekna, ikkje minst hans eigen dom over Gud.

Gud er god, har alltid vore det og vil for evig vera det. Difor gav han Sonen sin til soning for alle våre synder. Det var eit enormt stort offer, men det var heilt naudsynt. Utan dette offeret kunne ingen som helst blitt frelst. Men på grunn av Guds offer kan alle bli frelst, også Gule.

Dersom ikkje Gud hadde døydd for oss, ville alle menneske gått evig fortapt. Kvifor? Fordi me gjennom vår vondskap hadde vore skuldige til denne straffa., og ingen kunne klandra Gud for vondskap. Vondskapen er vår, og i domen forstår me det.

Men ingen treng å erfara den evige elden. Den er laga til åt djevelen og englane hans. For oss har Gud laga til ein evig heim med pur glede og usmitta godleik, ein herlegdom me får del i ved trua på Jesus Kristus, og berre slik.






onsdag 3. august 2011

Kva er det å vera konservativ kristen?

Enno er det nokre som vil ha det til at Anders Behring Breivik tilhøyrer eit konservativt kristent miljø, og at det er element i kristendomen som kan motivera eit menneske til slike ugjerningar som me såg den 22/7.

Det som hende denne dagen er ikkje til å tru. Men det er også vanskeleg å forstå at folk med sine fulle fem kan dra linjer frå Breivik til konservative kristne miljø. Å vera konservativ kristen i Noreg er nesten det same som å vera pinseven , bedehusmenneske eller frikyrkjeleg, og så langt eg har forstått har Breivik aldri vore i kontakt med slike miljø.

Behren Breivik seier seg å vera tempelridder. Denne ordenen vart etablert under krosstogstida, i 1119, for å verna kristne kristne pilgrimar i Jerusalem mot muslimsk vald. Dei var barn av si tid. Det som hende i Oslo og på Utøya har sjølvsagt ingenting med dette å gjera, og ein analyse av hendingane som endar opp i konservative kristne miljø, er berre totalt uintelligent, og me blir tvinga til å tenkja gjennom følgjande spørsmål: Kva er ein konservativ kristen?

Ein konservativ kristen er ein som trur på Bibelen, og som meiner at det som står der er gyldig for alle menneske til alle tider.

Ein konservativ kristen er ein person som har funne Gud, stolar på han som ein Far, elskar han over alle ting, men også nesten sin som seg sjølv.

Ein konservativ kristen trur på Jesus som gav livet sitt for alle.

Ein konservativ kristen har Jesus som sitt store førebilete.

Ein konservativ kristen vernar difor alt menneskeliv, om naudsynt med sitt eige liv.

Ein konservativ kristen lever etter "den gylne regel" som seier at "du skal gjera mot andre det som du vil at andre skal gjera mot deg".

Ein konservativ kristen elskar fiendane sine.

Ein konservativ kristen er ein som gjengjelder vondt med godt.

Ein konservativ kristen tilgjev dei som gjer galt mot han.

Ein konservativ kristen innrømmer sine moralske brist, og ber Gud og menneske om tilgjeving for syndene sine.

Ein konservativ kristen gler seg med dei glade og gret med dei gråtande.

Ein konservativ kristen deler dei gode nyheitene om Jesus med alle menneske.

Ein konservativ kristen elskar og inkluderer alle menneske uansett nasjonalitet, etnisitet, religion og språk.

Ein konservativ kristen gjev dei svoltne mat, dei tørste drikka, dei nakne klede, dei einsame fellesskap og dei sjuke tilsyn.

Me kunne nemnt fleire ting også. Men kan Anders Behren Breivik ut frå dette seiast å vera motivert av konservativ kristendom? Nei, det stikk motsette, kva no enn det måtte vera.

Likevel vil ein konservativ kristen sjå på denne mannen som eit medmenneske som også er elska av Gud, men som har stilt seg utanfor fellesskapet med han og late seg inspirera og driva av djevelske krefter, ein mann som treng å bli frelst av Jesus.








tirsdag 2. august 2011

Kunne læresveinane vore hallusinerte?

Maria Magdalena, 10 av læresveinane (Judas var død), nokre kvinner og to andre sa dei hadde møtt Jesus alt første påskedag. Kunne dei alle vore hallusinerte? Det er lite truleg. Observasjonane var for mange og for ulike til det.

Jesus syner seg forresten mange gongar for læresveinane sine etter oppstoda. Det skjedde over ein periode på 40 dagar, og han snakka med dei om Guds rike (Apostelgjerningane 1), og ein gong synte han seg for meir enn 500 på ein gong, og sjølv om nokre av dei frammøtte tvilte (1.Korinterbrev 15), gjer denne observasjonen hallusinasjonsteorien umogeleg. Paulus skreiv til og med at dei fleste som hadde sett Jesus den gongen, framleis var i live meir enn 20 år seinare då han skreiv brevet sitt til korintarane. Saka kunne altså sjekkast. 500 kan ikkje hallusinera samstundes.

Jesu oppstode var altså ingen fiksjon, men ein realitet som du og eg berre må ta inn over oss, og faktisk prisa oss lukkelege over. For han som lever er den einaste som kan gje oss det evige livet som me er skapte til å leva.

Då Jesus stod opp frå dei døde hadde han fått ein ny kropp med nye eigenskapar. Han var attkjenneleg, men likevel annleis.

Slik skal me som trur også få nye kroppar med nye eigenskapar. Paulus skriv at me skal bli ikledd uforgjengelegdom. Ingen sjukdom skal kunna drepa oss, ei heller drapsmenn eller vill natur. Dette er noko å strekka seg mot. Lat ingenting hindra deg i å få tak i denne skatten, men forsak alt som vil halda deg borte frå Gud.