fredag 15. juli 2011

Ateismen, eit skrøpeleg fikenblad for gudlause menneske

Menneska har utvikla fiendlege haldningar til Gud. Ingen vil av seg sjølv knytta seg til han og følgja han. Alle har ein innebygd trong etter å bestemma sjølv. Dette kallar Bibelen for gudløyse. Korleis kan me kvitta oss med Gud og hans krav? Ved å ganske enkelt å definera han ut av liva våre, ja ut av tilværet. "Den gudlause seier i hjarta sitt: Det finst ingen Gud, ingen som stiller meg til rekneskap.." (Salme 14). Ateismen er altså ikkje av ny dato, men ein eldgamal sak, den er ikkje intellektuelt begrunna, men moralsk.

Men ateismen kan aldri bli sann, rett og slett fordi han er ein ikkje-ideologi (a tyder ikkje, og a-teisme tyder “ingen gud”, eller noko i den dur). Men no er det slik at ein kan aldri bevisa at noko ikkje eksisterer. Det er ein av logikken sine læresetningar. Det einaste ein kan bevis a er at noko faktisk finst. DIfor vert ateismen for evig eit elendig fundament å byggja livet på. Han kan aldri bli sann. Det vil sjølvsagt avsløra seg veldig fort dersom nokon står fram og beviser at Gud faktisk finst. Men om det er umogeleg, kan Gud likevel finnast, om ikkje anna så utanfor vår eksistens og himmelhøgt over vår fatteevne.

Men lat oss seia at det faktisk førelåg eit bevis for Guds eksistens, og at dette beviset var tilgjengeleg for alle, men på ein spesiell plass. Ville du då ha gått til den plassen for å sjekka beviset?

Jesus har opna ein slik plass for oss menneske. Han seier: “Dersom nokon vil gjera hans vilje som har sendt meg, han skal få kjenna om læra er av Gud eller om eg talar av meg sjølv”.

Kva tyder dette? Begynn og gjer Guds vilje. Begynn og elsk din neste som deg sjølv: tenk og tal vel om dine medmenneske, unngå baktale, vær ærleg og gavmild, gje den svoltne mat, den tørste å drikka, den nakne noko å kle seg med. Besøk dei sjuke og dei som sit i fengsel. Gå ut i verda og elsk på ein sjølvoppofrande måte, og du vil koma til å få mange bevis på at Gud finst, bevis som kjem gjennom personleg erfaring.

Gud har bevist seg sjølv for oss menneske gjennom naturen, historia , Bibelen og Jesus. Det er fundamentet. Men for deg vil han gjerne bevisa seg heilt personleg, og då har du oppskrifta ovanfor. Lukke til!

2 kommentarer:

ArneSt sa...

Spennande! Kunne vore interessant å høyrt litt om kva tankar ein agnostikar gjer seg og. Av og til høyres det ut som dei er på god veg mot Gud, men mistenkjer at mange ikkje ønskjer å ta stilling til Guds eksistens.

Jens Thoresen sa...

Eg trur du har rett i det, Arne. Blaise Pascal skreiv at han fann det rart av nokre personar ser det som mogeleg at Gud eksisterer, og at han vil koma til å døma liva våre, utan at dei anstrenger seg det minste for å finna ut eit sikkert svar på eit så avgjerande spørsmål. Det var ei gåte for han. Eg ser på agnostikarar som heilt vanlege gudlause menneske som har funne seg eit litt anna blad å dekka seg bak enn det "ateisten" har.