Jesus er Guds ord, skriv Johannes. Han er m.a.o. evig som Gud. Tenkte på dette i dag morgon at det første me lærer om Gud i Bibelen er at han talte, at han sa noko. Altså må Gud alltid ha hatt eit språk. Og kva er poenget med språk? Jo, det er kommunikasjon. Gud har altså i æva kommunisert med nokon. Kven var det han kommuniserte med? Sin eigen dyrebare Son. Og Sonen må ha vore ein rett så nyttig samtalepartner for han var så klok at kong Salomo seinare kalla han for "Visdomen". Og når Johannes identifiserer Jesus som Ordet, så er det denne Guds visdom han syner til. Denne kloke Sonen var i opphavet. Han har ikkje sjølv noko opphav, men var der hos Gud då alt tok til, han var der og sette alt i gong, og han var Gud.Det er sjølvsagt ei enorm utfordring for oss menneske å tru dette. Tru at det vesle barnet i krubba var den evige Gud som i urtida skapte alt som er. Men noko mindre kan me ikkje tru dersom me skal kalla oss kristne. For så stor måtte då også den vesle Jesus vera for å vera vår frelse. Noko mindre dugde ikkje for oss. Fallet var så djupt og skaden så omfattande. Gud måtte ta det med rota og bli eit menneske for å oppfylla alle våre plikter og døy for våre synder. Berre slik kunne me bli fri. Og no er det Jesus som gjeld for oss som trur, og takk og lov for det.
At Jesus er Ordet tyder i neste omgang at me møter han i Bibelen, og berre der. Ved å tru på Bibelen, trur me på Jesus. Ved å bli kjent med Bibelen, blir me kjent med Jesus. Ved å følgja Bibelen, følgjer me Jesus osv. Ditt høve til Jesus avspeglar seg tydeleg og klårt ved ditt høve til Bibelen. Tenk litt over det.
Bibelen er ei levande bok. Våre iranske vener merkar dette klårare enn oss, for dei har vore vane med å lesa Koranen som berre formidlar bod, forbod og fordøming. Men Bibelen merkar dei formidlar kjærleik, fridom og liv. Difor elskar dei å sitja saman med meg og lesa Bibelen og prata om det me les. Dei kjenner krafta frå Gud strøyma inn i sjelene, seier dei.
Det er utruelg interessant. I går vart dei så overraska då dei høyrde at Jesus var jøde og ikkje kristen. Me snakka om at Jesus vart omskoren, og at han var fødd under lova som jøde for å oppfylla alle dei krav lova har mot oss slik at me berre ved å tru på han kan vera frie barn av Gud utan å ha eit einaste krav retta mot oss. Me prata om den gamle avtalen og den nye avtalen, om lova og evangeliet, og Anden kom til dei og openberra Guds visdom for dei, enno ein gong.

Her ser du familien: frå venstre dottera Ghazal (14), mora Raheleh saman med sonen Arsalan (10) og til høgre faren Karim. Torsdag var kristne frå alle kyrkjelydar på Stord samla for m.a. og be for denne familien, og det var veldig sterkt. Likeeins i går på gudstenesta i Kristkyrkja. Det er som om folk får ein ekstra energi når dei ber for denne familien som er blitt oss så kjær.
I morgon kjem forresten Olav Akselsen for å snakka med Ghazal og klassen hennar. Dei har laga 








Forutan å jobba pedagogisk, måtte me sjølvsagt sjå det som er å sjå av kulturell verdi i området. Her tek eg med nokre glimt frå Mosteira da Batalha, eit enormt kloster som vart bygd etter kong Johan I sin siger over kastilljanarane i 1385. Han hadde lova Maria, Jesu mor, eit slikt kloster om ho gav han siger. Og då det hende, var det berre å gå i gong. Det vart eit enormt byggverk med kunstferdig steinarbeid av utruleg høg kvalitet.



Me brukte to dagar på Escola Secundaria da Valongo, og der møtte me mange blide og flotte elevar. Her er det nokon som har øvd seg på å spela blokkfløyte til oss: Songen til fridomen frå Beethoven sin 9. symfoni, og det gjekk heilt fint med dei.


















